Prop. 1 S (2016–2017)

FOR BUDSJETTÅRET 2017 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 61 020 km2. Rundt 60 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km2 er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 anerkjenner norsk suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan òg givast særskilte forskrifter for Svalbard.

Størsteparten av busetjinga på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og det største lokalsamfunnet. Ifølgje befolkningsregisteret for Svalbard er det per 01.09.2016 totalt 2156 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 473 fast busette. Lokalsamfunnet i Barentsburg er bygd opp rundt koldrifta til det russiske selskapet Trust Arktikugol. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. Ifølgje befolkningsregisteret er det til saman 37 heilårs busette der. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 9 heilårsbusette. For nærare omtale av utviklinga i folketalet, sjå pkt. 2.2.3.

Tabell 1.1 Befolkningstal 2007–2016 (Befolkningsregisteret – Svalbard skattekontor)

2007

2008

2009

2010

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Longyearbyen

2018

2068

2112

2041

2084

2173

2125

2097

2169

2156

Ny-Ålesund

37

41

37

43

39

40

34

38

43

37

Barentsburg

525

440

417

491

450

413

464

494

468

473

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justis- og beredskapsdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samstundes med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er mellom anna verksemd på Svalbard som er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet, og verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år blir det gitt eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. Prop. 1 S (2016–2017) Justis- og beredskapsdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og tiltak som til dømes drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2017 er omtalt nærare under pkt. 4 nedanfor, jf. òg vedlegg 1.

1.3 Ny melding til Stortinget om Svalbard og regjeringas satsingar i 2017

Regjeringa la fram ei ny melding til Stortinget om Svalbard 11. mai 2016. Gjennom Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard stadfestar regjeringa at dei overordna måla for svalbardpolitikken ligg fast. Svalbardpolitikken skal framleis vere føreseieleg og prega av kontinuitet. Ei føreseieleg forvaltning av Svalbard i tråd med måla medverkar både til tryggleik for befolkninga og til stabilitet og ein føreseieleg situasjon i regionen.

Eit av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk er å oppretthalde norske samfunn på øygruppa. Dette målet har først og fremst vore oppfylt gjennom Longyearbysamfunnet. Koldrifta, som tradisjonelt har vore ein viktig berebjelke for dette samfunnet, har gjennom dei seinare åra fått redusert betydning mellom anna fordi ein stor del av dei tilsette har pendla mellom Svea og fastlandet. Samstundes har den krevjande marknadssituasjonen for kolverksemda ført til ei nedtrapping av drifta. Det vil bli lagt til rette for driftskvile i Svea og Lunckefjellgruva i inntil tre år frå 2017, jf. Prop. 118 S (2014–2015), Innst. 343 S (2014–2015), og det er knytt monaleg uvisse til ein eventuell start av drifta. Samstundes har det vakse fram annan aktivitet, bl.a. innan forsking og høgare utdanning, reiseliv, romrelatert verksemd og anna næringsverksemd.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I meldinga varslar Regjeringa at ein ønskjer å styrke norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund. Regjeringa har vedteke ei ny organisering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund, der ansvaret for forvaltinga av statens eigarskap i Kings Bay AS blir overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Klima- og miljødepartementet frå 1. januar 2017. Regjeringa vil med dette sikre at ein bruker dei unike, men avgrensa goda som Ny-Ålesund byr på meir effektivt og legg betre til rette for auka grad av samarbeid og open deling av data og resultat. Eit verkemiddel for å få dette til er auka bruk av samlokalisering og felles utnytting av infrastrukturen. Regjeringa foreslår difor å løyve 20,5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring av eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund.

Regjeringa foreslår vidare å styrke Svalbard Science Forum (SSF) og Forskingsrådets kontor i Longyearbyen med 5 mill. kroner i 2017 over Kunnskapsdepartementets budsjett. Ei styrking av SSFs informasjons- og formidlingsarbeid og Forskingsrådets tilstadeværelse i Longyearbyen vil gi betre oversikt over forskinga og det blir enklare for forskingsmiljøa å finne kvarandre og etablere samarbeid. I tillegg foreslår Regjeringa å styrke relevante forskingsprogrammer i Noregs forskingsråd med 5 mill. kroner i 2017 over Kunnskapsdepartementets budsjett. Dette vil bidra til å heve kvaliteten og auke volumet på norsk Svalbardforsking ytterlegare, noko som vil kunne bidra til styrka fagleg leiarskap innanfor relevante fagområder.

Regjeringa ønskjer gjennom Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard å leggje til rette for eksisterande og ny variert næringsverksemd. Longyearbyen skal også i framtida vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar. Samfunnet skal ha ein kvalitet, breidde og variasjon som byggjer opp under målet om å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Reiselivet er viktig for sysselsetjinga i Longyearbyen og regjeringa vil leggje til rette for fleire lokale arbeidsplassar i denne næringa. Det vil mellom anna bli lagt til rette for å gjere Longyearbyen og nærområda rundt lokalsamfunna (Forvaltningsområde 10) meir attraktive i reiselivssamanheng. I tillegg vil bidraget til Innovasjon Noreg i nysalderinga av statsbudsjettet for 2015, jf. Innst. 121 S (2015–2016) styrkje grunnlaget for eit breitt og variert næringsliv på lengre sikt.

Kulturfeltet kan gi viktige bidrag til reiselivet i Longyearbyen, både i form av kulturkompetanse og kulturelt innhald i reiselivsprodukter. Regjeringa foreslår difor å løyve 1,5 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjett til mellom anna eit residensprogram for kunstnare i tilknyting til Kunsthall Svalbard. Residensprogrammet har som mål å kunne trekke kunstnare til Svalbard, samstundes som dette vil skape auka aktivitet rundt Kunsthallen og lokalmiljøet.

Overvaking og varsling av flaum og skred bidrar til å redusere verknadene av hendingar, og til auka tryggheit blant folk som bor og ferdes i utsatte områder. For å gi Longyearbyen sine innbyggarar auka tryggleik for vinteren 2016/2017, planlegg Noregs vassdrags- og energidirektorat å videreføre snøskredvarslinga på Svalbard i hovudtrekk slik den ble etablert i januar 2016. Regjeringa foreslår å løyve 1 mill. kroner over Olje- og energidepartementets budsjett til dette formålet.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmannen med 7 mill. kroner i 2017. Formålet med løyvinga er å styrke Sysselmannens politiavdeling med 3 stillingar for mellom anna å auke kontroll og nærvær ved Svalbard lufthamn. Vidare foreslår Regjeringa å styrke Sysselmannens politiavdeling med ytterlegare eit årsverk i 2017 (halvårsverknad).

Regjeringa vil halde fram med å følgje utviklinga for Longyearbysamfunnet framover og vil fortløpande vurdere behovet for å møte eventuelle utfordringar med målretta tiltak.

1.4 Oversikt over svalbardsatsingar 2015–2017

2017

Auka kontroll og nærvær av Sysselmannen på Svalbard Lufthamn

7 mill. kroner

Svalbard Science Forum og Forskingsrådets kontor

5 mill. kroner

Svalbard Kunsthall

1,5 mill. kroner

Forskingsinfrastruktur i Ny-Ålesund

20,5 mill. kroner

Relevante forskingsprogram i Forskingsrådet

5 mill. kroner

Snøskredvarsling på Svalbard

1 mill. kroner

Eit årsverk til Sysselmannen1

0,475 mill. kroner

2016

Bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen som følgje av skredet 19. desember 2015

10 mill. kroner

Rehabilitering av energiverket i Longyearbyen

10 mill. kroner

Kvalitetssikring og vidareutvikling av planane for ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen

15 mill. kroner

Støtte til eit 3-årig prosjekt for å utvikle Longyearbyen vidare som grønt reiselivsmål. Prosjektet skal gjennomføras av Visit Svalbard AS i perioden 2016–2019.

8 mill. kroner

Utbygginga av geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund for mellom anna måling av jordplateforskyvingar.

27 mill. kroner

Forsterka redningsberedskap gjennom utvida seglingssesong for tenestefartøyet for Sysselmannen.

18 mill. kroner

2015

Styrking av Longyearbyen lokalstyre sitt arbeid med vidareutvikling av samfunnet.

4,5 mill. kroner

Støtte til Innovasjon Noreg for å vere til stades og for aktivitet i Longyearbyen, og til utvikling og støtte av næringsprosjekt.

20 mill. kroner

Styrking av Svalbard Næringsforening.

0,5 mill. kroner

Utvikling av ein nærings- og innovasjonsstrategi i regi av Nærings- og fiskeridepartementet.

3 mill. kroner

Løyve til Longyearbyen lokalstyre for å redusere vedlikehaldsetterslep i infrastruktur og samstundes medverke til god sysselsettingseffekt innan bygg- og anleggssektoren.

22 mill. kroner

1 Halvårsverknad i 2017

I lys av den krevjande situasjonen for SNSG, og for å leggje eit finansielt grunnlag for minimumsdrift i Store Norske Spitsbergen Gruvekompani (SNSG) i 2015 og 2016, vart selskapet etter forslag frå regjeringa i 2015 tilført 500 mill. kroner, gjennom 295 mill. kroner som kjøp av eigedom og 205 mill. kroner som lån. I februar 2016 foreslo Regjeringa for Stortinget å tilføre SNSK eigenkapital for å kunne utvide til to skift i Gruve 7 i Longyearbyen og forberede driftskvile på inntil tre år i Svea og Lunckefjell. Stortinget slutta seg til Regjeringa sitt forslag i april 2016.

Tala er uttrykk for forslag om auka løyving og ikkje den totale løyvinga til føremålet. Tiltaka er nærare omtala seinare i proposisjonen.

Dei totale løyvingane som dei einskilde departementa foreslår til svalbardformål går fram av vedlegg 1.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

2.1 Overordna mål

Det er nedfelt i den politiske plattforma for regjeringa Solberg (Politisk plattform for en regjering utgått av Høyre og Fremskrittspartiet. Sundvollenplattformen) at Regjeringa vil føre ein offensiv nordområdepolitikk. Sett i lys av utviklinga i nordområda, med auka aktivitet i form av sjøtransport og ressursutvinning, er god kapasitet innan søk og redning særs viktig.

Svalbard er Noregs nordlegaste region og ein viktig del av nordområda våre, og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk, markerer at Noreg er ein viktig aktør i nordområda.

Dei overordna måla for norsk svalbardpolitikk gir – saman med dei årlege svalbardbudsjetta – uttrykk for gjeldande svalbardpolitikk. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • overhalde Svalbardtraktaten på korrekt måte og føre kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalde norske samfunn på øygruppa

Det er brei politisk semje om hovudmåla i svalbardpolitikken, og desse er bekrefta i dei årlege stortingsbehandlingane av svalbardbudsjettet og no òg gjenteke i den nye meldinga til Stortinget om Svalbard – Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard. Historia har vist at ei forvaltning av øygruppa etter desse måla har vore vellykka.

