Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.meld. nr. 8 (2008-2009)

Om menn, mannsroller og likestilling

Til innhaldsliste

5 Menn i samliv og familie

Overordna mål

  • Likestilling mellom kjønna i parforhold og ­samliv

  • Likestilling i omsorg og ansvar for barn i ­samlivet

  • Likestilt foreldreskap etter samlivsbrot

5.1 Innleiing

Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom er eitt av dei familiepolitiske hovudmåla til regjeringa. Regjeringa byggjer politikken sin på at foreldra er dei viktigaste omsorgspersonane barna har, og at stabile og varige samliv er til beste både for vaksne og barn. 1

Familien utgjer ei grunnleggjande sosial eining i samfunnet, den viktigaste arenaen for tilhøyr, nærleik og fellesskap og den beste oppvekstramma for barna. Slik har det vore i generasjonar, uavhengig av kultur og religion.

Familieomgrepet må knytast til meir enn kjernefamilien. Den tradisjonelle kjernefamilien har framleis ei dominerande stilling, og 75 prosent av alle barn under 18 år veks opp saman med begge dei biologiske foreldra. Men vår tids utvida familieomgrep omfattar ektepar med og utan barn, sambuarar med og utan barn, åleineforeldre som bur saman med barn, samværsforeldre, familiar med fosterbarn og einslege som bur åleine.

Etter skilsmisser og samlivsbrot oppstår nye familiekonstellasjonar med særkullsbarn og fellesbarn. Det kan vere utfordrande for ein familie å organisere eit kvardagsliv med «mine, dine og våre barn», der steforeldre er daglege omsorgspersonar, samtidig som kontakt og samvær med biologiske foreldre skal oppretthaldast og vidareutviklast. Når vi ser så mange menneske leggje ned store ressursar og mykje tid på å løyse desse utfordringane på ein god måte, illustrerer det kor mykje familien betyr for oss som enkeltmenneske.

Endringar i samlivsformene medfører at stadig fleire fedrar har dagleg samvær med stebarn og periodisk samvær med eigne barn, eller at far og mor vel samliv utan å leve saman fysisk. Nye samlivsformer krev tilpassing av både menn og mannsroller.

Menn og kvinner har eit samarbeidsprosjekt knytt til familie og samliv. Ei likare fordeling av ansvar og oppgåver vil vere med og styrkje parforholdet. For par med barn vil det dessutan styrkje foreldreskapet til beste for barna på kort og lang sikt. Målet er å gjere begge kjønn til likestilte partnarar og omsorgspersonar. Ved å setje fokus på dei rollene og funksjonane menn har i parforhold og familie, er det ei målsetjing å bevisstgjere mannen i rollene som partnar og far. Eit anna mål er å gjere mannen klar over det viktige og nødvendige i at han gjer sitt for å bevare gode samlivsrelasjonar.

Vidare viser likestillingsgranskinga og anna forsking 2 at ein likestilt praksis i heimen og familien synest å gi meir robuste samliv og redusere risikoen for samlivsbrot. Derfor er eit likestilt foreldreskap og ei styrking av mennenes rolle og funksjon i samliv og omsorg for barn viktige element i ein heilskapleg familiepolitikk.

Dette er eit svært viktig, men samtidig vanskeleg likestillingspolitisk tema. Likestilling i familien handlar mykje om likestilling i kvardagen og vedgår svært mange. Barnekonvensjonen som er inkorporert i norsk lov slår fast at barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle avgjerder som gjeld barn. Temaet er òg vanskeleg fordi det er opplagde grenser for kor langt det offentlege kan gå i å regulere interne forhold i familien så lenge det ikkje ligg føre brot på lover og reglar.

Samtidig som familie og samliv er eit prosjekt som menn og kvinner har felles, kan det synast som om menn og kvinner inngår samliv og stiftar familie med litt ulike haldningar og forventningar. Ulikskapar mellom kvinner og menn på dette området blir nærmare drøfta i del 5.2.

Eit tydeleg funn i likestillingsgranskinga er at ein meir likestilt praksis i heimen gjer samlivspartane meir tilfredse og medverkar til at både menn og kvinner i mindre grad vurderer å bryte ut av samlivet. Dette blir òg omtalt i del 5.2.

Å få barn er ei gjennomgripande livshending som medfører store endringar i grunnleggjande forhold som ansvar, omsorg og forplikting. Del 5.3 går nærmare inn på kva det betyr for mannen å gå over i ei farsrolle.

Likestilt foreldreskap inneber at mor og far er like viktige for at barna skal få ein trygg oppvekst. Yngre menn som er fedrar i dag, viser merkbart større interesse for farsrolla enn tidlegare generasjonar, noko som borgar for eit meir likestilt foreldreskap. Undersøkingar viser ein klar auke i motivasjonen hos menn til å ta eit sjølvstendig ansvar for å delta i eigne barns liv heilt frå fødselen av.

Forskarar finn at det som oftast er til beste for barnet å ha god kontakt med begge foreldra. 3 Både i kjernefamilien og etter eit eventuelt samlivsbrot er det viktig å leggje til rette for det.

Utfordringar og faktorar som er viktige for å styrkje mennene i omsorgsrolla overfor barna, er tema i del 5.4.

Det er ei viktig familiepolitisk utfordring å leggje til rette for at fleire skal kunne bevare eit stabilt familieliv. Arbeidet for gode samlivsforhold er ei samfunnssak både fordi det vedgår oppvekstvilkåra, og fordi samlivsbrot kan ha negative konsekvensar for samfunnet i tillegg til betydelege psykiske, fysiske, økonomiske og sosiale konsekvensar for dei direkte involverte. Dei fleste par og familiar opplever frå tid til anna vanskar eller konfliktar. Familievernet er ei spesialteneste som tilbyr rådgjeving og behandling i samband med samlivskonfliktar. Familievernkontora utgjer grunnstammen i hjelpetilbodet til familiar i samband med samlivsproblem og konfliktar i parforhold, og tenesta er den einaste delen av hjelpeapparatet som har familien som hovudarbeidsområde og parbehandling som spesialfelt. I arbeidet for å styrkje samliv og redusere talet på samlivsbrot kjem familievernet til å spele ei vesentleg rolle òg i framtida. Sjå nærmare omtale av dette i del 5.5.

Kvart år opplever mange barn og vaksne at familien blir splitta. For dei det gjeld, inneber brotet psykiske påkjenningar i større eller mindre grad. Eit samlivsbrot kan få konsekvensar for helse, livsførsel, økonomi, livskvalitet og anna. Statistisk får menn større auke i sjukefråvær og førekomst av personlege og sosiale problem enn kvinner ved samlivsbrot og skilsmisse. I del 5.6 ser ein på korleis menn opplever og handterer samlivskonfliktar og samlivsbrot.

Parallelt med at menn viser aukande ønske om og vilje til å delta aktivt i omsorga og ansvaret for barna, har det dei seinare år blitt sett søkjelys på spørsmålet om dagleg omsorg og bustad for barn etter separasjon og samlivsbrot. Fedrar uttrykkjer i aukande grad frustrasjon over at barna i dei fleste tilfelle blir buande hos mora, og at kontakten med faren blir vesentleg svekt. Spørsmål om meir likestilt foreldreskap etter samlivsbrot blir òg drøfta i del 5.6.

Strandbakken-utvalet («Barnelovutvalet») la fram ein rapport etter ein gjennomgang av barnelova i april 2008. Utgreiinga og innspel frå høyringsrunden skal danne grunnlaget for eventuelle endringar i barnelova. Sjå nærmare omtale i avsnitt 5.6.5. og 5.7.4.

Del 5.7 oppsummerar på ein meir heilskapleg måte forslag til tiltak for auka likestilling i samliv og familie.

5.2 Likestilling mellom kjønna i parforhold

Likestilling i samlivet inneber at partane har eit felles ansvar for å utvikle parforholdet i tråd med begge partar sine ønske og behov, og for å førebyggje og løyse konfliktar slik at begge partar og eventuelle barn får sine behov varetekne på ein god måte.

5.2.1 Menn i parforhold og samliv

Kjønnsforskinga har konsentrert seg langt meir om korleis kvinner opplever parforhold og samliv, enn om korleis menn ser på det. Vi har såleis lite kunnskap om kva menn tenkjer om samliv. Det som er av kunnskap, kan likevel tyde på at kvinner og menn ikkje har dei same haldningane til samliv. Auka forskingsinnsats på dette området er ønskeleg.

Likestillingsgranskinga viser at menn (og kvinner) som oppgjev å leve i likestilte parforhold, i den forstand at dei i hovudsak deler likt på husarbeid og/eller omsorg for barn, opplever å ha høgare livskvalitet enn andre grupper i likestillingsgranskinga. For menn gjeld dette særleg med omsyn til barna. Når det gjeld kvaliteten i parforholdet, kan dei meir likestilte i tillegg gle seg over eit betre forhold, lågare konfliktnivå og meir stabilitet. Det gjeld både menn og kvinner.

Likestillingsgranskinga finn vidare at kvinner og menn oppgjev noko ulike kriterium som viktige for val av partnar: Fleire menn enn kvinner meiner at seksuell tiltrekking og god utsjånad er viktige kriterium for val av partnar, mens fleire kvinner enn menn meiner at partnaren bør vere uavhengig og trygg og ha godt lag med barn. Felles for begge kjønn er at det å ha ein forståingsfull partnar skårar svært høgt, mens karrieresans og god økonomi kjem langt ned på lista over viktige faktorar.

I likestillingsgranskinga oppgjev ca. 90 prosent av både menn og kvinner at dei reknar med å leve saman med partnaren sin livet ut. Isolert sett viser dette at dei aller fleste har eit langtidsperspektiv på fellesprosjektet sitt og har eit håp om eit varig samliv. Tillit til at samlivet skal vare, verkar òg sterkt inn på den opplevde livskvaliteten. Desse funna støttar opp om den politiske målsetjinga om å tilby gode førebyggjande tiltak for å styrkje parforhold og redusere samlivskonfliktar og samlivsbrot.

Likevel seier 35 prosent av kvinnene og 27 prosent av mennene at dei seriøst har vurdert å bryte ut av samlivet. Samanlikna med tilsvarande tal frå 1988 4 (11 prosent) har prosentdelen menn som har vurdert å bryte ut, auka vesentleg på desse tjue åra. Blant dei som tek kontakt med familievernkontora er det òg langt fleire menn i dag (i underkant av 30 prosent for 15–20 år sidan, i underkant av 40 prosent dei seinare åra).Vidare går det fram at meir likestilt praksis i heimen fører til at færre vurderer brot, både blant menn og kvinner. Av dei som seier at likestillinga heime er dårleg eller ganske dårleg (begge kjønn), er det 61 prosent som har vurdert å bryte. Blant dei som seier at likestillinga er ganske god, har 27 prosent vurdert brot, blant dei som seier svært god, berre 16 prosent. Dette er ein svært klar og sterk samanheng, og det er interessant at mønsteret er det same blant menn som blant kvinner. Funnet kan tolkast som eit teikn på at folk opplever ein samanheng mellom likestilling om dei praktiske oppgåvene i heimen, og eit godt samliv for paret.

Kriteria for partnarval og haldningane til ekteskap og samliv har endra seg vesentleg på få tiår. Så seint som for eit par generasjonar sidan blei mange ekteskap inngått av økonomiske, sosiale og praktiske grunnar. I dag blir parforhold i langt større grad etablerte (og brotne) på grunnlag av utsiktene for å realisere seg sjølv og eigne livsmål. 5 Når tradisjonar, forplikting og fellesskap ikkje lenger betyr så mykje som rettesnor for familielivet, står kjærleiken att som det grunnleggjande kriteriet for partnarval og val om vidare samliv. Både kvinner og menn ønskjer seg ein relasjon prega av tillit, likeverd og likestilling. Dei vil bli sett, respekterte og utfordra, og dei forventar at ekteskap og familie skal vere eit «fellesprosjekt».

Kravet om likestilling og likeverd i parforholdet blir ikkje alltid innfridd, særleg ikkje når det gjeld husarbeid. Sjølv om ein del kvinner er skuffa over at likestillinga i heimen fungerer dårlegare enn dei hadde venta, vel dei å bli verande i forholdet. Som nemnd i kapittel 4 er ikkje alltid likedeling av arbeid ein føresetnad for eit likestilt foreldreskap. Mangel på likestilling blir tolerert så lenge kvinna opplever at ho og partnaren trass alt «dreg i same retning» og parforholdet og familien er eit «felles prosjekt». Viktigast her er kanskje at mennene engasjerer seg i barna, ifølgje Hassel 6 . Som nemnt i kapittel 4 synest fellesskap og samarbeid, og ikkje likedeling av oppgåver, å vere den mest grunnleggjande føresetnaden for opplevd likestilling.

Mannen opplever i mange tilfelle at det er kvinna som har definisjonsmakta i forholdet. 7 Det er hevda at idealbiletet av eit parforhold i stor grad er prega av tradisjonelt kvinnelege verdiar knytte til intimitet og kommunikasjon gjennom «den gode samtalen». 8 Dette speglar seg mellom anna i sjølvhjelpslitteraturen, som framhevar korleis vi kan lære å kommunisere med kvarandre for å ta vare på kjærleiken. Men det kan synast som om det er kjønnsspesifikke forskjellar i måten menn og kvinner uttrykkjer kjærleik på. 9 Skal ein nå målet om likestilte parforhold, er det viktig å verdsetje også andre måtar å vareta og gi uttrykk for kjærleik på enn gjennom samtalar. For menn synest nærleik og fellesskap gjennom samhandling tradisjonelt å ha vore enklare enn dei djupe samtalane. Skal kjærleiken utvikle seg og vare, må begge partar ha respekt og forståing for at kjærleik og omsorg kan uttrykkjast på fleire måtar.

