Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Meld. St. 28 (2011–2012)

Gode bygg for eit betre samfunn

Til innhaldsliste

3 Kompetanse og utvikling i byggsektoren

Figur 3.1 

Figur 3.1

Foto: Thinkstock, Colourbox

Dette kapittelet diskuterer behovet for å heve kompetansenivået i byggjenæringa. Auka kompetanse er naudsynt for å nå måla for bygningspolitikken. For å få opp kompetansenivået og gjennomføringsevna i byggjenæringa vil regjeringa invitere byggjenæringa til eit breitt samarbeid om kompetanseutvikling – Bygg21.

Bygg21 vil fokusere på tre innsatsområde

  • FoU og innovasjon

  • utdanning og system for kompetanseutvikling

  • formidling av kunnskap og erfaringar

Behovet for betre statistikk og for å utvikle eit indikatorsystem for byggsektoren er omtalt til sist i kapittelet.

3.1 Mål

  • Utdanninga og kunnskapsformidlinga skal gje dyktigare aktørar i byggsektoren.

  • FoU skal heve kvaliteten i bygg og gjere byggjeprosessane meir kostnadseffektive.

  • Det skal utviklast betre statistikk og system for resultatevaluering.

3.2 Kunnskapar må vidareutviklast og takast i bruk

Vi har høg byggfagleg kompetanse i Noreg

Dei teknologiske og arkitektfaglege miljøa i Noreg har eit høgt fagleg nivå. Norske arkitektar har hevda seg godt internasjonalt. Det byggfaglege miljøet kring NTNU/SINTEF er blant dei fremste i sitt slag i Europa. Også andre forskings- og universitetsinstitusjonar i landet held høgt nivå, og institusjonane er dessutan godt integrerte i internasjonale nettverk. I dei siste åra har det også vakse fram eit høgkompetent konsulentmiljø som på fleire måtar utfyller dei meir tradisjonelle vitskapsmiljøa. Vi har ein byggfagleg kompetanse i Noreg som held eit høgt internasjonalt nivå.

Men kunnskapane blir ikkje tekne godt nok i bruk

Generelt har norske bygg høg standard. Mange einskildverksemder i byggjenæringa presterer på eit høgt nivå, og vi har gode døme på bygg som er leverte med framifrå kvalitet. Men den byggfaglege kompetansen vi har, blir ikkje teke godt nok i bruk i heile næringa. Kunnskapen finst, men er ikkje spreidd godt nok. Det blir gjort for mange feil både i praktisk bygging og i prosjekteringsfasen. Gode tekniske løysingar som er vel kjende, blir ikkje tekne i bruk i tilstrekkeleg grad (jf. kapittel 2.4.4). Det samla resultatet blir derfor ikkje så bra som det høge kompetansenivået vårt skulle tilseie. Byggfeil kostar samfunnet fleire milliardar i året. Mange bygg får høgare drifts- og vedlikehaldskostnader og kortare levetid enn naudsynt, og tilfredsstiller ikkje dei krava samfunnet set gjennom forskrifter for teknisk kvalitet, til dømes til energieffektivitet, miljø og universell utforming.

Krava til kompetanse vil auke ytterlegare

Nye og skjerpa krav til kvalitet gjev byggjenæringa ytterlegare utfordringar. Nye kunnskapar og metodar må utviklast, og ei heil næring må kunne ta dei nye kunnskapane i bruk frå det tidspunktet det kjem krav om det. Avstanden mellom ynskt kvalitet slik det blir definert i forskrifter, og den faktiske kvaliteten som kjem til gjennom praktisk bygging, kan auke dersom dette ikkje skjer. Om vi skal unngå dette og heve kvaliteten i heile byggjeverksemda, må alle ledd i byggjenæringa gjere ein meir kvalifisert innsats. Det gjeld både dei som bestiller bygga, dei som prosjekterer, dei som gjer jobben på byggplassen, og dei som driftar bygga når dei står ferdige. Ikkje minst må samspelet bli betre enn i dag, slik at dei ulike kompetansane til aktørane kan adderast opp til å gje betre resultat.

Rammer og utfordringar for auka kompetanse i byggjenæringa

Utvikling og oppbygging av kompetanse i byggjenæringa er meir utfordrande enn for mange andre næringar. Nokre trekk som påverkar kompetanseutviklinga i byggjenæringa, kan oppsummerast slik:

  • Næringa har mange små verksemder.

  • Verksemdene er spreidde over heile landet.

  • Mange ulike yrkesgrupper og profesjonsorganisasjonar må spele saman.

  • Produksjonsprosessane er komplekse og samansette.

  • Kvart byggjeprosjekt er unikt – prosjektorganisasjonen kan omfatte mange underleverandørar. Det inneber at nye samarbeidsrelasjonar må byggjast opp frå prosjekt til prosjekt.

  • Byggjeverksemda er sterkt påverka av konjunkturane. Talet på oppdrag og sysselsette i næringa kan derfor variere sterkt frå eitt år til det neste.

  • Mange ulike styresmakter set krav til byggjeverksemda, både sentrale styresmakter og dei ulike kommunane.

  • Timeverksproduktiviteten i bygg og anlegg har vore negativ det siste tiåret.

  • Innovasjonen i byggjenæringa er mindre omfattande enn i andre næringar.

  • Omfanget av FoU som er knytt til byggjenæringa, er vesentleg mindre enn i andre næringar.

3.3 Utvikling av norsk byggsektor for det 21. hundreåret

3.3.1 Kompetansenivået i heile byggjenæringa må bli høgare

Auka kompetanse i alle ledd er ei av dei viktigaste utfordringane for byggjenæringa i åra som kjem. Det går fram av dei innspela departementet har fått til denne meldinga frå representantar frå næringsorganisasjonar, akademiske miljø og andre aktørar knytte til norsk byggjeverksemd. Regjeringa er samd i dette og vil medverke til eit kunnskapslyft i norsk byggjenæring. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak for å nå dei kvalitetsmåla som er sette for bygningspolitikken.

Betringa av kompetansen i næringa vil måtte skje på fleire måtar:

  • FoU og innovasjon, ny teknologi, nye byggjemetodar og effektivisering av byggjeprosessane er viktig for å få ei meir positiv utvikling i næringa.

  • Både ny og eksisterande kunnskap må kome ut, og alle aktørane i byggjenæringa må ta i bruk denne kunnskapen. Med dei mange små verksemdene i næringa er dette ei stor utfordring:

    • Grunn- og vidareutdanninga, utdanninga på høgskule- og universitetsnivå og systemet for kompetanseheving gjennom etterutdanning og oppdateringskurs må vurderast i lys av krava til auka kvalitet.

    • Informasjons- og kunnskapsspreiing, som i dag skjer frå mange hald i både offentlege etatar og private organisasjonar, må bli betre målretta og samordna.

Betre kompetanse kan gje betre produktivitet

Auka kompetanse er viktig for å snu den negative produktivitetsutviklinga som ein har hatt i byggjenæringa gjennom fleire år. Svak produktivitetsutvikling kan truge ei kvalitetsheving i byggjeverksemda. Det vil vere meir mogleg å få økonomisk rom for auka kvalitet dersom ein får redusert presset på byggjekostnadene som ei negativ produktivitetsutvikling fører til.

Byggjenæringa må utvikle kompetanse som held eit høgt internasjonalt nivå

Det må vere eit mål å utvikle kompetanse og ferdigheiter i norsk byggjenæring som ligg på eit høgt nivå internasjonalt. Næringa må ha evne til å møte ei forventa auka internasjonalisering av byggjeverksemda dei komande tiåra. Norsk byggjenæring har potensial til å utvikle spisskompetanse på fleire område. Det kan gjelde på område som klima- og miljøriktig bygging, god arkitektur og utnytting av ny teknologi i byggjeverksemda, mellom anna knytt til bruk av tre.

Byggjenæringa og det offentlege må samarbeide for å betre kompetansen i næringa

Byggjenæringa må sjølv ta eit hovudansvar for å auke kvalitet og produktivitet i byggjeverksemda, og næringa må òg arbeide systematisk med kompetansebygginga. Men det offentlege har eit ansvar for utdanningssystemet, for delar av forskingsinnsatsen og for å formidle informasjon og kunnskap. Fleire departement og etatar er engasjerte på desse områda og set også på anna vis rammene for byggjeverksemda. Kontakten med næringa blir ofte oppstykka, og koordineringa mellom dei statlege verksemdene er ofte ikkje god nok.

Samarbeid mellom næringa og offentlege etatar om ulike utviklingsprogram er ikkje noko nytt (jf. boks 3.1). Programma gav større merksemd til ulike utfordringar i byggjesektoren, og samarbeidet mellom næringa og styresmaktene er blitt betre koordinert. Veikskapen har vore at dei einskilde programma ikkje er blitt godt nok integrerte i den jamlege utforminga av bygningspolitikken og heller ikkje i nærliggjande politikkområde, som mellom anna nærings-, miljø- og energipolitikken. Satsingane hadde dessutan ikkje eit tilstrekkeleg heilskapsperspektiv. Effekten av tiltaka har dermed vore avgrensa.

Det er derfor naudsynt med eit meir langsiktig og systematisk samarbeid mellom styresmaktene og dei mange grupperingane i byggjenæringa dersom dialogen mellom næringa og styresmaktene skal bli meir effektiv, og dersom vi skal få ei målretta kunnskapsheving i heile næringa.

Boks 3.1 Samarbeidsprogram med byggjenæringa

Gjennom åra har det på ulike vis vore organisert og gjennomført samarbeid og samordna satsingar i byggsektoren mellom næring og styresmakter:

  • Byggjefagrådet (1968–1991) blei oppretta av Kommunal- og regionaldepartementet (det dåverande Kommunal- og arbeidsdepartementet) for å samle ei fragmentert byggjenæring. Dette gjorde det mogleg for næringa å opptre meir samla i kontakten med styresmaktene. Rådet blei lagt under Næringsdepartementet frå 1988, og så oppløyst i 1991. Det blei erstatta av faste konsultasjonar mellom næringsministeren og dei sentrale organisasjonane i byggjenæringa, ei ordning som enno eksisterer.

  • 3B-programmet (Betre Bustader Billigare) (1985–1990) blei oppretta etter initiativ frå Forskingsrådet (det dåverande NTNF) for å betre kvaliteten og produktiviteten i bustadbygginga.

  • Økobygg-programmet (1998–2002) blei oppretta etter initiativ frå næringa og hadde som mål å auke miljøsatsinga i byggjeverksemda.

  • Byggjemiljø-programmet (2005–2010) var eit samarbeid mellom staten og byggjenæringa. Programmet formidla kunnskap om miljøvenlege løysingar for å styrkje kompetansen og praksisen i næringa og hjå styresmaktene.

  • Byggjekostnadsprogrammet (2005–2010) var eit FoU-samarbeid mellom byggjenæringa (v/BAE-rådet) og Kommunal- og regionaldepartementet. Føremålet var å auke kvaliteten på det som blir bygd, og samtidig auke lønsemda i næringa.

  • Lågenergiprogrammet (2008–2017) er eit samarbeid mellom staten og byggjenæringa for å få til energieffektivisering og energiomlegging i bygg gjennom informasjonsverksemd og kompetansebygging.

3.3.2 Etableringa av Bygg21 – opplegg og gjennomføring

Regjeringa vil invitere byggjenæringa og andre sentrale aktørar til eit breitt samarbeid for å utvikle ei kunnskapsbasert byggjenæring og auke kompetansen og gjennomføringsevna i alle ledd i næringa. Dette samarbeidsprosjektet får tittelen Bygg21. Bygg21 skal med bakgrunn i dei måla som er sette for bygningspolitikken, greie ut og føreslå tiltak for å betre kompetansen og gjennomføringsevna i byggjenæringa.

Bygg21 skal utarbeide strategiar og tiltak for

  • FoU og innovasjon

  • utdanning og kompetanseutvikling

  • formidling av kunnskap og erfaringar

Dei tre innsatsområda er nærare omtalte i kapittel 3.4–3.6.

Kommunal- og regionaldepartementet vil ha ansvaret for å setje i gang Bygg21 og for å samordne satsinga med andre departement.

Figur 3.2 Skisse til organisering av Bygg21

Figur 3.2 Skisse til organisering av Bygg21

Organisering av Bygg21

Bygg 21 vil bli leia av et styre medan Direktoratet for byggkvalitet får ansvar for den daglege leiinga og sekretariatsfunksjonane. Dei som elles deltek i Bygg21, bør vere dei same som til vanleg har ansvar for å gjennomføre strategiar og tiltak i byggsektoren. I utgangspunktet er det meir enn eit trettital profesjons- og bransjeorganisasjonar, ulike bransjeinitiativ og eksisterande samarbeidsprosjekt mellom næring og styresmakter som er aktuelle deltakarar. Det same er mange offentlege etatar og verksemder med ansvarsområde som ligg nær opptil Bygg21. I tillegg kjem organisasjonane til dei tilsette, vitskapsmiljø og ei rekkje offentlege og private initiativ som i dag driv verksemd som dekkjer område som er relevante for Bygg21.

Departementet vil vurdere nærare korleis Bygg21 skal organiserast og korleis den praktiske vidareføringa skal vere etter at Bygg21 i første fase har lagt fram eit forslag til strategi og tiltaksplan.

Strategiar og tiltak for dei tre hovudområda i Bygg21

Det første året skal Bygg21 lage eit utkast til strategi og framlegg til prioriterte tiltak for dei tre innsatsområda. I dette ligg òg eit framlegg til kven som skal ha ansvaret for å gjennomføre dei ulike tiltaka.

Tabell 3.1 Førebels tidsplan og oppgåver for Bygg21

År Oppgåver
2012
  • førebu arbeidet og fastsetje mandat

  • førebu etablering av sekretariat og styre/arbeidsutval

2013
  • utarbeide framlegg til nasjonale strategiar for

    • FoU og innovasjon

    • utdanning og kompetanseutvikling

    • formidling av kunnskap og erfaringar

  • lage framlegg til prioritert handlingsplan med definerte ansvar for tiltak

2014–2020
  • vurdere om og korleis Bygg21 skal førast vidare

  • setje i verk vedtekne strategiar og tiltak

Strategiane og tiltaka vil bli førte vidare av byggjenæringa og styresmaktene i fellesskap. Det vil vere viktig å sjå samanhengen mellom dei oppgåvene som næringa sjølv har ansvaret for, og dei som må gjennomførast av offentlege organ.

Bygg21 vil greie ut tiltak som kan føre med seg eit behov for omstillingar i byggjenæringa. Ei omfattande endring av etablerte samhandlingsmønster og tradisjonar kan ta tid. Bygg21 vil derfor vere ei satsing som bør gå over fleire år. Satsinga må evaluerast undervegs og korrigerast i samsvar med dette. Etter 2020 skal ein vurdere om satsinga skal avviklast, eller om ho skal førast vidare i nye former. Det vil til dømes vere aktuelt å vurdere om næringa sjølv skal vidareføre satsinga gjennom eit senter for utvikling drive av næringslivet.

Bygg21 skal vere rådgjevande

Strategien som Bygg21 skal utvikle, vil vere eit framlegg som både styresmaktene og næringa må vurdere i etterhand. Ein «nasjonal strategi» og ei felles plattform for framtidige satsingar vil først vere forpliktande etter at dei kompetente organa på både stats- og næringssida har akseptert strategien.

Boks 3.2 Andre «21-satsingar» i Noreg

Det har vore liknande 21-satsingar i andre næringar, og dei har skapa eit stort engasjement. Næring og industri har saman med forskingsinstitusjonar og styresmakter utvikla viktige strategidokument. Dei mest relevante er:

Maritim21: Maritim 21 blei etablert av Nærings- og handelsdepartementet og er ein maritim forskings- og innovasjonsstrategi som skal gje svar på kva Noreg kan byggje den framtidige verdiskapinga si på. Strategien er tufta på politikken norske styresmakter har for maritim utvikling, presentert i «Stø kurs» i 2007. Målet er å vere ein verdsleiande maritim nasjon som leverer dei mest innovative og miljøvenlege løysingane for framtida.

