Høyring - Forslag til ny arkivlov

Forslaget til ny lov skal erstatte gjeldande arkivlov frå 1992. Høyringsnotatet byggjer på utgreiinga til Arkivlovutvalet, NOU 2019:9 Frå kalveskinn til datasjø.

Status: På høyring

Høyringsfrist: 14.01.2022

Vår ref.: 21/4252

Høyringsbrev ny arkivlov

Høyringsbrevet som PDF-fil (.pdf)

Departementet sender med dette forslag til ny arkivlov på høyring. Forslaget til ny lov skal erstatte gjeldande arkivlov frå 1992.

Høyringsnotatet byggjer på utgreiinga til Arkivlovutvalet, NOU 2019:9 Frå kalveskinn til datasjø. Utgreiinga var på høyring frå 1. juli til 2. desember 2019. Om lag 180 høyringssvar har stått sentralt i departementet sitt arbeid. Departementet har òg fått innspel fra Arkivverket undervegs.

Arkivlovutvalet gjorde eit viktig og solid arbeid med å kartleggje arkivmessige utfordringar som følgje av digitaliseringa av forvaltninga. Utgreiinga og høyringa etterpå ligg til grunn for høyringsnotatet. Departementet går inn for å behalde hovudtrekka i dagens arkivlov, men å tilpasse ho til måten ei moderne, digital forvaltning jobbar på og skapar arkiv.

Samspelet mellom arkivlova, forvaltningslova og offentleglova held fram som i dag. Det inneber mellom anna at departementet ikkje går inn for nye dokumentasjonsplikter i arkivlova, og at plikt til journalføring framleis vil vere ein del av arkivansvaret.

Departementet ber høyringsinstansane om å sende høyringsnotatet til underliggjande organ og andre verksemder som vil kunne vere interesserte i å kome med merknader og innspel.

Høyringsfristen er 14. januar 2022.

Høyringa er lagd ut på regjeringa.no www.regjeringa.no/2872622. Bruk den digitale løysinga for å svare på høyringa ved å klikke på "Send inn høringssvar". Høyringsfråsegner er offentlege etter offentleglova og vil bli publiserte på våre nettsider.

 

Med helsing

Steinar Lien (e.f.)
ekspedisjonssjef

 

Constance Ursin
avdelingsdirektør

Kommunene

Fylkeskommunene

 

Abelia

Acos A/S

Ambita AS

Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek

Arbeids- og sosialdepartementet

Arbeids- og velferdsetaten (NAV)

Arkiv i Nordland

Arkivforbundet

Arkivverket

Aust-Agder museum og arkiv

Avinor

Bane Nor SF

Barne- og familiedepartementet

Barne- ungdoms- og familieetaten

Bergen byarkiv

Brønnøysundregistra

Dansk Scanning v/Henning Kirkegaard

Dataforening

Datatilsynet

De reisende kvinners forum

Den norske dataforening

Den norske historiske forening

Den Norske Opera & Ballett

Det jødiske samfunn i Trondheim

Det Mosaiske Trossamfund

Digitaliseringsdirektoratet

Direktoratet for e-helse

Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ)

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

Documaster AS

Domstoladministrasjonen

Drammen byarkiv

Enova SF

Evry

Finansdepartementet

Finanstilsynet

Finnmarkseiendommen (Finnmárkkuopmodat)

Folloarkivet

Forsvarsdepartementet

Fredrikstad byarkiv

Fylkesarkivet i Oppland

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Gassnova SF

Geomatikk IKT

Helse Midt-Norge RHF

Helse Nord RHF

Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Sør-Øst RHF

Helse Vest RHF

Helsedirektoratet

Hordaland fylkesarkiv

IKA Finnmark

IKA Kongsberg

IKA Møre og Romsdal

IKA Østfold

IKT Norge

Innovasjon Noreg

Interkommunalt arkiv i Hordaland

Interkommunalt Arkiv i Rogaland IKS

Interkommunalt arkiv i Trøndelag IKS

InterKommunalt Arkiv i Vest-Agder

Interkommunalt arkiv Troms

International Romani Unions representative in Norway

Justis- og beredskapsdepartementet

Kartverket

Klima- og miljødepartementet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kommunearkivinstitusjonenes Digitale Ressurssenter

KS - Kommunesektorens organisasjon

KS Bedrift

Kunnskapsdepartementet

Kvenlandsforbundet

Landbruks- og matdepartementet

Landsorganisasjonen for romanifolket

Landsorganisasjonen i Norge

Lotteri- og stiftelsestilsynet

Mediebedriftenes Landsforening

Misjons- og diakoniarkivet, VID vitenskapelige høgskole

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Nasjonalbiblioteket

Nasjonale minoriteter i Norge

Nationaltheatret

Norges museumsforbund

Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

Norsk Arkivråd

Norsk Journalistlag

Norsk kulturråd

Norsk Presseforbund

Norsk Redaktørforening

Norsk Rikskringkasting AS

Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Norsk Tipping AS

Norske Kveners Forbund

Norsk-finsk forbund

Norsk-finsk interesseorganisasjon

Nærings- og fiskeridepartementet

Næringslivets Hovedorganisasjon

Olje- og energidepartementet

Oslo byarkiv

OsloMet

Personvernkommisjonen

Politidirektoratet

Pressens offentlighetsutvalg

Regelrådet

Regjeringsadvokaten

Riksantikvaren

Riksrevisjonen

Romanifolkets kystkultur

Romano Kettanipa

Romano Kher

Romsk råd

Sametinget

Samferdselsdepartementet

Siva SF

Sivilombudet

Skattedirektoratet

Skogfinneforeningen

Skogfinske interesser i Norge

Slekt og data

Sporveien AS

Statistisk sentralbyrå

Statnett SF

Statsbygg

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Statsforvaltaren i Rogaland

Statsforvaltaren i Vestland

Statsforvalteren i Agder

Statsforvalteren i Innlandet

Statsforvalteren i Nordland

Statsforvalteren i Oslo og Viken

Statsforvalteren i Troms og Finnmark

Statsforvalteren i Trøndelag

Statsforvalteren i Vestfold og Telemark

Statskog SF

Stavanger byarkiv

Stortingsarkivet

Taterne/romanfolkets menneskrettighetsforening

Taternes Landsforening

Tromsø byarkiv og bibliotek

Trondheim byarkiv

Universitetsbiblioteket i Bergen

Utenriksdepartementet

Vestfoldarkivet

Visma Unique AS

VY

Østfold interkommunale arkivselskap IKS