Historisk arkiv

Forlenging av Gråsoneavtalen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Avtalen går i hovudsak ut på at partane skal la vera å kontrollera og driva noko form for handheving mot fiskefartøy til einannan. Den inneheld òg reglar om korleis partane skal forholda seg overfor fartøy frå tredjeland. Avtalen vil nå bli forlenga med eitt år til 1. juli 2007. (21.06.06)

Pressemelding

Nr.: 84/06
Dato: 20.06.06

Forlenging av Gråsoneavtalen

Ein avtale om ei mellombels praktisk ordning for fisket i eit område som grensar til Noreg i Barentshavet blei inngått mellom Noreg og det tidlegare Sovjetunionen første gongen 11. januar 1978 (Gråsoneavtalen). Avtalen har sidan blitt forlenga 28 gonger for eitt år om gongen, siste gong til 1. juli 2006.

Avtalen går i hovudsak ut på at partane skal la vera å kontrollera og driva noko form for handheving mot fiskefartøy til einannan. Den inneheld òg reglar om korleis partane skal forholda seg overfor fartøy frå tredjeland.

Avtalen vil nå bli forlenga med eitt år til 1. juli 2007.