Energi21: Energi21 er den nasjonale strategien for forsking, utvikling, demonstrasjon og kommersialisering av energiløysingar. Energi21 blei etablert på initiativ frå Olje- og energidepartementet i 2007. Det er sett i gang seks innsatsgrupper med rundt 120 personar for å gjere strategien konkret og handlingsretta.

OG21: OG21 blei etablert av Olje- og energidepartementet i 2001. OG21 skulle utvikle ein nasjonal teknologistrategi for den norske petroleumsnæringa og fungere som rådgjevar overfor styresmaktene og næringslivet. OG21-strategien skal fungere som retningslinje for offentleg finansiering og blir bruka som grunnlag for teknologistrategiar innanfor olje- og gassindustrien.

Internasjonale erfaringar

Tilsvarande initiativ som Bygg21 er sett i gang fleire stader. Mellom anna i Storbritannia og i Danmark har styresmaktene på noko ulikt vis teke initiativ for å heve kvaliteten på byggjeverksemda. Her har styresmaktene følgt opp med strategiar og tiltak som det offentlege og byggjenæringa er blitt samde om. Framlegget om å etablere Bygg21 er inspirert av desse initiativa.

Boks 3.3 Samarbeid mellom næringa og styresmaktene i Storbritannia og Danmark

På 1990-talet tok regjeringa i Storbritannia initiativ til å forbetre tilstanden i byggjenæringa. Utfordringane som byggjenæringa i landet stod overfor, og som ikkje er veldig ulike dei som den norske byggjenæringa har, blei beskrivne. Det blei oppretta eit samarbeidsorgan mellom næringa og styresmaktene og sett opp seks nøkkelområde for å forbetre næringa. Forumet «Strategic Forum for Construction» overvakte korleis næringa følgde opp desse områda. Etter ein periode blei forumet omgjort til eit organ som var uavhengig av styresmaktene. Det blei då bindeleddet mellom britiske styresmakter og næringa og ein møteplass for å utvikle felles strategiar for byggjenæringa. «Constructing Excellence», etablert av næringa sjølv, har vorte den samlande organisasjonen for alle aktørar i verdikjeda som vil lære og dele kunnskap om korleis byggje betre, raskare, sikrare og billigare.

I Danmark tok Erhvervs- og Byggestyrelsen initiativet til å utarbeide ein strategi for den danske byggjenæringa. Strategien blei utvikla av eit stort utval representantar frå næringa, frå forskingsinstitusjonar og frå offentlege etatar. Strategien var ferdig i 2007 og blir no følgd opp av næringa og i offentleg byggjeverksemd der Erhvervs- og Byggestyrelsen har ei sentral rolle. Strategien går mellom anna ut på å luke ut dei mange byggfeila og styrkje omdømmet og den internasjonale konkurransekrafta til byggjenæringa.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil ta initiativ til å etablere Bygg21 som eit samarbeidsprosjekt med byggjenæringa for å heve kompetansenivået.

  • Regjeringa vil forankre oppfølginga av Bygg21 i KRD og leggje sekretariatet til Direktoratet for byggkvalitet.

3.4 Forsking, utvikling og innovasjon

3.4.1 FoU-innsatsen i byggsektoren

Storleiken på FoU-innsatsen i byggsektoren er mindre enn i mange andre næringar. Det gjeld både eigenfinansiering frå næringa og finansiering frå det offentlege. Det offentlege tilskotet gjennom Forskingsrådet er på ca. 150–200 millionar kroner årleg. Det svarar til under ein halv promille av omsetninga i næringa. Eigenfinansieringa frå næringa er halvdelen av dette igjen.

Byggrelevante program i Forskingsrådet

Forskingsrådet har fleire program som på ulikt vis omfattar byggjenæringa. SkatteFUNN har i dag størst omfang av dei prosjekta som er retta mot byggsektoren.

Tabell 3.2 Oversikt over løyvingar til byggrelatert forsking gjennom ulike program i Forskingsrådet 2007–2011. Millionar kroner.

Tilskotsprogram

2007 2008 2009 2010 2011
RENERGI 11 13 16 17 18
Brukarstyrt innovasjonsarena (BIA) 31 33 32 24 19
Natur og næring (Verdikjede tre) 9 15 16 18 18
Ulike program med einskildprosjekt knytte til byggsektoren1 5 10 9 8
SFI-COIN ved SINTEF Byggforsk 10 10 10 10 10
SFI SIMlab, NTNU 5 5 5 5 5
FME-Zero emission building, NTNU 15 15 15
Skattefrådrag i SkatteFUNN2 88 97 70 76 75
SUM 154 178 174 174 168

1 Nordområdesatsinga i ColdTech, VERDIKT, BILAT, Nærings-PhD, Regionale Forskingsfond og NORKLIMA.

2 Tala for SkatteFUNN er budsjettal. Det faktiske skattefrådraget kan derfor vere noko lågare

Kjelde: Forskingsrådet.

Forskingsrådet sine sektorovergripande program har ført til auka FoU-løyvingar til byggjenæringa samanlikna med den gongen næringa hadde eigne, brukarstyrte forskingsprogram. Forskingsrådet har sett i verk fleire administrative tiltak for å mobilisere byggjenæringa til auka FoU-innsats. Tendensen er at fleire verksemder i byggjenæringa har eit aukande FoU-engasjement. Særleg kjem det no fleire prosjektforslag om energieffektivisering i bygg til RENENERGI, og næringa sitt engasjement i senterordningar som FME-Zero emission building er godt. Byggrelaterte prosjekt utgjorde i 2011 i storleiksorden 5 prosent av totalporteføljen i dei sektorovergripande programma.

Forskingsinnsatsen varierer sterkt internt i næringa. Rådgjevarar, og til ei viss grad også byggjevareprodusentar og arkitektbedrifter, brukar meir på forsking enn andre delar av næringa. Det viser tal som Senter for byggenæringen på BI har innhenta.1

FoU-midlar i EU

Forskingsrådet tek del i fellesfinansierte prosjekt i to nettverk som er knytte til det sjuande rammeprogrammet i EU. Denne deltakinga har gjeve mindre utteljing enn forventa. I alt deltek Noreg i ti prosjekt, sju av dei er retta mot bygg, med i alt sju bedriftspartnarar. Kravet til forskingsinnhald i søknadene er høgt. Berre ein av ti søknadar når opp. Den låge utteljinga for byggjenæringa kan kome av at tema i utlysingane gav næringa mindre spelerom enn forventa, og at det å utarbeide søknader er for ressurskrevjande i høve til utteljingane.

Andre statlege FoU-midlar

Enova, Husbanken, Riksantikvaren og Direktoratet for byggkvalitet brukar også midlar på utgreiingar og forskingsrelaterte aktivitetar for byggsektoren. Dei medverkar dessutan med finansiering av program i Forskingsrådet. Til saman har FoU-relatert finansiering frå desse etatane dei siste åra variert mellom 20 og 40 millionar kroner.

Universitets- og høgskulesektoren har noko byggrelatert FoU-aktivitet som ikkje blir fanga opp av statistikken. Ein viss prosentdel av arbeidstida til vitskapleg tilsette skal i utgangspunktet gå til vitskapleg arbeid. Kor mykje av dette som er byggrelatert finst det ikkje oversikt over. Ved dei to mest aktuelle fakulteta ved NTNU, som er det største miljøet i Noreg for byggrelatert forsking, er det anslått at aktivitetsnivået ligg på i storleiksorden 30-50 millionar kroner i året.

I tillegg kjem innkjøp av FoU-tenester frå Statsbygg, Forsvarsbygg og helseføretaka knytta til deira eigne byggjeprosjekt og eigedomsforvaltning. Statsbygg aleine brukar 10–15 millionar kroner årleg på FoU-innkjøp.

Kommunal og regionaldepartementets programsatsingar

Kommunal og regionaldepartementet har det siste tiåret gjennomført to større programsatsingar som har relevans for kunnskapsutviklinga i byggsektoren: Økobyggprogrammet (1998–2002) og Byggjekostnadsprogrammet (2005–2010). Løyvingane frå departementet var på høvesvis 70 og 80 millionar kroner over ein femårsperiode. Desse satsingane har først og fremst vore retta mot utgreiingar, utvikling av kunnskapsgrunnlag og formidling, snarare enn mot tradisjonell FoU.

