Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 35 (2007-2008)

Mål og meining— Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Til innhaldsliste

2 Samandrag

2.1 Mål for språkpolitikken

Som dei fleste andre nasjonalspråk er også norsk språk i ein pressa situasjon. Globalisering og internasjonalisering krev at det i stadig fleire samanhengar er nødvendig å kommunisera på engelsk, og det moderne mediesamfunnet gjer at vi i stadig sterkare grad blir eksponerte for engelskspråklege kulturimpulsar.

Norsk språk har ikkje lenger ein like sjølvsagd posisjon og status i det norske samfunnet som tidlegare. For alle folk er språket det viktigaste kulturuttrykket. Som kulturnasjon har vi difor ei plikt både overfor oss sjølve og verda elles til å ta vare på vårt eige språk.

Det overordna målet for språkpolitikken må difor vera å sikra det norske språkets posisjon som eit fullverdig, samfunnsberande språk i Noreg. Dette perspektivet er det grunnleggjande gjennomgangstemaet i denne meldinga.

Dei langsiktige konsekvensane av ei utvikling med statustap og minkande bruksområde for norsk språk er det vanskeleg å spå om. Eit hovudsynspunkt i mange land er likevel at det er nødvendig med ein framtidsretta språkpolitikk som byggjer på den erkjenninga at både språk og nasjon vil stå seg stadig dårlegare dersom vi ikkje har ei medviten haldning til verdien av dei eigne nasjonalspråka og utviklar ein strategi for aktiv språkstyrking.

Med bakgrunn i den situasjonen som er skissert ovanfor, er formålet med denne meldinga å leggja grunnlaget for ein ny og meir offensiv språkpolitikk med det overordna målet å sikra det norske språkets status og bruk på alle samfunnsområde, slik at norsk kan bestå som eit fullverdig, samfunnsberande språk.

Arbeidet for styrking av norsk språk må skje innanfor ramma av ein heilskapleg språkpolitikk som også femner om den totale språksituasjonen i landet, både likestillinga mellom bokmål og nynorsk, det gamle og nye fleirspråklege mangfaldet, det framandspråklege kompetansebehovet og den nordiske språkfellesskapen.

2.2 Struktur og innhald i meldinga

Desse ulike perspektiva på språkpolitikken er det gjort greie for i kap. 1 i samband med ein nærare gjennomgang av formålet med meldinga. I andre del av kap. 1 er det gjort greie for bakgrunnen for meldinga.

Kap. 3 drøftar generelle språkpolitiske spørsmål og gjer greie for språkpolitiske tiltak av meir overordna karakter. Kapitlet er delt i fem hovudbolkar, ein om mål og prinsipp for ein ny språkpolitikk (kap. 3.1), ein som går nærare inn på prinsippa i den nye språkpolitikken (kap. 3.2), ein som skisserer eit permanent språkpolitisk oppfølgingsregime (kap. 3.3), ein om språkpolitisk lovgjeving (kap. 3.4) og ein del om Språkrådet – oppgåver og organisering (kap. 3.5).

Kap. 4 gjev eit deskriptivt oversyn over det norske og nordiske språklandskapet med vekt på ein gjennomgang av faktisk utbreiing og formell status for aktuelle språk og språkvariantar.

Kap. 5 gjev ein omfattande analyse av tilhøvet mellom språk og makt. Dei meir generelle og tverrgåande analysane i dette kapitlet introduserer fleire av dei problemstillingane som til dels blir drøfta meir konkret i påfølgjande kapittel.

Kap. 6 set søkjelyset på språkbrukarane og individuelle og kollektive språklege rettar. Det viktigaste temaet innanfor dette perspektivet er språkopplæring, og dette er behandla i ei eiga melding frå Kunnskapsdepartementet om språkstimulering og språkopplæring, jf. St.meld. nr. 23 (2007–2008). Difor blir språkbrukarperspektivet i meldinga her berre behandla relativt kort og overordna.

Kap. 7 utgjer tyngdepunktet i meldinga og drøftar det overordna perspektivet om styrking av norsk språk. Det består av ein generell og prinsipiell innleiingsdel (kap. 7.1) og fem tematiske hovuddelar, ein om terminologi og fagspråk (kap. 7.2), ein om språkbruk i høgare utdanning og forsking (kap. 7.3), ein om språkbruk i nærings- og arbeidslivet (kap. 7.4), ein om språk og teknologi (kap. 7.5) og ein del om språkbruk i kultur- og mediesektoren (kap. 7.6.).

Kvar av dei fem tematiske hovuddelane blir avslutta med ei nummerert opplisting av prioriterte tiltak, jf. kap. 7.2.7, kap. 7.3.8., kap. 7.4.8, kap. 7.5.7 og kap. 7.6.11.

Kap. 8 konsentrerer seg også om norsk språk og behandlar spørsmål som meir direkte gjeld sjølve språket og språksystemet. Utanom ei generell innleiing (kap. 8.1) består kapitlet av fem hovudbolkar, ein om språkutvikling og nye språklege kommunikasjonsformer (kap. 8.2), ein om språkleg dokumentasjon (kap. 8.3), ein om språknormering (kap. 8.4), ein om språkrøkt (kap. 8.5) og til slutt ein del som spesielt behandlar det offentlege språket (kap. 7.6). Kapitlet blir avslutta med ei samla opplisting av prioriterte tiltak, jf. kap. 7.7.

Kap. 9 behandlar situasjonen for nynorsk.

Kap. 10 behandlar det mangespråklege og fleirspråklege perspektivet.

Kap. 11 behandlar den nordiske språkfellesskapen.

Også kvart av desse tre kapitla blir avslutta med ei samla opplisting av prioriterte tiltak, jf. kap. 9.4, kap. 10.6 og kap. 11.5. Mykje av omtalen av samisk språk i kap. 10 og dei tilhøyrande tiltaka i meldinga her byggjer på den nyleg framlagde meldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet om samepolitikken, jf. St.meld. nr. 28 (2007–2008), særleg kap. 19 om samisk språk.

Kap. 12 behandlar økonomiske og administrative konsekvensar.

2.3 Hovudtiltaka i meldinga

2.3.1 Overordna tiltaksområde

Hovudgrepet i meldinga er framlegget om å etab­lera språkpolitikk som eit heilskapleg, sektorovergripande politikkområde med kulturpolitisk forankring. Det inneber ei klargjering av at eitt departement, Kultur- og kyrkjedepartementet, skal ha eit overordna språkpolitisk ansvar, men at også andre departement tek språkpolitiske omsyn med i vurderinga ved utforming og gjennomføring av eigen sektorpolitikk.

I tråd med dette legg meldinga opp til å gje Språkrådet eit breiare ansvar som operativt fagorgan for ein sektorovergripande språkpolitikk, å gje Språkrådet funksjonen som nasjonalt samordningsorgan for utvikling og tilgjengeleggjering av fagterminologi, dessutan at Språkrådet skal få eit utvida ansvar også for andre språk enn norsk, og i samband med dette eit eige fagråd for språklege mindretal, framandspråk og språkopplæring. Det blir foreslått at mandatet til Språkrådet skal forankrast i lov.

Meldinga formulerer nokre overordna språkpolitiske mål: at norsk skal vera hovudspråk og nasjonalspråk i Noreg, at norsk skal vera eit samfunnsberande og fullverdig språk, at det skal leggjast til rette for at nynorsk blir meir reelt likestilt med bokmål, at det offentlege skal leggja vinn på å føra eit korrekt og forståeleg språk, og at alle skal ha rett til språk, rett til nasjonalspråk, rett til morsmål og rett til å kunna læra seg framande språk.

Meldinga skisserer eit system for permanent språkpolitisk oppfølging: utvikling av språkpolitiske høyrings- og konsultasjonsrutinar, utvikling av det språkpolitiske kunnskapsgrunnlaget, ein årleg språkpolitisk tilstandsrapport, og at den lovpålagde målbruksmeldinga skal utvidast til ei heilskapleg språkpolitisk rapporteringsmelding til Stortinget kvart fjerde år.

Meldinga legg opp til at det skal utarbeidast ei allmenn språklov som slår fast det norske språkets status som hovudspråk, og definerer den status og rolle som tilkjem også andre språk enn norsk. Meldinga anerkjenner norsk teiknspråk som eit fullverdig språk og foreslår at det overordna offentlege ansvaret for teiknspråk skal forankrast i den nemnde språklova.

Det blir lagt opp til å avklara verkeområdet for gjeldande lov om målbruk i offentleg teneste etter same modellen som den nye offentleglova. Samstundes blir det varsla at gjeldande målbruksreglar skal gjennomgåast, og at det skal utgreiast om det bør vera eigne reglar for målbruk også i kommunane.

2.3.2 Tiltak på ulike område

Meldinga gjer greie for arbeidet med å førebu etab­lering og oppbygging av ein norsk språkbank, eit viktig nasjonalt infrastrukturtiltak som skal sikra at det blir utvikla språkteknologiske produkt tufta på norsk språk, og dermed hindra tap av bruksområde for norsk språk på teknologiavhengige område.

Tiltaket vil også fremja næringsutvikling og nye former for språkforsking, bidra til at det kan utviklast norskspråklege hjelpemiddel for personar med nedsette funksjonsevner, og vil også kunna føra til språkteknologiske løysingar som kan bidra til effektivisering av offentleg forvaltning. Arbeidet med å byggja opp språkbanken vil skje over fleire år.

