Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Kommuneproposisjonen 2019 og Revidert nasjonalbudsjett 2018

Dette rundskrivet orienterer om Stortinget si handsaming av Kommuneproposisjonen 2019 (Prop. 88 S (2017–2018)), jf. Innst. 393 S (2017–2018) frå kommunal- og forvaltningskomiteen. Samstundes med Kommuneproposisjonen 2019 la regjeringa fram Revidert nasjonalbudsjett 2018 (Meld. St. 2 (2017–2018)) og Prop. 85 S (2017–2018) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2018, jf. Innst. 400 S (2017–2018) frå finanskomiteen. Stortinget fatta vedtak i desse sakene 13. og 15. juni 2018.

Innstillinga frå kommunal- og forvaltningskomiteen og finanskomiteen og referat frå stortingsdebattane er tilgjengelege på Stortinget sine sider.

1 Det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2019


Hovudtrekka i det økonomiske opplegget for kommunesektoren i 2019 er følgjande:

  • Realvekst i dei frie inntektene til kommunesektoren på mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner som inneber ein realvekst på mellom 0,7 og 0,9 pst.
  • Realvekst i dei samla inntektene i storleik 1 til 2 mrd. kroner. Veksten er rekna frå berekna inntektsnivå i 2018 i Revidert nasjonalbudsjett 2018. Anslaga for vekst i samla inntekter er lågara enn berekna vekst i dei frie inntektene. Dette skyldast at det ved handsaminga av Revidert nasjonalbudsjett 2018 ble vedtatt å tildele kommunesektoren om lag 2,4 mrd. kroner som følgje av vekst i oppdrettsnæringa. Dette er eingongsinntekter og medverker til lågara vekst frå 2018 til 2019.
  • Kommunane får mellom 2,6 og 3,2 mrd. kroner av veksten i dei frie inntektene. Av desse midlane er 200 mill. kroner grunngjeve med opptrappingsplanen for rusfeltet, medan 100 mill. kroner av veksten er grunngjeve med opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering.
  • Fylkeskommunane får mellom -100 og 100 mill. kroner i vekst i frie inntekter i 2019.
  • Stortinget vedtok ei samla skjønsramme på 1 548 mill. kroner i tråd med framlegget i Kommuneproposisjonen 2019.

Regjeringa gjer endeleg framlegg til inntektsrammer for kommunesektoren i statsbudsjettet for 2019 (Prop. 1 S (2018–2019)). Statsbudsjettet 2019 blir lagt fram måndag 8. oktober 2018.

2 Revidert nasjonalbudsjett 2018


2.1 Endringar i rammetilskotet til kommunar og fylkeskommunar i 2018

2.1.1 Innbyggjartilskotet til kommunane (kap. 571, post 60)

Auka kompensasjon for gratis kjernetid i barnehage
I saldert budsjett 2018 vedtok Stortinget å auke rammetilskotet til kommunane med 24,8 mill. kroner som kompensasjon for å auke kompensasjonsgrensa for gratis kjernetid i barnehage for 3-5-åringer til 533 500 kroner med verknad frå 1. august 2018. Etter handsaminga av budsjettet ble det oppdaga at feil gjennomsnittsinntekt for hushaldningane ble lagt til grunn. For å rette opp dette blir løyvinga på kap. 571, post 60 auka med 14,2 mill. kroner.

Flytting av midlar til IKT i grunnopplæringa
Ved handsaminga av Prop. 1 S (2017–2018) vedtok Stortinget følgjande oppmoding til regjeringa: "Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak i revidert nasjonalbudsjett for 2018 med en modell for hvordan en nasjonal ordning for digitale læremidler kan innrettes og på hvilken post midlene skal plasseres." I Innst. 16 S (2017–2018) vart det lagt til grunn at desse midla ikkje skulle bli utbetalt som rammetilskot i 2018. Ved handsaminga av Prop. 85 S (2017–2018) vedtok Stortinget å auke løyvinga under kap. 226, post 21 på Kunnskapsdepartementet sitt budsjett med 50 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 571, post 60.

Samla sett inneber endringane ein reduksjon på kap. 571, post 60 Innbyggjartilskot på 35,8 mill. kroner. Sjå vedlegg 1.

Det er ikkje vedtatt endringar i kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunane i Revidert budsjett 2018. Vedlegg 2 er derfor det same vedlegget som vedlegg 2 til rundskriv H-1/18 Statsbudsjettet for 2018 – Det økonomiske opplegget for kommuner og fylkeskommuner.

3 Statlege overføringar til kommunesektoren

Vedlegg 3 gir ei oversikt over statlege tilskot til kommunesektoren (øyremerkte tilskot og rammeoverføringar) etter Stortinget si handsaming av Prop. 85 S (2017–2018).

4 Utbetaling av rammetilskot

Endringane i rammetilskotet som følgje av Stortinget si handsaming av Revidert nasjonalbudsjett 2018 skjer i samband med utbetalinga av rammetilskotet i juli.

Med helsing
Thor Bernstrøm (e.f.)
avdelingsdirektør

Hege Rønning
seniorrådgjevar

Vedlegg:
Vedlegg 1:

Vedlegg 2:

Vedlegg 3: