Rundskriv om kommunelova og lov om interkommunale selskap. Brev frå departementet i tida etter 1. juli 2006

- H-02/09

Føremålet med dette rundskrivet er å gi informasjon om tolkingar etter kommunelova og lov om interkommunale selskap frå Kommunal- og regionaldepartementet. Fråsegnene er i hovudsak svar frå departementet på førespurnader frå kommunar og fylkeskommunar i tida etter 1. juli 2006.

I Innleiing

Føremålet med dette rundskrivet er å gi informasjon om tolkingar etter kommunelova og lov om interkommunale selskap frå Kommunal- og regionaldepartementet. Fråsegnene er i hovudsak svar frå departementet på førespurnader frå kommunar og fylkeskommunar i tida etter 1. juli 2006.

Departementet vil understreke at kommunar og andre som nyttar kommunelova eller lov om interkommunale selskap til løysing av einskildsaker, har eit sjølvstendig ansvar for å nytte reglane og treffe vedtak etter eiga vurdering. For å gjere tilgangen til stoffet enklare, har departementet nøgd seg med å utarbeide korte omtaler av breva og dei vurderingane som er gjort.

Vi ber om at kommunane og fylkeskommunane, dersom dei finn saker som dei meiner har relevans for eigne saker, les breva i fulltekst. Det er lagt inn elektroniske lenker til alle dei sakene som er omtala.

Kommunal- og regionaldepartementet har gitt ut tolkingsrundskriv også tidlegare år, sjå H-30/94, H-17/96, H-13/98, H-3/00, H-15/01, H-03/02, H-15/03, H-9/04, H-19/05 og H-02/06. Desse rundskriva finst på www.regjeringen.no/krd, sjå menyen "kommune- og fylkesforvaltning" og peikaren "kommunejuss".

II Innhaldsoversikt

Kapittel Tittel
1 Kommunestyre, formannskap og andre folkevalde organ
2 Ordførar og varaordførar
3 Delegering frå folkevald organ
4 Valbarheit og fritak frå verv
5 Parlamentarisk styreform
6 Administrasjonssjefen sine fullmakter og ansvar
7 Arbeidstakarane si medverknad etter kommunelova
8 Interkommunalt samarbeid 
9 Opne og lukka møte
10 Saksbehandlinga i folkevalde organ. Rettar og plikter
for folkevalde
11 Val til formannskap og faste utval mv.
12 Habilitetsreglene i kommunelova
13 Økonomireglane
14 Revisjon og kontrollutval
15 Lovlegskapskontroll
16  Kommunale og fylkeskommunale føretak
17  Lov om interkommunale selskap

III Brev frå departementet

I. Kommunestyre, formannskap og andre folkevalde organ

Spørsmål om ein i fylkestinget kan representere ei anna liste enn ein er valt inn på
Sak 06/2638 (pdf-format) 

Saka gjaldt spørsmål om det var i strid med kommunelova at ein representant i fylkestinget, som var valt inn under eit bestemt parti, men som seinare vart medlem av eit anna parti, vart sett inn som medlem av fylkestingsgruppa til det andre partiet når fylkestinget vart konstituert. Departementet meinte at lova ikkje kan tolkast slik at det er noko forbod mot at ein som skifter partistandpunkt under valperioden går inn som fullverdig medlem av eit anna parti.

Møte- og talerett i kommunestyrekomitear
Sak 07/817 Kommunelova §§ 10 a og 23 (pdf-format)

Det vart reist spørsmål om eit parti i kommunestyret som ikkje hadde plass i ein kommunestyrekomite etter § 10 a, kunne få rett til å peike ut ein representant med møte- og talerett i komiteen. Departementet uttala at det ikkje vil vere i samsvar med føresegnene i kommunelova å gi andre enn kommunestyremedlem fast møte- og talerett i kommunstyrekomiteane.

Om val mellom ulike komitear for kommunestyret
Sak 07/2416 Kommunelova §§ 10 og 10 a (pdf-format)

Departementet omtala skilnaden mellom komitemodellen etter kommunelova § 10 a og ad-hoc komitear etter § 10 nr. 5. Komitear etter kommunelova § 10 a er saksførebuande organ for kommunestyret som ikkje kan ha andre medlemer enn faste kommunestyrerepresentantar. I såkalla ad-hoc komitear etter § 10 nr. 5 kan andre enn kommunestyremedlemer delta, og dei kan og få avgjerdsmynde i einskildsaker.

