St.prp. nr. 1 (2006-2007)

FOR BUDSJETTÅRET 2007 Svalbardbudsjettet

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Innleiing

1.1 Generelt om Svalbard

Svalbard omfattar alle øyar, holmar og skjer mellom 10 og 35 grader austleg lengd og 74 og 81 grader nordleg breidd. Samla landareal er om lag 62 700 km. Territorialfarvatnet rundt Svalbard vart utvida frå 4 til 12 nautiske mil frå 01.01.2004. Rundt 54 pst. av øygruppa er dekt av isbrear. Med sine 39 000 km er Spitsbergen den største av øyane.

Svalbardtraktaten av 9. februar 1920 gav Noreg suverenitet over øygruppa. Sidan 1925 har Svalbard vore ein del av kongeriket Noreg. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard og tek vare på statens interesser på øygruppa.

Norsk lovgiving gjeld ikkje fullt ut for øygruppa. Etter svalbardlova § 2 gjeld norsk privatrett, strafferett og lovgivinga om rettspleia utan vidare for Svalbard om ikkje anna er fastsett. Andre lover gjeld ikkje utan når det er fastsett særskilt. Det kan også gis særskilte føresegner for Svalbard. Alle som besøker Svalbard eller oppheld seg på øygruppa, pliktar å følgje dei lovene og reglane som gjeld.

Størsteparten av busetnaden på Svalbard ligg på øya Spitsbergen. I tillegg bur det folk ved dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya. Longyearbyen er det administrative senteret på Svalbard og er i dag òg den største busetnaden. I følgje befolkningsregisteret for Svalbard er det pr. 01.09.2006 totalt 1905 busette i Longyearbyen. I Barentsburg er det registrert 448 busette. Busetnaden her er bygd opp rundt koldrifta til Trust Arktikugol. Den andre russiske busetnaden på Svalbard, Pyramiden, vart fråflytt i april 1998 då Trust Arktikugol avvikla koldrifta si der. I Ny-Ålesund er all verksemd knytt til forsking og forskingsservice. I følgje befolkningsregisteret er det til saman 37 heilårs busette her. Ved den polske forskingsstasjonen i Hornsund er det registrert 8 heilårs busette. I Svea, der Store Norske Spitsbergen Grubekompani driv koldrift, er det registrert 4 busette.

1.2 Bakgrunnen for eit eige svalbardbudsjett

Artikkel 8 i Svalbardtraktaten avgrensar høvet til å krevje inn skattar og avgifter på Svalbard og korleis desse midlane skal nyttast. Dette er bakgrunnen for at det blir fremja eit eige svalbardbudsjett.

Justisdepartementet fremjar svalbardbudsjettet som ein eigen budsjettproposisjon samtidig med statsbudsjettet. I hovudsak er det den statlege administrasjonen av Svalbard som er finansiert over svalbardbudsjettet. Dette er dels verksemd på Svalbard underlagt Justisdepartementet, og dels verksemd underlagt andre fagdepartement. Longyearbyen lokalstyre får òg løyvingane sine over svalbardbudsjettet.

Kvart år gis eit tilskot frå statsbudsjettet til dekning av underskotet på svalbardbudsjettet, jf. St.prp. nr. 1 (2006-2007) Justisdepartementet kap. 480. Tilskotet er inntektsført på svalbardbudsjettet kap. 3035.

Svalbardbudsjettet gir òg ei samla oversikt over statlege løyvingar til svalbardformål. Kvart år yter staten eit tilskot for å leggje til rette for nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard, miljøforvaltning og til tiltak som drift av sjukehus i Longyearbyen. Slike utgifter blir dekte over det ordinære statsbudsjettet under kapitla til dei enkelte fagdepartementa. Forslag til løyvingar for 2007 er omtalt nærare under punkt 4 nedanfor, jf. også vedlegg 1.

Under behandlinga av St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ønske frå regjeringa om å føre vidare ordninga med eit eige svalbardbudsjett.

2 Mål for norsk svalbardpolitikk

Overordna mål

Regjeringas overordna mål for svalbardpolitikken vart vedtekne i samband med behandlinga av St.meld. nr. 40 (1985-86) om Svalbard. Måla vart gjentekne i St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard. Dei er òg lagt til grunn ved den årlege behandlinga av svalbardbudsjettet. Måla er:

  • ei konsekvent og fast handheving av suvereniteten

  • korrekt overhalding av Svalbardtraktaten og kontroll med at traktaten blir etterlevd

  • bevaring av ro og stabilitet i området

  • bevaring av den særeigne villmarksnaturen i området

  • oppretthalding av norske samfunn på øygruppa

Arbeidet med St.meld. nr. 9 vart koordinert av Justisdepartementet, og dei fleste fagdepartementa var involverte. Meldinga inneheldt ei heilskapleg vurdering av norsk svalbardpolitikk. Det vart gjort greie for dei måla, prioriteringane og verkemidla som gjeld spesielt for Svalbard. Stortinget slutta seg i all hovudsak til utgreiinga frå regjeringa. Dette viser at det er stor semje om norsk svalbardpolitikk.

Måla for svalbardpolitikken ligg innafor dei generelle måla i norsk politikk om å sikre nasjonal tryggleik og integritet, overhalde internasjonale rettsreglar og plikter og arbeide for internasjonal avspenning og fred. Dei har sikker forankring i nasjonale interesser og haldningar, og er i samsvar med dei traktatbundne pliktene Noreg tok på seg då suvereniteten over øygruppa vart internasjonalt akseptert. Måla tener derfor til å møte dei internasjonale forventningane som blir stilte. I ei tid då Arktis tiltrekkjer seg aukande interesse skal svalbardpolitikken medverke til at utviklinga i nordområda kan skje på ein fredeleg måte, og til at konfliktar blir unngått.

Det er viktig å sjå måla i samanheng. Det må vere ei konsekvent handheving av norsk suverenitet innafor ramma av føresegnene i traktaten. Dette har vore ein føresetnad for at dei andre traktatpartane har tillit til at øygruppa ikkje blir utnytta i strid med desse føresegnene.

Hovudmål og delmål

Justisdepartementet har følgjande hovudmål og delmål for sitt arbeid med polarsaker:

Tabell 2.1 Hovudmål og delmål for Justisdepartementet

Hovudmål

Delmål

Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

  1. Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

  2. Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

  3. Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

2.1 Heilskapleg forvaltning av norsk politikk for polarområda

Det er nedfelt i Soria Moria-erklæringa at regjeringa ser nordområda som Noregs viktigaste strategiske satsingsområde i åra som kjem. Regjeringa utarbeider i den samanheng ein strategi for nordområda og den er nærare omtalt i Utanriksdepartementets budsjettproposisjon. Nordområdestrategien skal vere langsiktig og prega av samordning og samarbeid, og vil omfatte fleire departement sine ansvarsområde. For Justisdepartementet sin del inneber dette ei satsing på fleire område, sjå nærare omtale i St.prp. nr. 1 (2006-2007) Justisdepartementet.

Svalbard er ein viktig del av våre nordområde og ei vedvarande satsing på Svalbard i tråd med måla for norsk svalbardpolitikk vil markere at Noreg er til stades i nordområda. Forskingsaktivitetane på øygruppa er viktig og Svalbard har etter kvart utvikla seg til ein internasjonal plattform for polarforsking, der Noreg gir forskarar frå land over heile verda eineståande muligheiter for arktisk forsking. Det må framleis leggjast til rette for å oppretthalde ein robust norsk busetnad i Longyearbyen. Regjeringa vil òg halde fram med å arbeide for å styrkje sjøtryggleiken i farvatna rundt Svalbard.

Skatten i lønnstrekkordninga på Svalbard vart auka frå 01.01.2006. Auken skuldast ei tilpassing til skattereforma på fastlandet. Det vart samtidig nedsett ei arbeidsgruppe som skal vurdere skattesystemet på Svalbard. Gruppa som blant anna skal leggje vekt på korleis skattesystemet kan vere med på å oppretthalde ein robust norsk busetnad i Longyearbyen, er venta å vere ferdig med sitt arbeid i løpet av 2007. Regjeringa foreslår derfor allereie no, som ei førebels løysing, at alle som er skattemessig busett på Svalbard i meir enn tolv månader skal få eit frådrag i skatt på inntil kr 7 200. Dette tilsvarar eit frådrag i lønnsinntekt på om lag kr 60 000. Det blir vidare føreslege å innføre eit eige svalbardtillegg i barnetrygda tilsvarande tillegg som er ytt til foreldre og forsørgjarar busette i Finnmark og i einskilde kommunar i Nord-Troms. Regjeringa ønskjer med dette å leggje til rette for vidare oppretthalding av eit robust norsk familiesamfunn i Longyearbyen og ser dette som eit viktig element i det å vere til stades i nordområda.

Justisdepartementet har gjennom leiinga av Det interdepartementale polarutvalet eit overordna ansvar når det gjeld Svalbard, Jan Mayen og bilanda i Antarktis, og møter i denne oppgåva særskilte utfordringar. Dette gjer det nødvendig å sjå dei enkelte fagetatane si verksemd i desse områda i samanheng og i eit breiare perspektiv. Polarutvalet fungerar i denne samanhengen som eit verktøy for Justisdepartementet, som gjennom utvalet har ansvaret for å koordinere og samordne forvaltningas arbeid med polarsaker for å sikre ein heilskapleg norsk politikk i polarområda.

