Høyring - NOU 2009:12 Et ansvarlig politi

Status: Ferdigbehandlet

Høringsfrist: 31.03.2010

Vår ref.: 200703771 BNG

Høyringsinstansane

 

Høyring – NOU 2009:12 Et ansvarlig politi
Utvalet som har evaluert kontrollmekanismane for politiet, Finstadutvalet, leverte sin rapport NOU 2009: 12 Et ansvarlig politi – åpenhet, kontroll og læring 12. mai 2009.
Justisdepartementet sendar med dette utgreiinga på høyring.

Høyringsfristen er 31.03.2010.

Høyringsuttalingane sendast til Justisdepartementet, Sivilavdelinga, Postboks 8005 Dep, 0030 Oslo. Det er ønskeleg at høyringsuttalingane i tillegg til vanleg papirversjon oversendast på e-post til adressa postmottak@jd.dep.no. 

Ei liste over høyringsinstansane følgjer vedlagt. Vi ber adressatane vurdera om det er behov for å leggja utgreiinga fram for underordna etatar og organ som ikkje står oppført på høringslista. Eventuelt bes høyringsinstansane om å inkludera synspunkta deira i si eiga uttaling.

Fleire eksemplar av høyringsbrevet og utgreiinga kan fås ved å venda seg til Sivilavdelinga, telefon 22 24 54 51. Høyringsbrevet og utgreiinga er og tilgjengeleg på regjeringa si heimeside: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd.html?id=463

NOU 2009: 12 Et ansvarlig politi – åpenhet, kontroll og læring er eit omfattande dokument. Justisdepartementet gjer derfor merksam på at det i kapittel 1 finst eit samandrag og at kapittel 13 inneheld ei samla vurdering og forslag til endringar.

1. BAKGRUNN
Spesialeininga for politisaker undersøkjer/etterforskar meldingar om muleg straffbar tenesteutøving og utførar obligatorisk ulykkesetterforsking når nokon døyr eller blir alvorleg skada som følgje av politiet eller påtalemakta si tenesteutøving. Klagar på kritikkverdig tenesteutøving blir klagebehandla av politiet. Spesialeininga for politisaker vart verksam frå 1. januar 2005. Politiets klageordning vart fastsett ved instruks i desember 2005, og tredde i kraft januar 2006.

5. mars 2008 oppnemnde Justisdepartementet eit utval som skulle evaluera kontrollmekanismane for politiet. Utvalet vart bedt om å gi tilrådingar om kva som bør gjerast for å oppretthalda og betra tilliten til ordningane og kva som kan gjerast for å auka publikums forståing for kontrollsystema, deira samanheng, verkemåte og legitimitet, under dette å vurdera mulegheitene for auka openheit og meiroffentlegheit, jf. kapittel 2 i utgreiinga. Utvalet fekk vidare i oppdrag å undersøkje om Justisdepartementet og Stortinget sine føresetnader for oppretthaldinga av Spesialeininga er oppfylde. Utvalet skulle også vurdera om dagens klageordning i politi- og lensmannsetaten oppfyllar dei måla som er sett av Stortinget, og utvalet blei beden om å vurdera om ordninga er innretta slik at kritikkverdige tilhøve kan bli følgde opp og endra på en tilfredsstillande måte.

Utvalet blei bede om å gi ein samla vurdering av kontrollmekanismane, dvs. både formelt og praktisk samverke mellom Spesialeininga for politisaker og klageordninga i politiet. Dersom utvalet kom fram til at det er svakheiter ved ordningane, skulle utvalet identifisera, skildra og om muleg peika på årsakene. Blei det avdekka et betringspotensial, skulle forslag til tiltak leggjast fram. Utvalet fikk også i oppdrag å vurdera om politiets rutinar og praksis ved medtakingar, pågripingar og bruk av politiarrest er tilfredsstillande, og om polititenestemennene får hensiktsmessig og tilstrekkeleg opplæring.