Funn i likestillingsgranskinga støttar det synet at kvinner gjennomgåande er mindre tilfredse med parforholdet enn menn. Anna forsking på området finn ikkje tilsvarande grunnleggjande forskjellar mellom menn og kvinner når det gjeld kor tilfredse eller utilfredse dei er med parforholdet. 10

Om det er slik at menn generelt opplever samlivet som betre enn kvinnene gjer, kan det vere ein av grunnane til at dei i mindre grad enn kvinner oppsøkjer hjelp for å førebyggje større konfliktar og eventuelt samlivsbrot. Statistikk viser at menn i mindre grad (ca. 1 /3 ) enn kvinner (ca. 2 /3 ) er den parten som tek kontakt med familievernkontor for å få hjelp med samlivsproblem, sjå figur 5.1. 11

Figur 5.1 Prosentdel kvinner og menn som søkjer hjelp for samlivsproblem

Figur 5.1 Prosentdel kvinner og menn som søkjer hjelp for samlivsproblem

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Det å innrømme problem i eit parforhold kan sitje langt inne hos mange menn, og dei kan oppleve det som flautt å be om hjelp med slike problem. 12 Menn har dessutan lite kunnskap om familievernet og andre tilbod om hjelp ved samlivsvanskar. 13 Ei anna årsak til at menn i mindre grad enn kvinner søkjer hjelp ved eit familievernkontor, kan vere at det nettopp er gjennom samtalen at problema kjem på bordet og blir forsøkt løyste. Sjå nærmare om dette i avsnittet nedanfor om korleis menn handterer samlivsproblem. Undersøkingar 14 viser likevel ikkje nemneverdige forskjellar på kor nøgde menn og kvinner er med den hjelpa dei har fått i familievernet.

Kvinner uttrykkjer òg større interesse for samlivskurs enn menn. I ei norsk undersøking 15 oppgjev 1 /3 av kvinnene å ha behov for samlivskurs, mens 1 /6 av mennene svarer det same.

5.2.2 Likestilling og valfridom i parforhold

Det praktiske ansvaret for heim og familie er jamnare fordelt mellom kjønna i dag enn for ein generasjon sidan, jamfør del 4. Det kjem dels av at kvinner bruker mindre tid på hushaldsarbeid som følgje av at dei deltek meir i arbeidslivet, men òg at menn tek ein større del av ansvaret. Det er særleg når det gjeld aktiv omsorg for barna, at menn tek større ansvar i dag. Jamnare fordeling inneber likevel ikkje likedeling. Framleis ber kvinner hovudansvaret for hushaldsarbeidet, og dei bestemmer meir på dei områda som dei tradisjonelt har vore ansvarlege for. Sjå nærmare omtale under punkt 5.4.1.

Likestillingsgranskinga viser eit betydeleg sprik mellom kva menn meiner om likestilling generelt, og kva dei meiner i meir konkrete likestillingsspørsmål. Ein god del av dei som meiner at likestillinga har komme langt nok, er samtidig likestillingsorienterte i meir konkrete spørsmål. Spesifikke tema som at arbeidet i heimen bør delast likt mellom kjønna, at begge partar har like mykje ansvar for å forsørgje familien, og at fødselspermisjonen for fedrar bør utvidast, har ei oppslutning på mellom 60 prosent og 90 prosent i denne gruppa. Dette er eit viktig funn både for forståinga av likestilling og med tanke på likestillingspolitikk i praksis.

Vidare viser likestillingsgranskinga at eit stort fleirtal blant begge kjønn (91 prosent av mennene og 83 prosent av kvinnene) meiner at likeverd er viktigare enn likestilling. Her er det ingen klare aldersforskjellar hos kvinner og menn. Klasseforskjellar gir likevel utslag blant kvinnene; heile 89 prosent av kvinnene med lågare sosioøkonomisk situasjon meiner dette, mens klasseforskjellar ikkje resulterer i signifikante forskjellar hos mennene.

Likestilling i familien er eit komplisert politisk tema fordi det er klare grenser for i kor stor grad det offentlege kan regulere interne forhold i familien. Ei viktig utfordring ligg i å finne skjeringspunktet mellom målet om full likestilling mellom kjønna og den valfridommen som gjer at dei ordningane ein familie føretrekkjer, kan realiserast. Likestillingsarbeidet bør derfor ikkje bli for normativt med omsyn til dei løysingane ein familie meiner er dei rette.

«Spørsmålet er ikke om kvinner og menn er like eller forskjellige, men om hva hver enkelt kvinne og mann vil være – og hvordan de skal kunne bli det.» 16

5.2.2.1 Mangfald i familiar i det multietniske Noreg

I ei tid då Noreg er blitt eit fleirkulturelt samfunn, må det i aukande grad takast omsyn til at befolkninga har ulike familie- og samlivstradisjonar. Ulike grupper med etnisk minoritetsbakgrunn ber med seg ulike familietradisjonar og kulturelle rammer for forholdet mellom kjønna. Mange familiar med innvandrarbakgrunn har ein familietradisjon som mellom anna inneber at barneoppseding eller handtering av samlivskonfliktar ikkje berre vedgår foreldra, men storfamilien, naboar og venner. Det kan derfor verke framandt og unaturleg å oppsøkje eit offentleg kontor for å få hjelp med problem i parforhold og familie. Ei stor utfordring som mange innvandrarar møter i eksil eller i vestlege land, er tap av sosialt nettverk som følgje av migrasjon eller flukt.

Det finst lite systematisert kunnskap om mannsroller og likestillingspraksis i dei ulike etniske gruppene, og det er behov for meir forsking på området.

På oppdrag frå Barne- og likestillingsdepartementet har FAFO Institutt for arbeidslivs- og velferdsforsking sett i gang eit forskingsprosjekt om familieforhold og likestilling blant innvandrarar. Formålet med undersøkinga er å få auka kunnskap om familieåtferd og likestilling, mellom anna for å kunne utforme offentlege tilbod til å møte behova hos innvandrarfamiliane og få kunnskap om korleis innvandrarmenn ser på maskulinitet og kjønnsroller, for å målrette likestillingspolitikken. Prosjektet skal avsluttast våren 2009.

Departementet finansierer òg eit prosjekt i regi av REFORM – ressurssenter for menn om tilbodet ved helsestasjonane til fedrar med etnisk minoritetsbakgrunn. Eit forprosjekt er sett i gang med sikte på ei førebels kartleggjing av korleis helsestasjonane handterer minoritetsfedrar, og korleis begge partar opplever møta. Det skal mellom anna samlast informasjon om kva som har vore prøvd for å integrere fedrar med etnisk minoritetsbakgrunn på helsestasjonen, og kva tiltak som har vore sette i verk for å vareta tilbodet ved helsestasjonane med tanke på minoritetsforeldre, og fedrar spesielt. For fedrane sin del skal det mellom anna fokuserast på kva erfaringar fedrar med minoritetsbakgrunn har gjort seg i kontakten med helsestasjonen, og korleis dei ser på si eiga rolle som fedrar. Forprosjektet skal danne grunnlaget for utforminga av eit hovudprosjekt seinare.

5.2.2.2 Menn som fedrar i homofile forhold

Parallelt med auka politisk fokus på rettane og moglegheitene til homofile og lesbiske aukar det offentlege engasjementet hos desse gruppene i spørsmålet om retten til å få barn. I debatten om moderne foreldreskap viser forskinga til at homofile fedrar ofte er dei som bidreg mest til nyskaping i farsrolla. 17 Hos homofile menn er motivasjonen for å få barn bygd på at barn representerer ein sjølvstendig verdi. Ein mann blir ikkje far primært eller berre fordi kona blir mor, men meir på grunn av eit individuelt ønske om å bli far. 18 Ein sentral premiss for foreldreskapet deira er ifølgje Andersen å skape ei ramme rundt oppveksten som er mest mogleg lik anten barna er hos mor eller far. Dette blir sikra ved at normer og reglar for oppseding, matstell, leggjetider og liknande er mest mogleg like i dei to heimane barna har. Ofte flytter fedrane dit mødrene og barna er dersom dei ikkje bur i nærleiken frå før. Og sjølv om far og mor tilhøyrer kvar sitt hushald, legg dei vekt på at barnet skal oppleve dei som éin heim.

Forsking 19 synest å vise at sosialt klassetilhøyr er utslagsgivande for kor vidt homofile kan bli fedrar. Andersen finn at homofile fedrar er ressurssterke. «De er trygge i seg selv og sin legning. De har gode jobber, høye inntekter og har en trygg bosituasjon.

5.2.3 Korleis menn handterer samlivskonfliktar

I dei aller fleste par og familiar oppstår det konfliktar og problem frå tid til anna. Eit gjennomgåande trekk er at menn ikkje oppfattar samlivsvanskar like tidleg og i same omfang som kvinner. Forventningane til samliv og parforhold er ulike, og det er reist spørsmål ved om måten menn opplever samlivsvanskar på har kjønnsspesifikke årsaker. 20 I all hovudsak er det kvinner som tek initiativet og set ord på konfliktane i eit parforhold. Ikkje alle menn set alltid like stor pris på dette initiativet. 21 Eit vanleg synspunkt blant kvinner er at menn kvir seg for å snakke om kjensler og samliv. Det er kvinna som har hatt ansvaret for å arbeide med samlivsspørsmål.

Den gjengse måten å løyse samlivskonfliktar på har vore gjennom samtale, anten partane imellom eller i samtaleterapi. Som nemnt er kommunikasjon gjennom «den gode samtalen» noko som tradisjonelt synest å ha falle lettare for kvinner enn menn. Det kan vere ein del av forklaringa på at menn i mindre grad enn kvinner oppsøkjer hjelpeapparatet med slike problem.

Ulike måtar å handtere samlivskonfliktar på er òg skildra av Lilleaas: 22

«Når samtalen låser seg og paret ikke klarer å snakke sammen, tar mange av fedrene på seg joggedressen og løper en tur. Trening og jogging er den beste måten å løse problemer på, sier flere av mennene. På den måten får de utløp for de kroppslige spenningene og mer energi. Kvinnene er lite begeistret for denne måten å løse konflikter på, «det skjer jo ingenting med forholdet,» sier de.»

Funn i likestillingsgranskinga samsvarer godt med allmenne oppfatningar om at kvinner oftare enn menn tyr til kjefting og skuldingar som «våpen» i parkonfliktar, mens menn oftare teier, trekkjer seg tilbake og held avstand. Desse reaksjonsmønstera kan vere med og forsterke konfliktane ved at mannen opplever det stadige klanderet frå kvinna som truande. Som forsvar reagerer han ofte med å trekkje seg tilbake og halde munn, noko ho i sin tur opplever som avvising. Slik kan tradisjonelle reaksjonsmønster i samlivskonfliktar gjere partane meir utrygge og forsterke konflikten ytterlegare.

5.3 Menn, parforhold og overgang til foreldreskap

Dei seinare åra har vi fått auka kunnskap om kva det betyr for menn når partnaren blir gravid. Det kjem av at menn i dag ønskjer seg ei klart meir aktiv rolle som far, men òg av at forskarane i aukande grad har fatta interesse for fedrar og deira situasjon. Dei fleste menn føler seg både stolte og maskuline når dei blir fedrar. Farskapet gir rom for vekst og modning som mann, ikkje berre som far. Mens kvinna gjennom svangerskap og fødsel får eit «forsprang» i si rolleutviding, må far få tid til å etablere sitt eige, sjølvstendige forhold til barnet. Dess før han kjem på bana, dess tidlegare kan far få eit nært forhold til barnet. Det kan òg leggje grunnlaget for eit likestilt foreldreskap frå starten av.

Fedrar blir i for liten grad involverte i fødselsførebuingar og barseltid. Helsestasjonane har ikkje nådd ut med tilbod som dekkjer menns behov når det gjeld førebuingar og utvikling av foreldreroller. 23 Undersøkingar viser at mens ni av ti kvinner er nøgde med måten svangerskapskontrollane er lagde opp på, er det berre halvparten av dei kommande fedrane som seier seg nøgde. 24

Å bli far kan opplevast som ei av dei mest gjennomgripande forandringane i livet, om enn på ein annan måte enn for kvinna. 25 For dei fleste er dei gledelege og positive sidene ved å få barn dei viktigaste opplevingane i denne overgangstida. Det er likevel ganske vanleg at ei så sentral livshending som det å få barn utløyser vanskelege kjensler i ein kortare eller lengre periode. Nyare forsking viser at menn har eigne former for reaksjonar på svangerskap og fødsel. Omgrepet «paternity blues» er brukt for å beskrive desse. 26 Uro, forstyrra søvn, auka tilknytingsbehov, ei kjensle av noko uverkeleg, sjalusi overfor barnet og ulike kroppslege reaksjonar er rapporterte.

Menn kan òg utvikle fødselsdepresjon. Ei undersøking 27 viser at 7 prosent av fedrane hadde symptom på fødselsdepresjon. Til samanlikning utviklar 10–14 prosent av alle nybakte mødrer slike depresjonar etter fødselen. Det kan vere forskjell på dei symptoma menn og kvinner utviklar. Hos menn handlar fødselsdepresjon oftast om lågare stressterskel, aggressivitet og nedsett sjølvkontroll; ein kjenner seg irritabel, rastlaus, tom og utbrend.

Mange par opplever auka konfliktnivå og blir mindre tilfredse med parforholdet når dei blir foreldre. 28 Det kan mellom anna oppstå konfliktar rundt arbeidsdeling, ansvar, seksualitet og haldningar til framtida. I tida etter fødselen bruker foreldra nødvendigvis det meste av tida og overskotet sitt på omsorg for barnet, og overskotet til å handtere konfliktar i parforholdet kan mangle. Det kan vere mykje å vinne på å tilby rask og lett tilgjengeleg hjelp dersom det oppstår problem i denne sårbare tida. Den statlege satsinga «Godt samliv – gratis parkurs for førstegongsforeldre» kan vere med på å gjere vegen lettare.

5.4 Menn og omsorg for barn i samliv

Likestilt omsorg for barn i samlivet inneber at begge foreldra skal stå likt når det gjeld plikt og høve til å vareta dei daglege, grunnleggjande behova til barna.

