Prop. 18 S (2015–2016)

Endringar i statsbudsjettet 2015 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

1 Føremål og hovudoversikt

1.1 Føremål

I denne proposisjonen legg regjeringa fram forslag om endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2015. Siktemålet er å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2015 vart vedteke.

På grunn av den komplekse samansetjinga av kapitla, med svært variable storleikar, er omgrupperingsproposisjonen eit naudsynt verkty for å sikre god økonomistyring i forsvarssektoren. Tiltak for å møte endringar i føresetnadene som oppstår i gjennomføringsåret, er såleis handsama samla og formaliserte på rett måte. Regjeringa er oppteken av å halde omfanget av omgrupperingane på eit så lågt nivå som mogleg, samstundes som at kravet om realistisk budsjettering er handsama.

Omgrupperingsproposisjonen for 2015 tek føre seg naudsynte budsjettekniske endringar. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2015 og tilleggsløyvingar. Det er òg føreslått ein reduksjon på løyvingane som følge av utsette utbetalingar på prosjektet for nye kampfly. Totalt utgjer omgrupperinga for 2015 ein reduksjon i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 816,280 mill. kroner. Reduksjonen er ikkje reell, då dei reduserte midlane til kampflyanskaffing er foreslått løyva ekstra på budsjettet for 2016. I tillegg føreslår regjeringa å auke ei bestillingsfullmakt.

1.2 Tilleggsløyvingar

Etablering av prosjektkontor i Linderud leir

Forsvarsdepartementet ved Forsvarsbygg har behov for å auke kapasiteten i samband med nyprosjektering. Det er derfor foreslått i 2015 å etablere eit eige prosjektkontor i eigna lokalar på Linderud leir. Dette medfør ei meirutgift på 5,000 mill. kroner i 2015. Midlane for 2015 skal brukast mellom anna til arealmessige tilpassingar og kabellegging for teknisk utstyr.

Det er på denne bakgrunnen føreslått at forsvarsramma på kap. 1710, post 01, vert auka med 5,000 mill. kroner i 2015.

1.3 Midlar i 2015 vert førte tilbake – Kampflyanskaffingar

I Prop. 1 S (2015–2016) er det foreslått å auke løyvinga til kampflyanskaffingar i 2016 med 1 100,000 mill. kroner basert på at forventa utbetalingar i 2015 er utsett til 2016. Som følge av dette vert den føreslåtte løyvinga på kap. 1761, post 45, for 2015 redusert tilsvarande med 1 100,000 mill. kroner. Dette blir såleis ein teknisk reduksjon sett mot auka i 2016.

1.4 BA-prosjekt til godkjenning

Stortinget har, gjennom behandlinga av Innst. 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedtatt å etablere ein kampflybase på Ørland hovudflystasjon og ein framskoten operasjonsbase ved Evenes. Vidare er det vedtatt å flytte Luftforsvaret si styrkeproduksjon knytt til luftvern og basesett til Ørland. Endringane inneber at det er behov for å tilpasse tilbodet av bustad og kvarter til befal og mannskap på Ørland. Ei kartlegjing av status og framtidig behov visar at det er eit behov for å auke talet på befalskvarter med om lag 150 boeiningar. Opptrappinga av tilbodet av kvarter vert gjennomført i fleire trinn, tilpassa personellplanen for Luftforsvaret ved Ørland hovudflystasjon samt tilgjengelege investeringsmidlar for eigedom, bygg og anlegg. Trinn 1 vert planlagt ferdig i løpet av 2017. Øvrige kvarterbehov vert planlagt ferdig i løpet av 2020.

Prosjekt Ørland – befalskvarter trinn 1 omfattar bygging av ei forlegning med til saman 50 nye kvarter i nærleiken av eksisterande befalskvarter og messe på Ørland hovudflystasjon. Prosjektet er viktig for å føre vidare Ørland hovudflystasjon som ein framtidsretta og attraktiv arbeidsplass. Løysinga baserast på gjenbruk av byggeprosjekt under gjennomføring på Bardufoss og Setermoen for å halde prosjekteringskostnadane låge.

Den anbefalte kostnadsramma for prosjektet, inkludert nødvendig innreiing, er på 110,000 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetning for usikkerheit. Prosjektets styringsramme er på 94,500 mill. kroner.

1.5 Grunnlaget for omgrupperinga

1.5.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedteke budsjett for 2015, midlar overførte frå 2014 og seinare endringar gjorte av Stortinget. Det er òg teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2015.

Tabell 1.1 Faktisk løyving på utgiftssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000-kroner):

Saldert budsjett 2015

43 787 866

Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB)

342 067

Innst. 357 S (2014–2015) til Prop. 133 S (2014–2015) Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap («soldatproposisjonen»)»

1 032

Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015

99 270

= Faktisk løyving før omgruppering

44 230 235

+ Midlar overførte frå 2014

2 433 748

= Disponible midlar i 2015 før omgrupperinga

46 663 983

Tabell 1.2 Disponibel løyving på inntektssida, før omgruppering 2015, kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Saldert budsjett 2015

5 604 470

Innst. 360 S (2014–2015) til Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2015 (RNB)

287 727

= Løyvingar før omgruppering

5 892 197

1.5.2 Inntekter i 2015

I høve til saldert budsjett for 2015, med dei seinare endringane gjorte av Stortinget, er ei meirinntekt på 278,720 mill. kroner. Det same beløpet er føreslått lagt til utgiftsida. Den budsjettmessige verknaden på utgiftssida av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015 er 99,270 mill. kroner. På inntektssida er verknaden i 2015 på 6,937 mill. kroner. Desse midlane vart fordelte i samband med lønsoppgjeret. Meirinntektene medfører ein parallell auke av utgiftsramma til Forsvaret, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt i Prop. 1 S (2014–2015) under romartalsvedtak II. Auken på inntekts- og utgiftssida er innarbeidd og beskriven i detalj under pkt. 2 under.

1.5.3 Løyvingsbehov

Tala i tabellane nedanfor syner løyvingsbehov knytte til omgrupperinga for 2015.

Tabell 1.3 Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1 000 kroner):

Auke på utgiftssida på grunn av meirinntekter førte til utgiftssida

278 720

Tilleggsløyvingar

5 000

Midlar i samband med kampflyanskaffingar vert førte tilbake

-1 100 000

= Sum behov ved omgrupperinga

-816 280

+ Løyvingar før omgrupperinga

44 230 234

= Samla løyvingar etter omgrupperinga

43 413 954

+ Midlar overførte frå 2013

2 433 748

= Samla disponible midlar i 2013 etter omgrupperinga

45 847 702

Tabell 1.4 Løyvingsbehovet på inntektssida i samband med omgrupperingsproposisjonen er slik (i 1000 kroner):

Meirinntekter

278 720

+ Budsjettmessige verknader av lønsoppgjeret i det statlege tariffområdet i 2015

6 937

= Sum behov ved omgrupperinga

285 657

+ Løyvingar før omgrupperinga

5 892 197

= Løyvingar etter omgrupperinga

6 177 854

På bakgrunn av dette føreslår regjeringa under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 816,280 mill. kroner, og at inntektsramma vert auka med 285,657 mill. kroner.

Til forsida av dokumentet