Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Regionanes tilstand. 50 indikatorar for vekstkraftige regionar

Østlandsforskning august 2004

Ny rapport om det regionale Noreg gir eit nyansert bilde av omgrepet ”regional vekstkraft". Rapporten er skriven som eit fakta- og analysegrunnlag til arbeidet med ei ny stortingsmelding om regionalpolitikken. (02.09.2004)

Rapport

Regionanes tilstand. 50 indikatorar for vekstkraftige regionar

”Regionenes tilstand. 50 indikatorer for vekstkraftige regioner” er laga av Østlandsforskning, i samarbeid med NIFU, Civitas og Høgskolen i Lillehammer, på oppdrag for Kommunal- og regionaldepartementet. Rapporten er skriven som eit fakta- og analysegrunnlag til arbeidet med ei ny stortingsmelding om regionalpolitikken

Forskar og professor i geografi, Tor Selstad, er hovudforfattar og har leia arbeidet med å utvikle fem indeksar for å måle kor robuste, livskraftige, kompetente, konkurransedyktige og tilgjengelege norske regionar er. Utredninga har kartlagd mange av dei ressursane, både økonomiske og menneskelege, som den regionale utviklinga og politikken må ta utgangspunkt i. Kartlegginga gir til dømes grunnlag for å vurdere kva senterstrukturen og senterstorleik har å seie for evna til å tåle opp- og nedgangstider, korleis jobbskaping varierar mellom regionar og korleis befolkningsutviklinga ser ut både i sentrale og mindre sentrale deler av landet, ut frå nøkkeldata som fertilitet, alder og flytting.

Østlandsforskning brukar ei inndeling av landet i 89 såkalla økonomiske regionar, utvikla av Statistisk Sentralbyrå og basert på informasjon om pendling og handelsreiser. Inndelinga kryssar ikkje fylkesgrenser, og det er alltid minst to kommunar i ein region. Dette gjer at inndelinga i nokre tilfelle blir større eller mindre enn det dagleg pendling faktisk dekker.

NB! Alle filene er publiserte i PDF-format. Filene er store og tar lang tid å henta ned.

Rapporten kapittelvis

  1. Forord
  2. Fra gammelt til nytt regionalpolitisk regime.
  3. Begreper om vekstkraftige regioner: Robuste, livskraftige, konkurransedyktige!
  4. Robuste byregioner.
    - Tabellvedlegg
  5. Menneskelige ressurser gir livskraftige regioner.
    - Tabellvedlegg
  6. Regional spesialisering i konkurransedyktige klynger.
    - Tabellvedlegg
  7. Infrastrukturer for regional tilgjengelighet.
    - Tabellvedlegg
  8. Kompetente og konkurransedyktige regioner.
    - Tabellvedlegg
  9. Bosetting i alle landsdeler – og regioner?
  10. Regionale særtrekk – ulike kompetansebehov .
  11. Vekstkraftige regioner i polysentriske rom.
    - Tabellvedlegg

Utdrag