5.4.1 Omsorg og ansvar som kjønna fenomen

Ein konsekvens av den utvida mannsrolla er at innhaldet i omsorgsomgrepet må diskuterast. 29 Det har vore vanleg å definere menns omsorgsansvar for barn som eit ansvar for å sikre trygge økonomiske rammer for familien, mens kvinner forvalta omsorg i form av nærleik, støtte og tryggleik. Farsrolla er no i endring, og dei fleste småbarnsfedrar er i dag meir opptekne av å delta i omsorga for barna i vid forstand enn før. Vi ser ei utvikling bort frå ei farsrolle med hovudvekt på å vere økonomisk forsørgjar til ei rolle der far kjenner meir ansvar for dei emosjonelle delane av omsorgsrolla.

På same måten – og i endå sterkare grad – ser det ut til at kvinnene framleis opplever at dei har ansvaret for familieorganiseringa og for standarden på hushaldsarbeidet. I likestillingsgranskinga hevdar 84 prosent av kvinnene at dei bruker meir tid enn partnaren på å organisere dei praktiske oppgåvene i familien og hushaldet, mot 14 prosent av mennene.

Figur 5.2 Kven bruker mest tid på å organisere hushaldsoppgåver?

Figur 5.2 Kven bruker mest tid på å organisere hushaldsoppgåver?

Kjelde: Likestillingsgranskinga

Dette er eitt av dei spørsmåla i likestillingsgranskinga der det er størst forskjell på svara frå kvinner og menn. Mens omsorg for barn er blitt meir kjønnsbalansert, ser familieorganiseringa ut til å følgje eit meir tradisjonelt mønster. Her er det ikkje spørsmål om kor mykje tid ein faktisk bruker på desse aktivitetane, men kor mykje tid (og krefter) ein bruker på å organisere dei. Svara tyder på at sjølv om menn deltek meir i hushaldet enn før, har kvinnene framleis større innverknad ved at dei fastset standardane som skal gjelde for orden og system i heimen og for kosthaldet. Likestillingsgranskinga gir visse haldepunkt for at det òg har vore ei utvikling mot større likedeling av husarbeidsoppgåvene dei siste tjue åra, men då hovudsakleg på enkeltområde som innkjøp av daglegvarer, matlaging og husreingjering. Omfordeling av ansvar og innverknad synest å vere ein tregare prosess enn omfordeling av arbeid.

Døving 30 påpeiker at det går føre seg ein økonomisk diskusjon som dominerer verdiforståinga vår, og at denne hindrar oss i å sjå makttilhøva i heimen. «Når kvinnekamp og forskere har hevdet at kvinnen er underlegen mannen, har de glemt kvinners posisjon som koner og mødre,» skriv han. Døving tek for seg dei vanlegaste kvinnelege rollene og statusane, «mor» og «kone», og viser korleis kvinner gjennom desse har kontroll over forskjellige uformelle sfærar i og rundt hushaldet. Denne makta har tradisjonelt vore knytt til kvinneleg identitet og sjølvkjensle og blir forstått som ein stor fordel når det kjem til samlivsbrot og diskusjon om barnefordeling og kven som er best eigna som omsorgsperson.

Funn i likestillingsgranskinga stadfester at det framleis er nødvendig å arbeide målretta og med ulike verkemiddel for å nå fram til eit likestilt foreldreskap. Det går fram at færre menn (47 prosent) enn kvinner (63 prosent) opplever at mødrer og fedrar blir rekna som likeverdige foreldre, sjå fig. 5.3.

Figur 5.3 Er mødrer og fedrar likeverdige foreldrar 
 i Noreg i dag?

Figur 5.3 Er mødrer og fedrar likeverdige foreldrar i Noreg i dag?

Kjelde: Likestillingsgranskinga

5.4.2 Frå fråverande til nærverande fedrar

Yngre menn og fedrar viser merkbart større interesse for farsrolla i dag enn tidlegare. Det heng saman med ei allmenn bevisstgjering om og ei gradvis endring i haldningane menn har til barn og familieliv. Dei fleste menn i dag ønskjer betre balanse mellom heim og jobb, tid til omsorg, livskvalitet og eit likestilt forhold til kvinner. At fedrar tek meir hand om spedbarna og småbarna sine og er meir kjenslemessig engasjerte i dei, inneber ei utviding av maskuliniteten 31 og er eit godt utgangspunkt for ei større endring i maskulinitetsoppfatninga hos menn. Innføringa av fedrekvoten i 1993 har vært eit viktig bidrag til dette.

Fedrar er ein viktig ressurs som omsorgspersonar. At menn tek meir aktivt del i omsorga for eigne barn, gir fordelar for både menn og kvinner, for parforholdet og for barna. For menn gir det høve til eit utvida maskulint handlingsrom, som òg gir rom for å vere gode og omsorgsfulle fedrar. 32 Fordelane for kvinner blir mellom anna betre høve til å delta i arbeidslivet og ei sterkare oppleving av fellesskap i foreldrerolla. Dette kan igjen styrkje samhaldet og kvaliteten i parforholdet. For barna betyr det betre tilgang til og kontakt med begge foreldra. Meir jambyrdige omsorgsroller vil òg betre grunnlaget for likestilt foreldreskap etter eit eventuelt brot.

Omsorgsdeling i samlivet ser ut til å ha stor innverknad på om foreldra har eit godt samarbeid og god kontakt med barna etter samlivsbrot. I tilfelle der foreldra vel delt bustad for barna, blir overgangen lettare for barna dersom begge foreldra har vore aktive i barneomsorga frå barna var små.

Omsorg har tradisjonelt vore eit resultat av kulturell overføring frå mor til dotter. Med auka farsdeltaking er det blitt tydelegare at omsorg er ein kompetanse som òg gutar og menn kan og må tileigne seg. I staden for å sjå på omsorg som noko diffust kvinneleg-naturleg er det viktig å sjå på omsorg som praksis. 33 Nye standardar for foreldrerollene utviklar seg som følgje av at både kvinneleg og mannleg foreldreskap er i endring. Det synest å ha blitt ein del av morskompetansen å verdsetje at far har rett til omsorg for eigne barn. 34 Og sterkare deltaking i omsorga for eigne barn inngår som ein komponent i den moderne maskuliniteten.

Samtidig vil omsorgsevne som eigenskap variere med mellom anna personlegdomstrekk og individuelle føresetnader.

Studiar av fedrar viser at måten far er heime på, har mykje å seie for kva han lærer, og i kva grad han utviklar omsorgskompetansen sin. Brandth og Kvande viser at det er ved å vere heime åleine i ein lengre samanhengande periode, mens mor går på jobb, at far får høve til å utvikle eit eige omsorgsrepertoar. Det å få barn og vere heime med barnet i permisjonstida gir mennene erfaringar som dei seier «utvidar kjensleregisteret». Gjennom nærleik til barnet utviklar fedrane innlevingsevna si.

Mannspanelet foreslår i sitt konklusjonsnotat at helsestasjonane må yte eit betre tilbod til menn som nybakte foreldre, og at fedrar må inkluderast i svangerskaps- og barselomsorga. Dette blir nærmare omtalt i punkt 5.7.2.

Ved å ha hovudansvaret og bruke mykje tid saman med barnet blir menn betre i stand til å forstå kva barnet treng, og korleis behova kan tilfredsstillast. «Langsam tid», som ikkje skal brukast til å springe frå det eine til det andre, men der barnet får stå i fokus med sine behov, blir av fedrane vektlagt som vesentleg for å lære å forstå kva barnet treng.

Likestillingsgranskinga støttar tidlegare undersøkingar 35 som viser at menn som har vore åleine heime med barn under fødselspermisjonen, følgjer dei betre opp seinare enn dei som ikkje har hatt eineansvar for barnet i denne perioden. Blant mennene som var mest åleine heime med barnet i permisjonstida, var det fleire som sa at det førte til betre kontakt med barnet seinare, enn det var blant dei som var heime samtidig med partnaren (talet stig frå 80 prosent til 93 prosent). Det er ingen forskjell blant kvinnene i dei to gruppene. Når mor framleis er heime i farspermisjonstida, deltek fedrane litt meir i dei daglege rutinane enn då dei var i arbeid. Men dei får ikkje hovudansvaret og får ikkje «prøvd seg» åleine med barnet, og dei utviklar heller ikkje den same relasjonen til barnet som fedrane som var heime åleine. Dei fedrane som utvikla omsorgsrolla si best, var dei som tok lengre permisjon enn dei fire vekene som var fedrekvoten då dataa blei samla inn.

Den intimiteten til barnet som blir skapt i permisjonstida, gir grunnlag for ei vedvarande nær tilknyting til barnet. 36 Fedrar som har vore heime over lengre tid med barnet sitt, blir opptekne av å bevare den nære relasjonen til barnet, og dei ønskjer å gjenta ein lengre permisjon dersom dei får fleire barn, slik at dei kan etablere den same intimiteten til nye barn. Også etter permisjonstida vil desse fedrane sørgje for å oppretthalde ein aktiv omsorgsposisjon overfor barna sine. Den nærverande faren er blitt eit ideal.

Det kan òg påvisast andre interessante ringverknader av at fedrar tek sin del av foreldrepermisjonen. Foreldre som deler permisjonstida, får fleire barn og har lågare skilsmisserate enn andre familiar:

«Ett ökat uttag av pappaledighet skulle kunna ge minskad ohälsa, stabilare familjer och flera nyfödda barn vilket sammantaget skulle ha en positiv inverkan på svänsk tillväxt.» 37

Ei undersøking viser 30 prosent lågare risiko for samlivsbrot i familiar der foreldra deler permisjonen. 38 Ei nærliggjande forklaring kan vere at eit sterkare fellesskap om barnet og foreldrerolla òg verkar styrkjande på parforholdet i ein periode med store forandringar i familien, jamfør punkt 5.3.

Målestokken for fedrar er ikkje å bli som mødrene, men å bli annleis og meir psykologisk til stades enn tidlegare generasjonars fedrar. Den «nye faren» var først eit middelklassefenomen. I dag ser vi ingen tydelege teikn på at arbeidarklassemenn er mindre involverte i praktiske gjeremål i dagleglivet med barna. 39 Det indikerer at dei tendensane vi ser til ein meir aktiv og deltakande far, er uttrykk for ein generell utviklingstrend. Vi har likevel avgrensa systematisk kunnskap om eventuelle klasseforskjellar på dette området, og det er behov for meir forsking.

Dei seinare åra er det blitt etablert møteplassar for fedrar. Mange helsestasjonar, familiesenter og frivillige organisasjonar har tilbod om pappagrupper. I pappagruppene kan fedrar samlast og utveksle erfaringar om omsorg for spedbarn og småbarn. Deltaking i pappagrupper kan opne opp for at menn sjølve kan definere sine roller i omsorga. Fedrar med lang erfaring kan her gi råd og tips til nybakte fedrar for å styrkje dei i farsrolla.

5.4.3 Barrierar

Trass i at yngre fedrar engasjerer seg merkbart meir i omsorga for eigne barn, står mykje att før foreldreskapet i praksis er likestilt i Noreg. Framleis tek kvinner hovudansvar for barna og hushaldet, og småbarnsfedrar er òg den gruppa som arbeider mest, jamfør kapittel 4.

Det er ei rekkje årsaker til at menn ikkje er meir saman med eigne barn enn dei er. Av moglege årsaker kan nemnast:

Arbeidslivet (arbeidsgivaren) legg ikkje tilstrekkeleg til rette for at menn kan vareta omsorgsoppgåver, men forventar bruk av overtid og liknande.

Menn sjølve tek ikkje tilstrekkeleg ansvar for å vareta omsorgsoppgåver overfor eigne barn, men overlèt bevisst eller ubevisst omsorgsansvaret til kvinner.

Dei kommunale velferdstenestene manglar eit kjønnsperspektiv på kontakten med foreldre og forsømmer å trekkje begge foreldra med i samarbeid mellom foreldre og helsestasjon, barnehage og skule.

I ei nordisk undersøking om menn og likestilling er berre 13 prosent av kvinnene interesserte i å overlate meir av ansvaret for «AS Familien» til mannen. Det kan tyde på at mange kvinner på den eine sida ønskjer likestilling og balanse i arbeidslivet, men samtidig held fast ved eit tradisjonelt kjønnsrollemønster heime. 40

5.4.4 Menn og omsorg i ulike livsfasar

Ovanfor er det fokusert mest på menns omsorgsrolle overfor dei minste barna. Men utvidinga av mannsrollene har medverka til å styrkje omsorgsrolla deira generelt, ikkje berre i spedbarns- og småbarnsfasen. Her går vi kort inn på omsorg i ulike livsfasar.

5.4.4.1 Omsorg for større barn

Tradisjonelt synest fedrar å ha teke ein større del av omsorgsansvaret etter kvart som barna har blitt eldre. Dei fleste fedrar har vore aktive i oppfølginga av fritidsaktivitetane til barna og teke på seg frivillige verv og oppgåver i den organiserte fritida.

5.4.4.2 Omsorg for kronisk sjuke barn

Fedrar med kronisk sjuke barn går aktivt inn i omsorg og ansvar for å følgje opp barnet. Fedrar har lenge vore forsømde i studiar av familiar med kronisk sjuke barn. Nyare norsk og internasjonal forsking viser at éin av fire fedrar slit med posttraumatiske stressplager etter at barnet har fått diagnostisert ein alvorleg kronisk sjukdom. 41

5.4.4.3 Menns eigenomsorg

Det er eit generelt inntrykk at menn ikkje er tilstrekkeleg opptekne av eigenomsorg. Det kan dels ha samanheng med tradisjonelle stereotypiar om maskulinitet som omtalt i del 9. I idealbiletet av den tøffe, uthaldande og sterke mannen synest det å vere lite rom for fokus på eigne omsorgsbehov. Utslag av dette er mellom anna dårleg oppfølging av eiga helse, jamfør del 6. Som Mannspanelet påpeiker i konklusjonsnotatet, er det behov for konkrete tiltak retta mot livskvalitet, helse og sjukdom hos menn.

5.4.4.4 Omsorg etter samlivsbrot

Som følgje av at fedrar i dag har ei meir aktiv omsorgsrolle enn før, ser vi ein klar tendens til at dei ønskjer å oppretthalde nær kontakt med barna etter eit eventuelt samlivsbrot. Sjå nærmare omtale i del 5.6.

5.4.4.5 Omsorg for eigne foreldre

Sju av ti menn og kvinner i alderen 45 til 65 år med foreldre i live yter praktisk hjelp og/eller pleie til foreldra samtidig som dei er yrkesaktive. 42 Levekårsundersøkinga viste i ei tverrsnittsundersøking i 2000 (SSB) 43 at om lag 1 /3 av befolkninga over 16 år gav regelmessig ulønna hjelp til foreldre eller andre. Mest hjelp (fem timar i veka) gav menn over 67 år og kvinner i aldersgruppa 45–66 år. Det er verdt å merkje seg at det i dei eldste aldersgruppene er fleire menn enn kvinner som gir slik ulønna hjelp, og at menn i dei ulike aldersgruppene gir minst like mykje hjelp som kvinner. Det synest som om kvinner i større grad tek hand om omsorga for eigne barn, mens menn i større grad tek seg av foreldra. 44

5.4.4.6 Menns behov for omsorg som eldre

Ei undersøking viser at barn i meir enn halvparten av tilfella er nærmaste omsorgsperson for eldre. 45 Meir enn 80 prosent tilhøyrer den nærmaste familien og er anten ektefelle, barn, svigerbarn, barnebarn eller søsken. Einslege, eldre menn utan nære familierelasjonar har ein tendens til å isolere seg og får i mindre grad enn eldre kvinner tilsyn og omsorg av eigne barn. Ein analyse av skilde menn og kvinner utført av NOVA 46 viser at skilde menn får mindre hjelp frå eigne barn enn gifte menn, mens det ikkje var nokon forskjell mellom skilde og gifte kvinner. Sjå òg omtale i punkt 5.6.4.

5.5 Førebygging av samlivskonfliktar og samlivsbrot

Det er eit overordna familiepolitisk mål å bevare stabile og varige samliv til beste for både vaksne og barn. I ei tid med mange separasjonar og samlivsbrot 47 er det ei stor utfordring å leggje til rette for at fleire skal kunne bevare eit stabilt familieliv.

I arbeidet for gode og robuste samliv er førebyggjande tiltak av vesentleg verdi. Satsinga på familierådgiving og førebyggjande samlivsarbeid byggjer på ein ideologi som seier at stabilitet og kvalitet i par- og familieforhold er til gagn for heile samfunnet. Arbeidet for gode samlivsforhold er eit samfunnsspørsmål av fleire grunnar. Det er mindre sjukefråvær blant menneske som har eit godt parforhold, noko som betyr mykje for folkehelsa. Gode og stabile parforhold synest dessutan å vere det beste for både vaksne og barn. Derfor er det viktig at vi har eit godt utvikla og lett tilgjengeleg apparat til å styrkje samlivskvaliteten og førebyggje samlivskonfliktar og samlivsbrot. Familierådgiving og andre samlivsstyrkjande tiltak er viktige verkemiddel for å redusere samlivsvanskar og førebyggje samlivsbrot. Med tanke på dei til dels store og langvarige belastningane samlivskonfliktar og samlivsbrot medfører både for vaksne og barn, kan det i eit samfunnsøkonomisk perspektiv lønne seg å styrkje dei førebyggjande tiltaka.

Familievernet er eit gratis lågterskeltilbod på førstelinjenivå, samtidig som kontora er tverrfagleg bemanna på spesialistnivå. Det gjer tenesta unik når det gjeld å gi rask, lett tilgjengeleg og god fagleg hjelp til vanlege menneske med vanlege problem i samliv og familie. Å få hjelp med samlivsproblem skal heller ikkje vere eit spørsmål om privatøkonomi.

I 1996 gjennomførte Opinion ei undersøking av kjennskapen til familievernet i befolkninga. 48 Hovudfunnet i undersøkinga var at store grupper i befolkninga visste lite om familievernet som teneste og om hjelpetilboda som blir gitt. Menn har gjennomgåande dårlegare kjennskap til familievernet enn kvinner, og forskjellen mellom kjønna er størst blant dei under 30 år. Det var òg dårleg kjennskap til innhaldet i familieverntenestene. Mange trur at familievernkontora er reine «skilsmissekontor» som ein må oppsøkje for å ta ut separasjon. Rundt 90 prosent av dei spurde meiner at det er behov for meir informasjon om familievernet. Seinare undersøkingar har gitt tilsvarande funn. 49 For å auke kunnskapen om tenesta og senke terskelen for å søkje hjelp har Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet utarbeidd ein informasjonsplan for familievernet. 50

5.6 Menn og omsorg for barn etter samlivsbrot

5.6.1 Korleis menn handterer samlivsbrot

Dei seinare åra har i overkant av 12 000 ekteskap gått i oppløysing kvart år. Sjølv om 75 prosent av alle barn veks opp med begge foreldra, 51 viser offentleg statistikk at 13 700 barn opplevde at foreldra tok ut separasjon i 2006. 52 Det finst ikkje påliteleg statistikk over kor mange sambuarforhold som blir brotne, men det er anslått at risikoen for foreldrebrot er 2 ½–3 gonger større blant sambuarar enn blant gifte. 53

Separasjon og skilsmisse har breidd om seg dei siste tiåra. Tidlegare var det gjerne slik at når skilsmisse var aktuelt, var det fordi det var «for mykje av noko»: vald, utruskap eller fyll. I dag synest mange å skilje seg fordi det er «for lite av noko»: kjensler, respekt, rom for sjølvrealisering. Ut frå denne tenkjemåten skal det mindre ubalanse til før eit samliv går i oppløysing i dag enn på 1980-talet. 54 Likestillingsgranskinga gir ikkje sikkert svar på om denne tankegangen er rett, men resultata tyder på det.

Forskinga viser at det som regel er kvinna som opplever problema i forkant av eit samlivsbrot. I 75 prosent av tilfella er det kvinna som tek avgjerda om å bryte ut av forholdet. 55 Mange kvinner opplever motstand frå mannen mot å gå inn i problemorienterte samtalar om parforholdet, noko som ofte forsterkar opplevinga av kjenslemessig avstand og manglande fellesskap.

For ein del menn kan det opplevast som eit stort paradoks å bli separert utan å ha opplevd å ha nemneverdige problem i samlivet. 56 Kjær påpeiker at å bryte ut av eit parforhold kan seiast å vere eit brot med grunnleggjande faktorar som tradisjonelt har tilhøyrt maskuliniteten: uthald og meistring. Ei bagatellisering av vanskar kan ha samanheng med at det å ta dei meir på alvor kunne skape ei kjensle av ikkje å meistre, ikkje å lykkast. Å bryte ut ville vere eit nederlag og eit resultat av ikkje å meistre utfordringane i samlivet. Tilsvarande beskriv Oftung 57 skilsmissa som eit fall, eit nederlag, noko som gir ei sterk kjensle av å vere mislykka og å ha tapt kontrollen over tilværet. For mange menn står det å miste kontrollen i ein del situasjonar som umandig.

Ein del samlivsbrot er udramatiske og medfører i hovudsak positive forandringar for partane. For par som lever i fastlåste og vedvarande konfliktar eller i kjenslelause forhold, kan eit brot opplevast som den beste løysinga og ei lette som opnar for nye utsikter i livet. Det er likevel solid fagleg dekning 58 for å hevde at samlivsbrot kan ha til dels store negative helsemessige, psykologiske og sosiale konsekvensar både for vaksne og barn. Ei norsk undersøking 59 konkluderer med at éin av tre skilde har psykiske problem i lang tid etter eit samlivsbrot, og at samlivsbrot kan vere ei alvorleg livskrise for dei involverte. Undersøkingar 60 viser mellom anna at skilde og separerte har vesentleg høgare symptomnivå enn det som er vanleg i normalbefolkninga, og dei blir oftare innlagde ved psykiatriske sjukehus. I Infacts samlivsundersøking 2007 61 svarer 30 prosent av dei som har opplevd samlivsbrot, at dei angrar på brotet, og 21 prosent av mennene og 32 prosent av kvinnene meiner at samlivsbrotet har vore den største livskrisa deira.

Figur 5.4 Talet på sjølvmord blant skilde og separerte

Figur 5.4 Talet på sjølvmord blant skilde og separerte

Kjelde: Gjertsen 2003

Sjølvmordsfrekvensen for skilde og separerte er mange gonger høgare enn for gifte. I perioden 1978 til 1992 hadde separerte og skilde menn mellom 30 og 79 år fire til seks gonger høgare sjølvmordsrate enn gifte. 62 Det same mønsteret gjeld for kvinner, men frekvensen er markant høgare blant menn enn kvinner. 63 Til dømes var sjølvmordsraten for separerte i 1998 over sju gonger høgare for menn enn for kvinner (112 mot 15,5 per 100 000), sjå figur 5.4.

Korleis ein reagerer på eit samlivsbrot, er avhengig av mange faktorar, ikkje minst kva innstilling ein sjølv har hatt til brotet. Dei som blir forlatne, får langt større problem enn dei som sjølve tek initiativet til samlivsbrotet. 64 Vanlege reaksjonar er tapskjensle, handlingslamming og passivitet, ofte med etterfølgjande sinne og ambivalens. 65

Som gruppe synest menn å takle samlivsbrot dårlegare enn kvinner. Statistisk er menn meir sjuke og har større alkoholforbruk, fråvær og fleire personlege/sosiale problem enn kvinner i samband med samlivsbrot og skilsmisser. 66 Likestillingsgranskinga viser eit tilsvarande hovudbilete. I kva grad menn opplever negative konsekvensar, er mest av alt relatert til graden av konflikt mellom partane – dess høgare konflikt, dess meir negative konsekvensar blir rapporterte. Dei mest belasta gruppene var dei som blei forlatne, dei som hadde lite kontakt med barna sine, dei som ikkje hadde innleidd noko nytt forhold, og dei som enno hadde eit høgt konfliktnivå med ekspartnaren. Tap av kontakt med barna ser i likestillingsgranskinga ut til å vere den viktigaste faktoren i opplevd redusert livskvalitet, og det er særleg framtredande blant fedrane. Éin av tre skilde menn har psykiske problem to år etter samlivsbrotet. Ifølgje likestillingsgranskinga synest utdanningsnivå å spele ei rolle i dette biletet ved at separerte og skilde menn med høg utdanning ser ut til å klare seg betre gjennom eit samlivsbrot enn dei med lågare utdanning. Dette samsvarar òg med internasjonale forskingsfunn. 67 Det er grunn til å tru at det ikkje er utdanningsnivået i seg sjølv som er utslagsgjevande i dette, men at høgare utdanning er ein av fleire indikatorar på «sosial kapital». Ein høgare sosial kapital kan gi betre føresetnader for å handtere ulike livsutfordringar.

Menn som har opplevd samlivsbrot hos eigne foreldre er særleg sårbare for psykiske problem, spesielt depressive reaksjonar. 68 For kvinner kan det ikkje påvisast tilsvarande samanheng. Vidare er det dobbelt så stor sjanse for at eit framtidig ekteskap ikkje varer i gode og vonde dagar, dersom ein av partane er skilsmissebarn. Er begge barn av skilde foreldre, er det trippelsjanse for ekteskapsbrot. 69

Samtidig som menn rapporterer om større negative reaksjonar etter samlivsbrot, opplever dei mindre behov for profesjonell hjelp enn kvinner. Ei nærliggjande forklaring er at menn synest å ha ein høgare terskel enn kvinner for å oppleve behov for hjelp med emosjonelle problem.

5.6.2 Likestilt foreldreskap etter samlivsbrot

Likestilt omsorg for barn etter samlivsbrot inneber at begge foreldra skal ha felles ansvar for og høve til å vareta dei daglege, grunnleggjande behova til barna.

Likestilt foreldreskap etter samlivsbrot inneber mellom anna at barna har høve til god kontakt med begge foreldra etter brotet. Vidare inneber det at foreldra har felles ansvar for å medverke til ein livssituasjon som er til beste for barnet, ved at dei så langt som råd er, tek omsyn til barna og deira behov. Dei juridiske rammene for dei vala og avtalane om barna som foreldra må gjere ved eit samlivsbrot, er regulerte i barnelova. Eit juridisk likeverdig foreldreskap inneber likevel ikkje nødvendigvis at barnet skal bu tilnærma like mykje hos begge foreldra.

Det må visast forståing for at familiar vel ulike bu- og omsorgsløysingar etter samlivsbrot. Familiar er ulike og har ulike behov. Det er ikkje eit offentleg ansvar å regulere dei interne forholda i ein familie. Regjeringa legg vekt på at småbarnsforeldre skal stå fritt til å velje omsorgsform for barna, også etter samlivsbrot. Utgangspunktet er kva som er best for barnet, og det må vere opp til foreldra å vurdere kva ordningar som passar i kvart tilfelle. Foreldra bør i størst mogleg grad ta ansvar for eige liv, eigne barn og eigne val. Den overordna politiske utfordringa i dette er å leggje forholda til rette for ein reell valfridom i spørsmål om ulike måtar å leve på i familie og samliv.

I dag bur 80 prosent av barna hos mor etter eit samlivsbrot, sjå figur 5.5. Mange fedrar er frustrerte over denne skeivfordelinga og kjenner seg vesentleg svekte i foreldrerolla som følgje av at dei får mykje mindre kontakt med og ansvar for barna. I mange tilfelle fører dette til alvorlege og vedvarande konfliktar mellom foreldra, noko vi veit er til skade for barn. 70

Figur 5.5 Kven bur barna hos etter samlivsbrot i dag?

Figur 5.5 Kven bur barna hos etter samlivsbrot i dag?