2. Ordførar og varaordførar

Ordførar som rettsleg representant for kommunen
Sak 07/752 Kommunelova § 9 tredje ledd (pdf-format)

Departementet uttala seg om kva mynde ein ordførar har som rettsleg representant for kommunen i kontrakt- og avtaleforhold etter kommunelova § 9 tredje ledd, og om kva kompetanse kommunestyret har til å delegere denne kompetansen til andre enn ordføraren.

3. Delegering frå folkevalde organ

(ingen aktuelle saker i perioden)

4. Valbarheit og fritak frå verv

(ingen aktuelle saker i perioden)

5. Parlamentarisk styreform

(ingen aktuelle saker i perioden)

6. Administrasjonssjefen sine fullmakter og ansvar

Spørsmål om myndigheit for administrasjonssjefen dersom kommunestyret treffer eit lovstridig vedtak
Sak 06/1952 kommunelova § 59 nr. 5 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om korleis administrasjonssjefen skal stelle seg dersom kommunestyret har fatta eit vedtak i strid med lova. Departementet la til grunn at administrasjonssjefen må kunne bringe vedtaket inn for lovlegskapskontroll etter kommunelova § 59 nr. 5, og at spørsmålet om oppsetjande verknad ev. må avgjerast av fylkesmannen.

7. Arbeidstakarane si medverknad etter kommuneloven

 (ingen aktuelle saker i perioden)

8. Interkommunalt samarbeid

(ingen aktuelle saker i perioden)

9. Opne og lukka møte

Om kontrollutvalet har tilgang til lukka møte i kommunestyret
Sak 07/1895 kommunelova § 77 (pdf-format)

Saka reiste spørsmål om retten for kontrollutvalet til å vere til stades i kommunestyremøta når  kommunestyret hadde vedteke å lukke dørene. Departementet meinte at kontrollutvalet ikkje har ein direkte rett til å vere til stades i eit lukka møte i kommunestyret, og at dette vil vere avhengig av samtykkje frå kommunestyret.

10. Saksbehandling i folkevalde organ. Rettar og plikter for folkevalde

Fjernmøter og skriftleg saksbehandling for kontrollutvalet
Sak 06/1391 Kommunelova § 30 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om høvet for kontrollutvalet i kommunen til å vedta at ei sak skal behandlast ved fjernmøte eller ved skriftleg saksbehandling. Departementet la til grunn at kontrollutvalet er omfatta av dei same reglane som andre folkevalde organ på dette punktet, jf. kommunelova § 29 nr. 2.

Om kva slags utgifter og inntektstap som gir rett til erstatning som fylgje av verv i folkevald organ
Sak 06/2260 Kommunelova §§ 40 nr. 1 andre ledd og 41 nr. 2 (pdf-format)

Departementet uttala seg om tapsdekning i samband med naudsynt fråver pga. møteplikt i folkevald organ, og la til grunn at dersom fråveret til den folkevalde ikkje vart rekna som naudsynt, kan ein gjere ei konkret vurdering av om inntektstapet eller utgiftene likevel skal erstattast etter kommunelova § 41 nr. 2.

Om arbeidsgodtgjering til fylkespolitikar
Sak 07/3014 Kommunelova § 42 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om godtgjering til fylkespolitikar som fekk full løn frå arbeidsgjevar medan ho deltok på møter i samband med vervet. Departementet uttala at det er ein føresetnad at godtgjeringa gir ein rimeleg kompensasjon for arbeidet som fylgjer med vervet, og at ein ikkje kan redusere godtgjeringa ut frå at den folkevalde får ordinær løn frå arbeidsgjevaren den tida møta varer.

11. Val til formannskap og faste utval mv.

(ingen aktuelle saker i perioden)

12. Habilitetsreglane i kommunelova

Spørsmål om inhabilitet for ordførar
Sak 06/2162 Kommunelova § 40 nr 3 b (pdf-format)

Saka reiste spørsmål om ein ordførar kunne vere saksbehandlar og gi innstilling i einskildsaker til formannsskap og kommunestyre, utan å vere inhabil når saka vart behandla politisk. Departementet viste til at kommunelova § 40 nr. 3 b om inhabilitet gjeld dei tilsette i kommunen. Departementet peika på at det prinsipielle skiljet mellom politikk og administrasjon som ligg til grunn for kommunelova tilseier at det må vere tydeleg kva som er utarbeidd av administrasjonen, og kva som er innspel frå ordføraren når ei sak skal behandlast av eit folkevald organ.  
 