Dei overordna måla for norsk svalbardpolitikk fell inn under dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener difor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse, skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å stemme av måla for norsk svalbardpolitikk i samanheng med kvarandre. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Det er lagt opp til ei stabil og føreseieleg utøving av styresmakt og god samfunnsutvikling på øygruppa innafor ramma av dei overordna måla i svalbardpolitikken.

2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål for polarpolitikken

Det er sett ambisiøse mål for svalbardpolitikken. Desse måla, saman med den auka aktiviteten på øygruppa og at fleire aktørar er til stades, gjer det naudsynt med ei sterk koordinering og samordning av svalbardpolitikken. Mange departement har roller på Svalbard og er involverte i arbeidet med å nå måla, jf. også omtala under pkt. 4. Polarområda har ei politisk betyding som gjer det naudsynt å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i samanheng og i eit breiare perspektiv. Justis- og beredskapsdepartementet er tildelt eit eige ansvar for koordineringa av norsk svalbardpolitikk.

Justis- og beredskapsdepartementet – som har fag- og koordineringsansvar for norsk polarpolitikk – har følgjande mål for polarpolitikken i Arktis:

Tabell 2.1 

Mål

  1. Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

  2. Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

  3. Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

2.2.1 Justis- og beredskapsdepartementets mål 1: Styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering

Ved å styrkje samhandlinga i beredskap og krisehandtering er målet å redusere sårbarheita i samfunnet. Dette skal gjerast ved å avklare dei ulike aktørane si rolle, ansvar og mynde og ved å sikre eit godt samvirke mellom dei. Øvingar er òg eit sentralt og viktig element i å styrkje samhandlinga.

Som for landet elles har arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap på Svalbard, både når det gjeld førebygging og handtering, blitt styrkt. Svalbards geografiske plassering gir ein del særskilte utfordringar innan samfunnstryggleik- og beredskapsområdet som det må planleggjast for.

Store avstandar og krevjande klima gir ekstra utfordringar. Den lokale beredskapen er dessutan ikkje dimensjonert for å handtere større eller samstundes hendingar over lang tid. Førebyggjande tiltak blir difor avgjerande. Det er òg svært viktig at dei ulike etatane samarbeider og samverkar, og at det blir planlagt og lagt til rette for tilførsel av ressursar frå fastlandet ved større hendingar.

Det er eit mål for regjeringa at befolkninga skal oppleve stor grad av tryggleik for liv, helse og materielle verdiar. Røynsle frå hendingar viser kor viktig det er å ha system for å oppretthalde samfunnet si grunnleggjande funksjonsevne når alvorlege hendingar inntreff. Dersom hendingar likevel skulle inntreffe, er det viktig å vere godt øvd og førebudd på å handtere situasjonen.

Styrkt samhandling i Arktis

Auka aktivitet og trafikk i Arktis krev eit styrkt redningssamarbeid mellom dei landa som har ansvar for søk og redning i arktiske farvatn. Noreg underteikna i 2011 ei avtale med Canada, Danmark, Finland, Island, Russland, Sverige og USA om samarbeid om søk og redning i samband med luft- og sjøfart i Arktis. Noregs ansvarsområde for søk og redning vart utvida ved at Noreg tok ansvar lenger aust mot russisk ansvarsområde, og nord for Svalbard opp til polpunktet.

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Figur 2.1 Ansvarsområde for søk- og redning i Arktis

Det styrkte redningssamarbeidet er viktig for optimal utnytting av dei ressursane som finst i regionen og for å komme naudlidande raskt til unnsetning.

Sysselmannen på Svalbard

Sysselmannen på Svalbard er regjeringa sin øvste representant på øygruppa og har rolle både som politimeister og fylkesmann. Sysselmannen har ei særs sentral og viktig rolle, både med å førebyggje uønskte hendingar og handtere oppståtte hendingar innan samfunnstryggleiks- og beredskapsområdet. Dette gjeld både ikkje planlagde hendingar som til dømes naturkatastrofar, og planlagde hendingar som til dømes kriminalitet og terrorisme. Sysselmannen vektlegg samarbeidet med dei lokale beredskapsaktørane og overordna styresmakter. Målet er å ha ein beredskap som gir befolkninga på Svalbard tryggleik.

Sysselmannens rolle som fylkesmann

I eigenskap av fylkesmann skal Sysselmannen i medhald av Instruks for fylkesmannens og Sysselmannen på Svalbards arbeid med samfunnssikkerhet, beredskap og krisehåndtering (fastsett ved kgl. res. 19.06.15) vere pådrivar og rettleiar i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. På same måte som hos fylkesmennene på fastlandet er det etablert eit eige beredskapsråd på Svalbard som er leia av Sysselmannen. Rådet skal medverke til eit felles risiko- og sårbarheitsbilete og ei felles plattform for planlegging av samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid på Svalbard, og vere førebudd på å hjelpe Sysselmannen ved krisehandtering.

Eit viktig element i Sysselmannens arbeid med samfunnstryggleiken er å utarbeide risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) for Svalbard. Ein oppdatert ROS-analyse skal etter planen vere ferdig i løpet av 2016. Sysselmannen utgjer òg ein viktig statleg ressurs for oljevernberedskapen. Det er òg sett i gang eit arbeid med å gjere beredskapslova gjeldande for Svalbard.

Lokal redningssentral

Svalbard er i utstrekning Noregs største politidistrikt, og Sysselmannen har mynde på lik linje med ein politimeister på fastlandet. Som politimeister er Sysselmannen òg leiar for redningsleiinga ved den lokale redningssentralen (LRS) på Svalbard. Redningsleiinga består, i tillegg til Sysselmannen, av representantar frå Longyearbyen lokalstyre, Longyearbyen brann og redning, Telenor Svalbard, Longyearbyen sjukehus, Store Norske Spitsbergen Kullkompani AS, Avinor/Svalbard Lufthamn, Sysselmannens helikopteroperatør SAR, Lufttransport og Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps. Ved behov kan rådgivarar innkallast.

Ressursar

For å styrkje arbeidet med søk og redning på Svalbard og i nærliggjande havområde, vedtok Stortinget at Sysselmannen frå 1. april 2014 fekk to store helikopter av same type. Det er inngått kontrakt med Lufttransport AS om leige av to Super Puma helikopter med avansert utstyr. Bakgrunnen for dette er både det utvida ansvarsområdet som følgjer av avtala nemnd over, og den auka betydinga Longyearbyen vil få som base for rednings- og forureiningsberedskap i dei nordlege havområda.

Helikoptra har auka rekkevidde og kan plukke opp inntil 18 personar i naud innanfor ein radius på 120 nautiske mil. Helikoptra har større lasteevne, moderne søkeutstyr og betre utstyr for kommunikasjon og tryggleik enn tidlegare. Utrykkingstida er redusert frå to timar i kontortida og 12 timar utanom denne til to timar heile døgnet. Med dette aukar tryggleiken for dei som bur på Svalbard til dagleg, for turistane og for redningsmannskapa som skal bruke helikoptra, og beredskapen er vesentleg styrkt. For å få tilfredsstillande hangarforhold for dei nye helikoptra vart det bygt ein ny moderne hangar som sto ferdig 1. april 2014. I sommarhalvåret opererer Lufttransport AS òg andre helikopter for oppdragsgivarar på Svalbard, f.eks. Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Norsk Polarinstitutt.

Innføringa av nye langtrekkjande redningshelikopter på fastlandet med større kapasitet enn dagens Sea King vil frå 2020 ytterlegare kunne styrkje helikopterberedskapen på Svalbard.

Tenestefartøyet til Sysselmannen er òg ein sentral ressurs i samanheng med redning og beredskap, ved mellom anna fare for skipsforlis, grunnstøyting, oljeutslepp, personskadar m.v. I tillegg er det heilt avgjerande i dei årlege inspeksjonane av øygruppa og generelt i Sysselmannens utøving av mynde på øygruppa. Det er særs viktig at helikopter og båt kan samverke på ein god måte. Frå 2014 er det inngått kontrakt med Remøy Management AS om leige av eit nytt fartøy med eit helikopterdekk som er stort nok for Sysselmannens nye helikopter. Det nye fartøyet er eit nybygg frå Havyard-verftet i Sogn og Fjordane og vart sett inn i drift hausten 2014. Våren 2015 vart kontrakten for drift av fartøyet overdregen til Fafnir Offshore hf., som også eig fartøyet. Auke i cruisetrafikken og anna skipstrafikk gjev auka behov for inspeksjon, redningsberedskap og oppsyn. For å styrkje og tilpasse Sysselmannen sine oppgåver innan rednings- og tryggleiksområdet, og for å kunne utføre naudsynt inspeksjon og oppsyn med den auka trafikken til havs og rundt øygruppa, vart det løyvd 18 mill. kroner i 2016 til å utvide sesongen for tenestefartøyet med om lag 3 månader.

For å setje Sysselmannen betre i stand til å løyse nye og større utfordringar innanfor arbeidet med redning og beredskap blei eit nytt stabsrom teke i bruk då Sysselmannen sitt administrasjonsbygg vart ferdig bygd ut hausten 2014.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Sysselmannen med 7 mill. kroner i 2017. Formålet med løyvinga er å styrke Sysselmannens politiavdeling med 3 stillingar for mellom anna å auke kontroll og nærvær ved Svalbard lufthamn. Vidare foreslår Regjeringa å styrke Sysselmannens politiavdeling med ytterlegare eit årsverk i 2017 (halvårsverknad).

For ytterlegare omtale av desse tema, sjå del II, kap. 0006 Sysselmannens transportteneste.

Auka aktivitet i så vel farvatna rundt Svalbard som i nordområda generelt, har følgjer for sjøtryggleiken på Svalbard, og gir forvaltninga utfordringar som må møtast. Førebygging er sentralt, og eit viktig tiltak som er treft dei siste åra, er mellom anna innføring av hamne- og farvasslova for Svalbard. I tillegg har Stortinget med verknad frå 1. juli 2012 vedteke å innføre ei statleg losteneste for all skipstrafikk i farvatna på Svalbard på same måte som på fastlandet. Det er gjort enkelte tilpassingar i reglane ut frå lokale forhold på øygruppa. Dette reduserer risikoen for hendingar og miljøskade og styrkjer tryggleiken til sjøs.

Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre (LL) er ein annan viktig aktør i arbeidet med samfunnstryggleik på Svalbard. LL har sidan starten i 2002 utvikla seg i retning av å bli meir lik ein vanleg kommune på fastlandet. Frå 2011 er kommunane pålagt ei generell beredskapsplikt gjennom ny lov om kommunal beredskapsplikt, sivile vernetiltak og Sivilforsvaret (sivilvernelova). Formålet med ei generell beredskapsplikt er at kommunen skal sjå arbeidet med tryggleik i samanheng og planleggje ut frå dette. 18. desember 2012 blei LL pålagt ei tilsvarande plikt gjennom ei forskrift med heimel i sivilvernelova, som gjer delar av lova gjeldande for Svalbard. Forskrifta om beredskapsplikt for LL pålegg lokalstyret sjølv å ta ansvar for eit systematisk, kontinuerleg og kvalitetsvist godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, og vurdere behovet for eventuelle særskilte førebuingar. Etter forskrifta skal Sysselmannen på Svalbard føre tilsyn med lokalstyret si oppfølging av pliktene i forskrifta.

