Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Rundskriv H-3/11

   
Kommunane
Fylkeskommunane
Fylkesmennene

 

Dykkar ref Vår ref  11/373-7  Dato

 

Kommuneproposisjonen 2012 og revidert nasjonalbudsjett 2011

Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av kommuneproposisjonen 2012 (Prop. 115 S (2010-2011)), jf. Innst. 429 S (2010-2011) frå Stortinget sin kommunal- og forvaltningskomité. Samstundes med kommuneproposisjonen la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett 2011 (Meld. St. 2 (2010-2011)) og forslag til løyvingsendringar for 2011 i Prop. 120 S (2010-2011), jf. Innst. 420 S (2010-2011). Stortinget fatta vedtak om desse sakene 16. og 17. juni 2011.

Innstillingane frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane 16. og 17. juni er tilgjengelege på Stortinget sine nettsider: www.stortinget.no.

1. Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2012

Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for 2012 er følgjande:

• Realvekst i kommunesektoren sine samla inntekter på mellom 5 og 6 milliardar kroner i 2012. Veksten er rekna frå anslått inntektsnivå i 2011 i revidert nasjonalbudsjett 2011.
• Realvekst i kommunesektoren sine frie inntekter i 2012 på mellom 3¾ og 4¼ milliardar kroner.
• Av veksten i frie inntekter skal mellom ½ og ¾ milliardar kroner fordelast til fylkeskommunane. Av denne veksten er 400 millionar kroner grunngjeve med behovet for å styrkje satsinga på drift og vedlikehald av det fylkeskommunale vegnettet.
• I samband med samhandlingsreforma blir det overført om lag 5 milliardar kroner til kommunane frå dei regionale helseføretaka. Midlane er knytt til kommunalt medfinansieringsansvar for spesialisthelsetenesta og betalingsansvar for utskrivingsklare pasientar.
• Skjønnsramma for 2011 er fastsett til 2 442 millionar kroner i tråd med forslaget i kommuneproposisjonen.

 Regjeringa legg fram endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2012 (Prop. 1 S (2011-2012)).

2. Endringar i rammetilskotet til kommunar i 2011 (budsjettkap. 571)

Regjeringa sitt forslag til endringar i revidert nasjonalbudsjett 2011 vart vedteke i Stortinget 17. juni 2011. I vedlegg 1 er kommunevis fordeling av rammetilskotet i 2011 etter stortingsbehandlinga vist.
Endringane vert føretatt i innbyggjartilskotet (kap. 571, post 60). Endringane vert i sin heilskap føretatt på juli-terminen av rammetilskotet.

Forklaring til vedlegg 3 

1 Kolonne 1:
Rammetilskot til kommunane etter saldert budsjett 2011 (jf. brev av 21.12.2010).

Kolonne 2:
Kompensasjon på 88 mill. kroner som følgje av reduserte skatteinntekter i samband med endringar i pensjonsskattereglane (Prop. 59 S (2010–2011)).

Kolonne 3:
Endringar i revidert nasjonalbudsjett 2011. Innbyggjartilskotet vert auka med 23,5 millionar kroner i samband med at utbygginga i barnehagesektoren har vore sterkare enn forventa.

Kolonne 4:
Rammetilskotet til kommunane i 2011 inkludert endringa i revidert nasjonalbudsjett 2011 og kompensasjon for endringane i pensjonsskattereglane.

3. Endringar i rammetilskotet til fylkeskommunane i 2011(budsjettkap. 572)

Det er ingen endringar i rammetilskotet til fylkeskommunane i revidert nasjonalbudsjett 2011. Fordelinga av rammetilskotet til fylkeskommunane inkludert kompensasjon på 21 mill. kroner som følgje av reduserte skatteinntekter i samband med endringar i pensjonsskattereglane (Prop. 59 S (2010–2011)) er vist i vedlegg 2.

4. Øyremerka tilskot

Når det gjeld løyvingsendringar i øyremerka tilskot for 2011, sjå vedlegg 3.

5. Statsbudsjettet 2012

Prop. 1 S (2011-2012) vert etter planen lagt fram torsdag 6. oktober 2011.

 

Med helsing

                  

Thor Bernstrøm
avdelingsdirektør

 

Sigurd Steinsund Pedersen

rådgiver


Vedlegg
1. Endringar i rammetilskotet til kommunane 2011(excel-format)
1. Endringar i rammetilskotet til kommunane 2011(open document-format)
2. Rammetilskotet til fylkeskommunane 2011(excel-format)
2. Rammetilskotet til fylkeskommunane 2011(open document-format)
3. Statlege overføringar til kommunesektoren 2011(excel-formatl)
3. Statlege overføringar til kommunesektoren 2011(open document-format)