Høyring - Ny forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Samferdselsdepartementet sender på høyring ei ny forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Status: Ferdigbehandla

Høyringsfrist: 15.09.2016

Vår ref.: 15/292

Forslaget om ny forskrift blei sendt på høyring 3. juli 2016. Høyringsfristen er 15. september 2016.

Brukarfinansiert
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit er finansiert ved brukarbetaling gjennom forskrift om gebyr til Post- og teletilsynet. Forskrifta er frå 2005 og vert foreslått avløyst.

Enklare for brukarane
I forslaget til den nye forskrifta foreslår departementet å innføre fleire faste satsar slik at det vert enklare for brukarar å berekne storleiken på sektoravgift og gebyr som skal betalast til Nkom. Endringar i det statlege regelverket knytt til gebyr og sektoravgifter inneber også eit behov for endring av forskrifta. Det som i gjeldande forskrift vert kalla gebyr, vert i all hovudsak endra til sektoravgift, i tråd med dei språklege endringane i regelverket. Det er berre nokre få einskilde eingongsgebyr att i forslaget til ny forskrift.

Auke i sektoravgifta for posttilbydarane
Frå 1. januar i år vart postmarknaden fullt liberalisert som følgje av den nye postlova. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sine oppgåver knytt til postmarknaden har som ei følgje av liberaliseringa auka, noko som gjer det nødvendig å auke andelen posttilbydarane skal betale.

Sektoravgift for ekomtilbydarar

For tilbydarar av elektronisk kommunikasjonsnett og –tenester, foreslår Samferdselsdepartementet nokre mindre sektoravgiftsendringar. Etter gjeldande reglar er det berre ekomtilbydarar med omsetning over 30 millionar kroner som skal betale sektoravgift til Nkom. Det har vore ein vesentleg auke i omsetning i ekommarknaden sidan sist dette vart justert i 2005. Departementet foreslår no å justere terskelen, slik at det berre er ekomtilbydarar med omsetning over 35 millionar kroner som vert omfatta av føresegna.

Les høyringsbrev (pdf)

 

 

Abelia
ACN Norge AS
Agder Energi
AINMT Norge AS
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Atea AS
Bankenes ID-tjeneste AS
BankID Norge
Banzai 4G AS
Bisnode Matchit AS
BKK AS
Breiband.no AS
Broadnet Norge AS
Brukerklagenemda
Buypass AS
Canal Digital
Chili Mobil AS
Cisco Systems Norge
Com 4 AS
Commfides Norge AS
Danske Bank
Datatilsynet
Deltasenteret – Statens kompetansesenter for deltagelse og tilgjengelighet
Den norske advokatforening
Den norske dataforening
Den norske fagpresses forening
Departementene
Departementenes Servicesenter
DigiPost
Digitale Medier 1881 AS
DNB Bank ASA
Easy Connect AS
E-boks
Eforum
Eidsiva Bredbånd AS
El- og IT-forbundet
Eltel Networks AS
Eniro Norge AS

Enivest AS

Ericsson AS

Fagpressens informasjonskontor

Finansnæringens hovedorganisasjon

Forbrukerombudet

Forbrukerrådet

Forsvarets forskningsinstitutt

Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO)

Funksjonshemmedes fellesforbund

Huseiernes landsforbund

ICE Norge AS

IKT-Norge

IMB Norge AS

Informasjonsteknologiens forening

Inquam Norway AS

Institutt for medier og kommunikasjon

Institutt for rettsinformatikk

Intelecom Group AS

Jernbaneverket

Kabel Norge

Konkurransetilsynet

KS

Kvantel AS

Last Mile Communications

MyCall

LO

LOS bynett AS

Lycamobile Norway Ltd

Lyse Fiber AS

Telenor Maritime

Mediebedriftenes landsforening

Mediehuset Tek AS

Mesta

Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)

Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)

NBBL

Nei til EU

NELFO

NEMKO

Ceragon

Network Computing Spectrum AS

Newphone Norge AS

NextGenTel AS

NextNet AS

NHO

NITO

Nokia Norge

Nordea Bank Norge ASA

Norges Jeger- og Fiskerforbund

Norges naturvernforbund

Norges pensjonistforbund

Norges Røde Kors

Norges Televisjon AS (NTV)

Norkring AS

Norpost AS

Norsk handikapforbund

Norsk lokalradioforbund

Norsk post- og kommunikasjonsforbund (Postkom)

Norsk Radio Relæ Liga (NRRL)

Norsk rikskringkasting

Norsk romsenter

Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)

Norsk transport- og logistikkforening

Norske flyspeditøreres forening

NORTIB

NTE bredbånd AS

NTNU

Næringslivets sikkerhetsråd

Orange business Norway AS

Orkla ASA

P4 Radio hele Norge

Phonect AS

Phonero AS

Politiets IKT-tjenester

Posten Norge AS

PostNord AS

Powertech Information Systems AS

Relacom

RiksTV AS

Satel Norge AS

Schenker AS

Schibsted ASA

Siemens AS

Signicat

Sikringsradioen

Statens Vegvesen

Statnett

Statoil

Stiftelsen Elektronikkbransjen

Strålfors AS

Sønnico

Tafjord Mimer AS

Talkmore AS

TampNett AS

TDC/Get AS

Tekna

Telenor Norge AS

Teleplan AS

Teletopia Gruppen AS

Telia Norge AS

Telio Telecom AS

TNT Norge AS

TV2 AS

TV3 AS

TVNorge AS

UNINETT

Verizon Norway AS

Viken Fiber AS

Widerøes Flyveselskap AS

YS