Skredulykka

19. desember 2015 blei Longyearbyen utsett for ei skredulykke som førte til at to personar omkom og fleire vart skadde. Mange hus blei øydelagde og vil ikkje kunne byggjast opp att i området dei sto i før raset. Ulykka mobiliserte eit heilt samfunn, og det vart gjort ein stor og viktig innsats for å redde liv og ta vare på dei som blei ramma.

Ei rekkje bustader må flyttast frå grunna rasfare. Stortinget har etter forslag frå regjeringa auka løyvinga med 10 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2016 til bustadbygging og arealutvikling i Longyearbyen.

Justis- og beredskapsdepartementet gav Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap i oppdrag å evaluere hendinga med bistand frå Hovudredningssentralen i Sør-Noreg og Politihøgskulen. Både det førebyggjande arbeidet og sjølve handteringa av hendinga skulle evaluerast med tanke på moglege forbetringspunkt. Evalueringsrapporten som blei overlevert departementet i september 2016 identifiserte både positive erfaringar og nokre klare læringspunkt av betyding for den vidare beredskaps- og krisehandteringsevna på Svalbard.

Skredet har òg aktualisert arbeidet for å frigjere areal i sentrum til bustadføremål. Gjennom eit samla grep om ei klimatilpassa arealplanlegging i Longyearbyen vil ein kunne få gode effektar for Longyearbysamfunnet og samstundes leggje til rette for ønskt næringsutvikling.

Varsling av flaum og skred

Olje- og energidepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider om korleis flaum- og skredførebygging bør skje på Svalbard. Olje- og energidepartementet har på bakgrunn av tilrådingar frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), komme til at Svalbard skal vurderast på same måte som kommunar på fastlandet ved prioritering av bistand frå NVE innanfor gjeldande løyving.

På fastlandet varslar NVE flaum-, jordskred- og snøskredfare regionalt. Lokale myndigheiter må her ta særleg stilling til korleis dei regionale varsla skal følgjast opp. På Svalbard har NVE frå vinteren 2014/2015 gjennomført eit prøveprosjekt for regional snøskredvarsling, der hovudmålgruppa er folk som ferdast i skredterreng, og ansvarlege for stenging og opning av transportårer og evakuering av busetnad. Prøveprosjektperioden som var planlagt for vinteren 2015/2016 blei utvida som ei oppfølging av skredulykka i desember 2015. I tillegg blei det òg etablert ei ordning med lokale skredfarevurderingar for skredutsett busetnad ved Longyearbyen. Vanlegvis er lokal snøskredvarsling med skredfarevurdering for utsett busetnad dekt av lokale aktørar. Prøveprosjektet vil bli evaluert og følgt opp i samråd med Longyearbyen lokalstyre.

For å gi Longyearbyens innbyggjarar auka tryggleik for vinteren 2016/2017, planlegg NVE å føre vidare snøskredvarslinga på Svalbard i hovudtrekk slik den blei etablert i januar 2016. Regjeringa foreslår difor å løyve 1 mill. kroner over Olje- og energidepartementet sitt budsjett for dette formålet.

Førebyggjande sjøtryggleik

Kystverket har i 2015, med bistand frå Det Norske Veritas GL, utarbeidd ein omfattande analyse av den førebyggjande sjøtryggleiken i norske havområde (Sjøsikkerhetsanalysen). Analysen dannar grunnlag for avgjersler om framtidig sjøtryggleik i norske farvatn, til dømes korleis tiltak skal prioriterast, dimensjonerast og vidareutviklast for å møte skipstrafikken i framtida og teknologi under utvikling.

Det er vidare utarbeidd miljørisiko- og beredskapsanalysar for Svalbard og Jan Mayen i 2014. Desse analysane vurderer faren for akutt forureining frå skipstrafikken, sårbarheit til miljøet med moglege miljøkonsekvensar i ulike geografiske område, og dessutan tiltak for å handtera risikoen.

Analysane som Kystverket har gjennomført, utgjer samla eit viktig kunnskapsgrunnlag for regjeringa sitt arbeid med nasjonal transportplan (NTP), og ny stortingsmelding om den førebyggjande sjøtryggleiken og beredskap mot akutt forureining, jf. Meld. St. 35 (2015–2016). Analysane syner at risikoen vil auke fram mot 2040 dersom vi ikkje set i verk tiltak. I meldinga er det lagt fram ei rekkje tiltak som kan vera med på å hindra ein auke av risikoen rundt Svalbard.

2.2.2 Justis- og beredskapsdepartementets mål 2: Styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk

Ved å styrkje samordninga og koordineringa av norsk polarpolitikk er målet å oppnå ein større heilskap i polarpolitikken.

For å nå hovudmåla i svalbardpolitikken og departementets mål som er nemnde over, har styresmaktene fleire verkemiddel. Det interdepartementale polarutvalet er eit særs viktig organ for dei sentrale styresmaktene si koordinering og samordning av norsk polarpolitikk. Vidare er dei viktigaste verkemidla Sysselmannen på Svalbard, som statens øvste representant på øygruppa, lovgiving, løyvingar over statsbudsjettet (under dette svalbardbudsjettet), og lokal forvaltning gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Det interdepartementale polarutvalet

Koordinering og oppfølging av fagdepartementa sin politikk for Svalbard og polarområda elles, er viktig for å nå hovudmåla i polarpolitikken. Det følgjer av instruksen for Det interdepartementale polarutvalet at det er justis- og beredskapsministeren som leiar dette utvalet og difor har det overordna koordineringsansvaret for Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Polarutvalet fungerer som eit verktøy for Justis- og beredskapsdepartementet, som gjennom dette utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

Svalbardutvalet vart oppretta allereie i 1965. I 1971 vart ansvarsområdet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet.

Polarutvalet består av representantar frå dei mest sentrale departementa i polarsamanheng og Statsministerens kontor, Norsk Polarinstitutt og Sysselmannen på Svalbard. Utvalet har møte om lag ti gonger i året.

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet

Figur 2.2 Oversikt over Det interdepartementale polarutvalet

Plikta til å leggje fram saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, saman med andre viktige saker for Polarutvalet, gjer at desse kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk polarpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagde fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartements mynde til å treffe avgjerder, eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justis- og beredskapsdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Justis- og beredskapsdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for koordineringa av regjeringa sin politikk for Jan Mayen, Bouvetøya og bilanda i Antarktis. For desse områda er det òg naudsynt med særlege vurderingar i arbeidet med lovgiving. Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Utanriksdepartementet leiar den norske delegasjonen til desse møta, der mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet òg deltek.

Sysselmannen

Sysselmannen på Svalbard er Regjeringa sin øvste representant på øygruppa. Sysselmannen er ein av dei viktigaste aktørane i det lokale forvaltningsapparatet på Svalbard og i forvaltninga av dei statlege interessene på øygruppa. I tillegg til å forvalte norsk svalbardpolitikk og ta vare på Noreg sine rettar og plikter etter Svalbardtraktaten, har Sysselmannen ei viktig rolle som premissleverandør for utforminga av svalbardpolitikken.

Sysselmannen er administrativt underlagt Justis- og beredskapsdepartementet og får løyvingane sine over svalbardbudsjettet. På fleire fagområde er etaten likevel underlagt andre departement.

Sysselmannens kjerneoppgåver er rednings- og beredskapsarbeid, ansvar for politi- og påtalestyresmakt, og miljøforvaltning på øygruppa. Det at både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon, mogleggjer ei god fagleg forvalting av plan- og enkeltsaker, eit godt informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Turisme og ferdsel på Svalbard krev at ein held godt oppsyn, slik at ein kan avdekkje moglege brot på føresegna om vern av natur- og kulturmiljø på Svalbard.

Sysselmannen har ansvaret for den lokale miljø- og kulturminneforvaltinga for heile øygruppa og utøvar denne gjennom mellom anna svalbardmiljølova med forskrifter. I arbeidet med å utøve mynde, vere tilstades og halde beredskap i nordområda, er transporttenesta til Sysselmannen heilt avgjerande. Dette gjeld både helikoptertenesta og tenestefartøyet.

Sysselmannens administrasjonsbygning vart utvida hausten 2014. Utbygginga inneber større kontorareal og eit nytt og tidsmessig stabsrom til bruk i krisesituasjonar.

Lovgiving

Normaliseringa av samfunnsfunksjonane på Svalbard og dei stadig meir omfattande folkerettslege pliktene Noreg tek på seg reint generelt, har over ein lengre periode ført til at nye lover og forskrifter har vorte innførte på Svalbard. Lovgiving er dessutan eit viktig verkemiddel for å sikre ei fornuftig samfunnsutvikling på Svalbard innanfor rammene av dei overordna måla i svalbardpolitikken. Ny lovgiving for fastlandet skal innførast for Svalbard òg, med mindre særlege tilhøve talar mot dette.

Sjølv om dette er eit utgangspunkt, vert ikkje all ny lovgiving gjort gjeldande for Svalbard utan vidare. Det er slått fast i svalbardlova § 2 at lovgivinga om privatrett, strafferett og om rettspleie gjeld på Svalbard når ikkje anna er fastsett, mens anna såkalla offentlegrettsleg lovgiving ikkje gjeld utan når det er fastsett særskilt. Det vert såleis gjort ei spesiell vurdering av tilhøvet til Svalbard ved innføring av offentlegrettsleg lovgiving, men då altså med det utgangspunktet at lover skal gjelde for Svalbard med mindre særlege grunnar talar imot det.

I dette ligg at ein mellom anna må vurdere om det skal gjerast tilpassingar i høve til staden, og om det er naudsynt med overgangsordningar. Dette gjeld til dømes brannlovgivinga og nærings- og selskapslovgivinga. Sjølv om Longyearbyen på fleire område liknar på eit lokalsamfunn på fastlandet, og det er eit mål at det òg skal vere eit robust familiesamfunn, skal det likevel ikkje vere eit livsløpssamfunn. Det offentlege tenestetilbodet innanfor helse- og sosialområdet er avgrensa. Utlendingslova gjeld heller ikkje. I ei lovregulering av tenesteytinga på Svalbard, må det gjerast ei eiga vurdering av kva for reglar som er naudsynte. Til dømes har dette vore gjort i arbeidet med å modernisere helselovgivinga for Svalbard der Helse- og omsorgsdepartementet har vedteke ei føresegn om ei rekkje helselover og -føresegner som er gjort gjeldande heilt eller delvis for Svalbard (og Jan Mayen). Føresegna tok til å gjelde frå 1. oktober 2015.

Arktisk råd

Arktisk råd er det einaste organet som omfattar samarbeid mellom alle dei arktiske landa på regjeringsnivå. Rådet vart etablert i 1996, og medlemmane deler på å ha formannskapet, med to år av gongen. USA har formannskapet i perioden 2015–17. Utanriksdepartementet har det konstitusjonelle ansvaret for Arktisk råd, men samarbeider nært med fleire fagdepartement, mellom anna Justis- og beredskapsdepartementet.

