Prop. 165 L (2016–2017)

Lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova)

Justis- og beredskapsdepartementet føreslår ei ny lov om våpen, skytevåpen, våpendelar og ammunisjon (våpenlova). Lovframlegget vil avløyse våpenlova frå 1961 og lovfestar sentrale reglar som i dag er fastsett i forskrift, som mellom anna reglane for erverv av skytevåpen til jakt, sportsskyting og samling. Lovframlegget vil også implementere EU sitt reviderte våpendirektiv, som Noreg er bunden av gjennom Schengen-samarbeidet. I lovframlegget er det mellom anna føreslått å gje eit forbod mot halvautomatiske rifler som opphavleg er konstruert for heilautomatisk funksjon eller for militæret eller politiet, med unnataksreglar på strenge vilkår for mellom anna våpensamlarar og einskilde sportsskyttarar. Forbodet skal også gjelde for allereie tildelte våpenløyve. Justis- og beredskapsdepartementet sitt arbeid med lovframlegget har vore tufta på framlegga frå NOU 2011:19 Ny våpenlov. Gjennomgang av gjeldende våpenlovgivning og forslag til ny våpenlov.

Les dokumentet

Digitalt vedlegg:

Følg proposisjonen på Stortinget