I tillegg til Det interdepartementale polarutvalet, jf. pkt. 2.1.1. er Sysselmannen ein svært viktig medspelar i arbeidet med å sikre ei god forvaltning av øygruppa, jf. pkt. 2.1.2. Sysselmannen er regjeringas øvste representant på Svalbard, og har sete i Longyearbyen. Han har som hovudoppgåve å medverke til at måla i norsk svalbardpolitikk blir oppfylte. Dette ligg til grunn for all verksemd ved sysselmannskontoret. Sysselmannen har funksjon som både fylkesmann, notarius publicus og politimeister. Han har òg ei viktig oppgåve som miljøforvaltar, og har den lokale kontakten med utanlandske busetnader på Svalbard.

Ein annan viktig medspelar i arbeidet med å utvikle lokalsamfunnet i Longyearbyen, er Longyearbyen lokalstyre, jf. pkt. 2.1.3. Justisdepartementet arbeider derfor for å ha ein god dialog med lokalstyret, og søkjer saman med dei å finne gode løysingar på dei utfordringane lokalsamfunnet står overfor. Samtidig er det òg viktig å leggje til rette for eit godt samarbeid mellom dei lokale styresmaktene på Svalbard. Den auka kompleksiteten gjer dessutan at departementet søkjer å ha ein god dialog med andre lokale aktørar, og med ulike organisasjonar og institusjonar.

Den norske busetnaden på øygruppa har tradisjonelt vore knytt til koldrift. Dette er framleis den næringa som har flest sysselsette. Dei siste åra har det likevel skjedd ein auke i både offentleg og privat verksemd, særleg innan turisme og reiseliv. Aktiviteten har òg auka innafor forsking og høgare utdanning, først og fremst i Longyearbyen og Ny-Ålesund. Samtidig har regjeringa eit ønske om å utvikle Longyearbyen som eit familiesamfunn, men ikkje eit livsløpssamfunn. Denne utviklinga fører mot eit meir komplekst samfunn som igjen opnar for nye interessemotsetnader mellom fleire aktørar. Dette gjer samordninga til ei viktigare og meir krevjande oppgåve enn tidlegare.

Dei siste åra har det skjedd ei aukande desentralisering av ansvar og mynde innafor dei ulike statlege sektorane. Denne omlegginga har gitt særleg store utfordringar i forhold til utøving av norsk politikk på Svalbard. Det har òg skjedd ei endring i den statlege eigarstrukturen i Noreg ved at forvaltningsorgan i større grad enn tidlegare blir organiserte som aksjeselskap. Dette inneber at desse selskapa, til dømes Posten, Avinor og Telenor, har større krav til inntening enn før. Tidlegare har desse selskapa bl.a. vore nytta aktivt i svalbardpolitikken. Den nye organiseringa av selskapa gjer at dette har vorte vanskelegare. Ein må derfor finne nye måtar å leggje til rette for utøving av svalbardpolitikken på.

Aukande turisme og ferdsel på Svalbard synleggjer behovet for å halde oppsyn med og avdekkje eventuelle brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø. Det er òg ei utfordring å skape tryggleik, både ved ferdsel på land og til sjøs. Viktige tiltak i denne samanhengen er Sysselmannens oppsyns- og kontrollverksemd og informasjonsarbeid. Det er ei utfordring å nå ut til dei som besøkjer øygruppa med viktig informasjon på ein god og effektiv måte.

Svalbard og Longyearbyen har mange særtrekk. Likevel ser ein at Longyearbyen på mange område, og i aukande grad, liknar eit fastlandssamfunn. Dette fører til at ein stadig oftare må vurdere om regelverk for fastlandet òg skal gjerast gjeldande for Longyearbyen og Svalbard. Lovgivingstilhøva for Svalbard er spesielle, jf. bl.a. lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard (svalbardlova) § 2. Det er derfor ei utfordring å få til ei heilskapleg utvikling av regelverk. Målet er eit tilpassa og oversiktleg regelverk som er tilgjengeleg for alle. Justisdepartementet har fokus på denne problemstillinga.

2.1.1 Samordne og koordinere forvaltningas politikk for polarområda

For å sikre ei god forvaltning av Svalbard vart det allereie i 1965 oppretta eit eige Svalbardutval. I 1971 vart ansvarsområdet for utvalet utvida til òg å gjelde Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Namnet vart då endra til Det interdepartementale polarutvalet. Hausten 2002 vart det fastsett ny instruks for utvalet (sjå rundskriv G-6/2003). Dette vart gjort bl.a. for å gjere Polarutvalet i stand til betre å møte dei utfordringane ein står overfor med eit meir variert samfunn på Svalbard.

Polarutvalet, som er leia av Justisdepartementet, skal drøfte alle saker som vedkjem forvaltninga av polarområda. Utvalet skal tene regjeringas behov for direkte styring med polarsaker, og vere eit særleg rådgjevande organ for regjeringa. Polarutvalet er leia av Justisdepartementet som også er sekretariat for utvalet, og består elles av representantar frå dei mest sentrale departementa i polar­samanheng (JD, UD, MD, KD, NHD, FIN, SD, FKD), Norsk Polarinstitutt, Sysselmannen på Svalbard og Statsministerens kontor. Utvalet møtest om lag ti gonger i året. Statssekretærane deltek på to av møta.

Plikta til å leggje fram saker for Polarutvalet inneber at alle saker som vedkjem utanriks-, miljø-, ressurs-, forskings- og tryggleikspolitikken, kan vurderast i samanheng og opp mot andre viktige omsyn i norsk svalbardpolitikk før det blir treft avgjerd i vedkommande fagdepartement. At saker blir lagt fram for Polarutvalet endrar ikkje vedkommande fagdepartementets mynde til å treffe avgjerder eller det konstitusjonelle ansvaret til vedkommande fagstatsråd.

Saker skal leggjast fram for Polarutvalet før avgjerd blir treft i det aktuelle fagdepartementet, og utvalet kan då gi rådgivande uttale til det aktuelle departementet. Dersom det aktuelle departementet vil avgjere saka i strid med uttale frå Justisdepartementet eller Polarutvalet, skal saka leggjast fram for regjeringa.

Sjøtryggleik har i dei seinare åra vore eit prioritert område for Polarutvalet, og utvalet la allereie i 2002 fram ein rapport med forslag til tiltak på området. Rapporten blir følgt opp i dei ulike fagdepartementa og det blir jamleg gitt tilbakemeldingar til Polarutvalet når det gjeld framdrifta i dette arbeidet. I tillegg har Polarutvalet eit særleg fokus på dei utfordringane som auken i cruiseturismen medfører. Utvalet la derfor i 2005 fram ein ny rapport med forslag til tiltak for å møte desse utfordringane og der ein òg vurderar behovet for ytterlegare tiltak på sjøtryggleikområdet. Rapporten blir følgt opp i dei ulike fagdepartementa, bl.a. ligg forslag om ny skipstryggleikslov no i Stortinget. Dersom denne blir vedteken i tråd med regjeringas forslag vil ein kunne opprette hamnestatskontroll for Svalbard.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store ressursar blir sette inn. IPY er planlagt av International Council for Science og World Meteorological Organisation, og er femti år etter det internasjonale geofysiske år i 1957-1958, som mellom anna førte til ei formalisering av det internasjonale forskingssamarbeidet i Antarktis (SCAR) og Antarktis-traktaten. Det førre internasjonale polaråret fann stad i 1932-1933. Under IPY vil ein intens tverrfagleg måleinnsats mellom anna gi datasett for betre klimamodellar og prognosar, inkludert havstraumar og klimakoplingar mellom låge og høge breiddegrader. Verdas romfartsorganisasjonar vil delta med nye målingar med satellittar i polare baner, kopla mot bakkedata. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kr til Forskingsrådet til arbeidet med IPY i 2007. Løyvinga skal dekkje forsking som ei rad departement står bak. Det er sett ned ein norsk IPY-komité som koordinerer det norske arbeidet med Det internasjonale polaråret og er kontaktpunkt mot International Council for Science og World Meteorological Organisation i planlegginga og gjennomføringa av polaråret.

Dei siste åra har det vore auka aktivitet innan forsking på Svalbard. Koordinering av denne verksemda er blitt stadig viktigare. Polarutvalet tok derfor initiativ til å revitalisere Svalbard Science Forum (SSF). Det er i 2006 tilsett ein sekretær i SSF med sete i Svalbard forskingspark som skal arbeide med dette spørsmålet. Målet er å utnytte infrastruktur og faglege ressursar betre, som ein del av arbeidet med å gjere Svalbard til ein leiande stad for internasjonalt forskingssamarbeid innan polarforsking. Dette arbeidet er eit viktig ledd i både forskings- og nordområdepolitikken. I dei seinare åra er det derfor gjort store investeringar i forskingsverksemd og infrastruktur på Svalbard for å leggje til rette for både norsk og internasjonal forskingsverksemd på øygruppa.