Kjelde: Skjørten mfl. 2007

Den vanlegaste årsaka til denne skeivfordelinga er at foreldra sjølve avtaler fast bustad hos mor og samvær for far. Det kan til dømes komme av at dei held fram med ei omsorgsløysing som var etablert under samlivet, at far gir etter for press frå mor, og/eller at fedrar generelt har ei førestelling om at dei stiller svakt i ei eventuell rettssak. Det er verdt å merkje seg at i barnefordelingssaker som kjem opp for lagmannsretten, er fordelinga tilnærma lik for bustad hos mor og hos far. 71

Det er ei viktig politisk oppgåve å leggje til rette for at det òg etter samlivsbrot kan praktiserast eit likestilt foreldreskap som varetek dei grunnleggjande behova hos barnet i pakt med alder og utviklingsnivå. For å nå målsetjinga om eit likestilt foreldreskap må det primære vere å hjelpe foreldre til å bli samde om løysingar og å samarbeide betre om barna. Barn treng gode og trygge relasjonar til begge foreldra, ikkje minst etter eit samlivsbrot. Barnelova sikrar at begge foreldra har del i foreldreansvaret om dei ikkje avtaler noko anna, anten dei er gifte eller sambuande. 72 Etter barnelova er det foreldra som har ansvaret for å inngå avtalar om samvær og kvar barna skal bu fast.

Figur 5.6 Prosentdel barn med delt bustad 1996-2008

Figur 5.6 Prosentdel barn med delt bustad 1996-2008

Kjelde: Skjørten m.fl. 2007

På visse føresetnader kan delt bustad 73 vere ei vellykka løysing for både barn og vaksne etter samlivsbrot. 74 Prosentdelen barn med delt bustad har auka dei seinare åra, sjå fig. 5.6. Tre variablar synest å skilje seg ut med tanke på korleis det går med barn etter samlivsbrot: 75 Konfliktnivået mellom foreldra, kommunikasjonen mellom dei og korleis dei tilpassar seg psykisk etter samlivsbrotet. Foreldra må kunne samarbeide, og barna må trivast med å ha to heimar. Dei to heimane må vere geografisk nær kvarandre, og foreldra bør ha nokolunde like rutinar. Stor ulikskap i kvardagslege rutinar og reglar kan føre til auka konfliktnivå, noko som gjer ordninga vanskeleg. Det er òg avgjerande at begge foreldra opplever at alle partar, ikkje minst barna, er nøgde med ordninga. Det er viktig at barna blir høyrde og tekne omsyn til, og foreldra må vere parat til å endre ordninga og vise fleksibilitet dersom barna viser teikn til mistrivsel. Sjølv om slike ordningar kan vere med og sikre større kontakt mellom barna og begge foreldra, er det uvisst kor vidt dei òg skaper praktisk og emosjonelt stress for barna. 76

Det er ei utbreidd oppfatning blant fagfolk som har jobba med skilsmissekonfliktar og ordningar for barn innanfor familievernet, at det er fornuftig å utforme ein samværsavtale som byggjer vidare på det rollemønsteret som har vore mellom foreldra i samlivet. 77 Dersom fedrane vil ta større ansvar og vere meir aktive i omsorga for barna i samlivet, kan det liggje betre til rette for eit likestilt foreldreskap etter eit eventuelt samlivsbrot.

Dei fleste foreldre har mykje kontakt med barna sjølv om dei ikkje bur fast saman med dei. Stort sett er menn òg rimeleg godt nøgde med samværsordninga. 78

5.6.3 Foreldresamarbeid etter samlivsbrot

Ei følgje av den nye og meir aktive farsrolla er at fedrar i dag i vesentleg større grad enn før ønskjer seg nær kontakt med barna etter samlivsbrot. Det er eit resultat av ei vilja utvikling som i all hovudsak er positiv. I dei fleste tilfelle er det til beste for barnet å ha tett og god kontakt med begge foreldra. Både før og etter eit eventuelt samlivsbrot er det viktig å leggje til rette for det.

Dei fleste foreldre kjem på eiga hand til semje om ordningar for barna. Men i nokre tilfelle kan det vere så stor forskjell på kva mor og far meiner er den beste løysinga for barna, at det blir ein langvarig konflikt og maktkamp der foreldra set eigne interesser og behov i forgrunnen i staden for å finne ei løysing på barnas premissar. 79

«Hensynet til barnets beste skal først og fremst bidra til at barnets perspektiv legges til grunn for drøftelser og løsninger, slik at dette blir overordnet hensynet til ønsker og rettigheter for hver av foreldrene.» 80

Konsekvensane av langvarige konfliktar mellom foreldra i slike spørsmål kan bli alvorlege for barna. Vedvarande foreldrekonfliktar blir av fagfolk framheva som ei vesentleg årsak til at barn får til dels alvorlege problem etter samlivsbrot. 81 Uløyste konfliktar på dette området får òg negative følgjer for det vidare foreldresamarbeidet om barna.

Forholda må leggjast til rette for at foreldra i størst mogleg grad tar omsyn til barna etter eit samlivsbrot. Likestillingsgranskinga viser at mange skilde foreldre langt på veg klarer å unngå konfliktar om barna. Om lag 60 prosent av dei som har opplevd skilsmisse eller samlivsbrot med barn, har ikkje opplevd konfliktar rundt barna. Resultata tyder på ein ganske stor og truleg aukande «fredstendens» på dette området, med meir balanserte ordningar etter brot, særleg blant dei yngre. Vidare er det ein allmenn tendens at konfliktnivået mellom dei fleste foreldre minkar med tida.

Konfliktar om samvær kan likevel vere fastlåste og langvarige. I nokre tilfelle kan årsaka vere at far ikkje vil ha kontakt med barnet, i andre tilfelle er det mor som ikkje vil la han sleppe til. I begge tilfella kan uløyste konfliktar mellom dei vaksne som tidlegare partnarar vere den underliggjande grunnen til samarbeidskonfliktane om barna. Forsking 82 viser at så mange som 20 prosent oppgjev å ha store konfliktar med ekspartnaren to år etter samlivsbrotet. Når vi veit at vedvarande konfliktar mellom foreldra er av dei viktigaste årsakene til at barn får emosjonelle, åtferdsmessige eller psykososiale vanskar etter samlivsbrot, 83 må det vere ei høgt prioritert politisk oppgåve å setje i verk tiltak for å få ned talet på foreldre som held konfliktane sine gåande over tid. Mange problem i foreldresamarbeidet kunne vore hindra om partane i større grad hadde greidd å skilje mellom rollene som foreldre og tidlegare partnarar.

5.6.4 Manglande likestilling kan bidra til at fedrar får dårlegare omsorg som eldre

At mange fedrar får sterkt redusert kontakt med barna etter samlivsbrot, kan få konsekvensar òg på lengre sikt. Den reduserte kontakten med barna synest å vare ved, slik at menn som eldre ikkje får same grad av tilsyn og omsorg frå barn som kvinner får, jamfør punkt 5.4.4.6. Dette er ein lite diskutert samfunnsmessig konsekvens av manglande likestilling i tidlegare livsfasar.

5.6.5 Barnelovutvalet

Barnelovutvalet blei oppnemnt i statsråd i januar 2007. Utvalet skulle mellom anna vurdere endringar i barnelova med omsyn til foreldreansvar, fast bustad og samvær. Ifølgje mandatet var hovudmålet med gjennomgangen å vurdere endringar av barnelova i eit perspektiv der begge foreldra blir rekna som like viktige for barnet, og der ein søkjer å støtte opp om ei samfunnsutvikling der sentrale poeng er at foreldra skal stå likt når det gjeld tid, ansvar, omsorg og råderett over vesentlege sider ved livet til barnet. Utvalet skulle ta utgangspunkt i at FNs barnekonvensjon er innarbeidd i norsk lov, og at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn ved alle handlingar som gjeld barn. Vidare skulle utvalet sjå nærmare på om barnets beste kan varetakast betre ved å leggje forholda til rette for ei meir likeleg fordeling av omsorg og ansvar mellom foreldra. Utvalet skulle særleg sjå på om eit meir likestilt utgangspunkt kan medverke til å dempe konfliktar mellom foreldra. Som eit ledd i gjennomgangen skulle utvalet dessutan drøfte og eventuelt leggje fram lovforslag i spørsmål som felles foreldreansvar anten foreldra har budd saman eller ikkje, delt bustad og normering av samværsomfanget.

Rapporten frå utvalet blei lagd fram i april 2008. 84 Her gir vi att dei konklusjonane som er mest relevante for denne stortingsmeldinga:

  • Flytting: Utvalet er bedt om å sjå nærmare på retten bustadsforelderen har til å flytte med barnet utan godkjenning frå samværsforelderen. Eit fleirtal i utvalet går inn for at begge foreldra med foreldreansvar må samtykkje dersom bustadsforelderen skal kunne flytte med barnet. Eit første mindretal meiner at bustadsforelderen skal kunne ta ei slik avgjerd åleine, men slik at det oppstillast ei varslingsplikt. Eit anna mindretal går inn for at lovverket oppretthaldast som det er i dag på dette punktet.

  • Samvær: Eit fleirtal i utvalet meiner at regelen om «vanleg samvær» bør behaldast, men slik at samværet blir utvida til å omfatte totalt fem overnattingar per 14 dagar og tre veker sommarferie. Talet på feriar bør òg utvidast til å omfatte haust- og vinterferiar, meiner fleirtalet i utvalet. Eit mindretal meiner at regelen om vanleg samvær bør takast ut av lova.

  • Tvangsfullføring av samvær: Etter gjeldande rett er tvangsbot det einaste verkemiddel ved tvangsfullføring av samværsavgjerder. Utvalets fleirtal meiner at fysisk avhenting bør være tilgjengeleg som tvangsmiddel. Utvalets mindretal meiner at det ikkje bør åpnast for fysisk avhenting og at regelverket ikkje bør endrast.

Sjå nærmare omtale under punkt 5.7.4.

5.7 Forslag til tiltak som kan styrkje menns rolle og ansvar i samliv og familie

Regjeringa meiner at ein føresetnad for å nå målet om full og reell likestilling mellom kjønna er at det blir lagt til rette for at menn betre kan realisere rollene og funksjonane sine i samliv og omsorg for barn. Likestilt foreldreskap kan òg vere svært viktig for å redusere samlivskonfliktar og førebyggje samlivsbrot.

I avveginga av tiltak for eit likestilt familieliv er det nødvendig å ha klart for seg kva det offentlege kan og bør gjere, og kva som høyrer heime i det sivile samfunnet. Det er ei offentleg oppgåve å skape rammer som gjer at den enkelte kan gjere rette val i eige liv. Det er ei statleg oppgåve å sikre rett lovgiving som byggjer ned hinder for likestilling og fremjar likebehandling og sjanselikskap. Men staten kan ikkje åleine garantere like resultat på individnivå.

5.7.1 Menn i parforhold og samliv

  • Meir og betre målretta informasjon om parforhold og samliv kan vere med å gjere alminneleg samlivskonfliktar og senke terskelen for å søkje hjelp. Familievernkontora kan spele ei sentral rolle her. Befolkninga må informerast betre om kva familievernet kan tilby. Det er viktig at familievernkontora er kjende og brukte. Familievernkontoret bør profilerast som den naturlege staden å vende seg for å få hjelp med samlivskonfliktar. Familievernet bør setje i verk spesielle og målretta tiltak for å gjere tilbodet sitt betre kjent blant menn og informere om førebyggjande tiltak for å unngå uønskte samlivsbrot.

  • Regjeringa understrekar det viktige i auka forsking på menn og mannsroller i parforhold og samliv. Det er behov for å systematisere nasjonal og internasjonal erfaring og kunnskap på området. Det nyoppretta professoratet i maskulinitets- og likestillingsforsking ved Senter for kompetanse om kjønn, Universitetet i Oslo, vil ha ei naturlig rolle i dette.

5.7.2 Menn og omsorg for barn i samliv

  • Det store fleirtalet av dei som kjem til spedbarnskontroll ved helsestasjonane, er mødrer. Det heng mellom anna saman med at mødrer i stor grad tek ut foreldrepermisjonen i den intense spedbarnskontrollperioden. Mannspanelet rår til at menn som nybakte foreldre må få eit betre tilbod ved helsestasjonane. Regjeringa legg vekt på den viktige rolla òg mannen har under svangerskapet og i fødselsførebuande tiltak. Det er brei semje om at fedrar tidlegast råd bør integrerast og likestillast i foreldreskapet, da er eit godt grunnlag alt lagt. Gjennom ny og deltakande praksis blant fedrar i svangerskaps- og spedbarnsperioden kan fedrar få eit betre grunnlag for å vere ein ressurs for barnet i oppveksten. Her kan helsestasjonane spele ei viktig rolle ved å forvente og stimulere til deltakande farskap, stille krav til fedrar og følgje dei opp. Helse- og omsorgsdepartementet tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg i primær- og spesialisthelsetenesta, medrekna følgjetenesta. Meldinga skal leggjast fram innan utgangen av 2008. Det blir lagt vekt på tiltak som kan sikre høgast mogleg fagleg kvalitet i fødselsomsorga og tilgjengelege og trygge tilbod til gravide og fødande over heile landet. Her skal det mellom anna fokuserast på den rolla fedrane har som omsorgspersonar. Målet er at dei gravide og familiane deira skal møte ei heilskapleg og samanhengande svangerskaps-, fødsels og barselsomsorg. At far har lønn under omsorgspermisjon i to veker etter fødselen er viktig i denne samanheng, jf. pkt. 4.5.2.

  • Vidare vil regjeringa gjere framlegg om at fedrane, der begge dei biologiske foreldra bur saman, skal få innkalling til kontroll på helsestasjonen når barnet er 8 månader. Sjølv om den nye innkallinga skal stilast til far, kan foreldra avtale kven av dei som skal møte på helsestasjonen til kontrollen. Slik blir det signalisert at det offentlege ser på far som ein sentral omsorgsperson, og det vil mellom anna vere naturleg å fokusere på saker som har med farsrolla å gjere. Helsestasjonen bør ha oversikt over lokale tilbod om pappagrupper og informere om desse på denne kontrollen.

