Høyring - forslag om unntak frå kravet om offentleg utlysing av ledige stillingar i staten

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette forslag til to endringar i forskrift til lov om statens ansatte mv. på høyring. Begge forslaga gjeld unntak frå kravet i lov om statens ansatte mv. (statstilsettelova) om offentleg utlysing av ledige stillingar i staten.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 12.11.2021

Vår ref.: 21/3031

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette forslag til to endringar i forskrift til lov om statens ansatte mv. på høyring. Begge forslaga gjeld unntak frå kravet i lov om statens ansatte mv. (statstilsettelova) om offentleg utlysing av ledige stillingar i staten.


Forslag om unntak frå utlysing ved overgang frå mellombels til fast tilsetting

Departementet foreslår å fastsette i forskrift at statstilsette som har konkurrert seg til ei mellombels tilsetting, kan tilsettast fast utan ny utlysing. Heimelen skal avgrensast til mellombels tilsette som er tilsett etter ordinær utlysing. Formålet med endringa er å legge betre til rette for at statlege verksemder har eit større handlingsrom i tilsettingsprosessen, og skal bidra til at verksemdene kan behalde og utvikle kompetent arbeidskraft.


Forslag om unntak frå utlysing ved tilsetting med lønnstilskot


Departementet sender også på høyring forslag om unntak frå kravet om offentleg utlysing av ledige stillingar ved mellombels tilsetting i inntil to år av personar som arbeids- og velferdsetaten har innvilga mellombels lønnstilskot. Formålet med endringa er å legge betre til rette for bruk av lønnstilskot i staten, og blir fremma i samband med inkluderingsdugnaden.


Om høyringa


Alle kan sende inn høyringssvar. Høyringssvar er offentlege etter offentleglova, og blir publiserte. Høyringsfristen er 12. november 2021.
Departementet ber høyringsinstansane vurdere om saken bør leggjast fram for underliggande etatar og verksemder.


Spørsmål om forslaget om unntak frå utlysningsplikten ved overgang frå mellombels til fast tilsetting kan rettast til førstekonsulent Henrik Rydland Akslen på e-post henrik-rydland.akslen@kmd.dep.no eller telefon 91525725.


Spørsmål om forslaget om unntak frå utlysningsplikten ved mellombels tilsetting med mellombels lønnstilskot kan rettast til seniorrådgivar Anne Kirsti Lunde på e-post: aki@kmd.dep.no eller telefon 95704742.

Med helsing
Martin Kjellsen (e.f.)
avdelingsdirektør


Henrik Rydland Akslen
førstekonsulent

 