Ny-Ålesund peiker seg på mange måtar ut som eit heilt spesielt område i forskingssamanheng. Styresmaktene har gjennom ei rekkje år investert store midlar i infrastrukturen for forskingsverksemda. Regjeringa har som målsetjing å byggje Ny-Ålesund vidare ut som internasjonalt forskingssenter i Arktis, innafor rammene av infrastruktur og annan kapasitet. I 2006 har 8 land ein eigen forskingsstasjon i Ny-Ålesund, og eit nytt marinlaboratorium vart opna i juni 2005.

I Innst. S.nr. 196 (1999-2000) Svalbard, slutta Stortinget seg til ei vidare utvikling av Ny-Ålesund som forskingsstasjon. Det vart uttalt at dette ville kunne føre til at området rundt Ny-Ålesund måtte vernast som forskingsområde ved til dømes å setje grenser for anna verksemd i området. For å følgje opp desse signala, har Polarutvalet i ei eiga arbeidsgruppe utgreidd mogelege verkemiddel for å gi forskinga nødvendig vern. Utvalet anbefalte å stengje delar av Kongsfjorden for fiskeriaktivitet, gjennom ei forskrift til svalbardlova. På bakgrunn av det som her er nemnt vedtok Stortinget hausten 2005 ein odelstingsproposisjon om endring i svalbardlova § 4. Gjennom endringa er Kongen gitt heimel til i forskrift å gi reglar om grenser for verksemd som vil kunne vere til skade for forsking i bestemte område av særleg verdi for forsking på Svalbard.

I forlenginga av dette arbeidet er Justisdepartementet no i gang med å utarbeide ei forskrift for permanent stenging av delar av Kongsfjorden for fiskeriaktivitet. Arbeidet er venta å vere ferdig i løpet av første halvdel av 2007.

Regjeringa har i 2006 vedteke å etablere Svalbard globale frølager, som skal vere eit spesialbygd fryselager med lagring av dublettar av frø frå frøsamlingar frå heile verda. Dette er eit sikringstiltak, retta inn mot å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket, spesielt matvekstar av stor verdi for matforsyninga. Lokaliseringa til Svalbard er eigna på grunn av permafrost, stabile politiske forhold og god infrastruktur i eit vitskapleg miljø. Det er lagt inn forslag til løyvingar til oppstart og drift av Svalbard globale frølager, finansiert over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet og Utanriksdepartementet.

Eit anna viktig område er innhenting av statistikk om Svalbard. I dag gjeld ikkje statistikklova på Svalbard. To arbeidsgrupper har konkludert med at det er ønskeleg å gjere lova gjeldande for lettare å kunne følgje utviklinga på Svalbard. Ein må òg ha tilgang til fleire sentrale offentlege register på Svalbard, og arbeidsgruppene har derfor foreslått å gjere lovene om Enhetsregisteret og føretaksregister gjeldande. Arbeidet med statistikk- og registerlovene er godt i gang i dei respektive departementa. Statistikklova vil truleg bli gjort gjeldande frå 01.01.2007, registerlovene kan ta noko lengre tid. Ei forskrift med heimel i svalbardlova om plikt til å gi opplysningar til forvaltning og statistikk på Svalbard, vart vedteken og sett i verk i 2006.

Justisdepartementet og Polarutvalet har òg ansvar for Jan Mayen og bilanda i Antarktis. Justisdepartementet deltek dessutan i prosessane som går føre seg i regi av Arktisk Råd. Noreg vil frå hausten 2006 overta formannskapet i Arktisk Råd.

Det internasjonale samarbeidet om Antarktis skjer innafor ramma av Antarktistraktaten og inneber årlege møte mellom traktatpartane. Lovgivingssituasjonen for dei norske bilanda i Antarktis er spesiell og krev særskilt vurdering i samband med lovgivingsarbeid.

2.1.2 Sikre ei god forvaltning lokalt på Svalbard gjennom Sysselmannen

Sysselmannen er administrativt underlagt Justisdepartementet, og får sine løyvingar over svalbardbudsjettet. I enkelte fagsaker er han likevel underlagt andre departement. Som offentleg organ er Sysselmannen tillagt ei rekkje styresmaktoppgåver innafor ulike saksområde, til dømes forureining, barnevern, skjenkeløyvesaker, brannvern o.a. Fagkompetansen og svalbardkunnskapen hos Sysselmannen representerer ei viktig støtte i departementas arbeid med svalbardspørsmål.

Justisdepartementet har som mål at dei mange og ulike oppgåvene som sysselmannskontoret skal løyse, blir utførte på ein god og effektiv måte. Departementet arbeider for å ha ein god styringsdialog med Sysselmannen, bl.a. gjennom etatsstyringsmøte og tildelingsbrev, og rapporteringssystem i samband med dette. I tillegg til den formelle konktakten legg ein vekt på å ha ei brei kontaktflate og ein jamleg og tett dialog.

Både politifagleg og miljøfagleg ekspertise er samla i Sysselmannens organisasjon. Dette mogleggjer eit godt fagleg informasjonsarbeid og ei effektiv etterforsking av miljøkriminalitet. Auke i turisme og ferdsel på Svalbard viser at ein treng å halde oppsyn med og dermed avdekkje moglege brot på føresegna om vern av Svalbards natur- og kulturmiljø, jf. pkt. 2.1.

Sysselmannen har ansvar for redningsberedskapen på Svalbard. I dette arbeidet er førebygging viktig. Sysselmannen har prioritert dette arbeidet dei seinare åra og har mellom anna i samarbeid med Norsk Polarinstitutt, Svalbard Reiseliv, Universitetssenteret på Svalbard og Longyearbyen Røde Kors, laga ei brosjyre om dei viktigaste faktorane for tryggleik som ein må ta omsyn til ved ferdsel i felt på Svalbard. Ei rekkje redningsaksjonar som har vore gjennomførte dei siste åra, viser at ein òg er avhengig av lokale frivillige. Sysselmannen søkjer stadig å uvikle dette samarbeidet. Som eit ledd i dette vil Sysselmannen utvide eit lagerbygg i Sjøområdet i Longyearbyen for å samordne eige redningsutstyr og transportressursar, utstyret til Longyearbyen Røde Kors Hjelpekorps, og ei nedpakka kirurgisk eining frå Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Bygget vil venteleg stå ferdig hausten 2006. Dette vil hjelpe til å spare tid i utrykkingsfasen og til å betre samhandlinga både i akuttfasen og i det daglege arbeidet. Sysselmannen har vidare, gjennom avtala om helikopterteneste, to helikopter med avansert redningsutstyr. Dette er med på å auke redningsberedskapen, jf. omtale av kap. 6.

Blant Sysselmannens mangfald av oppgåver er informasjonsarbeidet svært viktig. Som eit ledd i dette har Sysselmannen ei ny heimeside på Internett, både i norsk og engelsk versjon. Det blir òg arbeidd med ein russisk versjon. Sysselmannen har òg ein relativt stor produksjon av trykksaker. Det er bl.a. utarbeidd fleire informasjonshefte dei seinare åra. Å vere synleg på øygruppa og ha god kontakt med publikum er viktig for sysselmannskontoret. Det er samtidig viktig å utvikle nye måtar å nå ut med informasjon på.

Sysselmannen har vore involvert i arbeidet med etableringa av Svalbard forskingspark, særleg knytt til informasjonssenteret i Svalbardporten og til eit kulturhistorisk magasin, jf. omtale av kap. 5. Forskingsparken vart offisielt opna våren 2006. For meir omtale av forskingsparken viser ein til pkt. 4.3.

2.1.3 Leggje til rette for eit godt lokaldemokrati i Longyearbyen

Longyearbyen lokalstyre får løyvinga si over svalbardbudsjettet. Ved utarbeiding av budsjettet får departementet innspel frå lokalstyret. Det blir òg arrangert jamlege kontaktmøte. På desse møta blir bl.a viktige saker og aktuelle problemstillingar diskuterte.

Lokalstyret har ansvar for å utøve mynde på utvalde saksområde, for offentleg tenesteyting og for utviklingsoppgåver innafor eit geografisk avgrensa område; gardsnummer 22 bruksnummer 1 Longyeardal. Dette inneber bl.a energiforsyning, samfunns- og arealplanlegging, kart- og delingsforretningar, byggesaksbehandling, vei, vatn, avløp, renovasjon, kai, brannvern, økonomiplanlegging, næringsarbeid, statistikkproduksjon, utvikling og samordning av samfunnstenester retta mot barn, ungdom og vaksne, barnevern, sosialrådgiving, ungdomsarbeid, barnehagar.

Longyearbyen lokalstyre har frå januar 2006 organisert verksemda si slik at strategiske oppgåver, utøving av mynde og overordna bestillarfunksjon vert ivaretatt i lokalstyrets eigen administrasjon. Sjølve driftsoppgåvene for samfunnet blir i hovudsak ivaretekne gjennom to kommunale føretak – eit for oppvekst og eit for kultur og fritid, og eit aksjeselskap med ansvar for teknisk infrastruktur – Bydrift Longyearbyen AS (tidlegare Svalbard Samfunnsdrift AS) der Longyearbyen lokalstyre eig 100 pst. av aksjane. I tillegg kjem oppgåver som politisk sekretariat og sekretariat for forliksrådet. Slik Longyearbyen lokalstyre er organisert ligg strategiske oppgåver, utøving av mynde og bestilling av tenester i lokalstyrets eigen organisasjon.

Ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule blir overført til Longyearbyen lokalstyre frå 01.01.2007. I den samanhengen blir det ramme­overført lønns- og driftsmidlar til svalbardbudsjettet frå Kunnskapsdepartementet sitt budsjett, for å sikre vidareføring av dei tilboda skolen gir.

Myndet til å fastsetje forskrifter om bygningsvesenet på Svalbard er for Longyearbyen arealplanområde delegert til Longyearbyen lokalstyre. Lokalstyret vedtok i 2004 ei eiga byggjesaksforskrift for Longyearbyen.

På oppdrag frå Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre har Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR) evaluert lokaldemokratiet på Svalbard. Rapporten «Demokrati i motvind» låg føre i mars 2006 og syner at halvparten av innbyggjarane i Longyearbyen er motstandarar av lokalstyreordninga. I tillegg har ein sett på den lokalpolitiske deltakinga og verknaden av reforma for tenesta. Deltakinga ved det siste valet var forholdsvis låg, men rapporten syner at innbyggjarane er aktive i lokalpolitiske samanhengar utanom valet. Ein stor del, samanlikna med innbyggjarar i små kommunar på fastlandet, har delteke i folkemøte, avisdebattar eller har teke kontakt med ein lokal folkevald om lokalpolitiske spørsmål. Det gjeld særleg folk som har budd lenge på Svalbard, og folk som er kritiske til lokalstyreordninga. Justisdepartementet og Longyearbyen lokalstyre er nøgde med at rapporten no ligg føre, og vil bruke den til å vidareutvikle lokaldemokratiet i Longyearbyen.

Svalbard museum var fram til 01.01.2006 ein del av Longyearbyen lokalstyres organisasjon. Då vart Svalbard Museum organisert som ein eigen stiftelse, med Sysselmannen på Svalbard, Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS, Norsk Polarinstitutt og Longyearbyen lokalstyre som stiftarar. Svalbard museum flytte inn i nye lokale i Svalbard forskingspark i 2006, jf. omtale under pkt. 4.3 og omtale av kap. 3.

3 Forslag til svalbardbudsjett for 2007

Budsjettramma på svalbardbudsjettet for 2007 er 215,7 mill. kr. Dette er 27,4 mill. kr eller 14,5 pst. auke i forhold til vedteke budsjett for 2006.

Underskotet på svalbardbudsjettet for 2007 er stipulert til 123,9 mill. kr og blir dekt inn gjennom eit tilskot over Justisdepartementets budsjett kap. 480 Svalbardbudsjettet post 50 Tilskot. Tilskotet frå statsbudsjettet utgjer den største inntektsposten på svalbardbudsjettet. Storleiken på tilskotet har variert frå år til år, og har vore auka ved ekstraordinære tilskotsbehov. Tilskotet som er foreslått for 2007 utgjer 57,4 pst. av dei venta inntektene.

Bortsett frå statstilskotet er skattar og avgifter frå Svalbard den største inntektsposten, jf. omtala under kap. 3030. Skatteinntektene for 2007 er rekna til 87,6 mill. kr. Dette er det same som vedteken løyving for 2006. Inntektene frå skattar og avgifter utgjer 40,6 pst. av dei samla inntektene over svalbardbudsjettet. Ei omtale av den føreslegne skatteendringa i 2007 er gitt under pkt. 4.4 Finansdepartementet.

Svalbardbudsjettet er i stor grad eit driftsbudsjett. Ein stor utgiftspost er Sysselmannens transportteneste (kap. 6), som bl.a. inkluderer utgifter til redningshelikopter. Andre store utgiftspostar er løyving til Sysselmannens ordinære drift (kap. 5) og Statens bygningar i Longyearbyen (kap. 20). For 2007 er det òg foreslått å løyve 3,5 mill. kr til dekning av Telenors samfunnspålagte oppgåver på Svalbard. Over kap. 3 Longyearbyen lokalstyre blir det løyvd midlar til drift av lokalstyret og tilskot til drift og utbygging av offentlege tenester og infrastruktur som Longyearbyen lokalstyre har ansvaret for. Frå 2007 vil Longyearbyen lokalstyre òg ha ansvaret for styring og drift av Longyearbyen skule, sjå omtale pkt. 4.3 Kunnskapsdepartementet.

Ei oversikt over inntekter og utgifter og ei oversikt over utgiftene fordelte på postnivå er gitt i punkt 5 nedanfor. I del II er det gitt ei nærare omtale av dei enkelte budsjettkapitla.

4 Forslag til løyvingar til svalbardformål frå andre departement over statsbudsjettet (jf. vedlegg 1)

For 2007 er det foreslått løyvd netto om lag 331 mill. kr over statsbudsjettet til svalbardformål. Dette talet omfattar tilskotet til svalbardbudsjettet over Justisdepartementets kap. 480 og utgiftene til Svalbard som blir dekte over budsjetta til dei andre departementa, jf. vedlegg 1. Inntektene frå Svalbard som går inn på budsjetta til dei andre departementa er trekte frå, jf. vedlegg 1. Tilsvarande tal i 2006 var om lag 308 mill. kr. Auken skuldast i hovudsak ein nærare gjennomgang av tildeling til ulike verksemder, og er såleis ikkje ein reell auke.

4.1 Miljøverndepartementet

Sysselmannen utøvar miljøvernmyndet for Svalbard. Etaten har ei eiga miljøvernavdeling og er lokal fagetat for Miljøverndepartementet. Departementet har òg delegert mynde på sentrale område til Direktoratet for naturforvaltning (DN), Statens forureiningstilsyn (SFT) og Riksantikvaren. Saman med Norsk Polarinstitutt, som er fagleg rådgivar for forvaltninga i polare spørsmål, representerer den faglege kompetansen og forvaltningserfaringa i desse direktorata ei vesentleg støtte til Sysselmannens miljøvernarbeid.

Over Miljøverndepartementets budsjett vil det bli løyvd om lag 90 mill. kr til svalbardformål. Om lag 70 mill. kr av dette går til Norsk Polarinstitutts verksemd på og rundt Svalbard. Resten går til Direktoratet for naturforvalting, Statens kartverk og til forsking og overvaking bl.a. i regi av Noregs forskingsråd. Sjå oversikt over løyvingane i vedlegg 1. Det blir òg løyvd midlar til miljøvernarbeid over svalbardbudsjettet kap. 5 Sysselmannen og kap. 9 Kulturminnetiltak, jf. omtale i del II. I 2005 vart kulturhistorisk materiale frå Svalbard tilbakeført frå Nederland til Svalbard i samband med bygginga av det kulturhistoriske magasinet i Longyearbyen. Noko av materialet vart òg gjort tilgjengeleg for publikum i museet i den nyopna Svalbardporten. Vidare starta arbeidet med tiltak for å ta vare på verneverdige fossil.

Miljøvernarbeidet vil i 2007 ha særleg fokus på ei effektiv gjennomføring av svalbardmiljølova med tilhøyrande forskrifter, og vidareutvikling av forvaltningsplanar som eit verkemiddel for å styrkje verneområdet. Forhold knytte til gamle synder og avfallshandtering blir følgt opp. Anbefalingane frå den interdepartementale arbeidsgruppa som har vurdert behovet for tiltak for å møte dei utfordringane som cruiseturismen og annan skipsfart fører med seg, skal følgjast opp vidare. Miljøverndepartementet tek sikte på å fremje forslag til tiltak som kan sikre dyreliv, vegetasjon og kulturminne innanfor verneområda betre vern mot påverknad som følgje av cruiseturismen. Dei effektane den aukande ferdsla har på utsette og sårbare kulturminne og på naturmiljøet skal overvakast. Viktige leveområde for vilt skal sikrast mot inngrep, forstyrring eller annan påverknad frå lokal verksemd.

Miljøverndepartementet tek sikte på, med heimel i lov 15. juni 2001 nr. 79 (svalbardmiljølova) § 98, å setje i verk eit besøksgebyr for tilreisande til Svalbard i løpet av 2007. Midlane skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard, blant anna kartlegging, overvaking og gjenoppretting av miljøtilstanden, skjøtsel, informasjons- og opplæringstiltak.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er underlagt Miljøverndepartementet. Instituttet har ei omfattande verksemd på Svalbard, med bl.a. forsking, miljøovervaking, topografisk og geologisk kartlegging, forskingsservice, drift av forskingsstasjonar, ettersyn av fyr, miljøretta kunnskapsformidling og informasjon. Polarinstituttet yter òg logistisk bistand til norsk og utanlandsk forskingsverksemd på Svalbard.

Polarinstituttet har ei mangfaldig forskingsverksemd på øygruppa. Dei driv ein forskingsstasjon i Ny-Ålesund, luftmålestasjon på Zeppelinfjellet, og avdelingskontor og feltlager i Longyearbyen. Kvart år gjennomfører instituttet ein stor sommarekspedisjon på Svalbard, og ei rekkje mindre ekspedisjonar gjennom året. Instituttet brukar òg betydelege ressursar på rådgiving i miljøspørsmål overfor sentrale og lokale forvaltningsorgan, konsekvensutgreiingar og miljøovervaking på øygruppa.

I dei siste åra har Norsk Polarinstitutt styrkt forskings- og overvakingsverksemda si, som er særleg viktig for forvaltinga av øygruppa. Instituttet har òg styrkt rådgivingskapasiteten sin overfor dei sentrale styresmaktene og Sysselmannen og den norske vertskapsrolla for forskingsaktivitet på Svalbard.

I 2006 flytte Norsk Polarinstitutt inn i Svalbard forskingspark saman med UNIS og Svalbard Museum. For 2006 vart omlag 70 mill. kr av løyvinga til Norsk Polarinstitutt over Miljøverndepartementets kap. 1471 Norsk Polarinstitutt relatert til Svalbard, jf. vedlegg 1. I tillegg kjem tilskotet frå svalbardbudsjettet, jf. omtala av kap. 17.

4.2 Nærings- og handelsdepartementet

Staten har eigarinteresser i fleire selskap på Svalbard. Nedanfor følgjer ei omtale av dei selskapa Nærings- og handelsdepartementet har interesser i. Nokre av dei får overført statlege midlar.

Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS

Store Norske-konsernet består av morselskapet Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS (SNSK) og dei heileigde dotterselskapa, Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS (SNSG), Store Norske Gull AS og Store Norske Boliger AS. Staten eig 99,94 pst. av aksjane i SNSK. Kolverksemda skjer gjennom SNSG. I 2005 produserte gruveselskapet i alt 1,5 mill. tonn kol netto. Oppnådde kolprisar var om lag 7 pst. høgare enn i 2004. Ved utgangen av 2005 hadde SNSG 314 tilsette, mot 265 ved inngangen til året. Store Norske Gull AS vart etablert i 2003 og har som formål å undersøkje og drive gullfelt på Svalbard. Store Norske Boliger AS forvaltar konsernets bustadmasse i Longyearbyen.

Konsernet hadde i 2005 driftsinntekter på 1 139 mill. kr og eit årsresultat på 46 mill. kr. Tilsvarande tal i 2004 var 1 315 mill. kr og 218 mill. kr. Morselskapet SNSK fekk i 2005 eit årsresultat på 3 mill. kr og delte ut 7 mill. kr som utbyte til aksjonærane.

Kolverksemda til Store Norske har i mange år vore halden oppe med statlege tilskotsløyvingar. Bakgrunnen for den økonomiske støtta har i hovudsak vore dei nasjonale omsyna som gjer seg gjeldande på Svalbard. Arbeidsplassane knytte til kolgruvedrifta har medverka vesentleg til stabil, heilårleg norsk aktivitet og busetnad.

Selskapet starta hausten 2001 produksjonsdrift i eit nytt gruveområde kalla Svea Nord. Ved Stortingets behandling 19. desember 2001 av prosjektet, jf. St.prp. nr. 2 Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS og Svea Nord-prosjektet og Innst. S. nr. 67 (2001-2002), vart det lagt til grunn at gruvedrifta etter dette skal drivast ut frå bedriftsøkonomiske føresetnader og uavhengig av statleg støtte i framtida. Formålet med statleg eigarskap i SNSK og SNSG er, gjennom ringverknadene av selskapets aktivitetar, å medverke til at samfunnet i Longyearbyen blir halde oppe og utvikla vidare på ein måte som understøttar dei overordna måla i norsk svalbardpolitikk. I tillegg ønskjer staten ei akseptabel årleg avkastning på den eigenkapitalen som er investert i dei to selskapa.

SNSK vil, etter at gruveverksemda er skilt ut i dotterselskapet SNSG, elles konsentrere verksemda si rundt Longyearbyen og satse på utvikling av selskapets eigedommar og andre bergrettar selskapet har på Svalbard.

30.07.2005 braut det ut brann i hovudstollen i Svea Nord-gruva. Arbeidet med å sløkkje brannen vart sett i gang straks og etter kvart med bistand frå ekstern ekspertise. Brannen blir etterforska av Sysselmannen på Svalbard og Arbeidstilsynet. Skadeomfanget er kartlagd av Store Norske i samarbeid med representantar frå forsikringsselskapet. Brannen har ført til øydeleggingar av gruveanlegg, tap av utstyr og avbrot i drifta. Selskapet har vurdert at det økonomiske tapet for Store Norske vil vere om lag 270 mill. kr netto, etter forsikringsdekkinga. Forsikringsoppgjeret var ikkje ferdig pr. 1 september 2006.

Styret i Store Norske har på sjølvstendig og forretningsmessig grunnlag kome til at selskapets og kreditoranes interesser er tent med vidare drift i Svea Nord. Etter åtte månaders driftsstans vart produksjonen i Svea Nord-gruva starta opp att 1. april 2006.

I statsbudsjettet for 2005 vart det lagt til grunn eit aksjeutbyte frå Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS på 107 mill. kr for rekneskapsåret 2004. Konsulentfirmaet Hartmark Consulting AS har på oppdrag frå departementet gjort ein økonomisk og finansiell gjennomgang av kolverksemda til Store Norske Spitsbergen Kulkompani AS. Konsulenten kom fram til at gruveselskapet som følgje av brannen i Svea Nord-gruva vil ha ein svært stram likviditet fram til sommaren 2006, og at selskapet har høg gjeld. Regjeringa kom til at utbytet for 2004 burde justerast ned til 7 mill. kr, tilsvarande det som vart fastsett dei to føregåande åra. Ved Stortingets behandling av St.prp. nr. 25 (2005-2006) Om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2005 under Nærings- og handelsdepartementet, vart utbytet redusert i tråd med ovannemnde.

Kings Bay AS

Staten eig alle aksjane i Kings Bay AS. Det er foreslått å løyve 13 mill. kr til Kings Bay AS i 2007, til drift og investeringar. Kings Bay AS eig grunn og anlegg i Ny-Ålesund og har ansvar for infrastrukturen på staden. Gjennomsnittleg tal på tilsette i 2005 var 22.

Kings Bay AS skal særleg ha som mål å yte tenester til og fremje forsking og vitskapeleg verksemd, og medverke til å utvikle Ny-Ålesund som ein internasjonal arktisk naturvitskapleg forskingsstasjon. Selskapets driftskonsept er å leige ut fasilitetar til forskarar, og tilby kost og losji og ei rekkje andre tenester under opphaldet. I hovudsak skjer dette gjennom fleirårige kontraktar med forskingsinstitusjonane frå ei rekkje land.

Investeringane som er gjort dei seiste åra har resultert i at Ny-Ålesund i dag står fram som ein svært god og funksjonell base for internasjonal forsking og miljøovervaking. Ny-Ålesund har utvikla seg til å bli ein forskingsstasjon med ein svært avansert miljøprofil og eit internasjonalt senter for forsking på klima- og miljørelaterte problemstillingar.

Det internasjonale aspektet er ein kvalitet ved Ny-Ålesund ved at internasjonale forskarar kan møtast og samarbeide om forsking. Norske, tyske, britiske, italienske, franske, japanske, sørkoreanske og kinesiske forskingsstasjonar har etablert seg permanent i Ny-Ålesund. I tillegg nyttar andre norske og utanlandske forskingsinstitusjonar staden utan å drive permanent forsking. Rundt 20 land har kvart år forskingsprosjekt i Ny-Ålesund.

I juni 2005 vart det nye arktiske marinlaboratoriet opna i Ny-Ålesund. Den internasjonale interessa for marinlaboratoriet er stor, og det er gjort forpliktande leigetilsegn for dei ti første åra for ei rekkje land og institusjonar. Generelt er oppfatninga at globale endringar i klimaet først vil kunne observerast i polarregionane på grunn av endringar i isforholda og fordeling av varme atlantiske og kalde arktiske vassmassar. Kongsfjorden-Krossfjorden, der marinlaboratoriet ligg, er ein godt eigna stad for å drive slik forsking. Marinlaboratoriet er det nordlegaste i verda og er strategisk plassert på randa av Polhavet. Den framtidsretta utforminga gjer at laboratoriet blir funksjonelt for marin eksperimentell forsking på høgt nivå, og laboratoriet vil bli ein viktig brikke i nasjonale og internasjonale marine forskingsnettverk.

Den aukande interessa for å etablere og utvide forsking på staden stiller krav til korleis selskapet legg forholda til rette. Forskingsaktivitet og tilrettelegging av infrastrukturen er prioritert i samsvar med intensjonen i strategisk plan for staden, utvikla av selskapet og Norsk Polarinstitutt i fellesskap. Anna næringsverksemd må tilpassast dei rammene som forskingsverksemda krev.

I forlenginga av behandlinga av den strategiske planen for Kings Bay AS, slutta Det interdepartementale polarutvalet i august 2004 seg til eit forslag om å arrangere eit høgt profilert internasjonalt symposium i Ny-Ålesund. Symposiet vart første gongen arrangert i mars 2006 i Ny-Ålesund med tema The changing Arctic; new opportunities and challenges. Kings Bay er vertskap for arrangementet og har ansvaret for gjennomføringa saman med fleire departement. Symposiet har som mål å bringe sentrale personar innan politikk, næringsliv, forsking og forvalting saman for å diskutere viktige spørsmål innan miljø- og samfinnsutvikling.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard

Etaten administrerer Bergverksordninga for Svalbard, fastsett ved kgl. res. 7. august 1925 og utfyllande reglar for petroleumsverksemda. Desse reglane regulerer tilgangen til mineralressursane på Svalbard. Etter forskrift 28. juni 2002 nr. 650 om konsekvens og avgrensing av planområda på Svalbard, har etaten ei viktig rolle i samband med konsekvensutgreiingar i saker som gjeld bergverks- og gruvedrift. I slike saker skal etaten, i samråd med Sysselmannen, fastsetje utgreiingsprogram og sluttdokument.

Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard tildeler utmål, gir råd, rettleiing og oversikt over funn og førekomstar av geologisk art på Svalbard, og fører tilsyn med opningar knytte til nedlagte gruveverksemder. For å sikre at bergverksaktiviteten skjer i samsvar med dei miljøkrava som gjeld, bl.a. gjennom svalbardmiljølova, gir etaten informasjon om miljøregelverket og dei krav som er stilte.

Følgjande verksemdsidé er utarbeidd for etaten : Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til beste for samfunnet. Ut frå denne verksemdsideen er det fastsett følgjande hovudmål for den delen av etaten si verksemd som er retta utover:

  • effektivt å forvalte gitte fullmakter, og vere sakkyndig organ i saker som gjeld mineralnæringa

  • arbeide for å redusere miljøkonsekvensane av mineraluttak, og medverke til ei balansert miljøforvaltning

  • arbeide for auka verdiskaping innan mineralnæringa

  • arbeide for auka forståing av den verdien mineralnæringa har for samfunnet.

For 2007 vil etaten prioritere saksbehandling og tilsynsverksemd. Etaten vil informere om miljøregelverket og sjå til at undersøkingar og uttak av mineral blir gjennomførte slik at også ressurs- og miljøaspekt blir tekne vare på. Det blir elles vist til nærare omtale av etaten under kap. 906 Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard i Nærings- og handelsdepartementet sin St.prp. nr. 1 (2006-2007).

Svalbard Reiseliv AS

Det vart i St.meld. nr. 9 (1999-2000) Svalbard, vist til at det er viktig at delar av oppgåvene til Svalbard Næringsutvikling blir førte vidare. Dette gjeld statistikkproduksjon, arbeidet med å leggje til rette for eit miljøtilpassa reiseliv og ansvaret for vertskapsfunksjonane innan reiselivet som tidlegare vart utførte av avdelinga Info-Svalbard. I stortingsmeldinga vart det vidare vist til at regjeringa tek sikte på å gi reiselivsnæringa sjølv eit større ansvar for utviklinga av næringa på Svalbard. Etter dialog mellom Nærings- og handelsdepartementet og Svalbard Reiselivsråd vart Svalbard Reiseliv AS etablert i 2001, med sikte på å føre vidare hovudoppgåvene til Info-Svalbard.

Svalbard Reiseliv AS er eigd av Svalbard Reiselivsråd, som er ei samanslutning av eit breitt spekter av aktørar med interesser knytte til reiselivet på Svalbard.

Målet med tilskotet til Svalbard Reiseliv AS er å medverke til auka verdiskaping og betre lønsemd for reiselivet ved å informere, profilere og marknadsføre Svalbard som reisemål.

Det er ei viktig oppgåve for Svalbard Reiseliv AS å leggje vekt på å utvikle eit miljøtilpassa reiseliv i tråd med det overordna målet for regjeringa og reiselivsnæringa.

I 2005 vart det registrert 76 570 gjestedøgn ved overnattingsverksemder i Longyearbyen. Dette er ein reduksjon på 1,7 pst. samanlikna med året før då det vart registrert 77 926 gjestedøgn. Nordmenn står for om lag 73 pst. av gjestedøgna. I alt kom det 29 260 gjester til Svalbard i 2005, noko som var ein reduksjon på 5,6 pst. sett i høve til året før. I tillegg kjem gjester som ikkje nyttar overnattingsverksemdene, og cruisepassasjerar. Svalbard Reiseliv AS har i samarbeid med reiselivsbransjen arbeidd aktivt dei seinare åra for å auke talet på turistar til Svalbard i mørketida. Talet på yrkesreisande har auka med 11 pst., mens talet på ferie- og fritidsreisande har gått ned.

Det er foreslått å løyve eit tilskot på 2 mill. kr til Svalbard Reiseliv AS over statsbudsjettet for 2007.

Svalbard Satellittstasjon

Svalbard Satellittstasjon (SvalSat) vart offisielt innvigd i juni 1999. Stasjonen ligg i nærleiken av Longyearbyen. Den direkte statlege finansieringa av prosjektet utgjorde 28 mill. kr. SvalSat les ned data for sivile formål frå satellittar i polare baner og styrer også desse satellittane. Kongsberg Satellite Services AS, som er eigd 50 pst. av Norsk Romsenter og 50 pst. av Kongsberg Aerospace & Defence Systems AS, eig infrastrukturen og står for drifta av SvalSat og Tromsø Satellittstasjon. I tillegg eig selskapet to antenner. NASA har bygd ei antenne som blir nytta av fleire av deira satellittar. Den europeiske organisasjonen for meteorologisatellittar (EUMETSAT) har bygd to antenner. Vidare har Telenor bygd ei telekommunikasjonsantenne på SvalSat. Norsk Romsenter og Kongsberg Satellite Services AS arbeider for å skaffe fleire kundar til SvalSat. Svalsat er verdas mest kostnadseffektive nedlesingsstasjon for satellittar i polare baner.

Bygginga av ei antenne for IPO, som er ei avdeling i den sivile amerikanske vêrvarslingstenesta National Oceanic and Atmospheric Administration (NOAA) er avslutta. Kongsberg Satellite Services AS har inngått ein kontrakt med IPO om framtidig nedlesings- og dataoverføringstenester. Kontrakten har gjort det mogleg for Norsk Romsenter å etablere eit fiberkabelsamband mellom Andøya og Longyearbyen. Fiberkablane tilbyr samtidig generelle breibandstenester til Longyearbyen.

Forskrift 11. juni 1999 nr. 664 om etablering, drift og bruk av jordstasjon for satellitt regulerer bl.a. verksemda ved Svalbard Satellittstasjon. Sysselmannen på Svalbard skal føre kontroll med at verksemda skjer i samsvar med Svalbardtraktaten.

Svalbard Rakettskytefelt

Andøya Rakettskytefelt A/S har etablert Svalbard Rakettskytefelt (SvalRak) i Ny-Ålesund. Anlegget stod ferdig i 1997, og investeringane i anlegget var på om lag 7,4 mill. kr. Infrastrukturen på SvalRak er eigd av Andøya Rakettskytefelt A/S. Formålet med SvalRak er oppskyting av forskingsrakettar. Som følgje av lokaliseringa nær den magnetiske nordpolen gir målingane frå rakettane resultat av stor vitskapleg verdi. Det er utført fleire oppskytingar og dei siste vart gjennomførte ved årsskiftet 2003-2004.

4.3 Kunnskapsdepartementet

Det har vore ein større auke i forskings- og utdanningsverksemda på øygruppa det siste tiåret, og Svalbard er blitt sentral for både nasjonal og internasjonal forsking i Arktis.

Svalbard forskingspark

Forskingsparken vart ferdigstilt hausten 2005 og samlar dei akademiske miljøa i Longyearbyen. Forskingsparken samlar verksemdene Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), Norsk Polarinstitutt, Svalbard Museum og eit senter for miljøinformasjon som er eit samarbeid mellom Svalbard Museum og Sysselmannen på Svalbard. I tillegg rommar forskingsparken eit kulturhistorisk magasin. Dei akademiske miljøa får no ein felles infrastruktur med samordna service for feltundersøkingar og publikumsaktivitetar. Sambruket i ein park vil gi betre og meir økonomisk utnytting av arealet. Etablering av eit kulturhistorisk magasin i samband med Svalbard Museum vil gi betre høve til å formidle kulturhistorie på Svalbard både til fastbuande og til besøkjande. Vidare vil samlokalisering av akademiske miljø i Longyearbyen skape faglege synergieffektar og gjere tilhøva betre for publikum og lokalbefolkninga som nyttar tenestene hos desse verksemdene. Etableringa av forskingsparken vil derfor ha mykje å seie både for lokalsamfunnet i Longyearbyen og for Svalbard. Arbeidet med å etablere ein forskingspark på Svalbard har vore eit samarbeidsprosjekt som har involvert fleire departement og andre offentlege instansar.

Kostnadsramma for prosjektet er på 426,5 mill. kr (pr. sluttføringsdato). Styringsramma er på 351,7 mill. kr. Prosjektet synest å halde seg innanfor styringsramma.

Universitetssenteret på Svalbard

Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS) vart oppretta som statleg aksjeselskap 29.11.2002. Selskapet avløyste stiftelsen Universitetsstudia på Svalbard, som vart oppretta av dei fire norske universiteta i 1994.

I budsjettet for 2006 vart det løyvd 1,4 mill. kr til ti nye studieplassar, slik at talet på studieplassar som Kunnskapsdepartementet finansierer kjem opp i 125. Studiet skal ha ein internasjonal profil, og det blir teke sikte på at ein stor del av studentane skal vere utanlandske. I 2004 utgjorde student­aktiviteten 126 årsekvivalentar, og om lag 60 pst. av studentane var utanlandske. Studentaktiviteten i 2005 utgjorde 125 årsekvivalentar. I 2005 var om lag 56 pst. av studentane frå utlandet. Om lag 50 pst. var kvinner. Heilårsverknaden for fem stillingar oppretta i 2006 er lagt inn i ramma. Det er no totalt 12 stipendiatstillingar ved UNIS. I budsjettet til Kunnskapsdepartementet er det for 2007 foreslått å løyve 75,5 mill. kr på kap. 281 post 74 Tilskot til UNIS. Feltstasjonen for nordlysobservasjon/optisk feltstasjon er under prosjektering og vil venteleg vere ført opp hausten 2007.

