Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kommuneproposisjonen 2011 og revidert nasjonalbudsjett 2010

Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene 

 

Nr. H-02/10            Vår ref 10/120-19           Dato
 
Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av kommuneproposisjonen 2011 (Prop. 124 S (2009-2010)), jf. Innst. 345 S (2009-2010) frå Stortinget sin kommunal- og forvaltingskomité. Samstundes med kommuneproposisjonen la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett 2010 (Meld. St. 2 (2009-2010)) og forslag til løyvingsendringar for 2010 i Prop. 125 S (2009-2010), jf. Innst. 350 S (2009-2010). Stortinget fatta vedtak om desse sakene 16. og 18. juni 2010.

Innstillingane frå kommunal- og forvaltingskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane 16. og 18. juni er tilgjengelege på Stortinget sine nettsider: www.stortinget.no.

1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2011

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren for 2011 er følgjande:

• Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter på mellom 4 og 5 milliardar kroner i 2011. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2010 i revidert nasjonalbudsjett 2010.
• Realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i 2011 på mellom 2½ og 3 milliardar kroner.
• Av veksten i frie inntekter på mellom 2½ og 3 milliardar kroner skal 200 millionar kroner fordelast til fylkeskommunane, og resten skal fordelast til kommunane.
• Av veksten til kommunane skal 400 millionar kroner fordelast som ekstra skjønnsmidlar til dei kommunane som taper mest på omlegginga av inntektssystemet.
• Innlemming av øyremerka tilskot til barnehagar (driftstilskot til barnehagar, tilskot til tiltak for born med nedsett funksjonsevne i barnehage og skjønnsmidlar til barnehagane) i rammetilskotet til kommunane.
• Innlemming av øyremerka tilskot til krisesenter i rammetilskotet til kommunane.
• Innlemming av øyremerka tilskot til kvalifiseringsprogrammet i rammetilskotet til kommunane.
• Skjønnsramma for 2011 er fastsett til 2 504 millionar kroner i tråd med forslaget i kommuneproposisjonen.

Regjeringa legg fram endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2011 (Prop. 1 S (2010-2011)).

2. Endringar i inntektssystemet for kommunane frå 2011

Hovudpunkta i endringane i inntektssystemet frå 2011 er:

• Ny kostnadsnøkkel for kommunane, inkludert delkostnadsnøkkel for barnehage.
• Skatteinntektene sin del av dei samla inntektene til kommunane vert redusert til 40 prosent.
• Inntektsutjamninga vert trappa opp frå 59 prosent i 2010 til 60 prosent i 2011.
• Satsane for småkommunetilskotet vert redusert med 1 million kroner.
• Satsane for Nord-Noreg- og Namdalstilskotet vert redusert med 10 prosent.
• Nytt storbytilskot til dei fire største byane; Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger.
• 400 millionar kroner av veksten i frie inntekter vert sett av til skjønnstilskotet, og skal fordelast til dei kommunane som taper mest på omlegginga av inntektssystemet. Det er Kommunal- og regionaldepartementet som skal fordele desse midlane.

For nærare detaljar om endringane i inntektssystemet vert det vist til kommuneproposisjonen og Innst. 345 S.

3. Endringar i rammetilskotet til kommunar i 2010 (budsjettkap. 571)

Regjeringa sitt forslag til endringar i revidert nasjonalbudsjett 2010 vart vedteke i Stortinget 18. juni 2010. I vedlegg 1 er kommunevis fordeling av rammetilskotet i 2010 etter stortingsbehandlinga vist.

Endringane vert føretatt i innbyggjartilskotet (kap. 571, post 60). Endringane vert i sin heilskap føretatt på juli-terminen av rammetilskotet.
 
Forklaring til vedlegg 1

Kolonne 1:

Rammetilskotet til kommunane etter saldert budsjett 2010 (jf. rundskriv H- 12/09).

Kolonne 2:

Endring i innbyggjartilskotet (post 60) i revidert nasjonalbudsjett 2010. Innbyggjartilskotet vert auka med 7,3 millionar kroner som kompensasjon for meirutgifter frå og med 1. august 2010 ved skyss til funksjonshemma til og frå skulefritidsordninga.

Kolonne 3:

Rammetilskotet til kommunane i 2010, inkludert endringa i revidert nasjonalbudsjett 2010.

4. Endringar i rammetilskotet til fylkeskommunar i 2010 (budsjettkap. 572)

Regjeringa sitt forslag til endringar i revidert nasjonalbudsjett 2010 vart vedteke i Stortinget 18. juni 2010. I vedlegg 2 er fylkeskommunevis fordeling av rammetilskotet i 2010 etter stortingsbehandlinga vist.

Endringane vert føretatt i innbyggjartilskotet (kap. 572, post 60), og vert i sin heilskap føretatt på juli-terminen av rammetilskotet.
 
Forklaring til vedlegg 2

Kolonne 1:

Rammetilskotet til fylkeskommunane i statsbudsjettet 2010 (jf. rundskriv H- 12/09).

Kolonne 2-5:

Kolonne 2-5 viser endringar i innbyggjartilskotet (post 60) i revidert nasjonalbudsjett 2010. Innbyggjartilskotet vert auka med 14 millionar kroner.

Kolonne 2:

Endringar i innbyggjartilskotet, eksklusive saker med særskilt fordeling. Endringane omfattar meirutgifter i høve rett til skyss for funksjonshemma til og frå skulefritidsordninga frå og med 1. august 2010 (3,5 millionar kroner), og redusert trekk i fylkeskommunane si samla inntektsramme for elevar i private vidaregåande skular (16,4 millionar kroner), i alt 19,9 millionar kroner.

Kolonne 3:

Endringar i NOx-kompensasjon for gamle fylkesvegferjer.

Kolonne 4:

Endringar i NOx-kompensasjon for nye fylkesvegferjer, dvs. ferjer overført til fylka etter forvaltingsreforma. Alt i alt utgjer endringane i NOx-avgiftene (kolonne 3 og 4) eit trekk på 9,9 millionar kroner.

Kolonne 5:

Endringar i løyvinga til fagskuleutdanning. Tre skular som tidlegare vart finansiert via kap. 6A i privatskulelova har meldt overgang til fagskulelova. Tilskotet til desse kommunane vert difor lagt inn i rammetilskotet til Oslo og Rogaland.

Kolonne 6:

Rammetilskotet til fylkeskommunane i 2010, inkludert endringane i revidert nasjonalbudsjett 2010.

5. Øyremerka tilskot

Når det gjeld løyvingsendringar i øyremerka tilskot for 2010, sjå vedlegg 3.

6. Statsbudsjettet 2011

Prop. 1 S (2010-2011) vert etter planen lagt fram tysdag 5. oktober 2010.

 

Med helsing

 

Grete Lilleschulstad e.f.
underdirektør

Guri Stenvåg
rådgjevar


vedlegg