Prop. 125 S (2020–2021)

Endringar i kostnadsrammer for samlokaliseringsprosjektet ved Campus Ås

Proposisjonen inneheld framlegg om auke i kostnadsramma for samlokaliseringsprosjektet for Norges miljø- og biovitenskapelige universitet og Veterinærinstituttet ved Campus Ås. Det vert gjort framlegg om å auke kostnadsramma for byggjeprosjektet med 150 mill. kroner til 8 500 mill. kroner, og kostnadsramma for brukarutstyrsprosjektet med 25 mill. kroner til 1 245 mill. kroner. Koronapandemien har forseinka framdrifta og auka kostnadane for byggjeprosjektet. Utstyr som vert produsert i utlandet er forseinka. Utanlandske leverandørar vert råka av krav om karantene eller forbod mot innreise. Prosjektet har dels leigd inn norske leverandørar for å gjere arbeidet ferdig. Krav til auka avstand på byggjeplassen gjer og at prosjektet tek lengre tid. Auke i kostnadsrammene er naudsynt for å gjere prosjektet ferdig. Innflyttinga i dei nye bygga byrja i desember 2020 og held fram mot sommaren. Regjeringa kjem attende i Revidert nasjonalbudsjett 2021 med framlegg om finansiering av kostnadane.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget