Meld. St. 14 (2016–2017)

Kommersiell allmennkringkasting

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn og samandrag

1.1 Bakgrunn

Styresmaktene har aktivt lagt til rette for kommersiell allmennkringkasting på tv i ei rekkje år. Årsaka er at frekvensressursar for kringkasting har vore eit knapt gode som det har vore knytt vilkår til. Det har også vore eit politisk ønske om å sikre ein konkurrent til NRK. I dag er det ikkje knapt med frekvensar, og talet på tv-kanalar og audiovisuelle bestillingstenester i den norske marknaden har aldri vore høgare. Likevel gjev ikkje dette mangfaldet i seg sjølv nokon garanti for at marknaden vil produsere programkategoriar som er omfatta av allmennkringkastingsomgrepet (til dømes barne- og kulturprogram eller nyheits- og aktualitetsprogram).

Allmennkringkasting vart sist vurdert av Kulturdepartementet i Meld. St. 38 (2014–2015) Open og opplyst (allmennkringkastingsmeldinga). I meldinga konkluderte departementet med at det er verd å vidareføre kommersiell allmennkringkasting som mediepolitisk tiltak, og at det skulle kunngjerast ein avtale med formidlingsplikt som motyting. Departementet peika på offentleg støtte som eit mogeleg tiltak for å sikre kommersiell allmennkringkasting, men gjorde inga nærare vurdering av spørsmålet. Grunnen til dette var at Mediemangfaldsutvalet fekk som mandat å både vurdere staten sine mål for mediemangfaldet og dei økonomiske verkemidla for det. Mediemangfaldsutvalet vart nedsett hausten 2015, og skal levere si innstilling 1. mars 2017.

Under behandlinga av allmennkringkastingsmeldinga gjorde Stortinget eit oppmodingsvedtak romertal VI, der regjeringa blir bedt om å «ta initiativ til å sikre kommersiell allmennkringkasting med hovedkontor og nyhetsredaksjon i Bergen innen utgangen av 2016.» Vidare bad komiteen i Innst. 178 S (2015–2016) til allmennkringkastingmeldinga regjeringa om å greie ut ein modell der delar av meirkostnadane som følgjer av pliktene til ein kommersiell allmennkringkastar, blir kompenserte.

Den noverande avtalen til TV 2 som formidlingspliktig kommersiell allmennkringkastar går ut 31. desember 2016. Ein ny avtale vart kunngjort våren 2016, der krava var avgrensa til daglege nyheitssendingar og at hovudkontoret skulle ligge i Bergen. Formidlingsplikt blei vidareført som motyting i kunngjeringa. Departementet fekk ingen søknadar.

Som oppfølging av oppmodingsvedtaket i Stortinget vurderer departementet i denne meldinga om det er behov for statlege verkemiddel for å sikre offentleg allmennkringkasting, og kva for tiltak som eventuelt eignar seg for å sikre dette. I Meld. St. 8 (2010–2011) Digitalisering av radiomediet la Kulturdepartementet til grunn at det ikkje vil vere grunnlag for å stille krav om konsesjonsplikter etter at FM-nettet blir sløkt. Avgjerda vart grunngjeve med at det riksdekkande DAB-nettet ville ha kapasitet tilnærma lik etterspurnaden, og at det derfor ikkje lenger vil vere grunnlag for å stille krav om konsesjonsplikter for riksdekkande radiokringkasting. Dette inneber at kommersiell allmennkringkasting på radio vil bli avvikla når FM-nettet blir sløkt i 2017. Departementet viser også til at Mediemangfaldsutvalet har fått i oppgåve å greie ut modellar som kan finansiere andre statlege bidrag til eit vitalt demokrati og ein mangfaldig medieoffentlegheit, mellom anna allmennkringkastingsoppdrag på radio. Kommersiell allmennkringkasting på radio vil av den grunn vurderast i lys av Mediemangfoldutvalet sin NOU. Departementet si vurdering nedanfor er derfor avgrensa til å gå gjennom ulike tiltak som kan sikre audiovisuelt allmennkringkastingsinnhald.