3.4.2 Nasjonal strategi for byggrelatert forsking og innovasjon

Ein nasjonal FoU-strategi for byggjenæringa kan fungere som retningsgjevar for framtidig forskingsinnsats og sikre betre fordeling og betre bruk av offentlege og private forskingsmidlar. Strategien skal medverke til meir tverrfagleg forsking der prosessorienterte samfunnsfaglege problemstillingar og samfunnsvitskaplege tema generelt blir meir framtredande enn i tidlegare byggforsking, som tradisjonelt har vore teknologiorientert. Mellom anna vil det vere sentralt å få fram nye samarbeidsformer på byggjeplassen som er meir effektive enn dagens praksis.

Med nokre få unntak er bedrifter som er tilknytte byggjenæringa, svakt representerte i programma til Innovasjon Noreg. Også SIVA2 støttar nyskaping mellom anna gjennom ei inkubatorordning, jf. boks 3.4. Både Innovasjon Noregs og SIVAs ordningar bør kunne utnyttast betre enn tilfellet er i dag. Ein nasjonal FoU-strategi bør ha ein del som handlar om innovasjon og korleis innovasjonsraten i byggjenæringa kan aukast.

Boks 3.4 Slik fungerer inkubatorordninga

Inkubasjon er ein metode der lovande gründeridear og gründerselskap blir kopla saman med eit etablert og strukturert miljø for å nå potensialet sitt. Sentralt står inkubatorane. Dei tilbyr mentorordningar, støttetenester og rådgjeving, i tillegg til eit fysisk miljø der bedriftene kan lære av kvarandre og dra nytte av å vere fleire bedrifter med same behov og utfordringar.

Inkubatorordninga er kopla til eit universitet eller ei mor-bedrift. Det kan vere FoU-resultat som skal kommersialiserast, og forskarar som kan få praktisk hjelp med å starte bedrift, patentering, rekneskap, lokale og tilsvarande. Det kan òg vere tilsette som har «overskotsidear» som bedrifta ikkje kan gjere bruk av, men gjerne ser fører til nyetableringar som kan forsyne både bedrifta og andre. SIVA har etablert inkubatorar på ei rekkje stader i landet. Finansieringa av SIVAs inkubatorordning skjer ved avgrensa tilskot frå ulike departement og frå dei aktuelle universiteta og mor-bedriftene.

Moelven Utvikling er eit eksempel på ein slik inkubator som har medverka til å utvikle nyskapingar for byggjeverksemda, mellom anna «Iso3», ein ny type bindingverk som fekk byggjenæringa sin innovasjonspris for 2011.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at det i regi av Bygg21 blir utvikla eit utkast til ein nasjonal FoU- og innovasjonsstrategi for byggsektoren

3.5 Meir relevant opplæring i byggsektoren

3.5.1 Utfordringane når det gjeld kompetanse

Tilgangen på arbeidskraft med riktig kunnskap og kompetanse er avgjerande for korleis byggjenæringa presterer. Næringa har i utgangspunktet ei arbeidskraft med relevante kvalifikasjonar. Over 60 prosent har fagbrev, medan 20 prosent har høgare utdanning.3 Næringa har likevel store utfordringar knytte til kompetanse.

Byggjenæringa er særleg uroleg for rekrutteringa til grunnopplæringa og etter- og vidareutdanninga i byggfaga. Talet på søkjarar til vidaregåande opplæring innanfor bygg- og anleggsfag har gått nedover. Fråfallet av dei som begynner på slik opplæring, er dessutan svært høgt. Ei av fleire forklaringar kan vere at opplæringa ikkje er relevant nok for yrkeslivet. I ei Fafo-undersøking kjem det fram at over halvparten av byggjebedriftene meiner kvaliteten på lærlingar som kjem rett frå vidaregåande skule, er dårleg eller svært dårleg.4

Fagleg oppdatering på nye byggjemetodar og -teknikkar

Over 2/3 av alle bedrifter som er knytte til Byggenæringens Landsforening, opplyser at dei driv systematisk etterutdanning av dei tilsette, og at dei sender dei tilsette på kurs, med sertifiseringskurs som eit av dei viktigaste. Den viktigaste metoden for kompetanseheving i bedriftene skjer gjennom læring i det daglege arbeidet (learning by doing).

Det manglar gode nok tilbod til handverkarar og andre grupper om «fagleg påfyll» for å oppdatere seg på nye teknikkar og metodar som mellom anna følgjer av nye krav frå styresmaktene. Men ulike profesjons- og næringsorganisasjonar har kurs- og opplæringstilbod til sine medlemsbedrifter. Eit eksempel er vist i figur 3.3.

Figur 3.3 Døme på opplæringstilbod henta frå NESO (Nordnorske Entreprenørers Service-Organisasjon)

Figur 3.3 Døme på opplæringstilbod henta frå NESO (Nordnorske Entreprenørers Service-Organisasjon)

Kunnskap om tradisjonelle byggjeteknikkar

I dag er det for få handverkarar som har kunnskapar om tradisjonelle byggjeteknikkar, og kunnskap om desse byggjeteknikkane er ofte avgjerande når freda og verneverdige bygg skal rehabiliterast. Verken dagens byggjenæring eller etablerte etter- og vidareutdanningstilbod klarer å dekkje dette behovet godt nok.

Høgare utdanning

Talet på sivilingeniørar innanfor byggje- og anleggssektoren var på 1990-talet jamt dalande, men trenden synest å ha snudd. Prosentdelen av studentar som vel byggrelaterte fag i høgare utdanning, auka frå 2005 til 2008, og den framtidige rekrutteringsbasen for byggsektoren innanfor ingeniør- og arkitektfaga kan bli betre enn tidlegare trendar tydde på. Men talet på unge som utdannar seg til ingeniør, er likevel lågt samanlikna med andre land.

Utfordringa for universitetsfaga synest å vere mest knytte til å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet. Dette kjem fram mellom anna i ein rapport frå NIFU5 som baserer seg på intervju med uteksaminerte kandidatar, utdanningsinstitusjonane sjølv og leiarar i byggjenæringa. Rapporten peikar på at forventningane til fornying av desse profesjonsutdanningane gjeld mellom anna betre kopling mellom teori og praksis, nye prosjekteringsformer og behovet for tverrfagleg samarbeid. I rapporten heiter det at det synest å vere ei «arbeidsdeling» mellom undervisningsinstitusjonane og næringa der undervisninga er konsentrert om basisfag, medan næringa tek seg av den praktiske opplæringa knytt til arbeidet den einskilde gjer i bedriftene.

3.5.2 Grunnopplæring i byggfaga – auka satsing og relevans

Alle lærefaga i vidaregåande opplæring er knytte til eit fagleg råd. Dei faglege råda representerer partane i arbeidslivet innanfor dei respektive ansvarsområda. Råda skal arbeide for å utvikle kvaliteten i faga og sjå trendar og utviklingstrekk, slik at faga dekkjer kompetansebehova for arbeidslivet, den einskilde og samfunnet. Fagleg råd for bygg og anleggsteknikk er rådgjevande for alle lærefaga innan byggjesektoren. Dei nasjonale læreplanane for byggjefaga er utarbeidde saman med det faglege rådet og fastsette av Utdanningsdirektoratet.

Nesten alle ungdommar begynner i vidaregåande opplæring etter avslutta ungdomsskule, men etter fem år har berre rundt 70 prosent gjennomført med full studiekompetanse eller yrkeskompetanse. På yrkesfag gjennomfører berre litt over halvparten av elevane vidaregåande skule med full kompetanse innan fem år. Mange yrkesfagelevar vel å prioritere studiekompetanse framfor fagbrev etter det andre året på vidaregåande opplæring. Faglege ferdigheiter frå grunnskulen har stor innverknad på om ungdommane gjennomfører vidaregåande opplæring eller ikkje. For regjeringa er det ei hovudsak å få fleire ungdommar til å fullføre vidaregåande opplæring. Regjeringa har derfor styrkt innsatsen i arbeidet mot fråfall. Satsingsområde er tidleg innsats og kvalitetsutvikling, tettare oppfølging av den einskilde eleven, satsing på lærarkompetanse og satsing på ei variert og meir praktisk grunnopplæring.