2. NÆRMARE OM INNHALDET OG HOVUDANBEFALINGANE I UTGREIINGA

2.1 Utvalets anbefaling av kontrollmodell 

Utvalet drøftar fire ulike alternativ for kontroll av politiet. Desse alternativa er:
• Betra tosporsordning
• Førsteinstansmodellen
• Kommisjonsmodellen
• Polititilsynsmodellen

Nærmare skildring av dei fire alternativa er gitt i utgreiinga pkt. 13.2. Utvalet tilrår etter ei samla vurdering førsteinstansmodellen. Utvalet vurderar det slik at det av omsyn til kvalitet og effektivitet er betre å byggje på og vidareutvikla eksisterande ordningar framfor å oppretta eit heilt nytt organ få år etter at Spesialeininga vart verksam.

Utvalets vurderingar av dagens tosporsordning er at denne i si noverande form og praksis har både sterke og svake sider. Utvalet meiner at dagens tosporsmodell ikkje kan vidareførast utan endringar. Utvalets alternativ kallest derfor ein betra tosporsmodell. Ein oppsummert oversikt over dei betringar utvalet anbefalar går fram av pkt. 13.2.4.1. Når det gjeld desse anbefalingane visast det til pkt. 2.2 under.

Utvalets anbefalingar for å betra noverande tosporsordning vert foreslått også for førsteinstansmodellen. Det som skil ein betra tosporsordning frå førsteinstansmodellen er likevel  at Spesialeininga, i tillegg til dagens mandat og med dei endringar som går fram i anbefalingar under betra tosporsordning, vert uvikla vidare til å bli ein uavhengig førsteinstans som tek imot, registrerar og vurderar alle politiklagar og avgjer om saka skal behandlast av politiet i tråd med klageinstruksen eller av Spesialeininga i tråd med påtaleinstruksen. Utvalet legg i tillegg til grunn at førsteinstansmodellen bl.a. inneber at:

• Spesialeininga blir utvikla til eit ”servicetorg for politiklagar”.
• Politidirektoratet har ansvar for erfaringslæring, men i samverke med Spesialeininga som har viktig kompetanse å bidra med.
• Dersom meldarar ikkje ønskjer å følgje rådet som gis i påtalevedtaket om at saka vert oversendt til politiet for klagebehandling, har dei rett til å oppretthalda meldinga  og få han vurdert av Spesialeininga som ein melding.

Justisdepartementet ber om høyringsinstansane sine synspunkt på dette. Vi visar elles til pkt. 13.4 der utvalet gjør greie for sitt syn på hhv. spesialeininga og politidirektoratet si rolle i klagebehandlinga ved val av førsteinstansmodellen.  

Sjølv om utvalet ikkje tilrår kommisjonsmodellen og polititilsynsmodellen ber vi om at høyringsinstansane også sett seg inn i desse modellane. Ei nærmare skildring av modellane finst i utgreiinga pkt. 13.2.4.3 og pkt. 13.2.4.4.

Utvalet har vurdert dei fire modellane i kva gjeld blant anna sjølvstende, effektivitet, kvalitet og tillit, jf. pkt. 13.2.5 til pkt. 13.2.10.

Justisdepartementet ber om høringsinstansane sitt syn på utvalets alternative modellar for kontroll av politiet.

2.2 Utvalets forslag til betringar
Aktuelle betringar er nemnd i kapitla 6 til 12 i utgreiinga. Justisdepartementet ber høringsinstansane sette seg inn i alle anbefalingane, men ønskjer særleg høringsinstansane sine synspunkt på følgjande: 
 
2.2.1 Anbefalingar for Spesialeininga
• Nytilsette i Spesialeininga som kjem direkte frå eit tilsetjingstilhøve i politiet, skal ha 3 månaders karantene med løn.
• Spesialeininga får mynde til å rekvirera bistand frå særorgan utan å måtte stå i kø for slik bistand, og slik at rekvirert bistand står direkte under Spesialeininga sin kommando så lenge bistanden varar.
• Auka bruk av advokatar på verv. 
• Spesialeininga knyt til seg fleire personar på verv som ikkje har juridisk bakgrunn for å utvikla samfunnsdialogen til eininga og arbeidet med analyse og erfaringslæring i samband med saksporteføljen.