2.2.3 Justis- og beredskapsdepartementets mål 3: Vidareutvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen

Å halde ved lag norske samfunn på øygruppa er eitt av hovudmåla i norsk svalbardpolitikk. Denne målsetjinga vert oppfylt i hovudsak gjennom familiesamfunnet i Longyearbyen, men òg Ny-Ålesund er viktig å nemne. Det er Regjeringa sitt mål at Longyearbyen framleis skal vere eit levedyktig lokalsamfunn som er attraktivt for familiar og eit samfunn som medverkar til å oppfylle og understøtte dei overordna måla i svalbardpolitikken.

Ei framhalden utvikling innan eksisterande verksemd vil medverke til dette. Samstundes er det ønskeleg å leggje til rette for eit meir variert næringsliv. Det blei i samband med nysalderinga av statsbudsjettet for 2015 løyvd 50 mill. kroner til tiltak som vil medverke til omstilling og rask sysselsetjing i Longyearbyen. Ei viktig årsak til dette grepet er den krevjande situasjonen for kolselskapet Store Norske Spitsbergen Grubekompani (SNSG) og dei konsekvensar dette har for Longyearbyen. Av omstillingspakka på 50 mill. kroner er Innovasjon Noreg tildelt 20 mill. kroner. Midlane blir nytta både til å vere til stades og til aktivitet i Longyearbyen, og ikkje minst til utvikling og støtte av næringsprosjekt som er i tråd med og støttar opp under måla for svalbardpolitikken.

Longyearbyen lokalstyre har ei sentral rolle i omstillingsarbeidet, og det er tett dialog mellom lokalstyret og Innovasjon Noreg. Lokalstyret er tildelt 4,5 mill. kroner av omstillingsramma for å styrkje sitt arbeid med vidare utvikling av samfunnet. Svalbard Næringsforening er, med sin kunnskap om lokale forhold og lokalt næringsliv, tildelt 0,5 mill. kroner. Det er òg løyvd 3 mill. kroner til utviklinga av ein nærings- og innovasjonsstrategi i regi av Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg er Longyearbyen lokalstyre tildelt 22 mill. kroner for å redusere vedlikehaldsetterslep i infrastruktur og samstundes medverke til god sysselsetjingseffekt innan bygg- og anleggssektoren.

Flytting av statlege arbeidsplassar

Regjeringa vurderer om det er mogleg å flytte statlege arbeidsplassar til Longyearbyen for å kunne sikre målet om å halde ved lag norske samfunn på øygruppa.

Regjeringa har bestemt at Forbrukarrådet, i samband med omorganisering av regionkontora, skal greie ut ei kontorløysing for inntil fem stillingar på Svalbard. Stillingane skal administrativt liggje under kontoret i Tromsø. Tilsvarande har Regjeringa òg pålagt Norsk Helsenett SF å etablere verksemd på Svalbard knytt til deira oppdrag om å etablere eit felles senter for tenester til den sentrale helseforvaltninga. Det er òg her tale om inntil 5 stillingar.

Dette er eit ledd i Regjeringa sin politikk for å sikre busetjing på Svalbard.

Longyearbyen lokalstyre

Longyearbyen lokalstyre (LL) har etter opprettinga i 2002 blitt ein viktig medspelar for dei sentrale styresmaktene. Innanfor ramma av norsk svalbardpolitikk arbeider dei for ei miljøforsvarleg og berekraftig utvikling av lokalsamfunnet i Longyearbyen. Lokalstyret får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet tek departementet i mot innspel frå LL. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte med Justis- og beredskapsdepartementet. På desse møta blir mellom anna viktige budsjettspørsmål og aktuelle problemstillingar diskuterte. LL underrettar Justis- og beredskapsdepartementet om lokale utfordringar, mens departementet nyttar møta til å formidle statleg politikk og forventningar til lokalstyret. Justis- og beredskapsdepartementet ser ein stor verdi i denne dialogen. Det er òg etablert faste kontaktmøte mellom LL og Det interdepartementale polarutvalet når utvalet er på Svalbard.

Solide og tilstrekkelege rammevilkår er ein viktig føresetnad for at LL skal kunne handtere noverande og ikkje minst framtidige oppgåver på ein god og effektiv måte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa planområde, Longyeardal. Dette inneber mellom anna energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggjesaksbehandling, veg, vatn, avløp, renovasjon, kaiteneste, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar og drift av skulen.

Næringsverksemd

Den norske busetjinga på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Næringa står med dagens kolprisar no framfor store utfordringar.

Det siste tiåret har det vore ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan forsking, høgare utdanning, turisme og reiseliv og satellittverksemd, særleg i Longyearbyen, men òg i Ny-Ålesund.

Longyearbyen Næringsforening i samarbeid med Longyearbyen lokalstyre utarbeidde i 2013–2014 ein strategisk næringsanalyse. Analysen kan medverke til å utvikle eit meir robust næringsliv i Longyearbyen.

Bergverk

Gruvedrifta har i mange år medverka vesentleg til stabil og heilårleg aktivitet og busetnad på Svalbard. Det har dei siste åra synt seg krevjande å drive Store Norske Spitsbergen Kullkompani på eit forretningsvist grunnlag med sikte på å levere ei konkurransedyktig avkastning. Store Norske har difor gjennom ein omfattande prosess med kostnadsreduksjonar og nedbemanning med effekt frå 2015 måtta tilpasse seg utviklinga.

Då prisen på kol fall sterkt i andre halvdel av 2014 og i 2015, utløyste dette ein akutt økonomisk situasjon for dotterselskapet Store Norske Gruvekompani AS.

Situasjonen i Store Norske og den vidare utviklinga av Store Norske-konsernet vil på eigna måte bli lagt fram for Stortinget.

Turisme

Tabell 2.2 Utvikling i talet på gjestedøgn

År

Gjestedøgn

2009

82 307

2010

81 718

2011

85 785

2012

84 142

2013

107 096

2014

119 088

2015

131 154

Talet på gjestedøgn har vore nokså stabilt i åra 2009–2012, men auka monaleg i 2013 (då talet for første gongen passerte 100 000) og i 2014, og auka ytterlegare i 2015. Utviklinga styrkjer turismen som ei viktig næring på Svalbard. For lokalsamfunnet er utviklinga med auka aktivitet hos turistaktørane særs positiv, òg i form av auka omsetning i avleidde verksemder. Det er utarbeidd ein masterplan for reiselivet der ein peiker på viktige grep for å leggje til rette for ytterlegare vekst i næringa.

Ei revidert forskrift om turisme og anna reiseverksemd på Svalbard (turistforskrifta) som gjer det enklare for Sysselmannen å forvalte turismen på ein god måte, er innførd.

Forsking og utdanning

Forsking er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Forskingsverksemda medverkar til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen og er grunnleggjande for aktiviteten i Ny-Ålesund. Det vert arbeidd vidare med å utvikle Svalbard som plattform for norsk og internasjonal forsking.

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) spelar ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis. UNIS er ein viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Satellittverksemd

Satellittverksemda på Svalbard er ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som medverkar til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Verksemda medverkar òg positivt til auka sysselsetjing på Svalbard.

Hamn

Skipstrafikken rundt Svalbard består i dag hovudsakleg av cruise- og godstrafikk, forskingsrelatert skipsfart, og noko trafikk knytt til fiskeriaktivitet. Tendensen dei seinare åra viser at trafikken generelt aukar. Det er avgrensa kapasitet ved hamneanlegga i Longyearbyen, og relativt stor trafikk skal betenast over ein kort sesong. Hamneinfrastrukturen i Longyearbyen vil i lys av ein større kommersiell og industriell aktivitet i Polhavet, få auka betydning som base for rednings- og forureiningsberedskap, og som base for tilbod av maritime tenester. Sidan 2009 har behovet for større hamnekapasitet i Longyearbyen auka ytterlegare. Utviklinga dei seinare åra syner at skipstrafikken til dei arktiske områda aukar både i tal og omfang, og dette gjeld særleg cruisetrafikken.

Det er lokalt gjennomført ei rekkje utrekningar for å kartleggje og dokumentere utfordringar og moglegheiter for ei vidare utvikling av hamna i Longyearbyen. På bakgrunn av dette har Longyearbyen lokalstyre utarbeidd forslag til ny hamneinfrastruktur som er sendt over til Samferdselsdepartementet.

I inneverande Nasjonal transportplan (NTP), jf. Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023, er det sett av inntil 200 mill. kroner i statlege midlar i planperioden til å oppgradere og byggje ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen, med utgangspunkt i ein kostnad på 400 mill. kroner. Det er vidare lagt til grunn at prosjekta eventuelt vil bli realiserte med bidrag frå lokale aktørar og privat næringsverksemd. I statsbudsjettet 2016 blei det sett av 15 mill. kroner til utgreiing av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen. Kystverket har fått i oppdrag å vurdere konsept foreslått av Longyearbyen lokalstyre for å oppgradere hamneinfrastrukturen. Utgreiinga skal etter planen føreliggje i oktober 2016.

Målet med Kystverket sitt arbeid er å utgreie ein hamneinfrastruktur i Longyearbyen som gir tilstrekkeleg kapasitet for den venta auka i skipstrafikken og som dermed kan medverke til å utvikle vidare det lokale næringslivet. Regjeringa vil, på bakgrunn av dei framlegga som skal leggjast fram av Kystverket, ta stilling til det vidare arbeidet med å utvikle hamneinfrastruktur i Longyearbyen.

Infrastruktur

Drift og vedlikehald av infrastruktur i Arktis er spesielt krevjande. Infrastrukturen i Longyearbyen er i stor mon frå 1970-talet. Ein ser i aukande grad eit behov for å oppgradere til det som er vanleg standard elles. Dette gjeld både vegar, bustader, røyrframføringar og liknande. Longyearbyen lokalstyre har kontinuerleg merksemd på korleis dette vedlikehaldsetterslepet kan handterast.

Energiforsyning

Som eigar av kraftverket i Longyearbyen er Longyearbyen lokalstyre ansvarleg for tryggleiken i leveransen av varme og energi i lokalsamfunnet. Dåverande Klima- og forureiningsdirektoratet påla Longyearbyen lokalstyre eit reinsekrav frå juli 2012. Tidspunktet vart seinare forlenga til utgangen av 2015. I budsjetta for 2012–2014 vart det til saman løyvd 114 mill. kroner over svalbardbudsjettet til å byggje reinseanlegget.

Å oppgradere kraftverket gir verket ei forlenga levetid på om lag 20 år og er kostnadsberekna til om lag 98 mill. kroner i investeringar og ekstraordinære vedlikehaldskostnader. Lokalstyret brukte i 2014 om lag 11 mill. kroner til ekstraordinært vedlikehald. Stortinget vedtok i 2015-budsjettet å løyve 13,3 mill. kroner som statens del (2/3 av kostnadene) til rehabilitering av kraftverket og at dei resterande utgiftene i åra 2016–2018 (87,4 mill. kroner) òg blir delte med 1/3 på Longyearbyen lokalstyre og 2/3 på staten, sjå omtale under del II kap. 0003 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre. Staten løyvde i 2016 23,3 mill. kroner og foreslår at det i 2017 blir løyvd 10,3 mill. kroner som statens del av utgiftene. Rehabiliteringa er planlagd å vere ferdig i 2018.

