Rundskriv V-1N/2015 Den norske kyrkja - Statsbudsjettet 2015 - Kyrkjerekneskap

I rundskriv P–9/2012 vart det orientert om løyvingane til kyrkjelege formål i statsbudsjettet for 2014 og om utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien med bakgrunn i rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda. I dette rund­skrivet følgjer ein tilsvarande gjennomgang, jf. pkt. 1 og 2. I punkt 3 er det gjort greie for mindre endringar i forskrift om økonomiforvaltning for kyrkjelege fellesråd og sokneråd og i punkt 4. er det vist til rapporteringskrava som gjeld for rekneskapsåret 2014.

1. Statsbudsjettet 2015 – Den norske kyrkja

Stortinget har vedtatt statsbudsjettet for 2015. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av løyvingar som særleg omhandlar kyrkjelege fellesråd og sokneråd. For ein nærare omtale viser vi til Prop. 1 S (2014–2015) for Kulturdepartementet, jf. s. 134–151, og Innst. 12 S (2014–2015), jf. s. 86–89.

Kap 340, post 70 Kyrkjeval

For 2015 er det løyvd 76 mill. kroner til gjennomføring av kyrkjevalet. I tillegg vart det løyvd 5,5 mill.kroner i 2014 til dekning av utgifter for førebuing av valet. Samla løyving til valet er etter dette på 81,5 mill. kroner. Prisjustert er dette den same løyvinga som for kyrkjevalet i 2011.  

Det er Kyrkjerådet som planlegg opplegget for dei kyrkjelege vala i 2015. Det er òg Kyrkjerådet som disponerer løyvinga og fordeler på tiltak, mellom anna til den lokale gjennomføringa av vala.

Kap 340, post 75 Tilskot til trusopplæring og andre kyrkjelege formål

For 2015 er det under denne posten løyvd 459 mill. kroner. Under posten inngår tilskot som tidlegare var øyremerka mellom anna til trusopplæring, Døvekyrkjene, Kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk, Stiftelsen Kirkeforskning, Nidaros og Oslo domkyrkjer m.m. 

Dei tidlegare øyremerka tilskota er frå 2015 gjort om til eit rammetilskot som Kyrkjemøtet skal disponere. Målsetjinga og premisser for rammetilskotet framgår av Prop. 1 S (2014–2015) for Kulturdepartementet:

”Målet med rammetilskuddet er at det skal støtte opp om trosopplæringen i Den norske kirke og andre kirkelige formål, slik at Den norske kirke kan videreføres som folkekirke i samsvar med Grunnloven § 16. Tilskuddsmottakerne vil være kirkelige fellesråd, menighetsråd og andre kirkelige instanser og organisasjoner som kan bidra til å oppfylle målet.

Tilskuddet kan ikke benyttes til å avlaste kommunene for deres lovpålagte utgiftsoppgaver etter kirkeloven § 15. Tilskuddet kan heller ikke benyttes til formål som hører inn under statens ansvar for prestetjenesten eller til driften av Kirkemøtet, Kirkerådet, Bispemøtet og bispedømmerådene.” 

Kap 342, post 60 Rentekompensasjon for istandsetting av kyrkjebygg

Investeringsramma for istandsetting av kyrkjer og kyrkjeinventar er i statsbudsjettet for 2015 auka med 500 mill. kroner. Sidan ordninga vart introdusert i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for investeringar på om lag 3 mrd. kroner. Ordninga med rentekompensasjon for kyrkjer og kyrkjeinventar vert administrert av Husbanken, og utfyllande informasjon samt søknadsskjema er tilgjengeleg på www.husbanken.no.

Kap 342, post 70 Tilskot til sentrale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar

For 2015 er det under posten løyvd 12,7 mill. kroner til nasjonale tiltak for kyrkjebygg og gravplassar. Brorparten av tilskotet vert forvalta av KA kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon til mellom anna drift av kyrkjebyggdatabasen,  brann- og innbrottsførebyggande tiltak, dokumentasjons­arbeid m.m.

2. Kyrkjerekneskapane 2011–2013

I vedlegget til rundskrivet er tal frå rekneskapane for dei kyrkjelege fellesråda i perioden 2011–2013 gjennomgått, jf. tilsvarande gjennomgang i rundskriv P–9/2012. Vedlagt er òg relevant omtale frå Prop. 1 S (2014–2015) om kyrkjeøkonomien.

Rekneskapstala syner at driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 9,6 pst. frå 2012 til 2013, medan auken frå 2011 til 2012 var på 3,3 pst. Samla driftsinntekter i 2012 var på 4 042 mill. kroner og i 2013 på 4 430 mill. kroner. Dei kommunale overføringane (drift) til fellesråda auka med 5,4 pst frå 2012 til 2013. Dette er noko meir enn det løns- og prisveksten i kommunesektoren vart berekna til i den same perioden (3,6 pst).

Driftsutgiftene auka frå 2012 til 2013 frå 3 867 mill. kroner til 4 172 mill. kroner. Dette tilsvarer ein prosentvis auke på 7,9 pst. Frå 2011 til 2012 var auken i driftsutgifter på 4 pst.

Samla netto driftsresultat for fellesråda var på 152 mill. kroner i 2012 og 228 mill. kroner i 2013. 

Investeringsutgiftene til fellesråda har i perioden frå 2009 til 2012 variert mellom 750 mill. kroner og 970 mill. kroner. I 2013 utgjorde investeringsutgiftene 1 045 mill. kroner.

3. Orientering om endring i forskrift om økonomiforvaltning for kyrkjelege fellesråd og sokneråd i Den norsk kyrkja

Frå og med 2014 skal ein føre meirverdiavgiftskompensasjon frå investeringar til inntekt i investeringsrekneskapen. Føresegnene i økonomiforskrifta om overgangsperiode for budsjettering og inntektsføring av meirverdikompensasjon i investeringsrekneskapet, jf. § 4-3 og § 5-2, er difor oppheva. Vedlegg 4A og vedlegg 4B i forskrifta er justert i samsvar med dette.

Det er òg gjort mindre språklege endringar i § 7 om rapportering. Her har funksjonane som ein skulle rapportere på, vore angitt. Dette er no fjerna, då dette kjem fram av vedlegg 4A.

4. Rapporteringskrav

Statistisk sentralbyrå sendte 14. november d.å. ut brev og oppslagshefte om rapportering av kyrkjerekneskapane for 2014.

Vi vil nytte høvet til å understreke verdien av rekneskapsrapportering til rett tid. Dei innrapporterte rekneskapstala er den viktigaste kjelda til kunnskap om økonomien i Den norske kyrkja og dei lokale kyrkjelydane. Vi minner om at fellesråda er forplikta til å rapportere rekneskapsopplysningane til SSB. Frist for rapportering er 17. mars 2015.

Vi gjer merksam på at ein kan kontakte KA ved spørsmål om rekneskapsavslutninga.

SSB kan gje bistand ved innrapportering av rekneskap.

 

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)
avdelingsdirektør

 

Ole Bernt Langset
seniorrådgjevar

Vedlegg - Den lokale kyrkjeøkonomien 2011–2013 (.pdf)

 

Kopi:  

Kyrkjerådet
KA kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon
Statistisk sentralbyrå