Rundskriv N-1/2006

Endringar i forskrift om yrkestransport med motorvogn eller fartøy (yrkestransportforskriften)

SAMFERDSELSDEPARTEMENTET
Rundskriv N- 1/2006

Fylkeskommunane, samferdselsavdelingane
Oslo kommune, samferdselsetaten
Norges Lastebileier-Forbund
Norges Taxiforbund
Norsk Turbileierforbund
Norsk Transportarbeiderforbund
Transportbedriftenes Landsforening
Statens vegvesen, Vegdirektoratet

23.02.2006

Sak: 04/1240

ENDRINGAR I FORSKRIFT OM YRKESTRANSPORT MED MOTORVOGN ELLER FARTØY (YRKESTRANSPORTFORSKRIFTEN)

Samferdselsdepartementet har 8. februar 2006 fastsatt endringar i yrkestransportforskriften i samsvar med vedlagte endringsforskrift. Endringane trer i kraft frå 1.april 2006.

Desse endringane er vedtatt :

1)

I forskrifta § 3, første ledd er styresmakt for fylkesoverskridande ruter (ekspressbussar) delegert frå departementet til den fylkeskommune kor løyvesøkjaren har foretningsadresse dersom ruta gjeld dette fylket. Dersom søkjar ikkje er heimehørande i eitt av fylka som ruta gjeld, handsamast søknaden av den fylkeskommunen kor ruta har sitt endepunkt, eller den fylkeskommune kor ruta kan rekna å få hovedvekta av sitt trafikkgrunnlag. Ved usemje mellom fylka om kven som skal være styresmakt vert avgjersle om dette teken av departementet.

Bakgrunnen for delegeringa av styresmakt er at fylkeskommunane allereie i dag står for store deler av sakshandsaminga og at erfaringa med dette arbeidet er så godt at det er rimeleg at fylkeskommunen får sjølvstendig styresmakt. Elles er det ei føremon at eventuelle klager over eit løyvevedtak vil kunne gå til departementet og ikkje til Kongen i statsråd som etter gjeldande forskrift.

Det er elles presisert at det elles for behovsprøvde løyver (drosje, selskapsvogn eller transport for funksjonshemma) er den fylkeskommune der verksemda skal drivast som er løyvestyresmakt når verksemda skal drivast i anna fylke enn der søkjaren er heimehøyrande.

Vidare er departementet i forskrifta § 3, andre ledd gitt høve til å fastsetje retningsliner for utøvande styring.

2)

Ved ein inkurie vart kravet om garanti for persontransport med fartøy i rute ved endringa i yrkestransportforskrifta frå og med 1.april 2005 utelatt. Dette er no retta opp gjennom forskriftendring i § 7, andre ledd.

3 )

ESA har påpeikt at vi i forskrifta § 8 om faglege kvalifikasjonar ikkje har vist til supplerande endringsdirektiver 98/76 EF og 04/66. Dette er no retta opp og flytta frå § 8, først ledd til § 8 andre ledd. Begge direktiva gjeld innhaldet i den faglege kompetansen som krevst for lastebil og buss. Dei krava som går fram av rundskriv N-4/2002, e r i samsvar med direktiva. Endringa er såleis av formell karakter.

4)

Den tidlegare regelen i § 28 om rapportering til Rutebok for Norge ga ikkje den naudsynte heimel for å tilpasse rapporteringa til dagen og framtida sine teknologiske løysingar for informasjon. Endringa i § 28, tredje ledd og opphevinga av § 28, fjerde ledd gir difor departementet høve til å kunne fastsetje retningsliner for kva ruteplan for personruter skal innehalde i framtida og korleis ein skal kunngjere denne informasjonen. Som retningsliner inntil vidare vert det fastsett at kunngjering av ruter mv. skal skje på same måte som før i samsvar med den tidlegare regelen i § 28, tredje og fjerde ledd .

5)

Det var tidlegare ingen krav som sikra kommunikasjon mellom elektroniske billettsystemer. ­Departementet ønskjer å ha moglegheit til å setje krav til at systema skal kunne få ei utforming slik at billetter (det elektroniske reise-kortet) utferda i eit fylke, også teknisk sett kan verte nytta i andre fylker. Bakgrunnen er eit ønske frå regionale myndigheter og NSB om at det blir etablert ein nasjonal standard for elektroniske billettsystemer. Forskriften § 30 andre ledd gjer no høve til å fastsetje slike krav til billettsystem.

Departementet har med heimel i forskrifta fastsett Vegdirektoratet si handbok 206 Elektronisk billettering ,del 3 som standard. Vegdirektoratet vil ha ansvaret for å følgje opp dette. Der kor det vert etablert nytt elektronisk billettsystem, eller gjort vesentlege endringar av eksisterande system skal dette leggjast fram for Vegdirektoratet for godkjenning.

Dei aktuelle endringane av forskrifta følgjer vedlagd.

Med helsing

Arnfinn Øen (e.f)

Edgar Grønfur

Vedlegg