Historisk arkiv

Noreg fordømmer grusomme åtak mot sivile på Sri Lanka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Utenriksdepartementet

Noreg fordømmer i sterkaste ordelag dei siste tilfelle av vald på Sri Lanka. Sidan desember 2005 er 519 personar drepne. Dette har ramma både muslimar, singalesarar og tamilar. Dei stadige åtaka mot sivile tilspissar den allereie kritiske situasjonen. (15.06.06)

Pressemelding

Nr.: 79/06
Dato: 15.06.2006

Noreg fordømmer dagens grusomme åtak mot sivile på Sri Lanka

Noreg fordømmer i sterkaste ordelag dei siste tilfelle av vald på Sri Lanka. Sidan desember 2005 er 519 personar drepne. Dette har ramma både muslimar, singalesarar og tamilar. Dei stadige åtaka mot sivile tilspissar den allereie kritiske situasjonen.

Åtaket i dag bring valden på Sri Lanka til eit nytt stadium. Ein buss med sivile var mål for eit kynisk planlagt og brutalt utført mineåtak. Hittil er det meldt 63 drepne og 45 skadde. Dette er det blodigaste åtaket på sivile sidan partane til fredsprosessen på Sri Lanka vart einige om våpenkvileavtalen i 2002.

- Dette er ei barbarisk handling mot uskuldige sivile, også born. Våre tankar går til dei etterlatne og skadde, seier utviklingsminister Erik Solheim.

- Vi ser ei utvikling der ei valdshandling vert etterfylgt av ei anna. Denne grove valden tek landet mot full borgarkrig. Noreg krev umiddelbar stans i all vold på Sri Lanka.