Høyring av endring i forskrift om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit

Høyringa gjeld utkast til endring av forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår å vise betre korleis sektoravgiftene finansierar ressursbruken til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, og at kostnadene ved myndigheitsutøvinga fordelar seg til kvart forvaltningsområde.

Status: Under behandling

Høyringsfrist: 09.12.2019

Vår ref.: 19/2413

Høyringa gjeld utkast til endring av forskrift 20. mars 2017 nr. 386 om sektoravgift og gebyr til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår å vise betre korleis sektoravgiftene finansierar ressursbruken til Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, og at kostnadene ved myndigheitsutøvinga fordelar seg til kvart forvaltningsområde. For å speile Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk på ein betre måte, så foreslår departementet å innføre desimaltall i prosentfordelinga mellom dei ulike forvaltningsområda i § 2. Departementet foreslår dessutan at prisen for å inneha løyve i 700 MHz-bandet i § 15 skal auke på grunn av omlegginga frå kringkastingsbruk til mobilt bruk, og foreslår av same grunn å fjerne utdaterte deler av § 13 om riksdekkande FM.

Vi ber om at eventuelle kommentarar til forskriftsendringane blir sendt til departementet innan 9. desember 2019.

Høyringssvar skal sendast elektronisk ved bruk av den digitale løysninga for høyringssvar nedst på denne sida.

Nærare om forslaga

Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår å tydeliggjere at sektoravgiftene finansierer Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit si verksemd, og at kostnaden ved myndigheitsutøvinga ligg til grunn for fordelinga av sektoravgifter og gebyr mellom dei ulike forvaltningsområda. Statsbudsjettet fastslår kvart år utgiftsbevillinga til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og utgjer summen som skal krevjast inn i sektoravgift og gebyr (minus løyva til Radiostøykontrollen). Satsane som kjem fram av forskrifta blir med andre ord oppdaterte på grunnlag av endringar i dei årlege budsjettvedtaka og av det reviderte nasjonalbudsjettet om endringane der får verknad for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. Slike endringar må gjerast etter at endringar i budsjettet er vedtekne. Dei oppdaterte tala blir per i dag publisert på nkom.no, og går ikkje fram av sjølve føresegna.

Departementet foreslår ei forskriftsendring i § 5 for å sikre at forskrifta inneheld ein nøyaktig oversikt over sektoravgifter og gebyr. Forslaget legg opp til at alle einskilde tal i forskrifta endrast kvart år etter at budsjettet for året etter er fastsett, og at eventuelle tilleggsbevillingar frå revidert nasjonalbudsjett i det inneverande året også blir tatt med. Ei slik justering bør vere unødig å høyre sidan endringar som skyldast budsjettvedtaka er objektive størrelsar og har teknisk karakter. Endringane bør difor kunne gjerast årleg utan alminnelig høyring jf. forvaltningsloven § 37 fjerde ledd bokstav c. Departementet ber særskilt om høyringsinstansanes syn på om årlege oppdateringar av forskrifta vil gjere ho betre.

Departementet foreslår å innføre desimaltall i fordelinga mellom forvaltningsområda, for å få ein meir nøyaktig kostnadsfordeling mellom områda, i tillegg foreslår vi at § 2 og § 3 bytt plass for å få ein meir kronologisk orden. Innføring av desimaltall i ny § 2 vil gje ein meir nøyaktig kostnadsdeling mellom forvaltningsområdane. Anslått ressursbruk for kvart forvaltningsområde vil fortsatt gjelde. Innføring av desimaltall vil føre til følgjande endring, då avrunding til næraste heiltall fell bort:

  • 2 a) endrast frå 48% til 48,2%
  • 2 b) endrast frå 41% til 40,6%
  • 2 c) endrast frå 8% til 8,4%
  • 2 d) endrast frå 3% til 2,8%

Endringa vil betre vise Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk, og vil hindre at postområdet kan risikere ei auke på opp mot 33 prosent om ein seinare skulle endre prosentgrensa frå 3 til 4.

I tillegg foreslår departementet å tydeliggjere at refusjon til Radiostøykontrollen (NOK 10 mill.) trekkjast frå grunnlaget for berekning og innkrevjing av sektoravgifta for frekvensløyve. Grunnen til tilleggsløyve til Radiostøykontrollen er at arbeidet dei gjer også kjem andre enn ekomtilbyderane til gode. Difor ville det ikkje vore rett om ekomtilbyderane aleine skal finansiere Radiostøykontrollen.

Nkom har tildelt løyver i 700 MHz-bandet til mobilkommunikasjon, og av den grunn er det nødvendig å endre sektoravgifta som blir kravd inn for bruk av frekvensbandet. Dersom vekta ikkje endrast frå gjeldande nivå på tre, vil en innehavar måtte betale 439 828 kroner for 2x10 MHz (2019-tall). Dette er under halvparten av kva en innehavar må betale for 2x10 MHz i 800 MHz-bandet, som er 987 684 kroner. Disse to frekvensbanda bør ha tilnærma same sektoravgift fordi Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit sin ressursbruk er nokså lik for begge banda. Dei har same type arbeid med disse banda når det gjelder planlegging, internasjonalt arbeid, tildeling og tilsyn. Mellom anna skal dekningskrava følgjas opp på liknande vis. Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår difor å endre tabellen i føresegna § 15 der frekvensbanda 703-733/758-788 MHz skilles ut, og får ein vekt på syv. For 2019 ville oppdateringa ha gitt ei sektoravgift for 2x10 MHz på 922 469 kroner, medan 2x10 MHz i 800 MHz-bandet ville gitt en sektoravgift på 945 832 kroner. Forslaget legg inn frekvensbanda 738–758 MHz og 1427–1517 MHz med ei vekt som gjer omlag same sektoravgift per 5 MHz blokk som for 700/800/900 MHz-banda (1x5 MHz).

