Historisk arkiv

Frå statsministerens program

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 33/2006
Dato: 3. mars 2006

Priv. til red.:
Frå statsministerens program


Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.


Fredag 3. mars:
Kl. 15.45 tek statsministeren imot generalsekretæren i NATO, Jaap de Hoop Scheffer, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved innleiinga. Etter samtalen, om lag kl. 16.15, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Laurdag 4. mars:
Kl. 12.00 er statsministeren til stades under prins Sverre Magnus sin dåp, i Slottskapellet i Oslo.

Tysdag 7. mars:
Denne dagen er statsministeren i Mehamn i Finnmark, i samband med opninga av Aker Seafood sin fabrikk der. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Vi har haldt av ein del seter for pressefolk på Widerøe sin flyging Tromsø-Mehamn med avreise kl. 10.20 og Mehamn-Tromsø med avreise kl. 18.23. Presse som ynskjer å nytte plassane må snarast og før måndag 6. mars kl. 12.00 kontakte informasjonsseksjonen ved Statsministeren sitt kontor.

Programmet for gjestinga i Mehamn ser slik ut:

Kl. 12.35 Møter Benedicte Tetlie som deltok i filmen ”Oljeberget”. Møtet finner stad på kaia i Mehamn ved båten Ureværingen. Tilgang for presse.

Kl. 13.00 Offisiell opning av Aker Seafood Mehamn. Statsministeren opnar anlegget. Omvisning i anlegget for statsministeren og pressen.

Kl. 14.30 Statsministeren er tilgjengeleg for pressen for spørsmål og svar. Holdast på Aker Seafood fabrikken.

Kl. 14.50 Avgang til Kystvakta.

Kl. 15.00 Besøk ombord på kystvaktskipet KV Harstad som ligger til kai i Mehamn. Tilgang for presse.

Kl. 16.25 Møte med lokalpolitikarar og næringsliv. Holdast på Aker Seafood fabrikken. Tilgang for foto ved begynninga av møtet.

Onsdag 8. mars:
Kl. 16.30 tek statsministeren imot presidenten i Finland, Tarja Halonen, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere ved innleiinga. Etter samtalen, om lag kl. 17.00 er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Laurdag 11. mars:
Denne dagen er statsministeren i Førde, i samband med fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Arbeidarparti. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.