Det blir elles foreslått å setja ned eit permanent interdepartementalt utval for språk og teknologi, og eit vidare samarbeid med Fornyings- og administrasjonsdepartementet for å sikra at viktig programvare til bruk i det offentlege skal finnast tilgjengeleg også i nynorskversjonar.

Som eit overordna språkpolitisk tiltak innanfor forsking og høgare utdanning vil regjeringa fremja forslag om å lovfesta at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidare utvikling av norsk fagspråk. Eit slikt forslag vil bli sendt på høyring til dei institusjonane det vedkjem.

Den generelle hovudstrategien for å motverka domenetap for norsk språk innanfor delar av samfunnet som er sterkt prega av internasjonalisering, er elles å etablera slike språkdomene som parallellspråklege. Det inneber at norsk og engelsk må kunna brukast side om side, men slik at norsk blir verande det føretrekte språket. Norsk skal då brukast dersom det ikkje er nødvendig eller formålstenleg å bruka engelsk i staden. Dette må nyanserast etter dei behov som gjer seg gjeldande på kvart område. Målet er at dette skal sikra norsk fagspråk og kunnskapsformidling og samstundes leggja til rette for at vi kan delta for fullt i alle former for internasjonalt samkvem.

Det blir lagt opp til at Språkrådet skal intensivera rådgjevingsarbeidet sitt overfor arbeids- og næringslivet, og at det i samarbeid med partane i arbeidslivet skal arbeidast vidare med å utvikla næringslivets samfunnsansvar til også å omfatta omsynet til norsk språk.

Det blir reist spørsmål om det kan gjennomførast eit forskingsprogram om forholdet mellom språk og produktivitet, og det blir varsla ei utgreiing om teknologibasert språkbruk i arbeidslivet. Vidare blir det lagt opp til eit samarbeid med Nærings- og handelsdepartementet for å få omsett fleire internasjonale standardar til norsk, og om Standard Norge si rolle i terminologiarbeidet.

Meldinga drøftar ulike språkdyrkingstiltak, mellom anna støtte til leksikalsk dokumentasjon av norsk språk, sikring, forvaltning og digitalisering av papirbaserte språksamlingar og innsamling av norske, samiske og kvenske stadnamn.

Eit spesielt tiltaksområde er arbeidet for eit betre og meir forståeleg offentleg språk, viktig også i eit velferds- og demokratiperspektiv. For staten blir det foreslått å etablera ein standard for språkleg kvalitet, eit system for språkleg internkontroll, eit nettverk av interne språkkontaktar og eksterne språkkonsulentar og eit vidare arbeid med språkleg kvalitet i lover og forskrifter.

Det blir foreslått som eit språkpolitisk prinsipp at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når det dreier seg om tiltak som involverer norsk språk, eit prosjekt for å fremja dei positive verdiane i den språkdelte norske kulturen, ein systematisk gjennomgang av kultur- og medieområdet for å vurdera sterkare synleggjering av nynorsk, sterkare profilering av nynorsk språk og kultur blant barn og unge, mellom anna i Den kulturelle skulesekken, kartlegging av nynorskbruk i kommunane.

Det blir lagt opp til at statlege organ skal ha ein språkleg kompetanseplan som sikrar at dei kan oppfylla lovpålagde krav om bruk av nynorsk og bokmål, kombinert med ei opning for å kunna frita medarbeidarar med minoritetsspråkleg bakgrunn frå plikta til å bruka begge målformer. Regjeringa tek sikte på å oppretta eit fond, Vinjefondet, der avkastninga skal gå til å fremja nynorsk i media.

Når det gjeld tiltak for samisk språk, viser meldinga her til den nyleg framlagde samemeldinga frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Det overordna tiltaket som er varsla der, er at regjeringa vil setja i gang arbeidet med ein handlingsplan for samisk språk.

Meldinga foreslår fleire ulike tiltak for revitalisering av kvensk språk og varslar ei nærare vurdering av kva som kan gjerast for å tryggja minoritetsspråka romani og romanes.

På kultur- og medieområdet blir det foreslått fleire tiltak for å styrkja den nordiske språkfellesskapen.

Mange av dei innarbeidde og veletablerte støtte- og tiltaksordningane innanfor kultur- og mediesektoren har også klare språkpolitiske funksjonar. Meldinga drøftar korleis ei vidare utvikling av utvalde ordningar og tiltak kan bidra til å styrkja norsk språk generelt og nynorsk spesielt. Mellom anna blir det lagt opp til ein meir systematisk strategi for å fremja lesing blant barn og unge.

Til toppen
Til forsida av dokumentet