13. Økonomireglane

Endringar i budsjettet gjennom året
Sak 07/1904 Kommunelova § 47 (pdf-format) 

Departementet uttala seg om avvik frå årsbudsjettet og endringar i årsbudsjettet, jf. reglane i kommunelova § 47 nr. 2 og 3 og i forskrift om årsbudsjett § 6. Departementet meinte mellom anna at det ikkje er i tråd med kommunelova eller budsjettforskrifta å leggje opp til på førehand at kommunestyret ikkje behandlar større avvik som oppstår gjennom året.

Behandling i kommunen av særrekneskap for kommunal verksemd
Sak 06/1092 Kommunelova § 48 (pdf-format)

Departementet uttala seg om særrekneskap for kommunal verksemd (som ikkje er organisert som kommunalt føretak) som driv omsetnad og produksjon av energi. Departementet meinte mellom anna at kommunestyret må vedta særrekneskapen etter innstilling frå formannskapet, og at kontrollutvalet må uttale seg om særrekneskapen før det vert vedteke av kommunestyret.

Finansforvaltning – investering i pensjonsordning
Sak 07/524 Kommunelova § 52 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om val av forvaltning av pensjonsmidlane som eigen investeringsportefølje fall inn under reglane i kommunelova om finansforvaltning. Departementet meinte at kommunelova § 52 med forskrift regulerer forvaltninga av midlane til kommunen, og ikkje forvaltninga av pensjonsmidlar.

Berekning av minste lovlege avdrag
Sak 07/1104 Kommunelova § 50 nr. 7 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om kva verdiar og prinsipp som skulle ligge til grunn ved berekning av minste lovlege avdrag etter kommunelova § 50 nr. 7. Departementet uttala seg om ulike problemstillingar knytt til dette. 

Om lovlege låneføremål
Sak 07/222 Kommunelova § 50 (pdf-format)

Departementet uttala seg om eigendelen ved flaumsikringstiltak kunne reknast som
eit lovlig låneføremål etter kommunelova § 50 nr. 1. Departementet si vurdering var at eigendelen i denne saka kunne finansierast med lån.
 

14. Revisjon og kontrollutval

Om val av medlem til og samansetjing av kontrollutvalet
1) Sak 07/2541 Kommunelova § 77 nr. 1 og 2 (pdf-format)

Saka reiste spørsmål om tilfelle der alle medlemene i kommunestyret hadde verv som gjorde at dei ikkje kunne veljast som medlem til kontrollutvalet. Departementet uttala at lova byggjer på at kommunestyret ved val av formannskap og andre organ, alltid må sjå til at minst eitt medlem av kommunestyret kan veljast til kontrollutvalet.

2) Sak 08/640 Kommunelova §§ 10 a og 77 nr. 1 og 2 (pdf-format)

Departementet uttala seg om fleire spørsmål om val av medlem til kontrollutvalet, mellom anna om:

  • varamedlem til kontrollutvalet er utelukka frå val til ein kommunestyrekomite, jf. omgrepet ”medlemmer” i kommunelova § 10 a nr. 2 andre punktum,
  • eit medlem av ein kommunestyrekomite er utelukka frå val til kontrollutvalet, jf. kommunelova § 77 nr. 2,
  • kravet i kommunelova § 77 nr. 1 fjerde punktum om at minst eitt av medlemene til kontrollutvalet skal veljast mellom kommunestyret sine medlemer, og
  • at kommunestyret må vere representert i kontrollutvalet i heile valperioden.