  • Regjeringa vil gjennom haldningsskapande tiltak medverke til at menn i større grad enn i dag tek sin del av omsorgsansvaret for eigne barn. Dette kan det mellom anna vere naturleg å ta opp som tema i kurset «Godt samliv», statens landsdekkjande parkurs for førstegongsforeldre.

  • Barne- og likestillingsdepartementet vil leggje til rette for at «pappagrupper» kan bli til eit landsdekkjande tiltak. Erfaringar viser at menn/fedrar i mindre grad enn kvinner dannar denne typen nettverk. Pappagrupper vil organiserast som studieringar knytt til eit studieforbund. Studieringane bør ha samarbeidsflatar opp imot lokalt familievernkontor, og helsestasjon og jordmorteneste i kommunen.

  • Barne- og likestillingsdepartementet vil finansiere utvikling av eit kursopplegg for studieringane. Utvikling av eit slikt kurs kan skje gjennom til dømes REFORM. Drifta av studieringane vil av ansvarleg studieforbund bli søkt finansiert mellom anna gjennom tilskot frå vaksenopplæringsmidlane som administrerast av VOX.

  • Mødrer utgjer framleis fleirtalet på foreldremøte i barnehagar og skular. Barnehagepersonalet ringjer gjerne først til mor når barn blir sjuke. For å auke medvitet om farsrolla i omsorga foreslår regjeringa å endre rutinane for kontakt mellom barnehagepersonalet og foreldra. Det bør utviklast betre rutinar for å trekkje far meir inn i foreldremøte og utviklingssamtalar i barnehage og skule. Begge foreldra skal konsekvent inviterast til foreldresamtalar, og personalet skal rutinemessig veksle på kven av foreldra dei ringjer opp ved sjukdom.

  • Regjeringa vil leggje til rette for vidare satsing for å styrkje omsorgsrolla til fedrane. Det kan byggjast vidare på viktige erfaringar frå prosjekt som alt er i gang eller gjennomførte. Av dei mest sentrale kan nemnast:

    • «Adam – kvar er du?», eit nyleg avslutta prosjekt forankra ved familievernkontoret i Egersund som har fokusert på mannens rolle i samliv og omsorg for barn i eit likestillingsperspektiv. Prosjektet har gjennom eit breitt og samansett utoverretta tilbod i nærliggjande kommunar nådd ut til arbeidsplassar og bedrifter for mellom anna å bevisstgjere leiarar og tilsette om det viktige i å leggje til rette for at menn kan ta meir ansvar og omsorg for barn. Prosjektet har medverka i samlivsundervisning på vidaregåande skule, og det er sett i gang samtalegrupper for menn og grupper med barn som opplever samlivsbrot. Ved å setje fokus på menn og samliv har prosjektet vore med på å alminneleggjere samlivskonfliktar, bevisstgjere menn om rolla som ektefelle og far og få fram det viktige og nødvendige i at mannen gjer sitt for å bevare gode samlivsrelasjonar, og likeins å synleggjere familievernkontora og auke kunnskapen om tilbodet deira og dermed senke terskelen for å oppsøkje hjelp.

    • «Bærekraftige familier – likestilte livsløp», eit prosjekt igangsett av Arbeidsforskningsinstituttet i samarbeid med Nordisk Institutt for Kunnskap om Kjønn. Prosjektet har som overordna målsetjing å gjere menn meir delaktige i familieliv og barneomsorg. Asker og Odda kommunar samarbeider om å drive prosjektet, og det skal mellom anna hjelpe bedrifter og næringsliv å skape betre balanse mellom arbeidsliv og familieliv for menn. Det skal utviklast modellar for tilrettelegging av arbeidsplassar som tek omsyn til at menn har ei rolle som omsorgsgivarar, og menn skal få tilbod om hjelp til å etablere nettverk med fokus på farsrolla. Par vil òg få tilbod om samlivskurs/kommunikasjonskurs med likestillingsfokus.

5.7.3 Førebyggjing av samlivskonfliktar og samlivsbrot

Samlivskurs er eit førebyggjande lågterskeltilbod til par og har til mål å styrkje kvaliteten i samlivet og førebyggje konfliktar. Internasjonale studiar viser at ulike typar samlivskurs har god dokumenterbar effekt. 85 Ein viktig funksjon ved samlivskurs er at dei synest å gjere folk meir klar over verdien av å ta vare på parforholdet. Dette viser seg å vere viktigare enn å lære spesielle teknikkar for god kommunikasjon og liknande. 86 For å nå menn med tilbodet trengst målretta informasjon og styrking av kjønnsperspektivet i familievernet, noko som óg krev auka ressursar. Tilboda må vere relevante både for menn som lever i kjernefamiliar, menn som lever i storfamiliar, og menn som part i alternative samlivsformer.

  • Regjeringa vil setje i verk opplysnings- og motivasjonstiltak for å gjere samlivskurs og andre samlivsstyrkjande tiltak meir kjende og attraktive for menn.

  • Departementet har sett i gang eit arbeid med ein meir heilskapleg gjennomgang av familievernet, mellom anna med sikte på å vurdere om tenesta er godt nok tilpassa dagens behov både når det gjeld ressursar og kompetanse. Som ein del av denne gjennomgangen skal det òg gjennomførast eit kartleggjingsprosjekt for å avklare om tilbodet ved familievernkontora i tilstrekkeleg grad er tilpassa menn sine behov.

5.7.4 Gjennomgang av Barnelovutvalets forslag til tiltak for å styrkje fedrerolla etter samlivsbrot

5.7.4.1 Foreldreansvaret når foreldra verken er gifte eller har budd saman ved fødselen

Forslag frå utvalet og høyringsinstansane sine synspunkt

I dag har foreldre som hovudregel foreldreansvaret saman for felles barn, og dei held fram med det etter eit samlivsbrot så lenge dei ikkje avtaler noko anna. Dersom foreldra verken er gifte eller bur saman når barnet blir født, har mor i utgangspunktet foreldreansvaret åleine. Foreldra kan òg avtale å ha foreldreansvaret saman, eller at far skal ha det åleine.

Barnelovutvalet har drøfta om det bør vere ein generell hovudregel om felles foreldreansvar uavhengig av foreldra si tilknyting til kvarandre på fødselstidspunktet. Eit fleirtal i utvalet meiner at dagens reglar bør vidareførast. Eit mindretal meiner at regelen bør vere felles foreldreansvar uavhengig av om foreldra har budd saman.

Subsidiært foreslår mindretalet at ugifte, ikkje sambuande foreldre får felles foreldreansvar når far ønskjer det og mor ikkje har gitt motsegn innan tre månader etter at ho fekk kunnskap om at far ønskjer felles foreldreansvar.

38 høyringsinstansar har uttalt seg spesifikt om dette forslaget. Av desse støttar 21 fleirtalet, 16 støttar mindretalet, og 4 gir støtte til det subsidiære forslaget til utvalsmindretalet.

Høyringsinstansane som meiner at dagens reglar bør vidareførast, er Advokatforeningen, Aleneforeldreforeningen, Alternativ til Vold, Borgarting lagmannsrett, Den norske Dommerforening, Fellesorganisasjonen, Fylkesmannen i Finnmark, Fylkesmannen i Nordland,Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Vest-Agder, Fylkesmannen i Vestfold, Juridisk rådgivning for kvinner, Justisdepartementet, Kirkens Bymisjon, Kirkens Familievern, MIRA-senteret, Norsk Krisesenterforbund, Norsk kvinnesaksforening, Oslo tingrett og Stine Sofies Stiftelse . Dei fleste høyringsinstansane framhevar at dei prinsipielt ikkje er imot felles foreldreansvar for foreldre som ikkje bur saman, men meiner at ein slik hovudregel i visse høve vil vere ei belastning for mor og heller ikkje det beste for barnet. Mange instansar påpeiker det uheldige i at mor vil måtte ha søksmålsbyrda i samband med mishandling eller overgrep. Det blir òg peikt på at det vil vere vanskeleg å lage unntaksreglar som dekkjer alle aktuelle situasjonar der det ikkje vil vere bra med felles foreldreansvar. Det blir dessutan peikt på at det er enkelt for far å få del i foreldreansvaret.

Desse instansane meiner at hovudregelen bør vere felles foreldreansvar for alle uavhengig av om foreldra har budd saman: Aksjonsgruppen barns rett til samvær med foreldre og besteforeldre , Barnerettsadvokater , Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Drammen tingrett, Familiestiftelsen, Foreningen 2 Foreldre (F2F), Forum for Menn og Omsorg, Juss-Buss, Jusshjelpa i Nord-Norge, KUN (Kvinneuniversitet Nord), Landsgruppen av helsesøstre NSF, Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO), Redd Barna, Reform, Trondheim tingrett og Senter for tverrfaglig kjønnsforskning . Dette blir grunngitt med at begge foreldra er like viktige for barnet og derfor bør ha likt utgangspunkt. Det blir vidare peikt på at det er urimeleg å gjere forskjell på barn ut frå foreldra sitt val av samlivsform. Sidan det vanlege er at begge foreldra er skikka til å ha foreldreansvaret, bør ikkje foreldre som bur kvar for seg vurderast annleis enn dei som bur saman. Fleire høyringsinstansar peiker på at unntaksreglar kan regulere dei tilfella der det ikkje er til beste for barnet at begge foreldra har foreldreansvaret.

Berre nokre få høyringsinstansar uttaler seg om det subsidiære forslaget frå mindretalet, men desse instansane gir uttrykk for at dei støttar det: Barneombodet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Drammen tingrett og Landsgruppen av helsesøstre NSF. Barneombodet seier blant anna:

«Barneombudet er i utgangspunktet positiv til at alle fedre skal få del i foreldreansvaret, også de som ikke er gift eller samboende med barnets mor ved fødsel. Dette gir et signal om at barnet har rett til en likeverdig deltakelse fra begge foreldre, uavhengig av foreldrenes sivile status. Felles foreldreansvar i disse tilfellene bør imidlertid knyttes opp til aktiv handling fra far. Barneombudet støtter dermed mindretallets subsidiære forslag. Dette innebærer at far får del i foreldreansvaret når han aktivt melder at han ønsker å ta del i det ansvar og rettigheter som følger foreldreansvaret, med mindre barnets mor kommer med reelle innsigelser som tilsier at det kan være til barnets beste at far ikke har del i foreldreansvaret, innen en gitt frist. Ombudet har vært i tvil om hvem som bør ha søksmålsbyrden hvis mor motsetter seg felles foreldreansvar. Å gå til søksmål er en belastning for begge parter. Reelle hensyn tilsier imidlertid at man må ta hensyn til den påkjenning en fødsel og omsorg for barn innebærer. Søksmålsbyrden bør derfor ligge hos far.»

Regjeringa si vurdering og konklusjon

Regjeringa viser til at gruppa foreldre som ikkje bur saman når barnet blir født er samansett. Det er vanskeleg å utforme ein lovregel om foreldreansvar som skal gjelde for alle og som tar omsyn til barnets beste, og det vil være vanskeleg å lage unntaksreglar som dekkjer alle aktuelle situasjonar der det ikkje vil være bra med felles foreldreansvar. Regjeringa ser òg at ei utilsikta effekt av ein regel om automatisk felles foreldreansvar for dei som ikkje bur saman kan være at fleire mødrer ikkje vil seie kven som er barnefaren.

Av foreldre som aldri har budd saman har berre 19% felles foreldreansvar. Dette gjeld både i 2002 og i 2004 87 .

Det er svært få saker for domstolen som berre gjeld foreldreansvaret. Ein gjennomgang av saker ved Oslo Tingrett i perioden 1. januar 1998 til 1. mars 1999 viser at av 74 gjennomgåtte saker var det berre to saker om foreldreansvar aleine, mens 32 saker var om foreldreansvar, samvær og kor barnet skulle bu. I halvdelen av sakene ønskte saksøkjar å ha foreldreansvaret aleine. Dei fleste fedrar som reiser sak for retten for å få del i foreldreansvaret får medhald.

Regjeringa er samd med fleirtalet i utvalet og fleirtalet av høyringsinstansane, og går derfor ikkje inn for automatisk felles foreldreansvar uavhengig av foreldra si tilknyting til kvarandre på fødselstidspunktet. Regjeringa vil vurdere om foreldre som ikkje budde saman då barnet ble født skal møtast til mekling for å få hjelp til å lage avtaler om felles foreldreansvar og samvær. Slik mekling bør gjerast innan ein gitt frist etter at barnet er født.

5.7.4.2 Flytting innanlands

Forslag frå utvalet og høyringsinstansane sine synspunkt

Etter gjeldande rett kan den av foreldra som barnet bur fast hos, flytte innanlands utan samtykke frå den andre forelderen.

Fleirtalet i utvalet foreslår at avgjerda om å flytte med barnet blir lagd inn under foreldreansvaret, slik at begge foreldra må samtykkje til flytting innanlands. I forslaget er det ein føresetnad for samtykkjeplikt at flyttinga i vesentleg grad gjer samværet mellom barnet og forelderen som ikkje flytter, vanskeleg. Kortare flyttingar krev derfor ikkje samtykke. I forslaget har ein gjort unntak for flyttingar som er til beste for barnet. Det blir samtidig foreslått at flyttespørsmålet skal kunne prøvast rettsleg dersom foreldra ikkje greier å bli samde.

Mindretalet foreslår at flyttekompetansen blir verande hos bustadforelderen, men slik at det ligg føre ei varslingsplikt. Dermed kan den andre forelderen få høve til å ta spørsmålet om flytting opp i mekling, eventuelt òg bringe det inn til rettsleg avgjerd, før flyttinga er gjennomført.

Éin medlem ønskjer inga endring av noverande regelverk i samanheng med spørsmål om flytting med barnet.

