Prop. 7 L (2017–2018)

Endringar i lov om pensjonstrygd for sjømenn, trygderettslova, folketrygdlova og einskilde andre lover (Samleproposisjon hausten 2017)

I proposisjonen foreslår regjeringa å avvikle grunnfondet i pensjonstrygda for sjømenn og overføre midlane til reguleringsfondet. Regjeringa foreslår vidare endringar i forskotteringslova og i folketrygdlova som følgjer av forslag som er fremja i Prop. 1 S (2017-2018). Vidare innheld proposisjonen forslag om endringar i trygderettslova, folketrygdlova, arbeidsmiljølova og arbeids- og velferdsforvaltningslova, som mellom anna inneber feilrettingar og endringar av meir teknisk karakter.

Les dokumentet

Følg proposisjonen på Stortinget