Rundskriv N-6/2001

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgiver: Samferdselsdepartementet

Endringar i samferdselslova §§ 5 og 7 for å lette kontroll av ulovleg transport

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET

RUNDSKRIV N-6/2001

Fylkeskommunene
Oslo kommune
Vegdirektoratet
Politidirektoratet

12. september 2001

Endringar i samferdselslova §§ 5 og 7 for å lette kontroll av ulovleg transport

Stortinget vedtok i vårsesjonen 2001 endringslov til samferdselslova, lov 15. juni 2001 nr. 88, jf. og Ot.prp. nr. 82 (2000-2001) Om lov om endringar i lov 4. juni 1976 om samferdsel/ Innst. O. nr. 108 (2000-2001).

Ved kgl. res. av 31. august 2001 vart det fastsett at lovendringa tek til å gjelde 1. oktober 2001.

Som ledd i teknisk tilpassing til lovendringa fastsette Samferdselsdepartementet same dato følgjande forskriftsendringar:

Forskrift om godstransport med motorvogn 4. desember 1992 nr. 1016 nr. 1 skal lyde:

1. Den som mot vederlag vil drive godstransport med motorvogn med tillatt totalvekt 3.500 kg eller mer, må ha løyve fra den fylkeskommunen hvor den personlige løyvesøkeren skal ha bostedsadresse eller forretningsadresse hvis søkeren er et selskap eller juridisk person. Det samme gjelder den som utfører godstransport mot vederlag med motorvogn som ellers er fritatt fra kravet om løyve i medhold av samferdselsloven § 8 nr. 1, når transporten kan ses som ledd i næringsvirksomhet.

Dette gjelder likevel ikke:

a. Berging av kjøretøy og fjerning av feilparkert kjøretøy utført med motorvogn spesielt konstruert for slik virksomhet.

b. Transport av forbruksavfall innen egen kommune med motorvogn registrert på kommunen eller kommunal etat.

Iverksetting

15 . Forskriften trer i kraft 1. oktober 2001.

Forskrift om persontransport med motorvogn utenfor rute 10. juni 1977 nr. 8, nr. 1 skal lyde:

1. Den som mot vederlag vil drive persontransport med motorvogn utenfor rute, må ha løyve fra fylkeskommunen hvor vedkommende skal ha sitt forretningssted. Det samme gjelder den som utfører persontransport mot vederlag på lignende måte som drosje når tilbudet om transport blir rettet til almennheten på offentlig plass.

Dette gjelder likevel ikke: For transport med beltekjøretøy.

Kap. IX. Overgangsbestemmelser og ikraftsetting.

69. Forskriften trer i kraft 1. oktober 2001.

II

Lov-og forskriftsendringa tek sikte på å leggje betre til rette for kontroll av a) løyvepliktig godstransport som vert driven under dekke av eigentransport, samt av b) såkalla ”pirattaxi”. For både gods- og persontransporten sin del medfører endringa at det under visse omstende kan vere nok at transport vert utført ein gong mot vederlag før løyveplikt oppstår. Etter gjeldande rett er det i alle høve eit krav at transport mot vederlag må drivast før løyveplikt oppstår.

a) Etter gjeldande rett vil den som har registrert motorvogn over 3.5 tonn i eigentransport, ha same mogelegheit som andre som ikkje har løyve, til å utføre einskilde transportoppdrag mot vederlag for andre utan at det oppstår løyveplikt. Dvs. at det må påvisast at transport for andre har hatt eit visst omfang før det kan avgjerast at vedkomande driv løyvepliktig transport. Etter lovendringa vil det ikkje vere høve for den som har registrert motorvogn i eigentransport til å utføre transport mot vederlag for andre dersom transporten skjer i regi av den som driv eigentransport. Ein gongs bruk av motorvogna mot vederlag utanfor området for eigentransport vil i så fall medføre krav til løyve.

Lovendringa er ikkje til hinder for at motorvogn registrert i eigentransport t.d. kan lånast til tilsette, idrettslag eller andre organisasjonar til sporadiske oppdrag. Det avgjerande er at transporten ikkje kan sjåast som ledd i næringsverksemda til den som har registrert motorvogna i eiegntransport. For grupper som nemnt gjeld sjølvsagt det generelle kravet om at transporten må ”drivast mot vederlag” for at løyveplikt skal oppstå.

b) Tilsvarande som for eigentransportens del er det gjort eit unntak frå kravet om at transporten må ”drivast” mot vederlag før løyveplikt oppstår, dersom nokon utfører persontransport mot vederlag på likande måte som drosje når tilbod om transport vert retta til ålmenta på offentleg plass. Av Ot.prp. nr. 82 (2000-2001) framgår det m.a.

”Med offentleg plass meinast gater, vegar, oppstillingsplass m.v. som er opne for almenn ferdsel. Det er ikkje ein føresetnad for å komme inn under løyveplikt at det er transportøren sjølv som tek initiativ, anten direkte eller gjennom å framtre på ein slik måte og under slike omstende at det kan oppfattast slik frå publikum si side at det vert tilbydd transport. Sjølve det å tilby transport utan noko meir er ikkje nok til at løyveplikt inntrer. Elles gjeld den generelle føresegna i samferdselslova § 26 om medverknad og freistnad på brot etter lova. Når det gjeld høvet til ”freistnad”, må ein i alle høve måtte krevje at handlingsfølgja er komen så langt at passasjeren har sett seg i bilen, etter føregåande avtale om transport mot vederlag.”

Med helsing

Arnfinn Øen e.f.

Jan Vidar Weltzien

Vedlegg