Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2014 - Den norske kyrkja - Kyrkjerekneskapane 2012

I dette rundskrivet følgjer ein gjennomgang av løyvingane til kyrkjelege formål i statsbudsjettet for 2014 og kyrkjerekneskapane 2012.

Kyrkjelege fellesråd
Sokneråd
Bispedømmeråd
 

 

Nr.
P-5/2013
Vår referanse
13/3761
Dato:
19.12.2013

 

Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet orienterte i rundskriv P–9/2012 om løyvingane til kyrkjelege formål i statsbudsjettet for 2013 og om utviklingstrekk i den lokale kyrkjeøkonomien med bakgrunn i rekneskapane til dei kyrkjelege fellesråda. I dette rundskrivet følgjer ein tilsvarande gjennomgang, jf. pkt. 1 og 2. I punkt 3 er det gjort greie for rapporteringskrav som gjeld for rekneskapsåret 2013 og for krav som vil gjelde for 2014.
 

1. Statsbudsjettet 2014 – Den norske kyrkja

Statsbudsjett for 2014 vart nyleg vedteke av Stortinget. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av løyvingar som særleg omhandlar kyrkjelege fellesråd og sokneråd. For nærare omtale viser vi til Prop. 1 S (2013–2014) for Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet, jf. s. 152–175, til Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014), jf. s. 74, og til Innst. 12 S (2013–2014), jf. s. 66–69.

Kap 340, post 75 Trusopplæring /post 01 Driftsutgifter
Reform av trusopplæringa i Den norske kyrkja vart påbegynt i 2004, jf. St. meld. nr 7 (2002–2003). Målet med reforma er at kyrkja skal kunne tilby ei systematisk og samanhengande trusopplæring til alle døypte fram til fylte 18 år. I stortingsmeldinga vart det lagt til grunn eit budsjettmål på ca. 250 mill. kroner for gjennomføring av reforma. Det er Kyrkjerådet som har ansvaret for å gjennomføre reforma og fordele løyvinga på kyrkjelydane og ulike tiltak.

For 2014 er det under denne post 75 løyvd 291 mill. kroner. Løyvinga under post 75 skal nyttast til dekning av utgifter i kyrkjelydane. I tillegg til dette kjem 24 mill. kroner under post 01 for dekning av mellom anna administrative utgifter for Kyrkjerådet og bispedømmeråda. Samla løyving for 2014 utgjer etter dette 315 mill. kroner. For 2013 var løyvinga på 234,2 mill. kroner. Med dette kan no alle kyrkjelydane i Den norske kyrkja ta del i reforma.

Kap 340, post 77 Tilskot til verksemd i Den norske kyrkja
Denne posten er nyoppretta i statsbudsjettet for 2014. Under posten inngår tilskot som tidlegare har vore øyremerka og budsjettert under post 71, det vil seie til Kyrkjeleg undervisning, diakoni og kyrkjemusikk, Døvekyrkjene, Stiftelsen Kirkeforskning, Kirkens ressurssenter mot vold og overgrep, Samisk bibeloversettelse og Kristent arbeid blant Blinde. Som følgje av endringane i Grunnlova i 2012 og endra relasjon mellom staten og Den norske kyrkja, er det naturleg at kyrkjelege organ får større råderett over midla. Dei tidlegare øyremerka tilskota er difor frå 2014 gjort om til eit rammetilskot som Kyrkjemøtet får råderett over. For 2014 er det likevel stilt som krav at midla skal fordelast på omlag same måten som for 2013.
I 2013 vart det løyvd 144,1 mill. kroner til formåla nemnd over. For 2014 er løyvinga på 152,7 mill. kroner. Utover løns- og prisomrekning er løyvinga mellom anna auka med ca 3 mill. kroner for finansiering av nye diakonstillingar i Den norske kyrkja.

Kap 342, Post 60 Rentekompensasjon for istandsetting av kyrkjebygg
Investeringsramma for istandsetting av kyrkjebygg er i statsbudsjettet for 2014 auka med 500 mill. kroner. Den totale investeringsramma som staten dekker renteutgifter for summerer seg etter dette til 3,85 milliarder kroner. Ordninga med rentekompensasjon for kyrkjebygg blir administrert av Husbanken, og utfyllande informasjon samt søknadsskjema er tilgjengeleg på www.husbanken.no.