Eigedom

Stortinget bad gjennom Innst. S. nr. 336 (2008–2009) om ei vurdering av om ansvaret som grunneigar i Longyearbyen bør overførast frå Store Norske til andre. Gjennom Prop. 118 S (2014–2015) Endringer i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet (Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS – eiendommer og gruvedrift), vart det foreslått at staten kjøper mellom anna grunneigedomen Longyeardal frå selskapet. Dette vart gjort som ledd i ei løysing for å tilføre likviditet til selskapet SNSG. Stortinget vedtok saka 11. juni 2015 i tråd med forslaget.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2017

Forslaget til budsjettramme for svalbardbudsjettet for 2017 er 461 mill. kroner. Dette er 10 mill. kroner eller 2,2 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2016.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2017 er stipulert til 319 mill. kroner og blir dekt inn gjennom eit tilskot over JDs budsjettkap. 480 post 50 Tilskot. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år og er blitt auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Som det går fram av rekneskapstala for 2009–2012, var inntektene desse åra uvanleg høge. Tilskotet til svalbardbudsjettet i 2015 vart 302,9 mill. kroner.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2017 er budsjettert til 136,6 mill. kroner, ein reduksjon på 2,7 mill. kroner frå 2016. For å oppnå balanse i svalbardbudsjettet er tilskotet over kap. 480 post 50 auka med om lag 16 mill. kroner i 2017. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 30,1 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 0006), som mellom anna inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 0005) og til Longyearbyen lokalstyre (kap. 0003), der det vert løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som LL har ansvaret for. I tillegg inneheld svalbardbudsjettet fleire små budsjettkapittel, som til dømes løyving til Svalbard kyrkje, Svalbard skattekontor, staten sine bygningar på Bjørnøya og Hopen og til Statsbygg sitt svalbardkontor.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå, er gitt i pkt. 5 nedanfor. I del II er det ein nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2017 er det foreslått løyvd netto om lag 726 mill. kroner over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justis- og beredskapsdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa, er trekte frå, jf. vedlegg 2. Tilsvarande tal i 2016 var om lag 745 mill. kroner.

4.1 Klima- og miljødepartementet

Å ta vare på den særeigne villmarksnaturen på Svalbard er eitt av dei overordna måla for svalbardpolitikken. Ein har òg meir spesifikke mål for miljøvernet på Svalbard og desse måla ligg fast.

Miljøvernarbeidet vil i 2017 ha fokus på å beskytte villmarksområda på Svalbard i ein situasjon der både klimaet, ferdsel og anna aktivitet er i endring. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima, aktivitet og tilførsel av forureining, og sjå til at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samstundes skal ein leggje til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard.

Sysselmannen har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal miljøvernstyresmakt på Svalbard. Det faglege styringsansvaret for Sysselmannens miljøvernoppgåver ligg hos Klima- og miljødepartementet (KLD). Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Miljødirektoratet og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt (NP), som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til miljøvernarbeidet hos Sysselmannen. Over KLDs budsjett vil det bli løyvd om lag 156,8 mill. kroner til svalbardformål. Om lag 99,4 mill. kroner av dette går til NPs verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Sysselmannen på Svalbard, Miljødirektoratet og til forsking og overvaking mellom anna i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Driftsbudsjettet for Sysselmannen, inkludert miljøvernavdelinga, blir løyvd over svalbardbudsjettet kap. 0005 Sysselmannen. Det blir òg løyvd midlar til kulturminnetiltak over svalbardbudsjettet kap. 0009, jf. omtale i del II.

Når det gjeld forureiningssituasjonen i lokalsamfunna tilseier ny kunnskap at lokale utslepp påverkar miljøet i større grad enn det ein har trudd tidlegare, sjølv om den lokale påverknaden er moderat.

Klimaendringane fører til auka risiko for skred og flaum, meir ekstremvêr og høgare stormflod på grunn av havnivåstiging. På Svalbard vil kysterosjon kunne bli eit aukande problem, også for kulturminna. Det er difor viktig at areal- og samfunnsplanlegginga i planområda tek omsyn til klimaendringane.

NP gjennomførte i 2015 ei teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn der talet på isbjørn på norsk side blei estimert til ca. 975. Basert på tidligare teljingar meiner NP at ein auke i bestanden dei siste ti åra er sannsynleg, og ei forklaring kan vere at bestanden framleis er i vekst etter nedskytinga fram til fredinga i 1972, og at den enno ikkje har nådd «taket» som blir definert av økosystemet si bereevne. Prognosar tilseier at sjøisen vil bli raskt redusert, noko som truleg vil føre til at isbjørnbestanden innan få generasjonar får store utfordringar.

Fleire nye arter er observerte på Svalbard dei seinare åra. Den raske oppvarminga aukar faren for at slike arter kan få fotfeste på Svalbard og i dei arktiske havområda der dei kan fortrenge naturleg førekommande artar.

Marin forsøpling og mikroplast i havet og på strendene rundt Svalbard er identifisert som eit aukande problem. I 2015 blei det rydda 101 kubikkmeter søppel på nordsida av øygruppa. Både mengda som blir observert og den auka kunnskapen om skadeverknadene tilseier at det bør bli sett i verk strengare tiltak mot forsøpling.

Når det gjeld reiseliv vil miljøstyresmaktene, i dialog med aktørane på Svalbard, ta eit samla grep for å leggje betre til rette for reiselivet i Forvaltningsområde 10. Samstundes skal arbeidet med forvaltingsplanar for verneområda på Svalbard førast vidare.

Naturverdiar og kulturminne som ligg nær lokalsamfunna og som er viktige for reiselivet og lokalbefolkninga, skal sikrast. Det vil bli sett i verk eit arbeid for å vurdere behovet for eit styrkt vern av område med særleg rikt fugleliv i nedre Adventdalen.

Når det gjeld kulturminne, er det særleg behov for auka innsats i samband med dei industrielle kulturminna som til dømes dei freda taubane- og uteanlegga til gruvene i Longyearbyen og den gamle kraftstasjonen. Det må òg vere stor merksemd rundt auka besøk til kulturminne og -miljø, særleg dei som tidlegare var lite tilgjengelege pga. sjøis.

Arbeidet med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde er starta.

Kunnskap er ein føresetnad for god forvaltning av miljøet på Svalbard, og Svalbards rolle og betydning som forskingsplattform for norsk og internasjonal forsking er styrkt. I Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet – Norsk handlingsplan for naturmangfald, blir det varsla at Regjeringa innan utgangen av 2017 vil fastsetje mål for kva for tilstand ein skal halde ved lag eller oppnå i norske økosystem. Dette gjeld òg Svalbard. KLD vil starte eit arbeid med å greie ut kva som skal reknast som «god økologisk tilstand» i ulike norske økosystem. Dette er eit første steg mot å setje mål for tilstand i ulike område. På Svalbard vil eit slikt arbeid ha miljømåla som utgangspunkt.

Svalbards miljøvernfond er eit økonomisk verkemiddel i miljøvernarbeidet på Svalbard. Fondet gir tilskot til tiltak for å beskytte naturmiljø og kulturminner på øygruppa. Sysselmannen på Svalbard er sekretariat for fondet og vedtak om tildelingar blir fatta av eit styre oppnemnt av KLD. Kvart år tildeler fondet mellom 10 og 16 mill. kroner til ulike prosjekt. Midlane blir nytta til skjøtsel, vedlikehald av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøkje eller gjenreise miljøtilstanden. Over ein periode på ni år har fondet gitt støtte til 471 prosjekt med ein samla sum på 97 mill. kroner.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt (NP) er eit direktorat underlagt KLD. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med mellom anna forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, oppdrag knytte til ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. For 2017 er om lag 99,4 mill. kroner av løyvinga til NP over KLDs kap. 1471 Norsk Polarinstitutt, relatert til Svalbard, jf. vedlegg I. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtale av kap. 0017.

NP yter òg logistikkstøtte til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard. Polarinstituttet driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund og luftmålestasjon på Zeppelinfjellet. Instituttet har ei fagleg eining og logistikkverksemd i Forskingsparken i Longyearbyen. Kvart år har instituttet ei monaleg ekspedisjonsverksemd på Svalbard både på land og i farvatna rundt øygruppa. Det er òg ei viktig oppgåve for NP å skaffe og leggje til rette for miljøfagleg kunnskap som grunnlag for vidare utvikling av verkemiddel og tiltak i miljøvernforvaltninga på Svalbard og for Sysselmannens fortløpande forvaltning og saksbehandling på miljøområdet.

Instituttet legg vekt på å hente inn kunnskap om arter og bestandar av arter Noreg har eit særskilt forvaltningsansvar for, spesielt haustbare arter, trekkjande arter, raudlistearter som er under reelt press i Svalbards natur, klimasårbare arter og sentrale arter i det marine-terrestre økosystemet knytt til Svalbard. Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ) medverkar til vurderingar av om miljøforvaltninga når måla sine, og gir grunnlag for råd til forvaltninga om behov for tiltak.

NP produserer fortløpande nye og oppdaterte digitale kart basert på flybileta. Dei nye karta gjer mellom anna redningsaksjonar sikrare og meir effektive. I tillegg mogleggjer karta betre overvaking av brear, noko som vil vere eit monaleg bidrag til norsk klimaforsking.

Kings Bay AS og Ny-Ålesund

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 41,64 mill. kroner til drift og investeringar i Kings Bay AS i 2017.

Kings Bay AS eig grunn og dei fleste av bygningane i Ny-Ålesund og har ansvaret for drift og vedlikehald, og skal medverke til utvikling av infrastrukturen på staden. Vidare skal selskapet ta vare på miljø og kulturminne. I løpet av 2017 vil ein forskingsstrategi for Ny-Ålesund gi føringar for utviklinga av infrastrukturen.

Per 31. desember 2015 var det engasjert 25 personar i Kings Bay AS. Selskapet sitt driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar og tilby kost og losji i tillegg til ei rekkje andre tenester under opphaldet. I all hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonar frå til saman 10 land. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 institusjonar har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

Regjeringa har vedteke ei ny organisering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund, der ansvaret for forvaltinga av statens eigarskap i Kings Bay AS blir overført frå Nærings- og fiskeridepartementet til Klima- og miljødepartementet frå 1. januar 2017.

Forsking og høgare utdanning er eit av dei viktigaste satsingsområda for norsk aktivitet og nærvær på Svalbard. I Meld. St. 32 (2015–2016) Svalbard varslar Regjeringa at ein ønskjer å styrkje norsk vertskap og koordinering av forskingsverksemda i Ny-Ålesund. Noregs forskingsråd skal utvikle ein forskingsstrategi for Ny Ålesund, og Norsk Polarinstitutt får ansvar for den operative implementeringa og oppfølgjinga av forskingsstrategien i Ny-Ålesund.