Departementet foreslår også å fjerne utdaterte priskategoriar for riksdekkjande FM i § 13  fordi riksdekkjande FM ikkje lenger er i bruk.

Departementet foreslår å oppheve § 26 om overgangsføresegner fordi han ikkje lenger er naudsam. Postloven § 53 er endra, og lov om elektroniske tillitstenester er satt i verk. 

Økonomiske og administrative konsekvensar

Innføringa av desimaltall i § 2 vil føre til ei mindre auke eller ein mindre reduksjon i nokre av sektoravgiftene og gebyra. Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit si totale finansiering vil ikkje bli verken større eller mindre, men endringa vil gjere at dei enkelte forvaltningsområda betaler meir nøyaktig for arbeidet dei fører til for Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit.

Forslaget om endra vekt i § 15 vil bety ei auke i avgifta frå innehavar av løyve i 700MHz-bandet. Auka vil føre til at dei dekker opp for kostnadane Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit har ved å forvalte ressursen, jf. ovanfor, og gir ein betre fordeling av sektoravgift mellom innehaverane av frekvensressursar.

Utover dei nemnte endringane har forslaget ingen administrative eller økonomiske konsekvensar for verken offentlege myndigheiter eller private aktørar.

 

Med helsing

 

 

Heidi Kvalvåg (e.f.)
avdelingsdirektør

 

 

Christina Christensen
underdirektør

 

 

 

Departementene
Abelia
ACN Norge AS
Agder Energi
AINMT Norge AS
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Atea AS
Bankenes ID-tjeneste AS
BankID Norge
Banzai 4G AS
Bisnode Matchit AS
BKK AS
Breiband.no AS
Broadnet Norge AS
Brukerklagenemda
Buypass AS
Canal Digital
Chili Mobil AS
Cisco Systems Norge
Com 4 AS
Commfides Norge AS
Danske Bank
Datatilsynet
Deltasenteret – Statens kompetansesenter for deltagelse og tilgjengelighet
Den norske advokatforening
Den norske dataforening
Den norske fagpresses forening
Departementenes Servicesenter
DigiPost
Digitale Medier 1881 AS
DNB Bank ASA
Easy Connect AS
E-boks
Eforum
Eidsiva Bredbånd AS
Elektronikkbransjen
El- og IT-forbundet
Eltel Networks AS
Eniro Norge AS
Enivest AS
Ericsson AS
Fagpressens informasjonskontor
Finansnæringens hovedorganisasjon
Forbrukertilsynet
Forbrukerrådet
Forsvarets forskningsinstitutt
Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO)
Funksjonshemmedes fellesforbund
Huseiernes landsforbund
ICE Norge AS
IKT-Norge
IMB Norge AS
Informasjonsteknologiens forening
Inquam Norway AS
Institutt for medier og kommunikasjon
Institutt for rettsinformatikk
Intelecom Group AS
Jernbaneverket
Kabel Norge
Konkurransetilsynet
KS
Kvantel AS
Last Mile Communications
MyCall
LO
LOS bynett AS
Lycamobile Norway Ltd
Lyse Fiber AS
Telenor Maritime
Mediebedriftenes landsforening
Mediehuset Tek AS
Mesta
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom)
Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM)
NBBL
NELFO
NEMKO
Ceragon
Network Computing Spectrum AS
Newphone Norge AS
NextGenTel AS
NextNet AS
NHO
NITO
Nokia Norge
Nordea Bank Norge ASA
Norges Jeger- og Fiskerforbund
Norges naturvernforbund
Norges pensjonistforbund
Norges Røde Kors
Norges Televisjon AS (NTV)
Norkring AS
Norpost AS
Norsk handikapforbund
Norsk lokalradioforbund
Norsk post- og kommunikasjonsforbund (Postkom)
Norsk Radio Relæ Liga (NRRL)
Norsk rikskringkasting
Norsk romsenter
Norsk senter for informasjonssikring (NorSIS)
Norsk transport- og logistikkforening
Norske flyspeditøreres forening
NORTIB
NTE bredbånd AS
NTNU
Næringslivets sikkerhetsråd
Orange business Norway AS
Orkla ASA
P4 Radio hele Norge
Posten Norge AS
PostNord AS
Powertech Information Systems AS
Relacom
RiksTV AS
Satel Norge AS
Schenker AS
Schibsted ASA
Siemens AS
Signicat
Sikringsradioen
Statens Vegvesen
Statnett
Statoil
Stiftelsen Elektronikkbransjen
Strålfors AS
Sønnico
Tafjord Mimer AS
Talkmore AS
TampNett AS
TDC/Get AS
Tekna
Telenor Norge AS
Teleplan AS
Teletopia Gruppen AS
Telia Norge AS
Telio Telecom AS
TNT Norge AS
TV2 AS
TV3 AS
TVNorge AS
UNINETT
Verizon Norway AS
Viken Fiber AS
YS