Noregs forskingsråd

Noregs forskingsråd driv ei rekkje forskingsprogram som involverer forsking på og i havområda omkring Svalbard. Slike program er NORKLIMA, Havet og kysten og Romforskingsprogrammet. Det er vanskeleg å seie på førehand kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard til gode. Forskingsrådet har gjort eit overslag som viser at det for 2005 vart løyvd om lag 67 mill. kr til polarforsking innanfor desse programma, der forsking på Svalbard kan dreie seg om lag 25 mill. kr.

Rundt rekna 14 mill. kr av den ordinære faglege løyvinga til Noregs forskingsråd for 2007, kap. 285 post 52, går til tiltak som gjeld Svalbard direkte. Noregs forskingsråd har ansvaret for å finansiere ei betre samordning av forskinga på Svalbard, bl.a. gjennom driftsløyving til Svalbard Science Forum. Forskingsrådet gir vidare stipend for utjamning av meirkostnader ved å leggje forskingsverksemd til Svalbard og søker å styrkje samarbeidet mellom Noreg og Russland og mellom NFR og National Science Foundation innan polarforsking.

Det internasjonale polaråret (IPY) 2007-2008 er ei stor internasjonal satsing innan polarforsking der mange nasjonar har gjort kjent at dei vil delta og der store resursar blir sette inn. Regjeringa har vedteke at Noreg skal gå sterkt inn i dette samarbeidet og ta mål av seg til å ha ei førande rolle. For 2007 er det foreslått å sette av 80 mill. kr over Forskingsrådets budsjett. Løyvinga skal dekkje forsking på vegner av heile departementsfellesskapet. Av praktiske omsyn er likevel løyvinga samla under Kunnskapsdepartementets budsjett, kap. 286, post 50. Det er vanskeleg på førehand å seie kor stor del av desse løyvingane som kjem forsking på Svalbard og i havområda omkring til gode.

I 2002 vart det etablert eit femårig forskingsprogram kalla «Polar klimaforsking», som har blitt finansiert av midlar frå Fondet for forsking og nyskaping over Kunnskapsdepartementets budsjett kap. 286 post 50. Programmet vart seinare innlemma i det store programmet NORKLIMA. Polar klimaforsking vil bli vidareført under NORKLIMA med nye fondsmidlar frå 2007. For 2007 er det sett av om lag 7,5 mill. kr til formålet som vil omfatte forsking på Svalbard og i havområda omkring, inkludert Barentshavet. Dette vil bli knytt opp mot nordområdesatsinga til Forskingsrådet.

Longyearbyen skule

Utgiftene til Longyearbyen skule har til og med 2006 vorte dekte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Med verknad frå 01.01.2007 blir ansvaret for styring og drift av skulen med tilhøyrande tenester lagt til Longyearbyen lokalstyre, og utgiftene til skulen skal da dekkjast frå kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre på Svalbardbudsjettet. Det er i den samanhengen rammeoverført 22,7 mill. kr til lønns- og driftsutgifter frå Kunnskapsdepartementets kap. 222 Statlige grunn- og videregående skoler og grunnskole­internat. Det er vidare overført 2,5 mill. kr frå Fornyings- og administrasjonsdepartementets kap. 1542 Tilskudd til Statens Pensjonskasse, sjå meir omtale under kap. 3 Tilskot til Longyearbyen lokalstyre i svalbardbudsjettets del II.

Meteorologiske tenester

Kunnskapsdepartementet finansierer drifta av dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen over Meteorologisk institutts budsjett. Utgifter knytt til husleige for statens bygningar på Bjørnøya og Hopen blir frå 2005 ført over kap. 19 Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen på svalbardbudsjettet. Instituttet har òg flyvêrteneste ved Svalbard lufthamn på oppdrag frå Avinor.

EISCAT

EISCAT (European Incoherent Scatter Radar) er ein internasjonal organisasjon som ved hjelp av store radarinstallasjonar driv atmosfæreforsking, bl.a. på nordlys og ozon. Informasjonen som radarane gir har òg verdi for navigering, satellittposisjonering, telesamband med meir. Radarane kan òg gi førehandsinformasjon om partikkelutbrot frå sola, som kan få store uheldige konsekvensar for ulik infrastruktur på landjorda.

Det er no inngått ei ny samarbeidsavtale for EISCAT som skal gjelde 5 år frå 01.01.2007. Noreg og dei andre nordiske landa har etter den nye avtala teke på seg ein større del av observasjonstida. Kina har kome til som nytt medlem, mens den tyske partnaren, Max Plank-Gesellschaft, har trekt seg ut. Det blir arbeidd med å få ein annan tysk partnar inn som nytt medlem av organisasjonen.

For 2007 vil den norske kontingenten for EISCAT vere på 4,8 mill. kr.

Barnehagar

Ved utgangen av 2005 var det 119 barn i barnehage i den norske busetnaden på Svalbard. Desse barna gjekk i til saman to ordinære barnehagar, som ligg i Longyearbyen. Lov 17. juni 2005 nr. 64 om barnehager (barnehagelova) gjeld ikkje for Svalbard. Kongen har i medhald av § 25 høve til å fastsetje forskrift om å gi lova verknad for Svalbard, men heimelen er ikkje blitt brukt. I praksis er det likevel intensjonane i barnehagelova som er styrande for barnehagedrifta, og det er ingen vesentlege skilnader mellom drift av barnehagar i Longyearbyen og på fastlandet. Barnehagane på Svalbard får statstilskot til drift over Kunnskapsdepartementets kap. 231 Barnehagar, post 60 Driftstilskot til barnehagar. Barnehageområdet er inkludert i Kunnskapsdepartementet for å sikre heilskap og samanheng i opplæringstilbodet til barn og unge. Barnehagedrifta i Longyearbyen er i dag regulert gjennom vilkår stilte for dette tilskotet, og vilkåra tek utgangspunkt i føresegnene i barnehagelova så langt dei passar. Dette inneber til dømes at barnehagane må halde seg til gjeldande krav til personale, lokale og uteområde, og arbeide i samsvar med Rammeplan for barnehagar. Barnehageeigarane på Svalbard søkjer om statstilskot. Longyearbyen lokalstyre kontrollerer at opplysningane i søknadene er korrekte og søkjer om statstilskot på vegne av barnehagane. Det er Kunnskapsdepartementet som behandlar søknadene og betaler ut tilskotet. Sysselmannen på Svalbard skal gjennomføre synfaring og tilsyn med barnehagane. Dei sistnemnde oppgåvene har Longyearbyen lokalstyre utført hittil.

Etter Kunnskapsdepartementets syn fungerer ordninga med forvaltning av statstilskotet og drift av barnehagane tilfredsstillande. Kunnskapsdepartementet vil sjå nærare på organiseringa av tilsynet med barnehagar på Svalbard.

4.4 Finansdepartementet

Det er ei eiga skattelov for Svalbard. Gjennom lov 29. november 1996 nr. 68 om skatt til Svalbard (svalbardskattelova) er dei alminnelege føresegnene om likningsforvaltning og skatteinnkrevjing i stor grad gjort gjeldande for Svalbard for inntekt som blir likna. For lønn gjeld ei eiga lønnstrekkordning med endeleg skattetrekk ved utbetalinga. Personar som er busette på Svalbard og selskap som er heimehøyrande der har på visse vilkår alminneleg skatteplikt til Svalbard. Personar og selskap har avgrensa skatteplikt til Svalbard for inntekt vunne ved arbeid eller verksemd under opphald på Svalbard, og for formue og inntekt av fast eigedom der.

Regjeringa foreslår å innføre eit eige svalbardfrådrag frå og med inntektsåret 2006, jf. Ot.prp. nr. 1 (2006-2007) og St. prp. nr. 1 (2006-2007) Finsdepartementet. Svalbardfrådraget vil bli gitt til alle som er busette på Svalbard og som faktisk har opphalde seg der i minst tolv månader. Frådraget er på inntil kr 7 200 og skal kunne gjerast i skatt til Svalbard. Det er venta ei nedgang i skatteinngangen på om lag 13 mill. kr i 2007. Dette skuldast det føreslåtte frådraget. Forslaget til § 2 i skattevedtaket for Svalbard om skatt, jf. forslag til vedtak II, er teknisk sett endra i høve til tidligare. I forslag til vedtak er denne føresegna utforma som ei tilvising til skattesatsar og grensebeløp som Stortinget har vedteke for formuesskatten på fastlandet. Tradisjonelt har det vore lagt opp til at formuesskatten skal vere lik på fastlandet og på Svalbard, sjølv om det har vore nokre avvik. Ei slik tilvising understrekar denne samanhengen, og gjer det i mindre grad naudsynt med eigne justeringar i skattevedtaket for Svalbard. Ein liknande teknikk har vore og er framleis nytta i renteføresegnene i vedtaket, sjå §§ 5 og 6 i forslaget.

