M-22/1998 - Endra forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald

Publisert under: Regjeringen Bondevik I

Utgiver: Landbruksdepartementet

R-669 (23.12.1998)

Rundskriv
M-22/1998
R-669

Før utskrift:
Klikk på "Utskriftsvisning" i høyre bildekant

Saksnr. 1998/00171

23. desember 1998

Erstatter M-37/1994

Forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald (utgått)

Til

Fylkesmannen, landbruksavdelinga, alle fylke, Fylkesveterinærane, Kommunene, Norges Bondelag, Norsk Bonde‑ og Småbrukarlag, Norsk sau‑ og geitalslag, Statens dyrehelsetilsyn
Kopi: Direktoratet for Naturforvaltning

Endra forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald

Vedlagt følgjer endra forskrift om erstatning for katastrofetap i husdyrhald.

Regler for forvaltning av ordninga er gitt i brev om belastningsfullmakt. I desse er det til einskilde paragrafar gitt utfyllande forklaring og retningsliner som skal følgjast ved fastsetting av erstatning, utbetaling og kontroll. Det er mellom anna lagt vekt på å gi retningsliner for vurdering av eigaren si rolle i tilknyting til tapet og av anna relevante moglegheit for forsikring. Ordninga skal frå 01.01.99 førast i fagsystemet Saturn og gis tilskottsnummer 242.

Endringar som er gjort:

  • I § 2 har ein vald å definera sentrale omgrep som blir bruka i forskrifta.
  • Vilkår for erstatning er vald delt opp slik at § 3 gir generelle vilkår og § 4 gir spesielle vilkår for dyreslag og tapssituasjon. I § 3 er rett til erstatning for katastrofetap avgrensa til driftseiningar som har rett til produksjonstilskott, med unntak for tap av bifolk. Det er vidare stilt krav om dokumentert eller attestert tilsyn av sau på utmarksbeite.
  • I § 4.2 er bifolk tatt inn i tråd med jordbruksavtalen.
  • I § 5 er det lagt til at for dei tilfelle det ikkje er sett fast sats pr. tapt dyr skal verdien av dyret på tapstidspunktet leggast til grunn for berekning av erstatningsbeløpet.
  • I § 7.1 er det tatt inn at søknad skal skrivast på fastsett skjema, M‑652n.
  • I § 7.3 er det bestemt at Landbruksdepartementet gir belastningsfullmakt på eit bestemt beløp pr. fylke og at fylkesmannen kan sake om utvida beløp ved behov. Rapport skal etter denne forskrifta sendast Tiltaksfondet, Landbruksdepartementet innan 15. januar som produserer og sender ut landsstatistikk.
  • § 12. Forskrifta blir etter intensjonen i jordbruksavtalen 1997 gitt tilbakeverkande kraft til 01.06.98 når det gjeld tap av bifolk.

Vedlagde søknadsskjema M‑652 N er endra.(Ikke vedlagt elektronisk utgave) Gamle skjema skal makulerast og det nye skjemaet kan kopierast etter behov i den enkelte etat.

Med hilsen

Martin Holtung e.f.
avdelingsdirektør

Kjell Nyhus
underdirektør

Saksbeh: Per Finset




Ønsker du å bestille, send oss en mail eller fax.
Du kan også bestille pr. telefon.
E-post: postmottak@lmd.dep.no
Telf: 22 24 91 61
Faxnr: 22 24 95 55