Historisk arkiv

Åtak på Noregs ambassade i Teheran

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

I overkant av hundre demonstrantar gjekk tysdag kveld til åtak på Noregs ambassade i Teheran. Ingen av dei 13 tilsette var til stades i ambassaden under åtaket. (07.02.06)

Pressemelding

Nr.: 18/2006
Dato: 07.02.2006

Åtak på Noregs ambassade i Teheran

Noreg fordømer åtaket på Noregs ambassade i Teheran tysdag kveld.

I overkant av hundre demonstrantar gjekk tysdag kveld til åtak på Noregs ambassade i Teheran. Det vart kasta stein og nokre brannbomber mot ambassaden, men bombene gjekk ikkje inn i ambassaden. Politiet kom til staden og demonstrasjonen avtok utover kvelden.

Ingen av dei 13 tilsette var til stades i ambassaden under åtaket. Ambassaden er midlertidig flytta.

– Vi ser alvorlig på denne hendinga. Eg har vore i kontakt med Irans utanriksminster og gjort det klart at det er iranske styresmakter sitt ansvar å ivareta tryggleiken for ambassadepersonellet. Heldigvis klarte ikkje demonstrantane denne gongen å trenge inn i ambassaden, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.