Meld. St. 15 (2018–2019)

Noregs fiskeriavtalar for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Meldinga omtalar fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2019 og fisket etter avtalane i 2017 og 2018. Ho gjev ei innføring i viktige tema i det internasjonale fiskerisamarbeidet, som det havrettslege rammeverket, internasjonale havmiljøprosessar, kontrollsamarbeid, og kampen mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske og fiskerikriminalitet. I tillegg gjer meldinga greie for status og vitskapleg rådgjeving for dei viktigaste bestandane vi deler med andre land.

Les dokumentet

Følg meldinga vidare på www.stortinget.no