Dokumentet er signert elektronisk og har derfor ikkje handskrivne signaturar

Departementa
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsretten
Arkivverket
Artsdatabanken
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Barneombodet
Bioteknologirådet
Brønnøysundregistra
Datatilsynet
Dei nasjonale forskingsetiske komiteane
Direktoratet for arbeidstilsynet
Direktoratet for byggkvalitet
Direktoratet for e-helse
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap
Direktoratet for strålevern og atomtryggleik
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Distriktssenteret
Domstoladministrasjonen
Eldreombudet
Finanstilsynet
Fiskeridirektoratet
Folkehelseinstituttet
Forbrukarombodet
Forbrukarrådet
Forvaltningsorganet for opplysningsvesenets fond
Foreldreutvalet for grunnopplæringa
Forsvaret
Forsvarets forskingsinstitutt
Forsvarsbygg
Forsvarsmateriell
Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker
Havforskingsinstituttet
Helfo
Helsedirektoratet
Husbanken
Husleigetvistutvalet
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet
Jernbanedirektoratet
Justervesenet
Klagenemnda for industrielle rettar
Klagenemndsekretariatet
Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker
Konkurransetilsynet
Kontoret for valdsoffererstatning
Kulturrådet
Kulturtanken
Kunst i offentlege rom
Kystverket
Landbruksdirektoratet
Likestillings- og diskrimineringsnemnda
Likestillings- og diskrimineringsombodet
Lotteri- og stiftelsestilsynet
Luftfartstilsynet
Lånekassen – Statens lånekasse for utdanning
Mattilsynet
Medietilsynet
Meteorologisk institutt
Miljødirektoratet
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Nasjonalt tryggingsorgan
Nasjonalbiblioteket
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking
Nasjonalt klageorgan for helsetenesta
Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga
Norad – Direktoratet for utviklingssamarbeid
Norec – Norsk senter for utviklingssamarbeid
Noregs forskingsråd
Noregs geologiske undersøkingar
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Norsk akkreditering
Norsk filminstitutt
Norsk institutt for bioøkonomi
Norsk kulturråd
Norsk kulturminnefond
Norsk pasientskadeerstatning
Norsk polarinstitutt
Norsk romsenter
Norsk senter for informasjonssikring
Norsk utanrikspolitisk institutt
Oljedirektoratet
Patentstyret
Pensjonstrygda for sjømenn
Personvernnemnda
Petroleumstilsynet
Politidirektoratet
Politietaten
Politihøgskolen
Politiets tryggingsteneste
Regelrådet
Regjeringsadvokaten
Riksadvokaten
Riksantikvaren – Direktoratet for kulturminneforvaltning
Riksmeklaren
Riksteatret
Sekretariatet for konfliktråda
Senter for IKT i utdanninga
Senter for internasjonalisering i utdanninga
Senter for oljevern og marint miljø
Sivil klareringsmyndigheit
Sjøfartsdirektoratet
Skattedirektoratet
Spesialeininga for politisaker
Språkrådet
Statens arbeidsmiljøinstitutt
Statens havarikommisjon for transport
Statens helsetilsyn
Statens innkrevjingssentral
Statens institutt for rusmiddelforsking
Statens jernbanetilsyn
Statens kartverk
Statens legemiddelverk
Statens pensjonskasse
Statens sivilrettsforvaltning
Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstenesta
Statens vegvesen – Vegdirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Statsforvalterne
Statsforvaltarens fellestenester
Statsbygg
Statped – statleg spesialpedagogisk teneste
Sysselmannen på Svalbard (Sysselmesteren på Svalbard)
Teknologirådet
Tilsynsrådet for advokatverksemd
Tolldirektoratet
Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS)
Trygderetten
Internasjonalt reindriftssenter
Utdanningsdirektoratet
Utlendingsdirektoratet
Utlendingsnemnda
Valdirektoratet
Vegtilsynet
Veterinærinstituttet
Noregs institusjon for menneskerettar
Riksrevisjonen
Sametinget
Stortinget
Stortingets ombodsmann for Forsvaret
Stortingets ombodsmann for forvaltninga (Sivilombodsmannen)
Norsk rikskringkasting AS (NRK)
Opplysningsvesenets fond
Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Handelshøyskolen BI
Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Molde
Høgskolen i Oslo og Akershus
Høgskolen i Søraust-Noreg
Høgskolen i Østfold
Høgskulen i Volda
Høgskulen på Vestlandet
Kunsthøgskolen i Oslo
Nord universitet
Noregs grøne fagskole
Noregs handelshøgskole (NHH)
Noregs miljø- og biovitskaplege universitet
Noregs musikkhøgskole
Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU)
Norsk senter for menneskerettar
Samisk høgskole
Universitetet i Agder
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Stavanger
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arbeidsforskningsinstituttet AS
Arbeidsmiljøsenteret
SMB Norge
Civita
Den Norske Advokatforening
Den norske dataforening
Den norske Revisorforening
Fafo – Institutt for arbeids- og velferdsforskning
Fagpressen
Finans Norge
Hovedorganisasjonen Virke
HR Norge
IKT-Norge
Institutt for journalistikk
Institutt for samfunnsforskning
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landslaget for lokalaviser
Landsrådet for Noregs barne- og ungdoms- organisasjonar
Lederne
LO Stat
Mediebedriftenes Landsforening
Norsk Journalistlag
Norsk Presseforbund
Norsk Redaktørforening
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Næringslivets sikkerhetsorganisasjon
Næringslivets sikkerhetsråd
Rettspolitisk forening
Schibsted
Stiftelsen for en kritisk og undersøkende presse (SKUP)
Transparency International Norge
TV 2
Unio – Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskoleutdanna
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS) Stat
ASVL – arbeidsgiverforening for vekst- og attføringsbedrifter
Bransjeforeningen Arbeid og inkludering i NHO Service og handel
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon (FFO)
Mental helse
Rådet for psykisk helse
Samarbeidsforumet av funksjonshemmesdes organisasjoner (SAFO)
Unge funksjonshemmede