Høyring – forslag til endringar i båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender no på høyring eit forslag om endringar i båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet for fylkeskommunane. Forslaget går i korte trekk ut på å innføre eit nytt kriterium for båtar – dei normerte båtkostnadene – saman med dagens kriterium lengde kystlinje. Samstundes blir kriteria skolereiser med ferje, skolereiser med båt og båtreiser i alt tatt ut av nøkkelen. Den nye båt- og ferjenøkkelen vil med det bestå av kriteria normerte ferjekostnader for ferjene, mens kriteria for båtar blir delt likt mellom lengde kystlinje og normerte båtkostnader. Departementet vil ta endeleg stilling til om forslaget til ny nøkkel skal leggast fram for Stortinget etter å ha vurdert innspela i høyringa.

Status: På høring

Høringsfrist: 19.03.2021

Vår ref.: 21/350

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sender med dette på høyring eit forslag om endringar i båt- og ferjenøkkelen i inntektssystemet for fylkeskommunane. Høyringsfristen er 19. mars.  

Høyringsforslaget går i korte trekk ut på å innføre eit nytt kriterium for båtar – dei normerte båtkostnadene – saman med dagens kriterium lengde kystlinje. Samstundes blir kriteria skolereiser med ferje, skolereiser med båt og båtreiser i alt tatt ut av nøkkelen. Den nye båt- og ferjenøkkelen vil med det bestå av kriteria normerte ferjekostnader  for ferjene, mens kriteria for båtar blir delt likt mellom lengde kystlinje og normerte båtkostnader. Kriteriet normerte båtkostnader bygger på eit forslag frå Møreforsking Molde og Transportøkonomisk institutt (TØI) som var på offentleg høyring våren 2020. Departementet foreslår i tillegg somme justeringar og presiseringar i nøkkelen.

Forslaget er presentert nærare i høyringsnotatet som er lagt ved dette brevet.

Invitasjon til møte om forslaget

I samband med høyringa vil vi invitere alle fylkeskommunar og KS til eit administrativt møte om høyringsforslaget. Formålet er å gi fylkeskommunane høve til å komme med spørsmål om forslaget og førebelse innspel til departementet, før høyringsfristen går ut 19. mars. Møtet vil vere digitalt, og finn stad torsdag 11. februar kl. 09.00–11.00.

Vi ber om at fylkeskommunar som ønsker å delta på møtet, tar kontakt med departementet så snart som mogleg. Send påmelding til departementet per e-post til postmottak@kmd.dep.no, med kopi til lars-tore.rydland@kmd.dep.no, og merk påmeldinga med saksnummer 21/350.   

Prosessen vidare

Departementet vil ta endeleg stilling til om forslaget til ny nøkkel skal leggast fram for Stortinget etter å ha vurdert innspela i høyringa. Vi legg opp til å presentere høyringa og vurderingane til departementet i Kommuneproposisjonen 2022, som blir lagt fram 11. mai 2021.

Praktisk informasjon

Eventuelle spørsmål kan rettast til Lars Tore Rydland (lars-tore.rydland@kmd.dep.no), Dorottya Bognár-Lahr (dorottya.bognar-lahr@kmd.dep.no) eller Naeem Rashid (naeem.rashid@kmd.dep.no).

I vedlegga til høyringsnotatet er det fleire tabellar, mellom anna ei oversikt over fylkeskommunale båtruter som inngår i kriteriedata. De kan få tilgang til desse tabellane i Excel-format ved å kontakte departementet.

Høyringsuttalar skal leverast digitalt på regjeringen.no ved å trykke på "Send inn høyringssvar". Alle kan kome med høyringsuttale. Høyringsuttalar er offentlege etter offentleglova og blir publisert på regjeringen.no.

Med helsing

Grete Lilleschulstad (e.f.)
fung. avdelingsdirektør

Lars Tore Rydland
utgreiingsleiar

Agder fylkeskommune
Innlandet fylkeskommune
Kommunesektorens organisasjon
Møre og Romsdal fylkeskommune
Nordland fylkeskommune
Oslo kommune
Rogaland fylkeskommune
Troms og Finnmark fylkeskommune
Trøndelag fylkeskommune
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Vestland fylkeskommune
Viken fylkeskommune