Historisk arkiv

Utviklingsministeren til Sudan

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utviklingsminister Erik Solheim reiser 19.-23. juni til Sudan for møter med representantar for regjeringa og dei regionale styresmaktene i Sør. (19.06.06)

Pressemelding

Nr.: 82/06
Dato: 16.06.06

Utviklingsministeren til Sudan

Utviklingsminister Erik Solheim reiser 19.-23. juni til Sudan for møter med representantar for regjeringa og dei regionale styresmaktene i Sør.

Tema for møta vil mellom anna vere oppfølging av fredsavtalen mellom Nord og Sør, oppbygging av landet etter krigen, og bistand til forvalting av Sudan sine petroleumsressursar.

I samtalane vil det også vere viktig for utviklingsministeren å understreke at ein frå norsk side vil gjere det ein kan for å bidra til at fredsavtalen for Darfur vert underteikna. Han vil i tillegg ta opp behovet for utplassering av ei FN-styrke i Darfur.

Utviklingsministeren ønskjer også å nytte høvet til å sette fokus på dei gløymde områda i Sudan. Det er difor lagt opp til ei feltreise til El Damazin og Kurmuk, som ligg langs Blå-Nilen, på grensa til Etiopia. Dette er eit av områda som vart hardast råka i den nær 40 år lange konflikten mellom styresmaktene i Nord og geriljarørsla SPLM i Sør. Vonleg kan vitjinga bidra til å rette nytt politisk fokus for utvikling i denne ”gløymte” delen av Sudan.

Til redaksjonen:
Utviklingsministeren vil vere tilgjengeleg for intervju under reisa. Pressekontakt er informasjonsrådgjevar Odd Naustdal, mobil 91 14 94 90.