2.2.2 Anbefalingar for klageordninga
• Politiet bør framleis saksbehandla klagesaker som gjeld påstått kritikkverdig og uheldig tenesteutøving.

2.2.3 Anbefalingar for styrking av samverke mellom spor
• Mistanke om brot på teieplikta skal alltid behandlast av Spesialeininga.
• Utvalsmedlemene har ulike syn på om Spesialeininga bør etterforska mistanke om straffbart tilhøve utanfor teneste og om Spesialeininga bør få mynde til å setja i gang automatisk etterforsking ved ulykker der tenestepersonar omkjem eller vert alvorleg skadd i tenesta.

2.2.4 Anbefalingar vedrørande politiets opplæring, rutinar og praksis ved medtakingar, pågripingar og bruk av politiarrest
Utvalet kjem med ei rad anbefalingar vedrørande politiets opplæring, rutinar og praksis ved medtakingar, pågripingar og bruk av politiarrest. Ei oppsummering av desse anbefalingane finst i pkt. 13.2.4.1.4. Høyringsinstansane vert inviterte til å komme med synspunkt på desse anbefalingane.

2.2.5 Anbefalingar for diskrimineringssaker
I utgreiinga kapittel 10 drøftar utvalet diskriminering, klagar og meldingar. I tråd med oppmodinga i mandatet har utvalet lagt hovudvekt på etnisk diskriminering. Utvalets anbefalingar for diskrimineringssaker går fram av pkt. 13.2.4.1.5. Justisdepartementet ber om høringsinstansanes syn på desse anbefalingane.

2.2.6 Anbefalingar når det gjeld kommunikasjon med allmenta
Utvalet kjem også med ein rekke anbefalingar om kommunikasjon med allmenta, jf. kap. 11 og pkt. 13.2.4.1.6. Justisdepartementet ber høyringsinstansane sette seg inn i desse, og ber spesielt om høyringsinstansane sitt syn på at utvalet anbefalar at innsynsrett bør gjelda som hovudprinsipp i påtaleavgjerder.

2.2.7 Anbefalingar når det gjeld erfaringslæring
I kapittel 12 i utgreiinga vert kunnskapsbasert erfaringslæring drøfta. Utvalet viser til at klagar, meldingar og ulykkesetterforsking generelt er eit viktig materiale for at politiet lærar av feil og førebyggjer nye alvorlege og uønskte hendingar. Utvalet har drøfta mulege institusjonelle ordningar for erfaringslæring. Utvalet kjem ikkje med konkrete forslag om korleis erfaringslæringa bør organiserast. Utvalet framhevar likevel det viktige i å utvikla politiet som ein lærande organisasjon, og at det vert lagt til grunn at erfaringslæring som regel ikkje skjer berre ved hjelp av nye instruksar og rundskriv. Utvalet framhevar at Spesialeininga i løpet av få år har opparbeida betydeleg kompetanse ikkje berre om straffbar, men også om kritikkverdig og uheldig tenesteutøving. Spesialeininga er derfor eit viktig «kompetansesenter» som politiet har bruk for i det kvalitetsbetrande arbeidet.

Utvalets anbefalingar er oppsummert under punkt 12.7. Justisdepartementet ber spesielt om høyringsinstansanes synspunkt på følgjande:

• Utvalet anbefaler at rolla som kompetanseorgan med sikte på erfaringslæring vert framheva og presisert i Spesialeiningas mandat og instruks.
• Politidirektoratet sitt ansvar for erfaringslæring vert styrka slik at nasjonal erfaringslæring blir meir systematisk.

2.2.8 Forslag til endringar i påtaleinstruks, klageinstruks og rundskriv
Utvalet anbefaler enkelte regelendringar. Desse går fram av punkt 14.3.  Høyringsinstansane vert inviterte til å komme med synspunkt på desse anbefalingane.

