Meld. St. 14 (2016–2017)

Kommersiell allmennkringkasting

Til innhaldsliste

2 Historikk

2.1 Innleiing

Allmennkringkasting er den norske omsetjinga av det engelske omgrepet public service broadcasting. Omgrepet vart utvikla i Storbritannia på 1920-talet, då den første allmennkringkastaren, The British Broadcasting Cooperation (BBC) vart etablert. Kjernen i oppdraget til BBC var å informere, å opplyse og å underhalde. Dei same hovudoppgåvene har lege til grunn for allmennkringkasting i Noreg.

Samfunnsrolla til allmennkringkastinga er tufta på demokratiske samfunnsideal. Det som står sentralt, er folkeopplysning og kultur- og informasjonsformidling som tilfredsstiller behova borgarane har for kunnskap og refleksjon om samfunnet. Historisk har også nasjonsbygging og samanbinding av nasjonen vore viktig, noko som kjem til uttrykk i krav til å formidle innhald tilpassa ulike grupper i samfunnet og program som styrker den nasjonale identiteten. Allmennkringkasting representerer tradisjonelt eit viktig mediepolitisk verktøy for å oppfylle demokratiske, sosiale og kulturelle målsetjingar.

2.2 Historisk oversikt over kommersiell allmennkringkasting på tv

I 1990 vedtok Stortinget at det skulle kunngjerast ein riksdekkande reklamefinansiert tv-kanal ved sida av den offentlege allmennkringkastaren, NRK. TV 2 fekk i 1991 konsesjon som allmennkringkastar og rett til å sende via bakkesendarar og satellitt. Sendingane starta i september 1992. TV 2 fekk i 2004 fornya allmennkringkastingskonsesjonen fram til 2010 i det riksdekkande bakkenettet for tv.

I 2009 vart det digitale bakkenettet for tv rulla ut. Norges televisjon AS (NTV), som er eigd av NRK, TV 2 og Telenor, fekk konsesjon for drift av det digitale bakkenettet for fjernsyn. Med overgangen frå analog til digital distribusjon har talet på kanalar og konkurransen i den riksdekkande kringkastingsmarknaden auka.

Statens avtale med ein formidlingspliktig kommersiell allmennkringkastar har vore eit sentralt verkemiddel for å sikre allmennkringkastingsinnhald på kommersiell tv. Ei ny avtale vart inngått med TV 2 i 2010 etter ei open utlysing som berre TV 2 søkte på. Avtalen føreset at hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen til TV 2 er i Bergen. TV 2 har også plikt til å sende visse typar allmennkringkastingsinnhald og betale 10 mill. kroner per år til Norsk filminstitutt sine tilskot til audiovisuelle produksjonar. Motytinga frå staten har vore å gje TV 2 hovudkanalen formidlingsplikt i kabelnett. Avtalen vart forlenga med eitt år til i februar 2015, og gjeld fram til 31. desember 2016.

I allmennkringskastingsmeldinga drøfta departementet verdien av kommersiell allmennkringkasting. Departementet vurderte det slik at kommersiell allmennkringkasting har verdi som eit supplement til NRK sitt tilbod, og at kommersiell allmennkringkasting har bidrege til å bygge opp eit robust miljø for kringkastingsverksemd utanfor Oslo. Derfor konkluderte departementet med at det er verd å halde oppe kommersiell allmennkringkasting i Noreg. Det vart varsla at ein ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkastar skulle lysast ut.

Departementet konkluderte med at krav om eigenproduserte nyheiter og lokalisering i Bergen burde førast vidare i den nye avtalen. Stortinget slutta seg til dette: «Komiteen […] ber regjeringen om å utlyse en midlertidig avtale. Avtalen skal inneholde krav om hovedkontor i Bergen og daglige nyhetssendinger»1.

Ein ny avtale om status som formidlingspliktig allmennkringkaster vart utlyst 4. mai 2016, for perioden 1. januar 2017–31. desember 2019. I avtalen vart mange innhaldsplikter fjerna. Den nye avtalen stilte berre krav om at programprofilen til kanalen skulle bestå av eigne nyheitsproduksjonar med base i den sentrale nyheitsredaksjonen og daglege nyheitssendingar. I tillegg vart det stilt krav om at hovudkontoret og den sentrale nyheitsredaksjonen til kanalen skulle ligge i Bergen. Statens motyting var formidlingsplikt i kabelnett, noko som innebar at kringkastaren som inngjekk avtalen ville vere sikra distribusjon i kabelnett i Noreg på marknadsvilkår.

Søknadsfristen gjekk ut 4. august 2016, og departementet mottok ingen søknader. TV 2 sende eit brev til departementet, der dei grunngav valet om å ikkje søke om ein ny avtale. I brevet slår TV 2 fast at det er store kostnader med å oppfylle pliktene i avtalen, og at avtalen ikkje inneheld motytingar av økonomisk verdi for TV 2.

TV 2 skreiv vidare at fordi dei tradisjonelle motytingane ikkje lenger har verdi, må meirkostnadane som kjem med allmennkringkastingsoppdraget bli kompensert økonomisk.

Fotnotar

1.

Innst. 178 S (2015–2016)

Til forsida