Høyring - "Et NAV med muligheter. Bedre brukermøter, større handlingsrom og tettere på arbeidsmarkedet"

Sluttrapport frå ekspertgruppa, april 2015

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette rapporten ”Et NAV med muligheter. Bedre brukermøter, større handlingsrom og tettere på arbeidsmarkedet” på høyring.  Høyringsfristen er utvida frå 7. september til 1. oktober.

Status: Ferdigbehandlet

Høyringsfrist: 07.09.2015

Vår ref.: 15/1458

Arbeids- og sosialdepartementet sender med dette rapporten ”Et NAV med muligheter. Bedre brukermøter, større handlingsrom og tettere på arbeidsmarkedet” på høyring.  

Arbeids- og sosialdepartementet sette i mars 2014 ned ei ekspertgruppe for å få ei heilskapeleg undersøking av  NAV. Ekspertgruppa har lagt fram to rapportar. Ein delrapport i september 2014 og ein sluttrapport i april 2015.

Det er berre sluttrapporten som blir sendt på høyring.

Rapporten kan lastast ned frå Arbeids- og sosialdepartementet si heimeside:

https://www.regjeringen.no/id2405035/

Sluttrapporten er delt inn i ein deskriptiv del, kapitla 3 til 6, og ein del med drøftingar og framlegg, kapitla 7-9. Kapittel 1 gir ei oppsummering av ekspertgruppa sitt framlegg til strategisk retning og trekkjer fram dei viktigaste framlegga i dei andre kapitla. I kapittel 2 står konklusjonane frå delrapporten. Ekspertgruppa peikar i kapittel 1 på at den strategiske retninga som er tilrådd må sjåast i samband med delrapporten.  Også delrapporten kan lastast ned på Arbeids- og sosialdepartementet si heimeside:

https://www.regjeringen.no/id2008441/

Vi ber om at høyringsinstansane i sine merknader er tydelege på kva del av rapporten fråsegna gjeld:

- Strategisk retning i fem hovudpunkt (kapittel 1)
- Beskriving/kartlegging (kapittel 3 til 6)
- Drøftingar og enkeltforslag (kapittel 7-9)

Høyringsfrist er 7. september 2015.

Liste over høyringsinstansar er lagt ved. 

Korleis gi  høyringsfråsegn

Klikk på ”Send inn høringssvar” nedanfor og gi ditt høyringssvar i skjemaet. Du vil få ei kvittering på e-post, med kopi av høyringssvaret ditt, som kan arkiverast og journalførast.

Høyringssvar reknast som offentleg informasjon, og alle høyringssvar som kjem inn, vil bli lagt ut på høyringssida. Unntaket er viss svaret inneheld trugsmål eller ærekrenkingar, eller viss det inneheld personopplysningar. 

Med helsing                                                                      

Ulf Pedersen (e.f.)
ekspedisjonssjef

Espen Opjordsmoen
avdelingsdirektør

Alle fylkeskommuner
Alle fylkesmannsembetene
Alle landets kommuner
Akademikerne
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsgiverforeningen for vekstbedriftene
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Attføringsbedriftene i NHO Service
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 
Fellesorganisasjonen (FO)
Finansdepartementet
Funksjonshemmedes fellesorganisasjon
Helse- og omsorgsdepartementet
Hovedorganisasjonen Virke
ommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunesektorens organisasjon KS
Kreftforeningen
Landsorganisasjonen i Norge
Næringslivets hovedorganisasjon
Samarbeidsforum for funksjonshemmede (SAFO)
Samarbeidsforum mot fattigdom i Norge (SF)
Unge funksjonshemmede
Unio
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

Til toppen