3. AVSLUTTANDE MERKNADAR
I tillegg til høyringsinstansanes syn på anbefalingane nemnd ovanfor ser departementet gjerne at høyringsinstansane sender inn synspunkt på andre delar av utgreiinga. Departementet oppmodar høyringsinstansane til å følgje same systematikk som den som er brukt ovanfor ved utforminga av sine uttalingar. Dette vil bidra til å sikra ein meir hensiktsmessig og effektiv oppfølging av uttalingane når departementet skal arbeida vidare med dei.

I den grad høyringsinstansane har innspel som medførar økonomiske og administrative konsekvensar, bes det om at desse vert konkretisert så langt det lar seg gjøre.

Med helsing

 
Anne K. Herse
ekspedisjonssjef
                                                                                Tone Celius
                                                                                avdelingsdirektør

Høyringsinstansar

Agder statsadvokatembeter
Akademikerne
Amnesty International
Antirasistisk Senter
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Barne- og likestillingsdepartementet
Bergens Forsvarerforening
Civita
Datatilsynet
Den norske Advokatforening
Den norske Dommerforening
Den norske Helsingforskomité
Det nasjonale Statsadvokatembetet
Det norske menneskerettighetshuset
Domstoladministrasjonen
Finansdepartementet
Fiskeri - og kystdepartementet
Fornyings- og administrasjonsdepartementet
Forsvarergruppen av 1977
Forsvarsdepartementet
Grensekommissariatet
Hedmark og Oppland statsadvokatembeter
Helse- og omsorgsdepartementet
Hordaland statsadvokatembeter
Human Rights Service
ICJ Norge
Juridisk rådgivning for kvinner - JURK
Juss-Buss
Jussformidlingen i Bergen
Jusshjelpa i Nord-Norge
Kommisjonen for gjenopptakelse av straffesaker
Kommunal - og regionaldepartementet
Kontaktutvalget mellom innvandrere og norske myndigheter (KIM)
KRIPOS
Kultur- og kirkedepartementet
Kunnskapsdepartementet
Kvinnefronten
Kvinnegruppa Ottar
Landbruks- og matdepartementet
Landsforbundet for lesbisk og homofil frigjøring
Likestillings- og diskrimineringsombudet
Miljøverndepartementet
MiRA Ressurssenter for innvandrer- og flyktningkvinner
Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane statsadvokatembeter
NOAS
Nordland statsadvokatembeter
Norges Politilederlag
Norges Røde Kors
Norsk Innvandrerforum
Norsk Kvinnesaksforening
Norsk senter for menneskerettigheter
Norsk Tjenestemannslag
Nærings- og handelsdepartementet
Olje- og energidepartementet
Organisasjonen mot Offentlig Diskriminering ( OMOD)
Oslo statsadvokatembeter
PARAT
Politidirektoratet
Politiembetsmennenes landsforening
Politiets data- og materielltjeneste
Politiets Fellesforbund
Politiets sikkerhetstjeneste
Politiets utlendingsenhet
Politihøyskolen
Reform - ressurssenter for menn
Regjeringsadvokaten
Rettspolitisk forening
Riksadvokaten
Rogaland statsadvokatembeter
Sametinget
Samferdselsdepartementet
Stortinget, Sekretæren i Justiskomiteen
Selvhjelp for innvandrere og flyktninger
Spesialenheten for politisaker
Statsadvokatenes Forening
Statsministerens kontor
Stortingets ombudsmann for forvaltningen
Støttesenteret for fornærmede i straffesaker
Troms og Finnmark statsadvokatembeter
Trøndelag statsadvokatembeter
Universitetet i Bergen
Universitetet i Oslo
Universitetet i Tromsø
Utenriksdepartementet
Utrykningspolitiet
Vestfold og Telemark statsadvokatembeter
YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
ØKOKRIM

Til toppen