Historisk arkiv

Sri Lanka-samtalar om SLMM i Oslo 8. og 9. juni 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Partane vil diskutere tryggleiken og funksjonen til den nordiske observatørgruppa Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM). Møtet er ikkje fredssamtalar om ei politisk løysing på den væpna konflikten, og ikkje ei erstatning for Geneve-møtet om å styrke implementeringa av våpenkvileavtalen frå 2002. (07.06.06)

Pressemelding

Nr.: 77/06
Dato: 07.06.06

Sri Lanka-samtalar om SLMM i Oslo 8. og 9. juni 2006

Partane til fredsprosessen på Sri Lanka, styresmaktene og dei tamilske tigrane, er i Noreg for samtalar i Oslo 8.-9. juni 2006. Partane vil diskutere tryggleiken og funksjonen til den nordiske observatørgruppa Sri Lanka Monitoring Mission (SLMM). Dette er ikkje fredssamtalar om ei politisk løysing på den væpna konflikten, og ikkje ei erstatning for Geneve-møtet om å styrke implementeringa av våpenkvileavtalen frå 2002.

- Situasjonen på Sri Lanka er svært alvorleg. Det er positivt at partane har kome til Oslo for å drøfte situasjonen for SLMM. Vi vil som tilretteleggar gjere vårt beste slik at partane kan finne praktiske løysingar for å lette presset på SLMM, seier utviklingsminister Solheim.

- Dagsorden for møtet er avgrensa til SLMM, og vi har ikkje forventningar utover dette. Vi vil sjølvsagt tilskunde partane til å føre fredsprosessen vidare, og finne attende til plattformen for samtalar som dei vart einige om i 2002-2003, fortel utviklingsminister Solheim.

- Eg er svært imponert over og takksam for den strålande innsatsen SLMM-observatørane utfører i denne vanskelege tida. Dette har stor betydning for å hindre lidingar for sivile, seier utviklingsministeren.

Spesialutsending Jon Hanssen-Bauer vil leie den norske delegasjonen saman med ambassadør Hans Brattskar og Vidar Helgesen. SLMM vert representert ved leiaren, Ulf Henricsson.

Det vert ei orientering for pressa i Utanriksdepartementet fredag 9. juni kl 18.00.

Pressekontakt: Espen Gullikstad: mobiltelefon 91 70 81 22