Kunnskapsløftet

Med Kunnskapsløftet blei prosjekt til fordjuping innførte i vidaregåande opplæring, og det utgjer ein vesentleg del av fag- og yrkesopplæringa. Faget har to mål:

  • Faget skal gje elevane ei oppleving av at opplæringa er relevant for det framtidige yrket deira, og dermed gje den einskilde betre motivasjon for å gjennomføre opplæringa.

  • Faget skal gje regionalt og lokalt næringsliv høve til å definere innhaldet i opplæringa i tråd med dei lokale kompetansebehova. Faget gjev høve til å etablere og vidareutvikle samarbeid med andre skular og med lokalt arbeidsliv.

Boks 3.5 Blakstadmodellen – elevar byggjer kommunale passivhus

Froland kommune i Aust-Agder hadde behov for fire småhus til vanskelegstilte. Bustadene får passivhus-standard og full universell utforming. Elevane ved Blakstad vidaregåande skule byggjer bustadene på oppdrag frå kommunen. Pilotprosjektet har tre hovudelement:

  • Kommunen får rimelege kvalitetshus til bustadsosiale føremål.

  • Miljøhusa brukar nesten ikkje straum og er universelt utforma.

  • Framtidige husbyggjarar (elevane) lærer å byggje med framtidas standard, noko som gjev eit kompetanselyft for skulen, og elevane blir etterspurde på arbeidsmarknaden.

Det første huset stod ferdig i mars 2011, og dei tre neste blir klare i 2012.

Blakstadmodellen er eit samarbeidsprosjekt mellom Froland kommune, Blakstad vidaregåande skule, Universitetet i Agder og Husbanken Region sør. Målet er at modellen enkelt skal delast med andre kommunar og vidaregåande skular rundt om i landet.

Boks 3.6 Lærlingskule

NESO (Nordnorske Entreprenørers Service-Organisasjon) har i samarbeid med Nordland fylkeskommune etablert ein eigen lærlingskule. Skulen blir organisert med tilsetjing i bedrift, teorisamlingar i Svolvær og oppfølging i etterkant i bedrifta. Elevane kjem frå bedrifter i heile Nord-Noreg og mottek løn under utdanninga og får mykje praksis.

Lærlingskulen byrja hausten 2009 og utdannar handverkarar innanfor faga tømrar, betongarbeidar, murar og taktekkjar. Skulen er spesielt retta mot elevar som ynskjer meir praksis under utdanninga. Skulen er samlingsbasert med tre årlege teorisamlingar på totalt sju veker i året i fire år, og elevane får då fullverdig Vg1 og Vg2, som tilsvarar ordinær vidaregåande skule. Skulen blir avslutta med fagbrev etter fire års opplæring.

Lærlingskulen er tilgjengeleg for alle som ynskjer å utdanne seg til arbeid i byggjebransjen. Mange lærlingar kjem rett frå grunnskulen, mens andre anten er under omskolering eller ynskjer å formalisere erfaringane sine frå bransjen gjennom teorisamlingar på skulen i kombinasjon med lærlingkontrakt. Det er også mogleg å hospitere i einskildfag ved lærlingskulen.

Nye initiativ i grunnopplæringa

På ungdomssteget blei det frå skuleåret 2009/2010 sett i gang ei utprøving med eit nytt arbeidslivsfag som skal gje elevar som ynskjer det, betre høve til å arbeide praktisk og prøve ut interessene sine for yrkesfagleg opplæring. Faget er eit alternativ til eit andre framandspråk eller språkleg fordjuping. Evalueringa av arbeidslivsfaget syner at faget har gode føresetnader for å lukkast. Meir enn åtte av ti elevar meiner at dette er det beste faget dei har. Også svært mange lærarar er nøgde med korleis faget fungerer. Erfaringane så langt syner at dette faget kan vere med å skape ein meir praktisk og motiverande ungdomsskule.

Frå hausten 2008 blei det innført eit nytt obligatorisk fag – utdanningsval. Faget skal knyte grunnskule og vidaregåande opplæring betre saman og gje elevane kunnskap om kva dei kan oppnå gjennom vidaregåande opplæring. Elevane skal prøve ut delar av det faglege innhaldet i (minst to) ulike utdanningsprogram i vidaregåande opplæring tilpassa nivået på ungdomssteget. Frå hausten 2012 blir det innført valfag i ungdomsskulen.

Vidare starta regjeringa i 2010 prosjektet Ny GIV, eit treårig prosjekt med det mål å etablere eit varig samarbeid mellom stat, fylkeskommunar og kommunar for å gje elevane betre føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring. Første året med Ny GIV har gjeve 2 300 ungdommar intensivopplæring i lesing og rekning på slutten av 10. klassesteg. I 2013 skal alle skular med ungdomssteg og alle vidaregåande skular inviterast inn i prosjektet.

For å gjere fellesfag som norsk, engelsk og matematikk meir relevante for yrkesfagelevar blei det sett av 10 millionar i 2011 til å gje lærarane meir kompetanse og utvikle nye læremiddel for yrkesretting av fellesfag.

Evalueringa av Kunnskapsløftet blir ferdigstilt i 2012 og vil danne grunnlag for ei stortingsmelding i 2013. Å styrkje statusen for yrkesfag vil stå sentralt i den nye stortingsmeldinga. Ut over resultata frå evalueringa vil arbeidet med meldinga leggje vekt på korleis skular, elevar og arbeidsliv betre kan bidra til å organisere opplæringa på meir fleksible måtar innanfor både skule- og bedriftsopplæringa. Føremålet vil vere å redusere fråfall og bortval av dei praktiske faga.

Rekrutteringsbehov og lærlingar

Byggjenæringa har engasjert seg for å gjere grunn- og vidareutdanninga i byggfaga meir relevant for dei behova næringa har, og for å sikre framtidig rekruttering. Byggenæringens Landsforening (BNL) har etter ei utgreiing av temaet i regi av Byggekostnadsprogrammet utarbeidd eit framlegg til revidering av rammeplanen. Det blir hevda at BNLs medlemsbedrifter treng til saman opptil 9 000 nye handverkarar kvart år, men får berre om lag 2 500 frå vidaregåande opplæring. Framlegget sikta mot å auke rekrutteringa til byggjenæringa og gje elevane kompetanse som er meir tilpassa den situasjonen dei vil møte på byggplassen. Initiativet er spela inn for Faglig råd for bygg og anleggsteknikk.

På vegen fram mot fagbrev skal eleven få praktisk opplæring på ein arbeidsplass. Lærlingordninga generelt og i byggfaga spesielt er under debatt. Nokre bedrifter hevdar at det ikkje løner seg å ta inn læringar fordi dei kan for lite, medan andre satsar medvete på lærlingar for å sikre seg framtidig kompetent arbeidskraft. Samspelet mellom skulebasert og arbeidsplassbasert opplæring er viktig. Samtidig er det klart at næringa sjølv har eit ansvar for å leggje til rette for framtidig rekruttering, mellom anna ved aktiv bruk og god oppfølging av lærlingar. Fleire burde ha interesse av erfaringane frå «lærlingskulen» som NESO har utvikla saman med dei regionale undervisningsstyresmaktene, sjå boks 3.6.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil saman med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk og Samarbeidsrådet for yrkesopplæring betre kvaliteten i grunnopplæringa og sikre byggjenæringa kvalifisert arbeidskraft, mellom anna ved at fleire tek fagbrev.

3.5.3 Etter- og vidareutdanning skal systematiserast

Byggjenæringa er i kontinuerleg omstilling mellom anna som følgje av forskriftsendringar og nye kvalitetskrav. Ein føresetnad for lønsame omstillingar er omstillingsdyktige arbeidstakarar som kan ta i bruk ny kunnskap, og som kan bruke kompetansen sin på nye område.

Verksemdene har sjølv ansvar for å sørgje for ei opplæring som er grunngjeve i behovet for kompetanse i verksemdene. I dag står verksemdene i samarbeid med leverandørar for over halvparten av opplæringa i norsk arbeidsliv. Det er grunn til å tru at arbeidsplassen vil få ei viktigare rolle som læringsplass, fordi verksemdene i stadig større grad har spisskompetanse som ikkje finst i utdanningsinstitusjonane.