Det er 24 høyringsinstansar som går imot forslaget frå fleirtalet, mellom anna Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, domstolane, Den norske Advokatforening, Barneombodet, Redd Barna, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Alternativ til Vold, Aleneforeldreforeningen og Fellesorganisasjonen. Av desse gir dei fleste (18) uttrykk for at dei støttar forslaget frå det første mindretalet om at flyttekompetansen blir liggjande hos bustadsforelderen, men slik at det ligg føre ei varslingsplikt.

Høyringsinstansane som går imot forslaget frå fleirtalet, peiker mellom anna på at forslaget kan føre til auka konfliktnivå og fleire rettssaker. Det blir òg framheva at det kan vere mange gode grunnar til å flytte, mellom anna knytte til utdanning, arbeid og arbeidstider, økonomi, familie og sosialt nettverk, og at flytting òg kan vere i barnets interesse. Det blir hevda at det er urimeleg at høvet bustadsforelderen har til å flytte blir avgrensa utan at tilsvarande avgrensingar blir lagde på samværsforelderen, og at forslaget ikkje vil fremje auka samvær så lenge samværsforelderen står fritt til å flytte. Fleire peiker òg på at samværsforelderen får urimeleg stor makt over ekspartnaren sin, noko som kan misbrukast, og at erfaring viser at foreldre i mange tilfelle aukar konfliktnivået ved å utnytte dei rettane og moglegheitene regelverket gir dei, i staden for å fokusere på det beste for barnet. Det blir òg hevda at ein slik regel vil ramme kvinner meir enn menn. Dei som bur i distrikta, vil bli ramma urimeleg hardt ved at det blir vanskeleg for dei å få seg jobb, utdanning eller omskolering. Det er, blir det sagt, ei ulempe ved forslaget at ein kan unnlate å samtykkje til flytting samtidig som det ikkje er noko krav om at samværsforelderen i så fall må ta over omsorga for barnet. Vidare blir det sagt at flytting kan vere eit vernetiltak der barn og nærmaste omsorgsperson er utsette for vald og overgrep frå den andre forelderen, og at denne forma for vern kan bli hindra i og med forslaget frå fleirtalet.

Høyringsinstansane som støttar forslaget frå det første mindretalet, peiker elles på at det er svært viktig at den andre forelderen får høve til å ta flyttespørsmålet opp i mekling og eventuelt til rettsleg avgjerd før flyttinga er gjennomført. Fleire meiner at varslingsplikta òg bør gjelde for samværsforelderen.

Det er 14 høyringsinstansar som går inn for forslaget frå fleirtalet, mellom anna Kirkens familievern, Senter for tverrfaglig kjønnsforskning, Universitetet i Oslo, Norsk krisesenterforbund, Foreningen 2 Foreldre (F2F), Reform – ressurssenter for menn, Forum for menn og omsorg (FMO), Landsgruppen av helsesøstre NSF og Kirkens Bymisjon. Det blir mellom anna peikt på at flytting representerer ei stor endring for barnet, og at det derfor er viktig at begge foreldra har mynde til å vurdere ulike sider ved saka og dei konsekvensane flytting kan føre med seg. Det blir framheva at ein uavgrensa rett til å flytte kan føre til at behova til barnet blir sette til side, og at barnet sin interesse i å bevare kontakten med begge foreldra bør ha større vekt enn bustadsforelderen sin interesse i å flytte. Påstanden er at dette kan verke konfliktdempande i forhold til dei langvarige konfliktane som følgjer i kjølvatnet av det å flytte med barn, og at det kan føre til at det blir lettare å oppnå avtale gjennom dialog eller mekling. Det blir hevda at flytting riv bort grunnlaget for samværsretten, og at mange opplever at den andre forelderen saboterer samværsretten deira gjennom å byte bustad.

Regjeringa si vurdering og konklusjon

Det kan i mange tilfelle vere ei belastning for barnet å flytte, både fordi det mister nærleik til den andre forelderen, og fordi det blir skilt frå venner, skule og nærmiljø. Ei avgjerd om flytting kan i mange høve òg auke konfliktnivået mellom foreldra. Dette kan vere ekstra vanskeleg i samband med skilsmisse/samlivsbrot, der barnet er særleg sårbart. Samtidig kan det i visse høve vere gode grunnar til å flytte, mellom anna grunnar knytte til utdanning, arbeid og arbeidstider, økonomi, familie og sosialt nettverk.

Sjølv om det kan vere ei belastning for barnet å flytte, kan det likevel i nokre tilfelle vere til beste for barnet, fordi situasjonen for familien samla sett blir betre, noko som igjen kan verke positivt inn på den totale livssituasjonen til barnet. Det kan òg vere at det er betre for barnet å bli i nærmiljøet og få fast bustad hos den andre forelderen, enn å flytte. Regjeringa meiner at ei lovregulering av dette spørsmålet bør handle om kvar det er best for barnet å ha fast bustad, alt i alt, og ikkje om éin forelder må ha samtykke frå den andre for å kunne flytte.

Regjeringa meiner at det å flytte kan innebere store endringar, og kan vere ei stor belastning for barnet. Det er derfor viktig at foreldra får tid og eventuell hjelp til å drøfte på nytt kor barnet skal bu fast, og korleis samværsordninga skal vere dersom den eine av foreldra ønskjer å flytte. Regjeringa vil derfor sjå nærmare på om det bør innførast ein varslingsregel som inneber at foreldra får nok tid til å tenkje grundig igjennom situasjonen og eventuelt kan gå til mekling og rettssak om kvar barnet skal bu. Ein eventuell varslingsregel bør òg gjelde for samværsforelderen.

5.7.4.3 Samvær

I 2004 var det 43% av samværsforeldra som hadde meir enn «vanleg samvær», som er 8 dagar per månad. (26% hadde 8–12 dagar, og 17 % hadde 13 dagar eller meir per månad).

Forslag frå utvalet og høyringsinstansane sine synspunkt

Foreldra kan sjølve avtale omfanget av samvær ut ifrå kva dei meiner er best for barnet. I barnelova er det ein definisjon som blir lagd til grunn dersom det er avtalt eller fastsett såkalla vanleg samværsrett. Blir det avtalt eller fastsett «vanleg samværsrett», gir det rett til å vere saman med barnet éin ettermiddag i veka, annakvar helg, 14 dagar i sommarferien, og jul eller påske.

Fleirtalet i utvalet vil behalde regelen om vanleg samværsrett, men endre han slik at samværet i veka blir utvida til å omfatte overnatting. Samværet i sommarferien blir utvida til tre veker. Haust- og vinterferiar skal òg inkluderast. Mindretalet i utvalet meiner at regelen om vanleg samværsrett bør takast ut av lova. Samvær med offentleg oppnemnd tilsynsperson kan i særlege tilfelle tilkjennast for inntil 16 timer i året. Eit samla utval går inn for å auke ramma til 32 timer.

22 høyringsinstansar er samde med fleirtalet i utvalet. Mellom anna gjeld det Aleneforeldreforeningen, Foreningen 2 Foreldre, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Justisdepartementet, Den norske Advokatforening, Den norske Dommerforening, Borgarting lagmannsrett, Trondheim tingrett, Fylkesmannen i Oslo og Akershus, Fylkesmannen i Vest-Agder, Juridisk rådgivning for kvinner, Juss-Buss, Jusshjelpa i Nord-Norge, Fellesorganisasjonen, Norsk krisesenterforbund, Norsk Kvinnesaksforening og Senter for tverrfaglig kjønnsforskning.

Seks høyringsinstansar er samde med mindretalet i utvalet. I denne gruppa finn vi Barneombodet, Oslo tingrett, Fylkesmannen i Nordland og Fylkesmannen i Vestfold.

Mange av instansane som vil behalde ein definisjon av «vanleg samværsrett» i barnelova, meiner at ein slik definisjon vil auke samværet mellom barnet og den barnet ikkje bur fast saman med. Dei legg vekt på at definisjonen av «vanleg samvær» av mange foreldre blir oppfatta som ein minstestandard for samvær og slik er med på å få foreldra til å avtale samvær av eit visst omfang. Fleire peiker på at ein definisjon i lova i mange tilfelle kan sikre barnet meir kontakt med samværsforelderen.

Mange av instansane meiner òg at det er eit argument for å behalde definisjonen av «vanleg samværsrett» i lova at definisjonen verkar konfliktdempande. Foreldre kan ha vanskar med å bli samde om kor stort omfang samværet skal ha, og når det skal skje. Når dei har ein definisjon å ta utgangspunkt i, kan det vere enklare å inngå ein avtale.

Dei instansane som ønskjer å fjerne definisjonen av «vanleg samværsrett» i barnelova, har grunngitt synet sitt på ulike måtar. Nokre meiner at foreldra utan ein definisjon i større grad kan fokusere på å avtale ei ordning som er tilpassa det enkelte barnet, og at ein definisjon i lova kan verke uheldig i ein elles fornuftig dialog mellom foreldra om ei god ordning for barnet deira.

Éin instans meiner at ei «norm» for samvær kan vere uheldig dersom ho blir følgt som ein minimumsregel utan at det blir vurdert kva som er til beste for barnet. Ein annan instans har det stikk motsette utgangspunktet: Ein definisjon kan verke hemmande, og å fjerne han vil stimulere til ei fri og uavhengig vurdering av kva slags samværsordning som vil vere best for barnet.

Utvalet får brei støtte hos høyringsinstansane til forslaget om å utvide definisjonen av «vanleg samværsrett» i lova. I høyringsrunden kom det òg brei støtte til forslaget om å utvide ramma for fastsetjing av samvær med offentleg oppnemnd tilsynsperson.

Regjeringa si vurdering og konklusjon

Slik regjeringa ser det, er det vektige argument både for og imot å behalde ein definisjon av «vanleg samværsrett» i barnelova. Normalt er det bra for barn å bevare god kontakt med begge foreldra, sjølv om dei ikkje bur saman. Både utvalet og mange av høyringsinstansane meiner at definisjonen av «vanleg samvær» bidreg til å sikre eit minimumssamvær for foreldre som har liten kontakt med barna sine. Men utvalet peiker òg på at definisjonen kan verke bindande når foreldra skal komme fram til ein avtale, og såleis kan hindre eit meir omfattande samvær mellom foreldre og barn.

Kanskje er det slik at legaldefinisjonen fører til meir samvær for nokre grupper, men mindre samvær for andre. Det kan ikkje utelukkast at nokre familiar ville ha komme fram til ei meir omfattande samværsordning utan ein slik definisjon å ta utgangspunkt i. Regjeringa meiner likevel at det er viktigare at dei som har lite samvær blir sikra eit minimum av samvær. Er foreldra først innstilte på at det skal vere mykje samvær, vil dei i mange tilfelle uansett bli samde om samvær som går utover det som ligg i definisjonen.

Regjeringa har komme til at det meste taler for å behalde ein definisjon av «vanleg samværsrett» i barnelova. Regjeringa legg særleg vekt på at ein slik definisjon kan verke konfliktdempande.

Regjeringa er samd med utvalet i at definisjonen bør utvidast, og ser utvidinga som ei naturleg følgje av ei utvikling der fedrar i stadig større grad ønskjer nær kontakt med barna sine, også etter eit samlivsbrot.

Regjeringa ønskjer òg å utvide ramma for kor mange timar det offentlege kan påleggjast å oppnemne tilsynsperson under samvær. Denne ordninga kan bidra til at det kan vere samvær i saker der det elles ikkje ville vore forsvarleg.

5.7.4.4 Tvangsfullføring av samvær

Forslag frå utvalet og høyringsinstansane sine synspunkt:

Ved manglande etterleving av samvær fastsett ved dom eller rettsforlik kan domstolen etter gjeldande rett påleggje bustadsforelderen ei tvangsbot. Dette i motsetnad til tvangsfullføring av avgjerd om foreldreansvar og bustad, der lova òg opnar for fysisk avhenting av barnet som verkemiddel. Dersom den som har foreldreansvaret, eller som barnet bur fast hos, hindrar at ein samværsrett blir gjennomført, kan den som har samværsretten reise sak og krevje ny realitetsavgjerd i omsorgsspørsmålet. Resultatet av ei slik prøving kan bli at retten finn at omsynet til at barnet bør ha kontakt med begge foreldra tilseier at barnet skal bu fast hos den andre av foreldra.

Fleirtalet i utvalet foreslår at fysisk avhenting av barnet skal bli eit tvangsmiddel òg ved gjennomføring av samværsavgjerder. Det blir framheva at tvangsfullføring gjennom fysisk avhenting kan ha ein viktig preventiv effekt.

Mindretalet meiner at det ikkje bør opnast for fysisk avhenting i desse tilfella, ettersom det vil vere eit dramatisk myndigheitsinngrep som kan vere traumatisk både for barnet og foreldra. Vidare blir det framheva at det ikkje er tilstrekkeleg behov for å endre regelverket.

Om lag halvparten av høyringsinstansane som uttaler seg, støttar forslaget frå fleirtalet, mellom anna enkelte av fylkesmennene, Den norske Advokatforening, Politidirektoratet, Kirkens Familievern, Juridisk rådgivning for kvinner (JURK), Universitetet i Oslo / Senter for kvinne- og kjønnsforskning, Foreningen 2 Foreldre (F2F) og Aleneforeldreforeningen.

Dei fleste høyringsinstansane understrekar at fysisk avhenting av barnet vil ha ein viktig preventiv effekt, men at eit slikt verkemiddel av omsyn til barnet berre bør nyttast i heilt spesielle tilfelle og/eller som siste utveg. Mange av høyringsinstansane uttaler at det må vere klare vilkår i lova for å gjere bruk av dette verkemiddelet, og at eventuell henting av barnet må skje på ein skånsam måte. Somme nemner òg at ein bør bruke profesjonelle / barnefagleg kompetente ved hentinga.

Barneombodet og Norsk Krisesenterforbund er usikre på om dei støttar ei endring. Barneombodet framhevar, til liks med fleire andre høyringsinstansar, at det er behov for betre dokumentasjon om dagens tilstand på området.

