Høyring – forslag til forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016

Forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar blir fastsett for eitt kalenderår om gongen. Kunnskapsdepartementet har no sendt forslag til tilbakebetalingsforskrift for 2016 på alminneleg høyring

Status: Under behandling

Høringsfrist: 18.11.2015

Vår ref.: 15/4737

Høyring – forslag til forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016

Kunnskapsdepartementet sender med dette forslag til forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016 (tilbakebetalingsforskrifta) på høyring.

Tilbakebetalingsforskrifta blir fastsett for eitt kalenderår om gongen. Gjeldande forskrift for 2015 er publisert på heimesida til Lånekassen, sjå https://www.lanekassen.no/nb-NO/Toppmeny/Forskrifter/tilbakebetaling-2015/. Forslaget til tilbakebetalingsforskrift for 2016 byggjer på gjeldande forskrift for 2015, og det vedlagde høyringsnotatet inneheld berre omtale av dei føresegnene der departementet foreslår endringar i 2016. Justering av satsar og inntekts- og formuesgrenser vil bli gjord på eit seinare tidspunkt, og er derfor ikkje med som ein del av høyringa.

Høyringsutkastet er basert på forslag frå regjeringa til statsbudsjett for 2016, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår berre endringar i to av føresegnene i forskrifta i denne høyringa. Endringsforslaga er av regelteknisk karakter, og ingen av dei har økonomiske eller administrative konsekvensar.

I forslaget til statsbudsjett har regjeringa varsla at ho vil innføre ein ny modell for å fastsetje renter på lån i Statens pensjonskasse, Husbanken og Lånekassen, sjå Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter, avgifter og toll 2016 og Prop. 1 S (2015–2016) Statsbudsjettet (Gul bok) for næmare omtale. Regjeringa tek sikte på at endringa vil ha effekt for dei rentene i Lånekassen som tek til å gjelde frå 1. mars 2016. Rentenivået i Lånekassen vil på innføringstidspunktet for ny modell bli om lag det same som det ville ha vore ved vidareføring av gjeldande modell. Den nye modellen inneber at det vil bli behov for å gjere nokre endringar i renteføresegnene i tilbakebetalingsforskrifta for 2016. Departementet tek sikte på å fastsetje desse endringane i endringsforskrift på nyåret, og har såleis ikkje handsama saka i det vedlagde høyringsnotatet.

Vi gjer også merksam på at departementet har bestemt at tilbakebetalingsforskrifta, som i dei seinare åra har vore på bokmål, frå og med 2016 skal vere på nynorsk. I høyringsnotatet vil ein derfor finne at dei gjeldande føresegnene er refererte på bokmål, medan endringsforslaga er formulerte på nynorsk. Endringar som eine og aleine handlar om overgang til ny målform er ikkje markerte i endringsforslaga.

Tilbakebetalingsforskrifta for 2016 skal tre i kraft frå 1. januar 2016, og ho må derfor vere fastsett innan utgangen av 2015. Av omsyn til dette er det naudsynt å setje ein kortare høyringsfrist enn tre månader, som er den normale fristen ved alminnelege høyringar. Høyringsfristen blir sett til 18. november 2015.

Departementet ber om at svar på høyringsforslaget blir sende elektronisk, helst gjennom den digitale løysinga for innsending av høyringssvar som ein finn på www.regjeringen.no/id2457258Høyringssvar er offentlege dokument etter offentleglova, og dei vil bli publiserte på www.regjeringen.no/id2457258. På denne nettstaden finn ein òg høyringsdokumenta frå departementet i saka.

 

Med helsing
                                                                     

Lars Petter Flåtten (e.f.)
avdelingsdirektør

                                                                                          Halvor Midtfjellse
                                                                                          seniorrådgjevar

 

Dokumentet er elektronisk signert og har derfor ikkje handskrivne signaturar.

 

 

Vedlegg: Høyringsnotat om forslag til forskrift om forrenting og tilbakebetaling av utdanningslån og tap av rettar 2016

Departementene
Fylkeskommunene
Oslo kommune
Fylkesmennene
Private høgskoler
Statlig høgskoler
Universitetene
Studentsamskipnadene
Juridisk rådgivning for kvinner
Jushjelpa i Midt-Norge
Jushjelpa i Nord-Norge
Juss-Buss
Jussformidlingen
Elevorganisasjonen
Norsk studentorganisasjon
Norsk Dansekunstnere
Samskipnadsråden
Studentpolitisk utvalg ved Handelshøyskolen BI
Datatilsynet
Forbrukerombudet
Forbrukerrådet
Nasjonalt organ for kvalitet i utdanningen
Riksrevisjonen
Samordna opptak
Skattedirektoratet
Statens lånekasse for utdanning
Sivilombudsmannen
Utdanningsdirektoratet
Arbeidsforeningen Spekter
NHO
KS
Virke
LO
Akademikerne
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Unio
Funksjonhemmedes fellesorganisasjon
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Norges forskningsråd
Norgesuniversitetet
Norsk forsterhjemsforening
Sametinget
Statens råd for likestilling av funksjonshemmede
Voksenopplæringsforbundet
Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk VOX
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Nordisk institutt for studier av innovasjon
Rådet for offentlige fagskoler
Utdanningsforbundet
Kontaktutvalget mellom innvandrerbefolkningen og myndighetene
Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond
Fleksibel utdanning i Norge