Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Prop. 121 LS (2015–2016)

Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Til innhaldsliste

18 Omtale av oppmodingsvedtak om tiltak mot svart arbeid

Stortinget fremja i Dok 8:7 S (2014–2015), Innst. 218 S (2014–2015) og Stortingets vedtak 28. april 2015 oppmodingsvedtak 513–515 om tiltak for å styrkje kampen mot svart arbeid. I meld. St. 15 (2015–2016) orienterte regjeringa om at det ville bli rapportert til Stortinget om forslag til aktuelle oppfølgingspunkt våren 2016. Status for arbeidet med vedtaka er som følgjer:

Vedtak nr. 513 «Stortinget ber regjeringen utrede om Skatteetaten kan få bedre muligheter til å innhente relevant informasjon og sikre bevis, blant annet gjennom beslag.»

Skatteetaten har i dag vide og robuste kontrollheimlar i arbeidet med å fastsetje, kontrollere og krevje inn skattar og avgifter. Når det er behov for bruk av tvangsmiddel, til dømes gjennom ransaking og beslag, må likevel skattestyresmaktene be om bistand frå politiet.

Dersom Skatteetaten skal ha eigne heimlar for bruk av tvangsmiddel er det behov for en prinsipiell vurdering av rollefordelinga mellom politiet og Skatteetaten, då slike arbeidsoppgåver vil flytte grensesnittet mellom politiet og forvaltninga si rolle ved nedkjemping av kriminalitet. Vidare er det viktige spørsmål om Skatteetatens ressurssituasjon og kompetanse for denne type oppgåver som må avklarast. Skattedirektoratet er som følgje av oppmodingsvedtaket i gong med å utgreie spørsmåla og er venta å gjere ei vurdering av om dette er noko ein ønskjer å gå vidare med innan utgangen av 2016.

Vedtak nr. 514 «Stortinget ber regjeringen utrede forslag som kan gi Skatteetaten bedre mulighet til å dele informasjon, som for eksempel ileggelse av skjerpet tilleggsskatt og manglende levering av selvangivelse, med andre offentlige etater, for å bekjempe svart virksomhet.»

Ei styrking av informasjonsdelinga mellom offentlege etatar er eit prioritert tiltak i regjeringa sin strategi mot arbeidslivskriminalitet. Forslaget i oppmodingsvedtaket passer derfor godt inn i denne strategien. Som ein viktig del av dette arbeidet blei det den 1. desember 2015 framlagt ein «Nasjonal veileder for informasjonsdeling mellom kontrolletatane, politiet og private for åbekjempe kriminalitet». Rettleiaren skal leggje til rette for ei styrkt informasjonsdeling mellom kontrolletatane og inneheld blant anna ein gjennomgang av kva slags informasjon som kan delast, og forslag til korleis ein kan gå fram for å vurdere om informasjon kan delast. Det blei samtidig utarbeida ein rapport med konkrete forslag til kva for nokre lover som bør vurderast med tanke på å leggje til rette for økt utveksling av informasjon mellom etatane. Skattedirektoratet og Politidirektoratet er bedne om å vurdere endringsforslaga i forbindelse med opprettinga av Nasjonalt tverretatleg senter for etterretning og analyse og i første omgang komme tilbake med ein endeleg plan for det vidare arbeidet innan 1. juni 2016.

Vedtak nr. 515 «Stortinget ber regjeringen utrede om skatteattesten kan bedres, slik at skatteattestene blir gyldige i sanntid og dermed blir et bedre virkemiddel i arbeidet mot svart virksomhet.»

Regjeringa er einig i at skatteattesten bør vise dei sist tilgjengelege tala, når dei blir brukte som grunnlag for blant anna offentlege anskaffingar. Skattedirektoratet har derfor innført eit system for bestilling av skatteattest i Altinn der det kan hentast ut skatteattester som er gyldige i sanntid, ved at dei viser status den aktuelle dagen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet