Forskrift om endringer i forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg

Fastsatt av Finansdepartementet 9. desember 2016 med hjemmel i lov 6.juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) § 8B-5.

I

I forskrift 20. desember 2000 nr. 1393 om kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg gjøres følgende endringer:

Forskriftens hjemmelsanvisning skal lyde:
Fastsatt av Finansdepartementet 20. desember 2000 med heimel i lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova) § 8B-5.

§ 1 skal lyde:
§ 1.Virkeområde
Forskriften gjeld kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 og § 8B-3 tredje leden og korrigering av kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg for investeringar, jf. eigedomsskattelova § 8B-2 andre leden, femte leden og § 8B-3 andre leden. Reglane gjeld berre fordeling av eigedomsskattegrunnlag mellom norske kommunar.

§ 2 skal lyde:
§ 2.Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for kraftanlegg med kraftstasjon med installert effekt over 1000 kW sett i drift pr. 1. januar 2000
(1) Kommunefordelinga etter eigedomsskattelova § 8 B-2 første og tredje leden skal byggje på oppgåver frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om berekning av fordelingsnøklar og retningsliner fastsett av departementet i samråd med NVE.
(2) For kraftanlegg med tilhøyrande særskilte driftsmiddel sett i drift pr. 1. januar 2000 som ikkje vart omfatta av NVE si fastsetjing av gjenanskaffingsverdet (GAV) pr. 1. januar 1997, skal NVE fastsetje gjenanskaffingsverdet for særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 første leden. Det skal ikkje bereknast GAV for adkomstanlegg. Reglane i forskrift av 20. januar 1997 nr. 79 om fastsettelse av skattemessige inngangsverdier pr. 1. januar 1997 for særskilte driftsmiddel i kraftforetak, gjeld tilsvarande for NVE si fastsetjing av desse verdiar. For kraftanlegg sett i drift etter 1. januar 1997 skal verdsetjinga baserast på tilhøva pr. 1. januar 2000 og justerast til kroneverdet pr. 1. januar 1997. Frist for eigar av særskilte driftsmiddel i slike kraftanlegg for innsending av opplysningar til NVE som nemnt i forskriften § 2-1 andre leden, vert sett til 9. februar 2001.

§ 3 første ledd skal lyde:
(1) Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8B-2 fjerde leden, jf. § 8B-3 første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av  kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 første leden første punktum, jf. fjerde punktum.

§ 4 skal lyde:
§ 4.Kommunefordeling av grunnlaget for eigedomsskatt for anleggsdeler som ikkje var sett i drift pr. 1. januar i skattefastsettingsåret
Kommunefordeling etter eigedomsskattelova § 8 B-3 tredje leden, jf. første leden vert berre fastsett dersom det vert kravt av eigar av kraftanlegget eller av ein av dei kommunar der kraftanlegget har tilhøyrande særskilte driftsmiddel som nemnt i eigedomsskattelova § 8 B-2 første leden første punktum, jf. fjerde punktum. Krav om slik fordeling må framsetjast innan 9. februar 2001. Kravet skal sendast til Skattedirektoratet med kopi til dei berørte kommunar eller eigar av kraftanlegget. Dersom krav ikkje vert framsett, skal heile eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegget tilordnast den kommune der kraftverket ligg. § 3 tredje leden gjeld tilsvarande.

§ 5 tredje ledd skal lyde:
(3) Frist for klage etter andre leden er seks veker rekna frå tidspunktet for vedtaket. Klagen skal sendast til skattekontoret.

§ 6 skal lyde:
§ 6.Korrigering av kommunefordelinga av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg for investeringar, jf. eigedomsskattelova § 8B-2 andre leden, femte leden og § 8B-3 andre leden
(1) Kostpris for investering ført i skatterekneskapen, jf. eigedomsskattelova § 8B-2 andre leden, femte leden og § 8B-3 andre leden, regulerast til same kroneverdi som fordelingsnøkkelen etter dei nemnte paragrafane er bygget på. Ved reguleringa nyttast konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå.
(2) Skattytar skal sende naudsynte opplysningar om investeringar som nemnt i eigedomsskattelova § 8B-2 andre leden, femte leden og § 8B-3 andre leden til NVE. Skattedirektoratet fastsett skjema og frist for slik innrapportering.

II

Endringene under I trer i kraft 1. januar 2017.

 

Tilhørende lov