Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Høyring om endring av våpenforskrifta – implementering av EU sitt reviderte våpendirektiv

Høyring om våpenforskrifta for å gjennomføre hovuddelen av EU sitt endringsdirektiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og innehav av skytevåpen (endringsdirektivet).

Status: På høring

Høyringsfrist: 16.11.2018

Vår ref.: 18/3013

Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit framlegg til endringar i forskrift 25. juni 2009 nr. 904 om skytevåpen, våpendeler og ammunisjon mv. (våpenforskrifta). Føremålet med endringsframlegget er å gjennomføre hovuddelen av EU sitt endringsdirektiv (EU) 2017/853 om kontroll med erverv og innehav av skytevåpen (endringsdirektivet).

I framlegget er det føreslått å innføre strengare krav til kontroll med deaktiverte skytevåpen, medrekna krav til etterkontroll av deaktivering, registreringsplikt og krav til løyve for inn- og utførsel av deaktiverte skytevåpen. Etter framlegget er det ikkje lagt opp til etterkontroll eller etteregistrering av skytevåpen som er lovleg deaktiverte etter tidlegare standardar, med mindre skytevåpenet leggast ut for sal eller førast ut av landet.

Det er vidare føreslått å innføre strengare krav til kontroll med våpendelar, medrekna krav til merking, registrerings- og løyveplikt for våpendelar som i dag heilt eller delvis er unnateke frå slike krav. Det er også føreslått å innføre eit forbod mot våpenmagasin med større patronkapasitet enn 10 for rifler/hagler og 20 for pistol, med unnataksreglar for mellom andre sportsskyttarar, våpensamlarar og våpenhandlarar. Det er føreslått overgangsreglar om at ovannemnte reglar berre får verknad for våpendelar som er erverva etter ikraftsetjinga av endringsforskrifta.

Til sist er det også føreslått å gjere endringar i reglane om gebyr, slik at politiet kan krevje gebyr for etterkontroll av deaktiverte skytevåpen, samt gebyr for løyve til å kunne erverve våpenmagasin med stor patronkapasitet.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 16. november 2018.

Vi ber om at høyringsinstansane vurderer om høyringsnotatet bør sendast vidare til underordna organ, tilknytte sjølvstendige rettssubjekt med vidare, som ikkje står på lista over høyringsinstansar.

Les og svar på høyringa her: www.regjeringa.no/id2608606

Høyringar er opne, og alle kan sende innspel til oss. Vi ber om at innspela sendast gjennom den digitale høyringstenesta på regjeringa.no.

Med helsing
Birgitte Ege
avdelingsdirektør

Verner Bjerkvik
seniorrådgjevar

Til toppen