Gjennom Kompetansereforma frå 1999 ynskte styresmaktene å utvikle ein velfungerande marknad for etter- og vidareutdanning gjennom tiltak retta mot både tilbodssida og etterspørselssida. Erfaringane frå reforma viser likevel at innføring av rettar ikkje har vore nok til å auke dei vaksne si deltaking i grunnopplæringa i særleg grad. På universitets- og høgskulenivå har talet på vaksne studentar derimot auka.

Det er behov for å forbetre tilbodet om etter- og vidareutdanning innanfor byggfaga både for å utvikle spesialkompetanse på utvalde tema, mellom anna i samband med utbetring av freda og verneverdige bygg (sjå tekstboks 3.7), og for å kunne oppdatere prosjekterande og utførande på nye metodar og teknikkar etter kvart som dei ligg føre.

Lågenergiprogrammet

Lågenergiprogrammet er eitt døme på korleis byggjenæringa og styresmaktene har gått saman for å påskunde betre kompetanse om energieffektivisering i bygg hos aktørane i byggjenæringa. Programmet er tiårig og blei oppretta i 2007 som eit samarbeid mellom Byggenæringens Landsforening, Arkitektbedriftene, Husbanken, Enova, Direktoratet for byggkvalitet, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statsbygg. Frå 2013 blir administreringa av Lågenergiprogrammet flytta frå Olje- og energidepartementet til Kommunal- og regionaldepartementet.

Programmet har to innsatsområde: Kompetanseheving i byggjenæringa og førebileteprosjekt. Målet er å medverke til at den norske byggjenæringa blir leiande i Europa når det gjeld å byggje energi- og miljøvenlege bygg, og at det innan 2017 blir bygd ein stor prosentdel passivbygg i Noreg. Programmet har mellom anna utvikla eit kursopplegg om energirehabilitering for tømrarar og murarar. Kurset er ein del av Byggmeisterforbundets kurstilbod og blir heldt over heile landet. Mellom fleire andre initiativ har Lågenergiprogrammet utvikla kursmodular i passivhusbygging for alle aktørar i byggjenæringa der dei ulike modulane blir stilte til disposisjon for næringa. Lågenergiprogrammet er samstundes prosjektleiar for den norske oppfølginga av «Build Up Skills» i Noreg, jf tekstboks 3.8. Erfaringane med Lågenergiprogrammet er gode og programmet vil bli knytt opp til Bygg21.

Næringa har allereie mange tilbod som skal dekkje behovet for etterutdanning, både bedriftsinterne tilbod og tilbod organiserte gjennom bransjeorganisasjonar. Det kan vere mykje å hente på meir tverrfagleg samarbeid mellom organisasjonane. Næringa kan, om det er føremålstenleg, utvikle eigne kvalitetskrav til medarbeidarane sine.

Dei siste 20 åra har kompetansepolitikken utvikla seg gjennom to- og trepartssamarbeid mellom organisasjonane i arbeidslivet og utdannings- og arbeidsmarknadsstyresmaktene. Regjeringa vil heile tida vere i dialog med partane i arbeidslivet om etter- og vidareutdanning, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsdeling. Regjeringa legg opp til at dette blir drøfta vidare i Bygg21.

Boks 3.7 Etter- og vidareutdanningstilbod i bygningsvern og restaurering

I mai 2011 blei det sett ned ei interdepartemental arbeidsgruppe som skal vurdere organiseringa av etter- og vidareutdanningstilbod i bygningsvern og restaurering.

Arbeidsgruppa har representantar frå Nærings- og handelsdepartementet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kulturdepartementet, Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet. Miljøverndepartementet leier arbeidet.

Arbeidsgruppa vil vurdere om og korleis ei spesialutdanning i bygningsvern og restaurering kan byggjast inn i det formelle utdanningssystemet. Vurderinga tek utgangspunkt i ulike einskildinitiativ som er utvikla mellom anna på Høgskulen i Sør-Trøndelag (HiST), ved Fagskulen Innlandet (Gjøvik) og Norsk handverksutvikling (NHU) på Maihaugen, Lillehammer, i tillegg til lokalt forankra initiativ. Gruppa vil kome med ei innstilling hausten 2012.

Boks 3.8 Build Up Skills i Noreg

Build Up Skills er eit EU-prosjekt for systematisk kompetanseheving blant handverkarar, mellom anna innanfor energieffektiv bygging, rehabilitering og bruk av fornybar energi. Handverkarar må ha tilstrekkeleg kunnskap, slik at det innan 2020 er mogleg å nå målet om nesten nullenergibygg.

Noreg har vore invitert til å delta i prosjektet, og eit norsk initiativ har fått støtte frå EU-kommisjonen. Partnarar i prosjektet er Direktoratet for byggkvalitet, Lågenergiprogrammet, Byggenæringens Landsforening, Byggmesterforbundet, Entreprenørforeningen for bygg og anlegg, Rørleggerbedriftenes Landsforening, Norske Murmestres Landsforening og Enova. Prosjektet skal gå over 18 månader.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil i Bygg21 få vurdert systema for etter- og vidareutdanning i byggfaga, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsdeling.

3.5.4 Rolla til fagskulane

Fagskulane representerer eit alternativ til høgare utdanning og er viktige for kompetanseheving og spesialisering innan yrkesfaga. Behovet for kompetanse som ligg mellom fagutdanning på vidaregåande nivå og høgskulenivå, er generelt aukande. Fagskulane gjev utdanning på ulike fagområde som varar mellom eit halvt og to år etter vidaregåande opplæring. Gjennomført utdanning fører fram til tittelen fagteknikar. Ein fagteknikar blir til dømes bruka i mellomleiarstillingar i yrkeslivet. Utdanninga gjev også eit grunnlag for å studere vidare på universitet eller høgskule.

Det er vel 100 godkjende fagskular i landet med både offentlege og private eigarar, og dei dekkjer ei rekkje yrkesfag. Om lag 20 fagskular gjev opplæring i byggrelaterte fag. Fagskulane blir regulerte etter fagskulelova.

Hausten 2010 oppnemnde Kunnskapsdepartementet Nasjonalt fagskuleråd. Fagskulerådet skal mellom anna arbeide for å betre samarbeidet mellom fagskulane og resten av utdanningssystemet og arbeidslivet. Sekretariatet er lagt til Vox.6

Vi veit lite om kva rolle fagskulane spelar for kvaliteten i byggjeverksemda, men det blir rapportert at bedrifter i byggjenæringa har utfordringar når det gjeld å rekruttere dyktige mellomleiarar. Innanfor Bygg21 vil dette bli vidare utgreidd.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil vurdere fagskulane si rolle nærare for å få til eit kunnskapsløft i byggjenæringa. Dette vil skje innanfor Bygg21 og i samarbeid med Fagskulerådet og andre.

3.5.5 Universitets- og høgskulefaga

Noreg har i dag 36 statlege universitet og høgskular og ei rekkje private høgare utdanningsinstitusjonar. For byggjesektoren er det særleg viktig at ingeniørutdanninga har høg kvalitet og rekrutterer dyktige og motiverte studentar. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) gjennomførte i 2008 ei evaluering av ingeniørutdanninga. På bakgrunn av ei omfattande høyring i sektoren fastsette Kunnskapsdepartementet våren 2011 ei ny forskrift om rammeplan for treårig ingeniørutdanning. Forskrifta skal sikre at institusjonane legg til rette for ei integrert ingeniørutdanning med heilskap og samanheng mellom fag, emne, teori og praksis i tillegg til undervisningsmetodar og vurdering av studentane.

Rammeplanen skal sikre at utdanninga har eit internasjonalt perspektiv, og at kandidatane kan fungere i eit internasjonalt arbeidsmiljø. Visjonen for arbeidet med ny rammeplan var at framtidige ingeniørar skal vere samfunnsengasjerte, kreative og handlekraftige og medverke aktivt i utfordringane i framtida. Dette er viktig for å rekruttere dyktige og motiverte studentar.

