Historisk arkiv

Statsministerens program veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Priv. til red.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Onsdag 21. februar:
Denne dagen vert prega av at det er kong Harald V sin 70-årsdag. For fullstendig oversyn over alle arrangementa kring fødselsdagen, viser vi til eiga melding frå Utanriksdepartementet.

Kl. 12.00 deltek statsministeren i Oslo domkyrkje si gudsteneste i høve kong Harald sin 70-årsdag, i Trefoldighetskyrkja i Oslo. Det er regjeringa som har invitert til gudstenesta, som vert overført direkte av NRK/Fjernsynet.
Ein fotopool med 1 akkreditert fotograf kvar frå ANB og Scanpix, kan arbeide innandørs under gudstenesta, seinaste frammøte kl. 11.30. I tillegg er det sitjeplass bak i kyrkja til 1 akkreditert reportar frå følgjande redaksjonar: NTB, Aftenposten, Dagbladet, NRK/Sameradioen, VG, Drammens Tidende, Sunnmørsposten, Se og Hør, Her og Nå. Frammøte seinast kl. 11.30.

På grunn av liten plass utanfor hovudinngangen til kyrkja, må ein også her nytte pool med ANB, Scanpix, Aftenposten og Dagbladet. Frammøte seinast kl. 11.30.
Pressekontakt er seniorrådgjevar Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Kl. 15.30 er statsministeren til stades når Stortinget si gåve til kong Harald vert presentert i Slottsparken.

Kl. 19.00 er statsministeren vert for regjeringa sin festmiddag i høve kong Harald sin fødselsdag, på Akershus slott. Arrangementet vert dekka av NRK/Fjernsynet.
Det er høve til å fotografere for akkrediterte pressefolk i borggarden frå kl. 18.30. Ein pressepool med 1 akkreditert fotograf og reportar frå  ANB, NTB, Scanpix og Se og Hør, kan arbeide innandørs på fleire punkt i løpet av arrangementet. Frammøte for poolen seinast kl. 19.00.
Pressekontakt er seniorrådgjevar Øivind Østang, telefon 91 34 64 70.

Fredag 23. februar:
Kl. 09.00 opnar statsministeren ein arbeidslivskonferanse på SAS Scandinavia Hotel i Oslo, i regi av NAV.
Kl. 18.00 deltek statsministeren i Oslo kommune sitt arrangement i høve kong Harald sin 70-årsdag, i Oslo rådhus.

Laurdag 24. februar:
Kl. 20.00 deltek statsministeren i kongeparet sitt ball i høve kong Harald sin 70-årsdag, på Slottet i Oslo.