Regjeringa vil sikre at ein bruker dei unike, men avgrensa goda som Ny-Ålesund byr på meir effektivt og legg betre til rette for auka grad av samarbeid og open deling av data og resultat. Eit verkemiddel for å få dette til er auka bruk av samlokalisering og felles utnytting av infrastrukturen. Regjeringa foreslår difor å løyve 20,5 mill. kroner i 2017 over Klima- og miljødepartementets budsjett til oppføring eit nytt, felles bygg i Ny-Ålesund.

4.2 Nærings- og fiskeridepartementet

Aktivitet og omstilling på Svalbard

Eitt av hovudmåla i svalbardpolitikken er å halde ved lag norske samfunn på øygruppa. Sjølv om koldrifta har vore kjerneaktivitet og drivkraft i den lokale økonomien, har Longyearbyen fått eit vesentleg meir variert næringsliv dei siste 20 åra. Den største aktiviteten på Svalbard i dag er knytt til bergverksverksdrift, forsking, undervisning, romrelatert verksemd, reiseliv og offentleg verksemd. For å støtte opp om den vidare utviklinga av Longyearbysamfunnet, vil regjeringa leggje til rette for aktivitet og omstilling innan eksisterande og nye næringar.

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Koldrifta, som tradisjonelt har vore ein viktig berebjelke for dette samfunnet, har gjennom dei seinare åra fått redusert betydning mellom anna fordi ein stor del av dei tilsette har pendla mellom Svea og fastlandet. Samstundes har den krevjande marknadssituasjonen for kolverksemda ført til ein nedtrapping av drifta.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG) og Store Norske Boliger AS, og deleigde Pole Position Spitsbergen (75 pst.). Staten eig 100 pst. av aksjane i SNSK. Ved utgangen av 2015 hadde SNSK-konsernet 207 tilsette. Det er lagt til grunn at omsyn til helse, miljø og tryggleik har høgste prioritet i alle vurderingar knytta til gruvedrifta.

Tabell 4.1 Store Norske-konsernet, driftsresultat, årsresultat og produksjon

År

Driftsresultat

Årsresultat

Produksjon kol

2012

-378 mill. kr.

-275 mill. kr.

1,2 mill. tonn

2013

-76 mill. kr.

-64 mill. kr.

1,9 mill. tonn

2014

-794 mill. kr.

-1 093 mill. kr.

1,7 mill. tonn

2015

-434 mill. kr.

-766 mill. kr

1,1 mill. tonn

Prisen på kol fall sterkt i andre halvdel av 2014. Dette utløyste ein akutt økonomisk situasjon for SNSK sitt dotterselskap SNSG. SNSK vedtok hausten 2014 å redusere verksemda. Samstundes starta selskapet ein omfattande prosess for å redusere kostnader.

Som følgje av forholda i kolmarknaden, kom SNSG i ein krevjande økonomisk situasjon. Vidare drift var difor ikkje mogleg utan tilførsel av likviditet. Selskapet oppmoda i januar 2015 staten som majoritetseigar om å tilføre ny kapital, og Stortinget vedtok 11. juni 2015 å styrkje likviditeten i SNSG med 500 mill. kroner, jf. Prop. 118 S og Innst. 343 S (2014–2015). 295 mill. kroner vart tilført ved at staten kjøpte grunneigedommar og infrastruktur av SNSK-konsernet samstundes som staten gav SNSK eit lån på 205 mill. kroner. Tilførselen av likviditet la grunnlaget for at det kan drivast ei avgrensa kolverksemd i 2015 og 2016, og at det kan vere mogleg med drift òg etter 2016. Samtidig foreslo regjeringa å løyse inn minoritetsaksjonærane i SNSK for å auke fleksibiliteten for staten i den vidare handteringa av eigarskapet i SNSK.

Stortinget slutta seg til forslaget til Regjeringa i juni 2015. Det vart lagt til grunn at løysinga ville gjere det mogleg med minimumsdrift mot utgangen av 2016, men med monaleg risiko for at kapitalen vil gå tapt i denne perioden.

Forholda i kolmarknaden har vore utfordrande også i 2015 og 2016. Styret i SNSK kom i september 2015 til at det ikkje er økonomisk grunnlag for vidare oppfaring i Lunckefjell-gruva på kort sikt. Med bakgrunn i dette starta styret ein dialog med eigaren om den vidare utviklinga av selskapet.

Det vil bli lagt til rette for driftskvile i Svea og Lunckefjellgruva i inntil tre år frå 2017, og det er knytt monaleg uvisse til ein eventuell oppstart av drifta. Samstundes har det vakse fram anna aktivitet, mellom anna innan forsking og høgare utdanning, reiseliv, romrelatert verksemd og anna næringsverksemd.

Regjeringa la i februar 2016 fram Prop. 52 S (2015–2016). Der blei det foreslått å tilføre SNSK eigenkapital i 2016 for å kunne utvide til to skift i Gruve 7 i Longyearbyen og forberede driftskvile på inntil tre år i Svea og Lunckefjell. Samstundes blei det foreslått ei løyving til eventuelle tap, tilsvarande størrelsen på eigenkapital som blei tilført. Dette med bakgrunn i risikoen for at eigenkapitalen som blei tilført kan gå tapt. Regjeringa varsla også i proposisjonen at iverksetting av driftskvile føreset ei årlig løyving på 144. mill. kroner i statsbudsjetta i inntil tre år frå og med 2017. Stortinget slutta seg til forslaget til Regjeringa 5. april 2016. Anslaget på den årlege løyvinga som er nødvendig for iverksetting av driftskvile har ikkje endra seg etter at Prop. 52 S (2015–2016) blei lagt fram.

Det gjekk også fram av proposisjonen at for å kunne vidareføre drifta i Gruve 7 og gjennomføre driftskvile, vil Store Norske-konsernet ved utløpet av 2016 trengje ytterlegare likviditet, bl.a. knytt til fordringar SNSG har på SNSK og krav eksterne kreditorar har på SNSG, og at alternativet til å tilføre slik kapital kan vere konkurs i SNSG. I tillegg blei det varsla at alternative løysingar og dei strukturelle rammene for konsernet framover vil bli vurdert.

Staten som eigar følgjer situasjonen i Store Norske-konsernet tett og vurderer situasjonen og alternative løysingar ut frå utviklinga i selskapet. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget om situasjonen i Store Norske-konsernet.

På dette grunnlaget, foreslår Nærings- og fiskeridepartementet at det i statsbudsjettet for 2017 blir budsjettert med 144 mill. kroner i eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS over post 95 og eit tilsvarande beløp som avsetjing til tap, eigenkapitalinnskot til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS over post 51.

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard (DMF) administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925, og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvensutgreiing og avgrensing av planområda på Svalbard, har DMF ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal DMF, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

DMF tildeler utmål og gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og har tilsyn med opningar etter nedlagte gruver. Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for DMF:

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet.

Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål:

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar

  • redusere miljøkonsekvensar av tidlegare mineraluttak

  • syte for forsvarlege sikringstiltak

  • styrkje kommunikasjon, kompetansebygging og brukarorientering

  • syte for forsvarleg og berekraftig forvalting av mineralressursar på Svalbard.

Dei viktigaste oppgåvene til DMF er saksbehandling og tilsyn. DMF vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av DMF under kap. 906 Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard i NFD sin Prop. 1 S (2016–2017).

Visit Svalbard AS

Visit Svalbard AS er eigd av og opererer på bakgrunn av handlingsplanar vedtekne av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard. Ved utgangen av 2015 hadde Svalbard Reiselivsråd 65 medlemmer. Målet med tilskotet til Visit Svalbard AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål. Ei viktig oppgåve for Visit Svalbard AS er å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for Regjeringa og reiselivsnæringa. Visit Svalbard AS organiserer mellom anna opplæring av Svalbard-guidar som skal leggje til rette for kvalitetsopplevingar tilpassa arktisk kultur og natur innan berekraftige rammer. For 2017 er det foreslått å løyve 2,2 mill. kroner til Visit Svalbard AS.

I 2015 vart det registrert 131 154 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen, ein vekst på 11 pst. frå 2014. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Det er registrert vekst gjennom heile året, men spesielt ser ein at satsingsområdet «mørketid», frå oktober til februar, viser positiv utvikling.

Sesongsvingingane er ei sentral utfordring for reiselivet på Svalbard. Belegget på overnattingsstadene er høgt i høgsesongen rundt påske og i sommarmånadene, men i skulder- og lågsesongane har det vore eit stort unytta potensial. Visit Svalbard AS har i samarbeid med reiselivsnæringa arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar utanfor høgsesongane.

Masterplanen «Destinasjon Svalbard 2025» er vedteken i Longyearbyen lokalstyre, og legg føringar på å utvikle Svalbard vidare som reisemål. I 2015 har det vore gjennomført eit omfattande arbeid for å gjere Svalbard klar for merket «Berekraftig reisemål».

Romverksemd

Svalbard har òg ei sentral rolle innan norsk romverksemd. Svalbards geografiske plassering er ideell både for utforsking av atmosfæren og nedlesing av satellittdata. Dette er òg årsaka til at EU har valt å plassere sentral bakkeinfrastruktur for satellittnavigasjonsprogrammet Galileo og jordobservasjonsprogrammet Copernicus ved Svalbard Satellittstasjon (SvalSat). Noreg deltek i begge dei store romprogramma i EU, noko som er med på å sikre gode navigasjonstenester i nordområda og medverkar til å støtte opp under berekraftig ressursforvaltning, tryggleik og beredskap, og klima og miljø. Regjeringa foreslår å løyve 399,5 mill. kroner til norsk deltaking i EUs romprogram i 2017.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. SvalSat les ned data for sivile føremål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Svalbard er ein av få stader i verda der ein kan lese ned data frå satellittar i polar bane kvar gong satellitten passerer Nordpolen. Verksemda ved Svalbard Satelittstasjon er difor ein strategisk viktig del av norsk romverksemd, som bidreg til gode overvakings- og navigasjonstenester i nordområda og som gjer Noreg til ein attraktiv partnar for internasjonalt samarbeid om romverksemd. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Staten gjennom Space Norway AS og 50 pst. av Kongsberg Defence & Aerospace AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. Det er ei rekkje antenner i bruk på SvalSat, og det er planar om å byggje fleire. Både amerikanske og europeiske organisasjonar innan romverksemd og forsking (NASA og ESA) og vêrvarslinga (NOAA og EUMETSAT) nyttar antenner på SvalSat. I tillegg har EU sine romprogram, Galileo og Copernicus, antenner der. Fleire asiatiske romorganisasjonar kjøper òg tenester frå stasjonen på Svalbard. SvalSat er òg bakkestasjon for dei norske satellittane AISSAT-1 og 2. Desse er ein viktig del av den maritime trafikkovervakinga i alle norske havområde.

SvalSat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner. Det er etablert eit fiberkabelsamband mellom Longyearbyen og Harstad. Kabelen leverer breibandtenester til SvalSat og Longyearbyen i samarbeid med Telenor.