Viktige område for byggjenæringa er nye prosjekteringsformer og behovet for prosessleiing, tverrfagleg kompetanse og tverrfagleg samarbeid. Desse områda er godt sikra i rammeplanens krav til læringsutbytte og nye faglege element i utdanninga; innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar og ingeniørfagleg systemtenking. Rammeplanen gjeld ikkje femårig integrert utdanning og master i teknologi i relevante byggfag, men også her er det krav til kvalitet og samarbeid med næringslivet.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at det i regi av Bygg21 blir drøfta med utdanningsinstitusjonane korleis dei gjennom samarbeid med næringslivet best kan sikre relevans i utdanningane og bli meir attraktive som utdanningsval.

3.6 Meir målretta informasjon og kunnskapsoverføring

3.6.1 Betre kunnskapsformidling

Dei fleste bransje- og næringsorganisasjonane driv ulike former for kompetansebygging og fagleg informasjon overfor medlemsverksemdene sine. Somme er bransjespesifikke, andre meir allmenne. Kompetanse- og kurstilbodet i tilknyting til byggjeverksemda er svært omfattande, men lite samordna.

Offentlege etatar som Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet, Riksantikvaren og Enova er også i stor grad engasjerte i kunnskapsformidlinga. Byggstandardisering gjennom Standard Noreg spelar ei viktig rolle ikkje minst som formidlingsmetode for korleis utføringa kan skje i samsvar med forskriftskrav. Det pågåande Lågenergiprogrammet rettar seg mot kompetanseoppbygging innanfor energieffektivisering i bygg. Tidlegare program som ØkoBygg og Byggemiljø fekk fram mykje relevant informasjon der målet var kompetansebygging på miljøspørsmål i byggjenæringa.

Det kan vere mykje å hente på ei betre samordning av informasjonsformidling og kunnskapsoverføring. Bygg21 vil arbeide vidare med dette.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil gjennom Bygg21 medverke til ei betre samordna og målretta formidlings- og informasjonsverksemd om byggkvalitet.

3.6.2 Betre og meir skreddarsydd rådgjeving til publikum

Profesjonelle byggherrar og eigarar er lettare å nå med relevant informasjon enn dei mange som byggjer sin eigen bustad, og dei mange bustadeigarane. Særleg gjeld dette ved rehabilitering, ombygging og generell oppussing av eksisterande bustadmasse. Dei fleste bustadeigarar vil i slike tilfelle ha behov for informasjon om regelverk, tekniske løysingar, materialbruk og byggtekniske konsekvensar av ulike utbetringstiltak. Viktige informantar for denne gruppa blir då byggjevarebutikken, den lokale byggmeisteren og dei lokale aktørane i byggjenæringa, i tillegg til kommunen. Informasjon på nettet kan òg vere viktig for denne gruppa.

Det er ikkje mogleg og heller ikkje ynskeleg å sentralisere all informasjon, men det kan vere aktuelt å sjå på om det bør opprettast ein nettportal med relevant informasjon, og om dei ulike nettstadene kan setjast inn i eit system der dei peikar til kvarandre.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at Bygg21 skal vurdere ei meir treffsikker og skreddarsydd informasjons- og kompetansespreiing mot publikum.

3.6.3 Desentralisert rådgjeving

Kompetansespreiinga kan vere meir effektiv om ho blir tilpassa lokale omstende. Sverige har gode røynsler med å etablere regionale passivhus-senter. Passivhus-senteret i Västra Götaland-regionen er eit døme, og den regionale satsinga i dette området har på tre år auka prosentdelen av passivhus frå 0,5 til 8 prosent av dei nye bygga i regionen.

Ei regional og meir desentralisert rådgjeving kan truleg lettare nå dei mange små verksemdene og publikum generelt. Slik rådgjeving kan gjennom å spreie kunnskap og kompetanse føre til ei raskare utvikling i dei regionale marknadene. Sentra kan gje råd både ved nybygging og ved rehabilitering og rette seg mot bustader så vel som yrkesbygg. Profilen til slike senter vil kunne variere med behova på staden. Det kan også vere ulike modellar for eigarskap. Regionale og lokale kraftselskap, kommunar, fylkeskommunar, lokalt næringsliv og regionale statlege verksemder kan vere aktuelle samarbeidspartnarar. Direktoratet for byggkvalitet og Husbankens regionkontor kan inngå i ein styrkt desentralisert rådgjevingsmodell. Korleis desentraliserte rådgjevingssenter eventuelt kan utviklast og samanhengen mellom desse og dei etablerte, sentrale rådgjevingstilboda som allereie er etablerte, vil bli nærare vurdert i Bygg21.

Kompetansen i kommunane bør styrkjast

Kommunane bør styrkje kompetansen sin på byggspørsmål. Kommunale byggjesakshandsamarar og andre tilsette i kommunen vil vere ei viktig målgruppe å nå gjennom Bygg21-satsinga. Kommunane er i posisjon til å kunne gje gode råd i samband med byggjesakshandsaming, men rådgjevinga kan òg gå ut over dette. Kommunane og dei lokale aktørane blir derfor både viktige målgrupper for informasjon og kompetanse innanfor eiga verksemd, men også som lokale rådgjevarar for publikum generelt.

Boks 3.9 Kommunal rådgjeving i Asker

Asker kommune har oppretta ei rådgjevingsteneste der folk kan kome med spørsmåla sine og få råd om kva som kan vere lurt å gjere når dei skal rehabilitere bustaden sin og vil betre energieffektiviteten. Tenesta er tilgjengeleg nokre få timar i veka, og ressursbruken er derfor moderat. Tenesta er blitt populær og har fått mange private huseigarar til å endre rehabiliteringsplanane sine og velje meir energieffektive løysingar enn dei elles ville gjort.

Rådgjeving i ein-til-ein-situasjonar der ulike framlegg og alternative løysingar kan drøftast mellom ein ekspert og den einskilde bustadeigaren, er truleg ein effektiv utveg for å sikre at bygging og utbetring av bustader kan skje på fornuftige måtar med god kvalitet.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil at Bygg21 skal greie ut moglege opplegg for regionale rådgjevingssenter.

  • Regjeringa vil tilrå kommunane å etablere eit lågterskeltilbod der bustadeigarar i kommunen kan få rådgjeving om korleis utbetring kan utførast på gode måtar.

3.6.4 Førebileteprosjekt som erfaringsdeling

Førebileteprosjekt er prosjekt med gode kvalitetar, ut over dei krava som ligg i dei bygningstekniske forskriftene. Tanken er at prosjekta skal vere døme for andre, brøyte veg, påverke etterspurnaden i marknaden etter slike bygg og gje verdifull erfaring for dei som vil følgje etter. Førebiletebygg kan vere både statlege og private.

Regjeringa meiner at utviklinga av førebileteprosjekt er ein effektiv framgangsmåte for å teste ut løysingar på samansette problem, mellom anna om nye byggløysingar fungerer i praksis. Det må vere ein føresetnad at førebileteprosjekt blir evaluerte og erfaringane gjorde kjende i næringa og hos brukarar.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil medverke til at det blir bygd førebilete- og pilotprosjekt for å teste ut byggkonsept som har kvalitetar utover minimumskrava i byggjeforskriftene.

  • Regjeringa vil evaluere førebileteprosjekt, slik at dei mellom anna kan nyttast i vidare regelverksutforming.

  • Regjeringa vil medverke til å spreie kunnskap frå førebileteprosjekt til aktørane i byggjenæringa og til bygg- og bustadeigarar.

3.6.5 Byggforskserien treng oppdatering

Byggforskserien til SINTEF Byggforsk er mykje bruka som rettleiing for konstruksjon av bygg i tråd med dei krava som er stilte i byggforskriftene. Byggforskserien er særleg nyttig for dei mange små verksemdene i byggsektoren, som ofte kan ha problem med å sende dei få medarbeidarane sine på tid- og kostnadskrevjande kurs eller etterutdanning. Arnstadgruppa sin rapport trekkjer fram Byggforskserien som eit sentralt verkemiddel for å kunne setje det breie laget i byggjenæringa i stand til å byggje bygg på passivhus-nivå.7 Byggforskserien er også, saman med kurstilbod, det kompetansehevingstilbodet som scorar høgast i ei undersøking som Respons analyse har gjennomført for Lågenergiprogrammet.8

Boks 3.10 Byggforskserien

Byggforskserien er nettbasert og omfattar om lag 700 anvisingar som legg til rette erfaring og resultat frå praksis og forsking på ein slik måte at dei raskt kan kome til nytte. Byggforskserien er delt inn i tre delseriar: Planlegging, Byggdetaljar og Byggforvaltning.

