Historisk arkiv

Priv. til red.:

Statsministerens program veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Frå 12. til 15. desember besøkjer statsministeren Sørpolen for å markera at det er 100 år sidan Roald Amundsen og hans følgje nådde polpunktet, og for å framheve betydinga av Antarktis i samband med dei globale klimaendringane.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse måndag og torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Frå 12. til 15. desember besøkjer statsministeren Sørpolen for å markera at det er 100 år sidan Roald Amundsen og hans følgje nådde polpunktet, og for å framheve betydinga av Antarktis i samband med dei globale klimaendringane.

Måndag 12. desember
Statsministeren kjem til Sørpolen. Der vil han møte forskarar som arbeider på Sørpolen, og 14. desember vil han tale på ei markering av 100-årsjubileet.

Den 15. desember reiser Stoltenberg frå Sørpolen. På veg ut besøkjer han dei to forskingsstasjonane som ligg ved Rosshavet: den New Zealandske Scott-basen og den amerikanske McMurdobasen.

Bilete frå besøket ligg på SMK sin Flickr-konto.

Fredag 16. desember
Kl. 16.15 møter statsministeren New Zealands statsminister John Key. Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Stad er foreløpig ikkje fastlagt.

Pressekontakt for statsministerens besøk til Sørpolen og New Zealand er kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510 eller helst e-post til tm@smk.dep.no.