Historisk arkiv

Noreg legg til rette for fredssamtalar mellom partane i Sri Lanka i Genève 22. februar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

– Med dette tek partane eit lite men svært viktig steg for å få fredsprosessen inn på riktig spor, og vi forventar at det blir harde forhandlingar, understrekar utviklingsminister Erik Solheim. (06.02.06)

Pressemelding

Nr.: 17/06
Dato: 06.02.2006

Noreg legg til rette for samtalar mellom styresmaktene i Sri Lanka og dei tamilske tigrane i Genève 22.-23. februar 2006

Partane til konflikten i Sri Lanka, styresmaktene i Sri Lanka (GOSL) og dei tamilske tigrane (LTTE), har bedt Noreg leggje til rette for samtalar i Genève 22.-23. februar. Partane vil diskutere korleis dei kan styrkje gjennomføringa av våpenkvileavtalen (CFA) som dei inngjekk 22. februar 2002. Dette er fyrste gong på tre år at partane møtest til direkte samtalar på så høgt nivå.

- Det er veldig positivt at partane er samde om å møtast på høgt nivå for å drøfte korleis dei kan betre den alvorlege tryggleikssituasjonen, seier utviklingsminister Solheim. – Noreg vil som tilretteleggar gjere sitt beste for å bistå partane med å finne ei praktisk løysing for å lette presset på våpenkvileavtalen. – Med dette tek partane eit lite men svært viktig steg for å få fredsprosessen inn på riktig spor, og vi forventar at det blir harde forhandlingar, understrekar utviklingsministeren.

Utviklingsminister Erik Solheim vil leie den norske delegasjonen der ambassadør Hans Brattskar og Vidar Helgesen vil inngå. Leiar for den sivile observatørstyrken Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM), Hagrup Haukland, vil òg vere tilstades.

- Partane har valt Genève som møtestad ettersom Sveits alltid har vore ein svært positiv støttespelar for fredsprosessen, legg utviklingsministeren til.