Kap 342, post 70.1 Tilskot til nasjonale tiltak for kyrkjebygg
For 2014 er det under posten løyvd 10 mill. kroner til sentrale tiltak for kyrkjebygg, m.a. til drift av kyrkjebyggdatabasen som KA (Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon) har etablert, til brann- og innbrottsførebyggande tiltak, dokumentasjonsarbeid m.m. Tilskottet vert i hovudsak forvalta av KA.
 

2. Kyrkjerekneskapane 2010–2012

I vedlegget til rundskrivet er tal frå rekneskapane for dei kyrkjelege fellesråda i perioden 2010–2012 gjennomgått, jf. tilsvarande gjennomgang i rundskriv P–9/2012. Vedlagt er òg relevant omtale frå Prop. 1 S (2012–2013) om kyrkjeøkonomien.

Rekneskapstala syner at driftsinntektene til dei kyrkjelege fellesråda auka med 6,6 pst. frå 2010 til 2011, medan auken frå 2011 til 2012 var på 3,3 pst. Samla driftsinntekter i 2011 var på 3 912 mill. kroner og 4 043 mill. kroner i 2012. Dei kommunale overføringane (drift) til fellesråda auka med 3,8 pst. som var noko meir enn løns- og prisveksten i kommunal sektor dette året (3,4 pst).

Driftsutgiftene auka frå 2011 til 2012 frå 3 717 mill. kroner til 3 869 mill. kroner. Dette tilsvarer ein prosentvis auke på 4,1 pst. Frå 2010 til 2011 var auken i driftsutgifter på 5,4 pst.

Samla netto driftsresultat for fellesråda var på 175 mill. kroner i 2011 og 153 mill. kroner i 2012.

Investeringsutgiftene til fellesråda auka markant fram til 2009 og utgjorde då ca 970 mill. kroner. I 2011 var investeringsutgiftene på 833 mill. kroner og i 2012 på 752 mill. kroner.
 

3. Rapporteringskrav

3.1 Rapportering til Statistisk sentralbyrå (SSB) for rekneskapsåret 2012

Statistisk sentralbyrå sendte 8. november d.å. ut brev og oppslagshefte om rapportering av kyrkjerekneskapane for 2013.
Vi vil nytte høvet til å understreke verdien av rekneskapsrapportering til rett tid. Dei innrapporterte rekneskapstala er den viktigaste kjelda til kunnskap om økonomien i Den norske kyrkja og dei lokale kyrkjelydane. Vi minner om at fellesråda er forplikta til å rapportere rekneskapsopplysningane til SSB. Frist for rapportering er 17. mars 2014.

Vi gjer merksam på at ein kan kontakte KA ved spørsmål om rekneskapsavslutninga.
SSB kan gje bistand ved innrapportering av rekneskap.

3.2 Rapportering til Statistisk sentralbyrå (SSB) for rekneskapsåret 2013

I nemnde brev frå SSB og tilhøyrande oppslagshefte vart det orientert om den nye funksjonen ”089 Finansieringstransaksjoner”. For rekneskapsåret 2014 skal artane (500-580) og (900-980) rapporterast under denne funksjonen. For 2013 er det valfritt om ein vil nytte funksjonen ved rapporteringa for nemnde artar.

For rekneskapsåret 2014 skal altså økonomiske data rapporterast etter følgjande funksjonar:

  • 041 Kyrkjeleg admininstrasjon
  • 042 Kyrkjer
  • 043 Gravplassar
  • 044 Anna kyrkjeleg verksemd
  • 045 Barnehager (gjeld berre for fellesråd som har ansvar for barnehagar)
  • 089 Finansieringstransaksjonar (Gjeld for artane (500-580) og (900-980))

 

Med helsing

Ellen Ur (e.f.)
kst. avdelingsdirektør
Ole Bernt Langset
seniorrådgjevar


Vedlegg

Den lokale kyrkjeøkonomien 2010–2012 (pdf) 

Kopi: Kyrkjerådet, KA Kyrkjeleg arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon, Statistisk sentralbyrå