Om lag halvparten av høyringsinstansane som har uttalt seg, går imot forslaget frå fleirtalet, deriblant enkelte fylkesmenn, Justisdepartementet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Den norske Dommerforening, Landsgruppen av helsesøstre NSF, Redd Barna, Alternativ til Vold (ATV) og barnerettsgruppa ved det juridiske fakultetet i Tromsø . Som grunngiving for dette blir det vist til at fysisk avhenting vil bli opplevd som dramatisk for barnet, og at det kan føre til psykiske skadeverknader, og/eller at ein slik regel vil auke konfliktnivået mellom foreldra. Mange uttaler at ein regel om tvangshenting har eit foreldreperspektiv snarare enn eit barneperspektiv, og at det er eit paradoks at det ikkje blir utøvd press/tvang for å få den som har samværsrett (som regel far), til å stille opp. Fleire av høyringsinstansane framhevar at tvangsbot og høvet til å få prøvd omsorgsspørsmålet på nytt ved manglande oppfylling av samværsavgjerda må kunne seiast å ha god nok preventiv effekt, og fleire uttaler at høvet til å få mekling og bistand frå hjelpeapparatet bør styrkjast i desse tilfella.

Regjeringa si vurdering og konklusjon

Det kan stillast spørsmål ved om dagens reglar verkar preventivt nok og/eller avhjelper manglande oppfylling av samværsrett. Som fleire høyringsinstansar påpeiker, manglar kunnskap om tilstanden i dag, deriblant om effekten av verkemidla som er i bruk, årsaker til at fastsette samværsavgjerder ikkje blir oppfylte, og omfanget av problemet.

Saker der det er problem med å gjennomføre fastsett samvær, kan vere svært ulike og samansette. Manglande oppfylling av samværet kan skrive seg frå forhold hos barnet sjølv, bustadsforelderen eller samværsforelderen, eventuelt ein kombinasjon av desse. Dette kan komme av at konfliktnivået mellom foreldra er høgt, med ulike former for kommunikasjons- og samarbeidsproblem på éi eller begge sider. Årsaka til at samværet ikkje blir gjennomført, kan òg vere at barnet sjølv motset seg samvær.

I eit pågåande forskingsprosjekt om barn som har lite kontakt med den eine forelderen, gjennomført av SSB/Agderforskning på oppdrag frå BLD, vil det mellom anna bli analysert kva faktorar som gir auka risiko for lite kontakt mellom samværsforeldre og barn, og forskarane vil søkje å fange opp kva konfliktnivået mellom foreldra har å seie. Første delen av undersøkinga skal avsluttast innan desember 2008, mens den kvalitative delen vil bli ferdigstilt sommaren 2009.

Funn frå denne undersøkinga og gjennomføring av andre undersøkingar vil bidra til at det blir kasta betre lys over problemstillingar som har med manglande oppfylling av samværsrett å gjere, og gi grunnlag for å vurdere målretta tiltak. Det visast òg til at ei eining ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo skal sjå nærare på prosessen ved henting av barn som plasserast utanfor heimen i regi av barneverntenesta.

Regjeringa vil likevel skissere nokre moglege alternativ i det vidare.

Det ser ut til å vere behov for eit breiare spekter av verkemiddel i desse sakene, mellom anna verkemiddel som i større grad kan bidra til å redusere konfliktnivået mellom foreldra og hjelpe dei til å samarbeide til beste for barnet. Langvarige og fastlåste konfliktar mellom foreldra er skadelege for barn og kan dessutan redusere omsorgskompetansen til foreldra. Mekling og tilgang til heilskapleg bistand frå hjelpeapparatet (familievernkontor, psykisk helsevern, NAV) kan vere godt eigna til å redusere konfliktnivået mellom foreldra og styrkje høvet til å få gjennomført samværsavgjerder. Gode tilbod om foreldresamarbeid i regi av familievernkontora og andre vil gjere at foreldra betre kan skilje mellom rollene som foreldre og ekspartnarar. Dersom det i tillegg blir gitt høve til tilsyn under samvær på dette stadiet, kan det bidra til å gjere bustadsforelderen og/eller barnet tryggare i tilfelle der dette er ei aktuell problemstilling.

Samtidig er det viktig å sikre at saksbehandlinga til tingrettane i tvangsfullføringssaker er forsvarleg og gjer det mogleg å skilje ut dei sakene som ikkje er eigna for mekling og/eller ikkje skal tvangsfullførast på grunn av «umoglegheit», til dømes fordi det å gjennomføre avgjerda vil føre til alvorlege psykiske belastningar for barnet. Saker der det er særlege grunnar til å få prøvd innhaldet i avgjerda på nytt, bør kanaliserast til ny realitetsbehandling ved domstolen.

Fysisk avhenting av barnet som mogleg tvangsmiddel ved manglande oppfylling av samværsavgjerder kan truleg ha ein preventiv effekt og dermed føre til at fleire samværsavgjerder blir gjennomførte. Det er i utgangspunktet positivt. Å tvangshente barnet til samvær er like fullt eit svært sterkt verkemiddel som krev avveging opp mot andre omsyn. Det er fare for at høve til gjennomføring av fysisk avhenting kan verke psykisk belastande på barnet i saker som frå før er fastlåste, og det kan ha ein negativ effekt på den totale omsorgssituasjonen til barnet. Fysisk avhenting som verkemiddel kan òg auke konfliktnivået og verke negativt inn på framtidig samarbeid om oppfylling av samværet, og det kan gjere det vanskeleg å byggje opp tryggleik hos barnet. Verkemiddelet kan elles vere problematisk med tanke på at samvær er ei stadig tilbakevendande hending, og at samvær vanlegvis gjennomgår forandringar over tid.

På bakgrunn av dette ønskjer regjeringa at det, i tillegg til eksisterande verkemiddel, blir utreda alternativ til forslaga frå utvalet som vil være betre egna til å fremje fastsett samvær i desse fastlåste sakene der samværet ikkje blir oppfylt som fastsett. Regjeringa vil òg påpeike at arbeidet med å sikre at forlik og dommar er gode og robuste er viktig for å førebyggje desse vanskelege sakane.

5.7.5 Andre forslag til tiltak

Regjeringa ser det som eit viktig mål å sikre barn ein tilfredsstillande situasjon etter samlivsbrot mellom foreldra. Fordi konfliktfylt foreldresamarbeid verkar svært negativt både på vaksne og barn, er det viktig å styrkje hjelpetilbodet på dette området.

Slike tiltak kan setjast inn på mange nivå. Det kan vere juridiske eller økonomiske tiltak, konfliktreduserande tiltak mellom foreldre eller tilbod om hjelp og støtte før og etter brotet. For å leggje til rette for ein god og nær kontakt med begge foreldra etter eit samlivsbrot må det setjast i verk tiltak som kan redusere konfliktnivået i tilfelle der foreldra ikkje klarer å leggje gamle konfliktar bak seg.

  • I konklusjonsnotatet sitt 88 rår Mannspanelet til at barnelova blir endra, slik at ho tek utgangspunkt i eit likeverdig foreldreskap. Regjeringa vil vurdere kva endringar som best kan sikre eit likeverdig foreldreskap med barnets beste som rettesnor. Vurderinga skal mellom anna ta utgangspunkt i Barnelovutvalet sin lovverksgjennomgang (NOU 2008:9) med påfølgjande høyringsrunde, og tilrådingane frå Mannspanelet.

  • Det må setjast i verk tiltak for å få foreldre til å gjere meir bruk av det etablerte tilbodet om konfliktløysing og betre foreldresamarbeid, mellom anna meklingsordninga. Gifte foreldre som har barn under 16 år, må møte til mekling før dei kan få innvilga separasjon. Også sambuarar med barn under 16 år må møte til mekling når dei flytter frå kvarandre. Foreldre som vil ha spørsmål om barn avgjorde i retten, må møte til mekling før sak kan reisast. Formålet med meklinga er at foreldra skal komme fram til ein avtale om foreldreansvar, kvar barnet skal bu fast, og kva samværsordning som skal gjelde. Mannspanelet foreslår i konklusjonsnotatet at meklingsordninga som ligg føre i dag, bør evaluerast. Dagens ordning med éin obligatorisk time og inntil seks valfrie timar burde i utgangspunktet vere tilstrekkeleg til å gjennomarbeide dei sentrale problemstillingane rundt ordningane for barna. Hovudutfordringa i dag ligg i å få foreldre til å utnytte meklingsordninga betre. Meklingsordninga blei sist endra i januar 2007. Det blei innført obligatorisk mekling ved samlivsbrot for sambuarar med barn under 16 år, og timetalet for mekling blei endra. Meklingsordninga skal evaluerast på nytt, mellom anna for å sjå om ho verkar slik det var tenkt.

  • Barne- og likestillingsdepartementet arbeider med problemstillingar knytte til korleis ein kan redusere konfliktane etter samlivsbrot, mellom anna korleis ein kan redusere talet på saker som reisast for domstolane.

  • Det må setjast i verk tiltak for å dempe konfliktnivået mellom foreldre i samband med samlivsbrot og i det vidare samarbeidet om felles barn. Foreldremekling og andre konfliktløysingstilbod kan hjelpe foreldra til å skilje betre mellom foreldrekonfliktar og samarbeid om barna på den eine sida, og konfliktar mellom dei vaksne på den andre sida. Tilbod om konfliktløysing og betre foreldresamarbeid etter samlivsbrot kan vere eit viktig bidrag til at færre barn veks opp i langvarige og skadelege konfliktar mellom foreldra. Familievernkontora blir ein sentral aktør i dette arbeidet.

Fotnotar

1.

Ein grundigare gjennomgang av dette ligg føre i Om familien – forpliktende samliv og foreldreskap. St.meld. nr. 29 (2002–2003).

2.

Oláh 2001; Oláh 2003.

3.

Se blant anna Størksen m.fl. 2005.

4.

Undersøkelse om menns holdninger og livssituasjon. MMI 1988.

5.

Hassel 2007b.

6.

sst.

7.

Holter og Aarseth 1993; Kjær 2003.

8.

Thagaard 2005.

9.

Chapman 2001; Kjær 2003; Godt samliv 2005.

10.

Mortensen og Thuen 2005.

11.

Moxnes og Haugen 1998; SSB 2005; Holter 2006; Oftung 2007.

12.

Kjær 2003.

13.

Berntsen 2006.

14.

Schau 1993.

15.

Mortensen og Thuen 2005.

16.

Nielsen 2006.

17.

Reform – Ressurssenter for menn 2008.

18.

Andersen 2007b.

19.

Andersen 2007a.

20.

Moxnes 1985; Kjær 2003.

21.

Hassel 2007a.

22.

Lilleaas 2006a.

23.

Aftenposten 15. april 2008.

24.

TNS Gallup 2003.

25.

Knatten 1982; Godt Samliv 2005.

26.

Brudal 1984.

27.

Juhl mfl. 2006.

28.

Belsky og Kelly 1994; Brudal 1996; Brudal 2000.

29.

Lorentzen 2007.

30.

Døving 2001.

31.

Haavind 2006a; Brandth og Kvande 2003a.

32.

Holter 2006.

33.

Brandth og Kvande 2003a.

34.

Haavind 2006a.

35.

Brandth og Kvande 2003a.

36.

Olsen 2007.

37.

Aftonbladet 26.6.2002; Oláh 2003.

38.

Oláh 2001.

39.

Haavind 2006a.

40.

Kan menn? Menn og likestilling i arbeidslivet – et idédokument 2000.

41.

Ribi m.fl. 2007.

42.

Senter for seniorpolitikk 2007.

43.

SSB 2002b.

44.

Reform Ressurssenter for menn 2008.

45.

Romøren 2001.

46.

Daatland og Herlofson 2005.

47.

I 2006 var det i Noreg 12 100 separasjonar og 10 600 skilsmisser. SSB.

48.

Vinsand m.fl.1996.

49.

Salvesen 2004; Berntsen 2006.

50.

Informasjonsplan for familievernet 2006.

51.

Syltevik 2005.

52.

SSB 2007b.

53.

Jensen 2003.

54.

Undersøkelse om menns holdninger og livssituasjon 1988.

55.

Thuen 1997; Moxnes og Haugen 1998; Kjær 2003.

56.

Kjær 2003.

57.

Oftung 2007.

58.

Thuen 1997; Moxnes mfl. 1999; Juell 2004; Lervik 2005; Størksen 2006a; Amato 2008.

59.

Thuen 1997.

60.

Mastekaasa 1993; Thuen 1997.

61.

Infact, VG Nett 28.2.2007.

62.

Gjertsen 1995.

63.

Gjertsen 2003.

64.

Pettit og Bloom 1984; Thuen 1997.

65.

Tjersland 2007.

66.

Thuen 1997.

67.

Amato 2000.

68.

Størksen 2006a.

69.

Størksen m.fl. 2007.

70.

Schau 1995.

71.

Skjørten 2004.

72.

For barn fødde etter 1. januar 2006.

73.

Delt bustad inneber at barnet bur om lag like mykje hos kvar av foreldra.

74.

Skjørten m.fl. 2007.

75.

Solnørdal 2007.

76.

Størksen 2006b.

77.

Tjersland 2008.

78.

SSB 2004a.

79.

Haavind 2006b.

80.

Med barnet i fokus – en gjennomgang av barnelovens regler om foreldreansvar, bosted og samvær. NOU 2008:9.

81.

Maccoby og Mnookin 1992; Schau 1995; Thuen 2004; Skjørten mfl. 2007; Amato 2008.

82.

Thuen 1997.

83.

Schau 1988; Moxnes m.fl. 1999; Bausermann 2002.

84.

Med barnet i fokus – en gjennomgang av barnelovens regler om foreldreansvar, bosted og samvær. NOU 2008:9.

85.

Carroll og Doherty 2003.

86.

Thuen 2007.

87.

Kitterød 2005b.

88.

Sjå vedlegg 2.

Til toppen
Til forsida av dokumentet