Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Ot.prp. nr. 16 (2008-2009)

Om lov om endringar i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) mv.

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Justisdepartementet gjer i proposisjonen her framlegg om ei endring i sjøloven § 175 a om avgrensing av ansvaret for krav som gjeld oppryddingstiltak etter sjøulukker (heving, fjerning m.m. av skip, last og bunkersolje), jf. sjøloven § 172 a. Framlegget går ut på at grensebeløpa vert auka til om lag det doble for skip på over 2000 tonn. For skip opp til 2000 tonn føreslår departementet ikkje noka endring. Bakgrunnen for framlegget er at ulukka med MS «Server» i 2007 har synt at det er behov for å auke ansvarsgrensene.

Det vert også gjort framlegg om endringar i sjøloven § 183, som gjeld gjennomføringa av den internasjonale konvensjonen 2001 om erstatningsansvar for bunkersoljesølskade.

I tillegg gjer departementet framlegg om ei endring av tvangsfullbyrdelsesloven § 1-8 for å rette eit mistak som oppstod i vernetingsreglane då den nye tvisteloven tok til å gjelde.

Til toppen
Til forsida av dokumentet