Utviklinga av anvisingar i Byggforskserien er basert på teoretisk og praktisk kunnskap som er opparbeidd gjennom forsking, utvikling og evaluering. Målet er at Byggforskserien skal vere oppdatert i forhold til gjeldande krav. Den einskilde anvisinga kan lastast ned mot betaling.

Arnstadgruppa sin rapport konstaterer at det vil vere behov for å oppdatere og utvikle 200 anvisningar knytte til passivhus-nivå. Det er viktig med ein felles fagleg struktur og nøye kvalitetssikring av det som blir utarbeidd. Satsinga bør derfor ha ei sentral koordinering og finansiering frå styresmaktene i samarbeid med byggjenæringa.

3.6.6 Byggstandardar som verktøy for å spreie kunnskap

Standardiseringa innanfor bygg, anlegg og eigedom har historisk vore eit område med stor aktivitet og utgjer i dag ein hovuddel av aktiviteten i Standard Noreg. Standardane set opp viktige reglar og retningslinjer for prosjektering, utføring, produktdokumentasjon og prøving, i tillegg til beskrivingar for anbod og kontraktar. Ei systematisk og heilskapleg utvikling av standardar på byggområdet er med på å skape føreseielege vilkår og effektiv kommunikasjon. Standardar er også eit viktig verktøy for å spreie ny kunnskap og medverke til at innovasjonar blir tekne i bruk.

Boks 3.11 Standardisering

Standard Noreg og standardiseringa er bindeleddet mellom partane i byggjenæringa og ein veleigna framgangsmåte for bygningsstyresmaktene for å oppnå eit godt samspel med næringa. Standard Noreg administrerer komitear innanfor dei fleste områda i byggjenæringa. Komiteane samlar i dag ca. 1 000 aktive ekspertar frå norsk byggjenæring. Det er totalt ca. 4 500 gjeldande standardar knytte til byggområdet. Standard Noreg medverkar til samarbeid på tvers av verksemder og organisasjonar og til at partane blir einige om felles retningslinjer for å møte dei krava og forventningane styresmaktene har. Komitéarbeidet er ein prosess for å utvikle «beste praksis» innanfor ulike fagområde i byggjenæringa.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil halde fram med å støtte utviklinga av byggrelaterte standardar.

3.7 Betre statistikk og indikatorsystem for byggsektoren

Vi manglar god oversikt over korleis kvaliteten på byggmassen i Noreg samla sett faktisk er, ikkje minst korleis aktuelle byggkvalitetar, mellom anna energieffektivitet og tilgjengelegheit, utviklar seg over tid. Ein av grunnane er at vi veit lite om rivingstakta i byggmassen og korleis den høge utbetrings- og oppussingsaktiviteten i norske bygg slår ut, ikkje minst i bustadsektoren.

Vi er også usikre på om nye bygg har dei kvalitetane som var meint i planlegginga av dei, til dømes om den faktiske energibruken blir slik som det var planlagt på førehand. Brukarvanar og feilkonstruksjonar kan i stor grad endre biletet. For å få ei betre og meir nøyaktig oversikt over dei faktiske verknadene av bygningspolitikken framover, er det svært viktig med ei meir systematisk innhenting av data og ei betring av statistikkgrunnlaget. Det bør utarbeidast eit sett med indikatorar som kan måle korleis byggsektoren utviklar seg.

Matrikkelen kan vere eit godt verktøy

Den tilgjengelege statistikken over kvalitetsaspekt i den norske byggmassen er utilstrekkeleg. Auka grad av digitalisering av data og den vidare utviklinga av matrikkelen kan i dei komande åra gje eit vesentleg betre grunnlag for å presentere eit korrekt bilete av kvalitetstilstanden og utviklinga i norske bygg.

Matrikkelen som mastersystem er ein kritisk faktor for SSBs statistikk- og analyseverksemd, også når det gjeld statistikk om byggkvalitetar. For å sikre tilstrekkeleg kvalitet i matrikkelen (bygningsdelen) er det viktig med samspel og samarbeid om oppdateringar med fleire bidragsytarar i eit avtalt kontrollregime. Det bør leggjast til rette for at oppdateringar og handsamingar i mykje større grad skjer gjennom elektronisk datautveksling og koplingar mot andre registerkjelder/datasystem, også internt i kommunen. Noko som i stor grad kan forbetre statistikkgrunnlaget, er høve til nettbasert innsyn i informasjon om eigen eigedom, og at den einskilde får høve til å melde inn feil og utbetringar.

Mange område treng betre statistikk

SSB har peikt på ei rekkje moglegheiter og utfordringar for å forbetre statistikken på ulike område som gjeld byggkvalitet. Aktuelle område for forbetring av statistikk er bygningsareal, energibruk, miljøforhold, helse- og miljøfarlege stoff, utslepp til luft, byggavfall, byggfeil og -skadar. SSB arbeider også med å utvikle statistikk som kan seie noko om kor tilgjengelege bygga er.

Forbetringa av offentleg statistikk vil vere ein kontinuerleg prosess. Ein kritisk faktor vil vere kvaliteten på grunnlagsdata, og det vil truleg vere eit stykke fram før kvaliteten er tilfredsstillande. Kommunal- og regionaldepartementet vil som del av sitt ansvar for byggjepolitikken samarbeide med SSB og andre involverte departement for å søkje å framskunde prosessane fram mot forbetra statistikkar som gjeld byggkvalitet. Den vidare utviklinga av matrikkelen vil vere eit prioritert område.

Statistikk vil vere eit viktig grunnelement for å kunne måle utviklinga av kvaliteten i norsk bygningsmasse. Men offisiell statistikk kan neppe fullt ut dekkje dei behova departementet vil ha for å få gjennomført evalueringar av om og kor godt dei ulike verkemidla som blir sette inn for å auke kvaliteten, fungerer. Parallelt med statistikkforbetring vil det derfor bli sett i gang eit arbeid med å utvikle måleindikatorar som grunnlag for eit «nasjonalt målesystem» for dei ulike byggkvalitetane. Departementet vil bringe inn dette som tema i Bygg21.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil utvikle forbetra statistikk og eit indikatorsystem for byggsektoren.

3.8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane av dei konkrete forslaga til tiltak som vert varsla i dette kapitlet skal kunne dekkast innanfor gjeldande budsjettrammer. Mellom anna vil kostnader i strategiutviklingsfasen for Bygg21, som utgreiingar og FoU-oppdrag, bli dekte innanfor KRDs budsjettrammer. Strategiar og handlingsplanar skal estimere kostnadene for dei einskilde elementa i forslaget, og som del av strategiarbeidet vil det bli utarbeidd eigne kost/nytte-vurderingar for dei einskilde elementa. Gjennomføringa av strategien med tilhøyrande handlingsplan kan føre med seg kostnader. Regjeringa vil kome attende til eventuelle forslag som krev auka løyvingar i samband med dei årlege budsjettframlegga.

Fotnotar

1.

Bygballe, L. og Golden, E. (2011): En kunnskapsbasert bygg-, anlegg- og eiendomsnæring, BI-rapport nr. 2/2011.

2.

Selskapet for industrivekst SF.

3.

Bygballe, L. og Golden, E. (2011): En kunnskapsbasert bygg-, anlegg- og eiendomsnæring, BI-rapport nr. 2/2011.

4.

Andersen, R.K. og Jordfald, B. (2010): Arbeidstakere i byggenæringen, Fafo-rapport 2010:25.

5.

NIFU (2011): Kvalifisert for bygging? En studie av hvordan arkitekter og sivilingeniører i byggfag utdannes og kvalifiseres for arbeid i byggeprosjekter, rapport 16/2011.

6.

Nasjonalt fagorgan for kompetansepolitikk.

7.

KRD sin arbeidsgruppe (2010): Energieffektivisering av bygg

8.

Respons analyse AS (januar 2010): Energieffektivisering. Undersøkelse blant virksomheter i byggenæringen

Til toppen
Til forsida av dokumentet