Det er krav om særskilte løyve for etablering og drift av jordstasjonar på Svalbard etter regelverk forankra i lov om Svalbard og lov om elektronisk kontroll. Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer mellom anna verksemda ved SvalSat. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer innanfor forskrifta. Dette regelverket er under revisjon for å gjere det tidsmessig og retta mot framtida. Det er teke sikte på å omorganisere og styrkje tilsynsaktivitetane.

Stortinget slutta seg i juni 2013, jf. Innst. 367 S. (2012–2013), til at ein ønskjer å føre vidare utnyttinga av dei geografiske fortrinna Svalbard har for romverksemd.

Svalbard Rakettskytefelt

Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund vart oppretta i 1997. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Space Center A/S. Føremålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Med ei lokalisering nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar. Den siste var i februar 2015.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) er ei viktig del av nordområdesatsinga, som gjeld Svalbard generelt og særleg Longyearbyen. Senteret medverkar òg til å skape eit stabilt, heilårleg samfunn i Longyearbyen, med fastbuande studentar og forskarar.

Tabell 4.2 UNIS, utvikling av budsjettildeling, talet på tilsette og studentar

År

Tildeling (mill. kr)

Talet på tilsette (i parentes: tilsette i mindre stillingsbrøkar, såkalla II-stillingar)

Talet på studentar (årsverk)

2005

77,5

52 (20)

126

2006

94,9

49 (20)

113

2007

75,5

62 (22)

145

2008

78,7

70 (28)

127

2009

83,7

73 (29)

119

2010

89,5

74 (27)

120

2011

97,2

69 (28)

150

2012

105,2

84 (28)

160

2013

112,2

99 (34)

175

2014

117,9

106 (38)

190

2015

125,4

109,5 (43)

202,7

UNIS tilbyr høgre utdanning og driv forsking med utgangspunkt i at Svalbard ligg i eit høgarktisk område. UNIS skal vere eit supplement til lærestadene på fastlandet.

UNIS har utvikla kvalitetssikringssystem som skal sikre at utdanningsaktiviteten lever opp til krav sett av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). UNIS tilbyr forskings- og feltbasert undervisning og eit læringsmiljø prega av stor samhandling mellom studentar og tilsette.

UNIS har som mål å vere ein trygg og kjent samarbeidspartnar for både den einskilde studenten og dei norske universiteta og høgskulane. Studia ved UNIS skal ha ein internasjonal profil, og over halvparten av studentane er utanlandske. UNIS skal utøve forsking og undervisning med minst mogeleg negativ påverknad på miljøet.

UNIS medverkar til å styrkje aktiviteten i Longyearbyen, i tillegg til koldrift og turisme. Dei tilsette bur og verkar i Longyearbyen, hjelper til i utviklinga av både institusjonen og samfunnet og engasjerer seg i lokale lag, foreiningar og anna sosialt og kulturelt liv. Rekneskapen for 2015 viser at UNIS kjøpte 49 pst. av varer og tenester lokalt i Longyearbyen.

Senteret spelar òg ei sentral rolle i vidareføring av den norske polarforskingstradisjonen, i utviklinga av Svalbard som forskingsplattform og i å representere og sikre norske interesser i Arktis.

UNIS vart tildelt 125,6 mill. kroner over budsjettet til Kunnskapsdepartementet i 2016. Regjeringa foreslår å løyve 128,9 mill. kroner til UNIS i 2017 over budsjettet til Kunnskapsdepartementet.

Noregs forskingsråd

Polarforskinga spenner breitt og omfattar ulike fagdisiplinar. Forskingsrådet sin aktivitet er i hovudsak retta mot Arktis, der om lag 50 pst. av dette igjen er knytt til Svalbard. Kunnskapsdepartementet (KD) står for over 50 pst. av finansieringa av den samla prosjektporteføljen på polarforsking i Forskingsrådet. Nivået i 2015 har vore om lag som i 2014.

KD vil føre vidare svalbardsatsinga gjennom Noregs forskingsråd og satsinga vil venteleg bli om lag 85 mill. kroner i 2017. Polarprogrammet er eit fortløpande program utan sluttdato og løyvinga vil bli ført vidare på same nivå dei kommande åra. Ein stor del av dette er knytt til polarforskingsprogrammet som starta opp i 2011 og får om lag 50 mill. kroner årleg frå KD, og der om lag halvparten av midlane går til svalbardforsking. I tillegg løyver KD midlar til fleire program i Forskingsrådet som støttar polarforsking, inkludert Svalbardforsking.

Ei mindre satsing under Polaravtala mellom Forskingsrådet og US National Science Foundation, dekkjer reine arktiske tema. Det finst òg ei mindre satsing for å styrkje samarbeidet mellom norske og russiske forskarar på Svalbard. Sidan 2006 har Forskingsrådet stimulert til samarbeid mellom norske og russiske forskarar på Svalbard. Til saman er desse to ordningane på ca. 5 mill. kroner årleg. Noregs forskingsråd har gjennom Svalbard Science Forum (SSF) eit særskilt ansvar for koordinering av og informasjon om forskingsverksemd på øygruppa. Dei viktigaste forskingsmiljøa på Svalbard er representerte i forumet. SSF er ein viktig reiskap for fagleg og praktisk koordinering, informasjon og rådgjeving for den internasjonale forskingsverksemda på Svalbard og vil bli utvikla vidare.

Forskingsrådet har dei siste åra arbeidd med å vidareutvikla databasen Research in Svalbard (RiS), slik at det nå er enklare å få oversikt over den norske og utanlandske forskingsaktiviteten på Svalbard og havområda rundt.

Svalbard Integrated Arctic Observing System (SIOS)

Alle institusjonar på Svalbard med infrastruktur for jordsystemforsking har gjennom eit forprosjekt arbeidd med å etablere grunnlag for Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System (SIOS). Målet er eit breitt samarbeid for deling, koordinering, vidareutvikling og utnytting av relevant forskingsinfrastruktur. I 2014 var forprosjektet avslutta med ei samla tilråding frå konsortiet om etablering, oppgåver og organisering av SIOS. Forskingsrådet finansierer no eit treårig interimsprosjekt ved UNIS og Norsk polarinstitutt for å førebu sentrale tenester som samarbeidet skal omfatte. Fleire norske og utanlandske forskingsinstitusjonar deltek i arbeidet. Regjeringa vil leggje til rette for formell etablering av SIOS i løpet av 2016. Midlar for perioden 2018–2020 vil bli dekte av dei ordinære rammene til Noregs forskingsråd.

EISCAT

EISCAT er ein vitskapeleg internasjonal organisasjon som driv fire store radaranlegg for atmosfæreforsking, mellom anna på nordlys. Desse er lokaliserte i Noreg, Sverige og Finland. På oppdrag frå EISCAT er det Universitetet i Tromsø som driv dei norske anlegga som ligg i Tromsø og på Svalbard. Prosjektet, EISCAT-3D, som òg er på ESFRIs vegkart for europeisk forskingsinfrastruktur, arbeider med eit konsept for eit nytt oppgradert radarsamband, men då på fastlandet. Noregs forskingsråd dekkjer årleg kontingent til EISCAT på i underkant av 5 mill. kroner.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over budsjettet til Meteorologisk institutt. Utgifter til Meteorologisk institutt si del av husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir finansierte over kap. 0019 på Svalbardbudsjettet.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard, jf. lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova). Svalbardskattelova gjer Svalbard skatteteknisk til eit eige skatteområde. På Svalbard gjeld to former for skattlegging; lønstrekk og likning. Etter ordninga med lønstrekk skal arbeidsgivaren halde tilbake ein prosentvis del av brutto løn og pensjon som endeleg skatteoppgjer. Anna inntekt enn løn og pensjon vert skattlagt ved likning, etter mange av dei same reglane som gjeld på fastlandet, men med lågare satsar.

På Svalbard blir løn og pensjon skattlagt etter ein sats på 8 pst. opp til 12G, og med 22 pst. for inntekt over 12G. I tillegg kjem trygdeavgift for tilsette som er medlem av den norske folketrygda. Anna inntekt som t.d. kapital- og næringsinntekt vert som utgangspunkt skattlagt med 16 pst.

Det er viktig at skattesystemet på Svalbard er tilpassa forholda på øygruppa og byggjer på løysingar som sikrar konkurransedyktige rammevilkår. Med dette som utgangspunkt er det gjort ei rekkje endringar i skattesystemet for Svalbard dei seinare åra.

Som nemnt tidlegare vart dei seinaste justeringane i skattereglane for Svalbard gjort med verknad frå og med inntektsåret 2012, og gjaldt skattlegging av investeringar og aktivitet utanfor Svalbard. Mellom anna for å hindre at det gunstige skattenivået på Svalbard vert utnytta for å spare skatt på avkastning av investeringar som er gjort utanfor Svalbard, og som ikkje gir aktivitet og sysselsetjing på øygruppa, skal selskap med monaleg overskot som ikkje er avkastning av aktivitet eller investering på Svalbard, no skattleggjast etter same skattesats som gjeld på det norske fastlandet (24 pst.) for slike overskot.

Svalbard skattekontor

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard, vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Befolkningsregisteret er administrert av Svalbard skattekontor.

I samband med etableringa av Svalbard miljøvernfond, skal Svalbard skattekontor stå for det praktiske arbeidet med refusjonen av avgifta til fastbuande, sjå omtale under kap. 4.1.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal skattekontoret rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergarter som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til skattekontoret går over svalbardbudsjettet, sjå omtale under kap. 0022 Skattekontoret, Svalbard.

Statistisk sentralbyrå

Utarbeiding av god statistikk er viktig for å kunne gi regjeringa tilstrekkeleg oversikt over den raske utviklinga i svalbardsamfunnet. Som eit ledd i dette blei statistikklova for Svalbard innført i 2007. Statistisk sentralbyrå (SSB) har dei seinare åra prioritert ei styrking av svalbardstatistikken. SSB leiar no statistikkarbeidet gjennom rådgivande utval for svalbardstatistikk. Omfanget av offisiell svalbardstatistikk har dei siste åra auka monaleg, og all ny statistikk blir publisert på ei eiga temaside (www.ssb.no/svalbard). Temasida blir oppdatert jamleg og brukarane får tilgang på eit breitt spekter av statistikk om svalbardsamfunnet frå denne sida. Formidlinga av svalbardstatistikken er òg styrkt ved opprettinga av publikasjonen «Dette er Svalbard».

4.5 Samferdselsdepartementet

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over ei eventuell løyving til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

Avinor AS eig og driv Svalbard lufthamn. Som for resten av dei bedriftsøkonomisk ulønsame lufthamnene Avinor driv, blir underskotet dekt inn ved hjelp av overskot frå dei større, lønsame lufthamnene.

I statsbudsjettet 2016 er det sett av 15 mill. kroner til utgreiing av ny hamneinfrastruktur i Longyearbyen i tråd med Nasjonal Transportplan. Kystverket har fått i oppdrag å vurdere konsept foreslått av Longyearbyen lokalstyre for å oppgradere hamneinfrastrukturen. Kystverkets utgreiing skal etter planen liggje føre i oktober 2016.