1.2 Samandrag

Kapittel 2 inneheld ein kort gjennomgang av allmennkringkasting som mediepolitisk verkemiddel og ei historisk oversikt over kommersiell allmennkringkasting på tv. Gjennomgangen viser ml.a. at det har blitt bruka ulike verkemiddel for å sikre kommersiell allmennkringkasting på tv sidan byrjinga av 90-talet.

I kapittel 3 vurderer departementet kva dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting bør vere. Departementet konkluderer med at dei mediepolitiske måla bør vere a) å halde oppe mediemangfaldet, b) å sikre ein reell konkurrent til NRK og c) sikre riksdekkande nyheitssendingar som blir produserte og sende utanfor Oslo.

Kapittel 4 inneheld ei oversikt over kommersiell allmennkringkasting i andre land, med hovudvekt på offentleg støtte til kommersiell allmennkringkasting i andre land. Oversikta viser at det finst døme på at kommersielle allmennkringkastarar og produksjonsselskap kan få økonomisk støtte til å produsere innhald som har allmennkringkastingskarakter.

Kapittel 5 gjev ei oversikt over relevante internasjonale rettslege rammevilkår, særleg reglane i EØS-avtalen om offentleg støtte og reglane om offentlege innkjøp i EØS-avtalen.

Kapittel 6 inneheld eit samandrag av delutgreiinga til Mediemangfaldsutvalet, «Vurdering av modell for offentlig kompensasjon til kommersiell allmennkringkasting». Utvalet konkluderer her med at det er usikkert om marknaden vil kunne finansiere kommersiell allmennkringkasting med hovudsete utanfor Oslo. Utvalet tilrår ikkje ein bestemt modell, men peikar på at ein modell som inneber kompensasjon til ein kommersiell allmennkringkastar vil vere betre eigna enn eit prosjekttilskot til produksjon av allmennkringkastingsinnhald.

I kapittel 7 vurderer departementet behovet for verkemiddel som sikrar dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting. Det er vurdert om det, utan statlege verkemiddel, er sannsynleg at det i marknaden kan vekse fram eit tilbod som oppfyller måla for kommersiell allmennkringkasting, eller om det er nødvendig med statlege verkemiddel for å sikre dette. Departementet konkluderer med at det er usikkert om dei mediepolitiske måla for kommersiell allmennkringkasting kan bli oppfylt av marknaden aleine. På denne bakgrunnen meiner departementet at det er behov for mellombelse verkemiddel, for å sikre at dei målsetjingane som regjeringa har for kommersiell allmennkringkasting, blir tekne vare på på kort sikt.

I kapittel 8 vurderer departementet kva for verkemiddel som eignar seg til å sikre kommersiell allmennkringkasting. Departementet meiner at offentleg kompensasjon må til for å sikre dei mediepolitiska måla med kommersiell allmennkringkasting. Departementet legg til grunn at berre éin aktør bør få kompensasjon for meirkostnadane som følgjer av å ha eit kommersielt allmennkringkastingsoppdrag. Kompensasjonsordninga vil bli innretta i tråd med gruppeunntaket for tenester av allmenn økonomisk verdi i EØS-regelverket. Kompensasjonen kan derfor ikkje overstige nettokostnadane med oppdraget, inkludert ei rimeleg forteneste. Oppdraget vil bli tildelt etter ein skjønnheitskonkurranse som er open for alle interessentar. Hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen til allmennkringkastaren må plasserast utanfor Oslo. Allmennkringkastingsinnhaldet skal bli levert i form av levande billete, bli publisert både lineært og ikkje-lineært. Innhaldspliktene i kunngjeringa blir utforma i tråd med kunngjøringa som ligg til grunn for den noverande avtalen som staten har med kommersiell tv-allmennkringkastar. Avtalen skal vare i fem år. Medietilsynet vil årleg kontrollere at det ikkje skjer kryss-subsidiering eller overkompensasjon, og ha tilsyn med at allmennkringkastaren oppfyller pliktene i allmennkringkastingsoppdraget. Den kommersielle allmennkringkastaren skal i samband med kontrollen, legge fram ein ekstern revisorrapport som dokumenterer at det ikkje skjer overkompensasjon eller kryss-subsidiering.

Kapittel 9 gjer greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane av tiltaka i meldinga.

Til forsida av dokumentet