Historisk arkiv

Noreg inngår FN-avtale om betre trygging av FN-personell og tilknytta personell

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

- FN-avtala er eit viktig steg i innsatsen for å tryggje FN-personell og andre sivile deltakarar i humanitære operasjonar, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre. (20.01.06)

Pressemelding

Nr.: 08/06
Dato: 20.01.2005

Noreg inngår FN-avtale om betre trygging av FN-personell og tilknytta personell

Regjeringa har i dag vedteke å inngå ein tilleggsprotokoll til FN-konvensjonen om trygging av FN-personell og tilknytta personell av 9. desember 1994.

Tilleggsprotokollen vart vedteken av Generalforsamlinga i FN 8. desember 2005. Protokollen gir FN-personell og tilknytta personell ytterlegare trygging under humanitære operasjonar, ved at vertsstaten pliktar å tryggje forholda på staden og forfølgje dei som gjer seg skuldige i åtak på FN-personell og tilknytta personell.

Protokollen vil vere særleg viktig for humanitære organisasjonar og jamvel omfatte deira lokalt rekrutterte personell som arbeider saman med FN. Også for norske deltakarar i internasjonale humanitære operasjonar vil avtala vere viktig.

- FN-avtala er eit viktig steg i innsatsen for å tryggje FN-personell og andre sivile deltakarar i humanitære operasjonar, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

I følgje Generalsekretæren i FN er 229 sivile deltakarar i FN-operasjonar drepne grunna kriminelle handlingar sidan 1992. Dette syner behovet for ei ytterlegare trygging av sivile deltakarar i humanitære operasjonar.

Noreg har vore ein aktiv pådrivar under tingingane om tilleggsprotokollen. Utanriksdepartementet vil vere ein aktiv pådrivar for å få fleire land til å slutte opp om konvensjonen og tilleggsprotokollen.

Tilleggsprotokollen vil være open for underteikning frå 16. januar i år og Noreg vil vere blant dei fyrste landa til å underteikne han.

Tilleggsprotokollen i uoffisiell oversetting til norsk les her.