3) Sak 08/478 Kommunelova § 77 nr. 1 og 2 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om samansetjinga av kontrollutvalet, og regelen om at kommunalt tilsette er utelukka frå val til kontrollutvalet. Departementet uttala seg om ulovleg samansetjing av kontrollutvalet fekk noko å seie for gyldigheita til vedtaka, og om kven som skal reknast som tilsette i kommunen etter kommunelova § 77 nr. 2

Om retten for kontrollutvalet til innsyn i skatterekneskapen og tilsyn med skatteoppkrevjaren i kommunen
Sak 07/331 Kommunelova §§ 76 og 77 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om kontrollutvalet har rett til innsyn i skatterekneskapen til kommunen, og om kontrollutvalet sitt tilsyn med skatteoppkrevjarfunksjonen i kommunen. Departementet uttala at kontrollutvalet må ha lik rett som andre forvaltnings- eller tilsynsorgan til å få opplysningar om skatterekneskapen, og at det må byggje på ei konkret vurdering i kvar sak om kor langt utvalet kan føre tilsyn med skatteoppkrevjaren.

Om retten for kontrollutvalet til innsyn i e-posten til tilsette i kommunen
Sak 06/2684 Kommunelova § 77 og kontrollforskrifta § 4 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om kontrollutvalet hadde rett til innsyn i e-posten til dei tilsette i kommunen. Departementet la til grunn at ei gransking av e-post ligg heilt i grenseland for kva som er ein naturleg og naudsynt del av tilsynsfunksjonen for kontrollutvalet etter kommunelova § 77 nr. 7. Datatilsynet hadde og gjeve fråsegn i saka.

Om retten for kontrollutvalet til innsyn i datasystem
Sak 07/842 Kommunelova § 77 (pdf-format)

Departementet uttala seg om retten for kontrollutvalet og einskildmedlemmer av kontrollutvalet til å hente opplysningar frå dei ulike datasystema i kommunen i samband med eit forvaltningsrevisjonsprosjekt, og understreka at kompetansen etter kommunelova § 77 er lagt til kontrollutvalet som kollegialt organ.

Spørsmål om kontrollutval og revisjon
1) Sak 06/1463 Kommunelova § 77, forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar (pdf-format)

Departementet uttala seg om fleire spørsmål til forskrift om kontrollutval i kommunar og fylkeskommunar, mellom anna om;

  • høvet til å gjere endringar i budsjettforslaget frå kontrollutvalet før det vert behandla i kommunestyret eller fylkestinget,
  • om det strider mot sjølvstendet til revisor å ta på seg forvaltningsoppdrag eller selskapskontroll, dersom revisor på førehand har vore med på å lage plan for den same forvaltningsrevisjonen eller selskapskontrollen,
  • om det same omstendet vil vere problematisk for sekretariatet i kontrollutvalet,
  • om kontrollutvalet kan be om å få planar frå revisjonen om revisjon av årsrekneskapen i kommunen, og gje merknader og ev. godkjenne desse.

2) Sak 05/3251 Forskrift om kontrollutval §§ 10, 13 og 14 (pdf-format)

Eit kontrollutvalssekretariat stilte fleire spørsmål om oppgåver, funksjon og myndigheit til kontrollutvalet, sekretariatet og revisjonen, og departementet uttala seg mellom anna om;

  • korleis selskapskontroll og eigarkontroll i selskap som ikkje er fullt ut offentleg eigde må gjerast innanfor rammene aksjelova set for korleis eigarane kan opptre,
  • kva kontroll som må reknast som eigarkontroll, og kva som er selskapskontroll med forvaltningsrevisjon, og
  • kva instans i kommunen som bestemmer om ein skal gjere forvaltningsrevisjon i eit selskap.

Om selskapskontroll i kommunane
1) Sak 06/450 Kommunelova §§ 77 og 80 (pdf-format)

Departementet uttala seg om fleire spørsmål til regelverket om selskapskontroll i kommunane, mellom anna:

  • om kommunerevisoren si rolle i høve til selskapskontroll, 
  • i kva grad retten til innsyn etter kommunelova § 80 må utøvast som ledd i ein planlagd selskapskontroll, eller om ein når som helst kan spørje etter dokument og informasjon,
  • om retten for kontrollutval og revisor til å vere til stades på generalforsamlinga og representantskapsmøter i selskapa kan nyttast fritt i høve til den plan for selskapskontroll som er vedteke,
  • kor fritt kontrollutvalet står til å avgjere kven som i praksis skal gjennomføre selskapskontrollen, jf. kontrollutvalsforskrifta § 13, og 
  • kva organ som er omfatta av omgrepet ”tilsvarende organer” i kommunelova § 80 tredje ledd.