4.6 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

Barnevernet

Forskrift av 1. september 1995 nr. 772 om lov om barnevernstenesta på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekning av utgifter til barnevernstiltak for barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Sysselmannen utfører barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernlova med mindre oppgåvene er delegerte til representativt folkevalt organ, jf. § 3 i forskrifta. Longyearbyen lokalstyre utfører barnevernstenesta sine oppgåver etter barnevernlova for Longyearbyen planområde, jf. delegasjonsvedtak frå departementet av 21. desember 2001.

Statleg regional barnevernstyresmakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barn i samsvar med lova § 8-2.

Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barnevernstenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

I 2015 blei det refundert 1,76 mill. kroner til tiltak i barnevernet for barn på Svalbard. Utgiftene er i 2017 estimerte til 1,86 mill. kroner.

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd gjeld òg for personar som oppheld seg på Svalbard og er medlem i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3. Det vart i 2015 utbetalt barnetrygd til om lag 400 barn busette på Svalbard. I 2017 er det venta at utgifter til barnetrygd for barn busette på Svalbard vil utgjere om lag 5,2 mill. kroner over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2017 budsjettert med 0,5 mill. kroner i utgifter til kontantstøtte for barn busette på Svalbard over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Helse Nord RHF har gjennom Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN Tromsø) ansvar for dei offentlege helsetenestene på Svalbard. Dette inneber at Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF – (UNN Longyearbyen). Longyearbyen sjukehus, skal syte for naudsynte helsetenester til dei norske busetjingane på øygruppa. Det vert òg ytt akuttmedisinske tenester til andre som ferdast på øygruppa og havområda omkring. I Barentsburg er det eiga helseteneste, men Longyearbyen sjukehus hjelper til ved behov.

Longyearbyen sjukehus har akuttberedskap 24 timar i døgnet for akutte skadar og sjukdomar som krev observasjon, diagnostikk og behandling. I tillegg blir det utført poliklinisk utgreiing og behandling, og enkelte små og mellomstore kirurgiske inngrep. Sjukehuset har seks senger for innlegging og observasjon. Longyearbyen sjukehus yter òg tenester som kan samanliknast med primærhelsetenesta på fastlandet, mellom anna allmennlegeteneste, jordmor- og helsesøsterteneste og fysioterapiteneste. Sjukehuset har òg tannlegeteneste. Sjukehuset har vidare tilbod om bedriftshelseteneste. Det blir òg ytt tenester innanfor barne- og ungdomspsykiatri av personell som kjem frå UNN Tromsø med jamne mellomrom.

Det akuttmedisinske tilbodet på Svalbard består av medisinsk naudmeldeteneste, omgåande hjelp, ambulanseteneste, redning utanfor veg i samarbeid med frivillige, redningshelikopterteneste organisert via og i samarbeid med Sysselmannen og flyambulanse til fastlandet. Sjukehuset har eit utstrekt samarbeid med UNN Tromsø om mellom anna videobasert akuttmedisinsk konferanse (VAKE) som gjer det mogleg med medisinsk konsultasjon og bistand mellom Longyearbyen sjukehus og UNN Tromsø.

Det blei gjennomført ei nasjonal helseøving i 2014 på Svalbard. Evalueringsrapporten er skriven og arbeidet med å følgje opp denne er i gang.

Helse Nord RHF og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN Tromsø og UNN Longyearbyen) har gjennom sitt syte for-ansvar ansvaret for helsetenestene og helseberedskapen på Svalbard. Oppsummeringar frå til dømes skredulykka i Longyearbyen desember 2015, viser at det er behov for å vurdere nivået på helseberedskapen inkludert den psykososiale beredskapen på Svalbard. Sysselmannen på Svalbard, Longyearbyen lokalstyre (LL), Helse Nord RHF, Universitetslocalhsjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN Tromsø), Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF (UNN Longyearbyen) og andre aktørar bør med bakgrunn i DSB si rapport «Skredulykken i Longyearbyen 19. desember 2015» vurdere kva nivå helseberedskapen skal vere på. Det er òg behov for å tydeleggjere ansvaret til dei ulike aktørane.

Som følgje av behov for større grad av lovregulering for Svalbard på helseområdet, mellom anna når det gjeld regulering av helsepersonell si yrkesutøving, fastsette Helse- og omsorgsdepartementet 22. juni 2015 føresegn om at ei rekkje helselover og -føresegner skal gjerast heilt eller delvis gjeldande for Svalbard og Jan Mayen. Føresegna tok til å gjelde frå 1. oktober 2015.

Hovudformålet med føresegna er å modernisere helselovgivinga for Svalbard og Jan Mayen, og å leggje reguleringa tettare opp til fastlandslovgivinga. Føresegna inneber i stor grad ei lovfesting av allereie gjeldande praksis. Etter føresegna gjeld mellom anna helsepersonellova, helsetilsynslova, smittevernlova, helseberedskapslova og matlova heilt eller delvis for Svalbard. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med helsepersonell og helseteneste på Svalbard. Tilsyn etter matlova og kosmetikklova er lagt til Mattilsynet. Formålet med føresegna har ikkje vore å innføre nye typar tenester eller rettar.

4.8 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Bygg og eigedomar

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedomane i Longyearbyen. I 2016 blei sysselmannsgarden, post- og bankbygget, nokre lagerbygg og bustadane innlemma i staten si husleigeordning i statsbudsjettet på kap. 2445 Statsbygg. Dei andre eigedomane som frå før er innlemma i husleigeordninga, er Kjell Henriksen-observatoriet, Svalbard globale frøkvelv, Svalbard forskingspark, Sysselmannen sitt administrasjonsbygg og Svalbard kyrkje. Det same gjeld dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutt sitt forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund.

4.9 Kulturdepartementet

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard. Alle dei som ønskjer det, skal ha tilgang til Svalbard kyrkje som er døgnopen året rundt. Kyrkja sitt oppdrag på Svalbard vil ikkje verte endra som følgje av at Den norske kyrkja vert eit sjølvstendig rettssubjekt frå 2017.

I Longyearbyen er meir enn 30 nasjonar representerte i befolkninga eller som studentar ved Universitetet på Svalbard (UNIS). Den polske forskarstasjonen i Hornsund får betening frå katolsk prest, med tilrettelegging frå Svalbard kyrkje. Det er ei målsetjing at busetjinga i Barentsburg skal få tenester av den russiskortodokse kyrkja. Soknepresten i Svalbard kyrkje besøker òg Barentsburg ved ulike høve.

Kyrkja på Svalbard utfører tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel og sjelesorg, i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av tilsette og frivillige.

Aktiviteter

2006

2014

2015

Forordna gudsteneste

51

50

53

Gjennomsnittleg deltakartal pr. gudsteneste

53

65

60

Tal på andre gudstenester

9

54

63

Tal på kulturarrangement

8

26

22

Besøkstal

1

26 066

30 721

1 Teljinga tok til i 2009 med 13 123 besøkande.

Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar. Peisestova er òg senter for pårørande ved ulykker og katastrofar. I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

Måla som er sette for Den norske kyrkja i Prop. 1 S (2016–2017) frå Kulturdepartementet, gjeld òg for Svalbard kyrkje så langt dei passar.

Svalbard Museum

Svalbard museum er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er innlemma i det nasjonale museumsnettverket. I tillegg til løyvinga over svalbardbudsjettets kap. 0004 Svalbard Museum vert det òg tildelt midlar til Svalbard museum over Kulturdepartementets kap. 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard museum får i forslaget til statsbudsjett for 2017 ei løyving på 1,81 mill. kroner over Det nasjonale museumsnettverket.

Nordnorsk Kunstmuseum

Nordnorsk Kunstmuseum opna ein ny formidlingsarena, kalla Kunsthall Svalbard, på Svalbard i 2015. Den nye formidlingsarenaen er lokalisert saman med Svalbard Museum. Kulturfeltet kan gi viktige bidrag til reiselivet i Longyearbyen, både i form av kulturkompetanse og kulturelt innhald i reiselivsprodukt.

Anna tilskot

På Kulturdepartementets budsjett for 2017 er det sett av 160 000 kroner til kulturtiltak på Svalbard over kap. 325 Allmenne kulturformål, post 78 Ymse faste tiltak. Tilskotet blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre (LL).

Regjeringa har foreslått å løyve 1,5 mill. kroner over Kulturdepartementets budsjett til mellom anna eit residensprogram for kunstnare i tilknytning til Kunsthall Svalbard. Residensprogrammet har som mål å kunne trekke kunstnarar til Svalbard, samstundes som dette vil skape auka aktivitet rundt kunsthallen og lokalmiljøet. Løyvinga inngår på kap. 325, post 78 Ymse faste tiltak – artica Svalbard, der Regjeringa har foreslått eit tilskot på totalt 2,5 mill. kroner til prosjektet artica Svalbard.

Svalbardposten får mediestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til nyhende- og aktualitetsmedium. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før oktober same året. Svalbardposten fekk 479 867 kroner i produksjonstilskot i 2015.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2017

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2015, vedteke budsjett for 2016 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2017. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Utgifter

444 650

450 915

461 012

Inntekter

185 073

148 024

142 044

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

0001

Tilskot til Svalbard kyrkje

4 473

4 680

5 234

11,8

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

169 210

158 405

151 536

-4,3

0004

Tilskot til Svalbard Museum

11 600

11 924

12 250

2,7

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

50 096

52 478

64 616

23,0

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

169 877

193 640

198 500

2,5

0007

Tilfeldige utgifter

2 155

1 500

1 400

-7,1

0009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 3009)

1 928

1 917

1 975

3,0

0011

Direktoratet for mineralforvaltning med Bergmeisteren for Svalbard

1 631

1 645

1 800

9,4

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

3 340

3 432

3 520

2,6

0018

Navigasjonsinnretningar

5 827

6 700

7 200

7,5

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

6 934

7 098

7 120

0,3

0020

Statsbygg, Svalbard (jf. kap. 3020)

14 016

3 811

2 061

-45,9

0022

Skattekontoret, Svalbard (jf. kap. 3022)

3 562

3 685

3 800

3,1

Sum kategori 06.80

444 650

450 915

461 012

2,2

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

01-23

Driftsutgifter

256 113

275 654

287 072

4,1

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

2 232

0

0

50-58

Overføringar til andre statsrekneskapar

3 340

3 432

3 522

2,6

70-89

Overføringar til private

182 965

171 829

170 420

-0,8

Sum under departementet

444 650

450 915

461 012

2,2

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2015

Saldert budsjett 2016

Forslag 2017

Pst. endr. 16/17

3005

Sysselmannen (jf. kap. 0005)

4 159

2 900

2 900

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 0006)

96

0

0

-

3009

Kulturminnetiltak (jf. kap. 0009)

0

0

0

-

3020

Statsbygg Svalbard (jf. kap. 0020)

6 017

0

0

-

3022

Skattekontoret Svalbard (jf. kap. 0022)

280

280

280

-

3030

Skattar og avgifter

174 520

144 844

138 864

-4,1

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

261 530

302 891

318 968

5,3

Sum kategori 06.80

446 603

450 915

461 012

2,2

Til forsida av dokumentet