Historisk arkiv

Burma-forskrifta er oppdatert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

UD har endra forskrifta om særlege tiltak mot Burma, mellom anna er våpenembargoen utvida. Endringane kjem som følgje av endringar i EU sine tiltak mot Burma.

Dette er dei viktigaste endringane:
  • våpenembargoen er utvida til å omfatte finansiering og fagleg hjelp knytta til militært materiell og militære aktivitetar
  • påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar for listeførte personar knytta til Burmas militærregime, er utvida til å omfatte økonomiske ressursar som fast eigedom, lausøyre, immaterielle rettar mv.
  • samstundes er det innført ei rekkje unntak frå påbodet om frysing og forbodet mot å gjere tilgjengeleg midlar og økonomiske ressursar, mellom anna for dekking av nødvendige utgifter til mat og bustad
  • det er innført forbod mot økonomisk engasjement i listeførte burmesiske statseigde føretak.

Endringane er ei oppfølgjing av endringar EU har gjort i sine tiltak mot Burma etter at forskrifta vart vedteken, som Noreg og ei rekkje andre europeiske land har slutta opp om.

Brot på forskrifta er straffbart.

Endringane tek til å gjelde straks, og den reviderte forskrifta vil om kort tid vere tilgjengeleg på Lovdata.