2) Sak 06/2625 Kommunelova §§ 77 nr. 5 og 80 (pdf-format)

Departementet uttala seg om kontrollutvalet sitt tilsynsansvar for interkommunale samanslutningar etter kommunelova § 77 nr. 5. Det var også spørsmål om utanlandske selskap var omfatta av tilsynsansvaret til kontrollutvalet, noko departementet la til grunn ikkje var tilfelle.

Rapportering frå kontrollutvalet til fylkestinget
Sak 06/2839 Kommunelova § 77 nr. 6 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om rapportering til fylkestinget om resultata frå arbeidet til kontrollutvalet etter kommunelova § 77 nr. 6, og om kva rolle og rettar administrasjonssjefen har i samband med denne rapporteringa.

Framlegging for administrasjonssjefen før kontrollutvalet rapporterar til fylkestinget
Sak 08/1510 Kommunelova § 77 nr. 6 og kontrollutvalforskrifta §§ 8, 11- 12 og § 15 (pdf-format)

Departementet uttala seg om kva saker kontrollutvalet pliktar å leggje fram for administrasjonssjefen til uttale etter kommunelova § 77 nr. 6, før det rapporterar om resultata frå arbeidet sitt til kommunestyret eller fylkestinget.

Eineretten for kontrollutvalet til å utgreie og innstille med omsyn til val av revisjonsordning
Sak 07/2612 Kommunelova § 78 nr. 3 (pdf-format)

Saka gjaldt tolking av kommunelova § 78 nr. 3 og kva som ligg i eineretten for kontrollutvalet til å greie ut og innstille til fylkestinget med omsyn til val av revisjonsordning. Departementet uttala at det må vere kontrollutvalet sine eigne sjølvstendige vurderingar som leiar fram til innstillinga, men at det kan hente inn fylkesordføraren sitt syn dersom det er føremålstenleg.

Val av revisor og revisjonsordning for kommunen
Sak 06/2822 Kommunelova § 78 (pdf-format)

Departementet uttala seg om spørsmål til føresegna i kommunelova om val av revisor og revisjonsordning for kommunen, og fann at kommunestyret ikkje kan delegere myndigheita til sjølv å treffe avgjerd i slike saker, og at avgjerda må treffast etter ei innstilling frå kontrollutvalet.

Sjølvstende for oppdragsansvarleg revisor
Sak 06/1386 Kommunelova § 79 (pdf-format)

Departementet uttala seg om krava til sjølvstende for oppdragsansvarleg revisor, og om tilhøvet til slektning i leiande stilling i den kommunen som vart revidert.

15. Lovlegskapskontroll

(ingen aktuelle saker i perioden)

16. Kommunalt og fylkeskommunalt føretak

Organisering i kommunalt føretak – oppretting av føretaksorgan
Sak 07/294 Kommunelova kapittel 11 (pdf-format)

Saka reiste spørsmål om oppretting av eit eige råd mellom kommunestyret og styret i eit kommunalt føretak var i samsvar med reglane i kommunelova kapittel 11. Departementet la til grunn at det ikkje er høve til å etablere eit slikt mellomliggande organ i eit kommunalt føretak.

Kompetanse og avgjerdsrett for styret og dagleg leiar i kommunalt føretak
Sak 07/2149 Kommunelova § 67 og § 71 (pdf-format)

Departementet uttala seg om kva kompetanse som kan delegerast frå styret til dagleg leiar i eit kommunalt føretak, om denne kompetansen kan overførast til dagleg leiar utan at det står i vedtektene, og om kva som ligg i dagleg leiar sin normalkompetanse etter kommunelova § 71 nr. 1 første punktum

17. Lov om interkommunale selskap

Lånemoglegheiter og investeringsføremål i interkommunale selskap
Sak 06/712  lov om interkommunale selskap § 22 (pdf-format)

Saka gjaldt spørsmål om kva føremål eit interkommunalt selskap kan finansiere ved lån. Departementet meinte at retten til å låne for eit interkommunalt selskap må avgrensast til investeringar i kapitalføremål som selskapet sjølv har eigarskap til, og at lånefinansiering av tilskot til andre sine investeringar fell utanfor låneføremålet for eit interkommunalt selskap.