Svalbard likningskontor

Svalbard likningskontor vart etablert i Longyearbyen i september 1998. Likningsrådet for Svalbard, som vart oppretta i medhald av den tidlegare skattelova for Svalbard frå 1925, vart formelt avvikla pr. 01.11.1998. Svalbard har eiga likningsnemnd og overlikningsnemnd. Funksjonane som fylkesskattekontor og fylkesskattenemnd for Svalbard er lagt til Troms fylkesskattekontor og Troms fylkesskattenemnd.

Ved forskrift 4. februar 1994 nr. 111 om register over befolkninga på Svalbard vart det etablert befolkningsregister for Svalbard. Frå desember 1999 er befolkningsregisteret administrert av Svalbard likningskontor.

I tillegg til å administrere befolkningsregisteret og å utføre likning etter svalbardskattelova, skal likningsforvaltninga rekne ut kolavgift etter lov 17. juli 1925 nr. 2 om avgift av kol, jordoljer og andre mineral og bergartar som blir utførte frå Svalbard.

Løyvingane til likningskontoret går over svalbardbudsjettet. Sjå omtale under kap. 22 Likningsforvaltninga for Svalbard.

4.5 Samferdselsdepartementet

Telenor AS tilbyr telenett og teletenester til Svalbard. Tidlegare gjekk teletrafikken mellom fastlandet og øygruppa via satellittsamband. Frå januar 2004 har Svalbard fått samband med fastlandet via fiberkabel. Kabelen er primært etablert for å betre kommunikasjonen til og frå jordstasjonsverksemda på Svalbard, men lokalsamfunnet vil òg kunne nytte kapasitet i kabelen. Norsk Romsenter AS har teke initiativ til og eig kabelen, mens Telenor er gitt ansvaret for drifta. Sommaren 2005 vart det etablert ein ny radiolink mellom Ny-Ålesund og Longyearbyen med vesentleg høgare kapasitet enn tidlegare. Dette inneber at Ny-Ålesund kan nytte kapasiteten i fiberkabelen betre. Dekning av eventuelle meirkostnader for Telenor ved å tilby samfunnspålagte teletenester for Svalbard er regulert i ei eiga avtale mellom Telenor og Justisdepartementet.

Posten Noreg AS utfører samfunnspålagte posttenester på Svalbard. Posten reknar med at tenestene vil gå i balanse i 2007. Eit eventuelt underskot vil bli belasta over løyvinga til statleg kjøp av posttenester over Samferdselsdepartementets budsjett.

4.6 Barne- og likestillingsdepartementet

Barnetrygd

Lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd er gjort gjeldande for personar som er medlemmer i folketrygda etter lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd § 2-3, og som oppheld seg på Svalbard. Det vart i 2005 utbetalt barnetrygd til om lag 350 barn busette på Svalbard. I 2007 er det venta at 5,8 mill. kr vil gå til dekning av utgifter til barnetrygd for busette på Svalbard over kap. 845 Barnetrygd, post 70 Tilskot.

Som eit tiltak overfor barnefamiliane for å oppretthalde eit robust familiesamfunn i Longyearbyen, blir det innført eit svalbardtillegg på kr 3 840 i barnetrygda (tilsvarande finnmarkstillegget) frå og med 2007. Dette vil auke utgiftene på kap. 845 med 1,3 mill. kr.

Kontantstøtte

Lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte til småbarnsforeldre, er på same måten som barnetrygdlova gjort gjeldande for Svalbard. Det er for 2007 rekna ut at om lag 0,2 mill. kr vil gå til kontantstøtte over kap. 844 Kontantstøtte, post 70 Tilskot.

Barnevernet

Forskrift 1. september 1995 nr. 772 om lov om barneverntjenestens anvendelse på Svalbard regulerer fordelinga av ansvar og dekninga av utgifter til barneverntiltak overfor barn og unge som oppheld seg på Svalbard. Barneverntenesta sine oppgåver etter barnevernlova er utførte av Sysselmannen på Svalbard. Statleg regional barnevernstyremakt ved region nord har ansvaret for å yte tenester til barnet i samsvar med lova § 8-1. Fylkesmannen i Troms skal føre tilsyn med barneverntenesta på Svalbard og elles utføre dei oppgåvene som følgjer av barnevernlova § 2-3 tredje ledd.

4.7 Helse- og omsorgsdepartementet

Longyearbyen sjukehus gir helsetenester til den norske befolkninga på Svalbard og alle som ferdast på og rundt øygruppa. Den russiske busetnaden i Barentsburg har eiga helseteneste som er eigenfinansiert, jf. reglane i Bergverksordninga for Svalbard.

Longyearbyen sjukehus er eit akuttmedisinsk beredskapssjukehus og yter 1. og 2. linjetenester, dvs. tenester tilsvarande eit helsesenter på fastlandet. Ved større ulykker må det tilkallast hjelp frå fastlandet. Frå 1993 har det vore stasjonert eit redningshelikopter på Svalbard. Personell frå sjukehuset skal innafor beredskapsordninga si bemanne helikopteret ved ambulanseoppdrag.

Frå 2002 vart Longyearbyen sjukehus lagt under det regionale helseføretaket Helse Nord RHF. Organisatorisk er Longyearbyen sjukehus tilknytt Universitetssykehuset i Nord-Norge HF. Som følgje av omlegginga er løyvingane til sjukehuset lagt inn i ramma til Helse Nord RHF, jf. kap. 732, post 75.

4.8 Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Statsbygg forvaltar hovuddelen av dei statlege eigedommane i Longyearbyen, bl.a. Svalbard forskingspark, Svalbard kyrkje, Sysselmannens administrasjonsbygning, post- og bankbygget, fleire lagerbygningar og 122 bustader. Statsbygg forvaltar òg dei meteorologiske stasjonane på Hopen og Bjørnøya, og Norsk Polarinstitutts forskingsbygg (Sverdrupstasjonen) i Ny-Ålesund. Statsbygg har avtale med Universitetssjukehuset i Nord-Noreg HF om drifta av sjukehuset i Longyearbyen.

Dei meteorologiske stasjonane på Bjørnøya og Hopen, Longyearbyen skule og Svalbard kyrkje vart innlemma i husleigeordninga frå 01.01.2004. Drifts- og vedlikehaldskostnader for desse eigedommane blir dekte over kap. 2445 Statsbygg under Fornyings- og administrasjonsdepartementet, med unntak av Longyearbyen skule.

Per 01.01.2007 er Longyearbyen skule med tilhøyrande bustader overført til Longyearbyen lokalstyre. Skulen gikk inn i bustadspoolen med 26 bustader. Det skal derfor overførast 26 bustader til Longyearbyen lokalstyre. I tillegg foreslår Statsbygg at bustaden til driftsteknikaren ved skulen òg blir overført. Totalt utgjer dette 27 bustader.

Rehabilitering av den gamle delen av skulen blir ferdig i 2006. Arbeid med nytt Nordlysobservatorium og med førebuing av eit nytt internasjonalt frølager er sett i gang.

4.9 Kultur- og kyrkjedepartementet

På Kultur- og kyrkjedepartementets budsjett for 2007 er det foreslått avsett midlar til velferdstiltak på Svalbard. Det er over kap. 320 Allmenne kulturformål, post 74 Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd foreslått eit tilskot på 134 000 kr til kulturtiltak. Norsk kulturråd forvaltar tilskotet som blir kanalisert gjennom Longyearbyen lokalstyre.

Vidare er det over kap. 326 Språk-, litteratur- og bibliotekformål, post 78 Ymse faste tiltak, foreslått eit tilskot på 155 000 kr til bibliotekteneste på Svalbard i 2007. Bydrift Longyearbyen har driftsansvar for Longyearbyen folkebibliotek, men Longyearbyen lokalstyre yter tilskot til drifta.

Svalbardposten mottek pressestøtte etter reglane i forskrift om produksjonstilskot til dagspressa. Tilskotet blir rekna ut etter opplagstala til avisene, og tilskotet det enkelte år blir ikkje fastsett før i oktober same året. Svalbardposten fekk 0,3 mill. kr i produksjonstilskot i 2005. Tilskotet for 2006 vil venteleg bli om lag det same.

Svalbard museum får i statsbudsjettet for 2007 ei løyving på 1 mill. kr over Kultur- og kyrkjedepartementets budsjettkapittel 328 post 70 Det nasjonale museumsnettverket. Svalbard museum vart nyopna i 2006, og er eit natur- og kulturhistorisk museum lokalisert i Svalbard forskingspark i Longyearbyen. Svalbard museum er med denne løyvinga innlemma i det nasjonale museumsnettverket.

Svalbard kyrkje

Svalbard kyrkje betener alle som bur på øygruppa. Forutan den norske busetjinga i Longyearbyen og Ny-Ålesund inkluderer dette òg befolkninga i Barentsburg, Hornsund og Svea, og dessutan fangstfolk og andre som overvintrar rundt om på Svalbard.

Kyrkja har som mål at også utanlandske busette på Svalbard skal få tilgang til kyrkjelege tenester. Ein søkjer å leggje praktisk til rette for at befolkninga i Barentsburg og i Hornsund òg kan dra nytte av prestar som høyrer heime i deira eigne kyrkjesamfunn.

Kyrkja på Svalbard utfører alminnelege tenester så som gudstenester, dåp, konfirmasjon, vigsel, sørgjegudstenester og sjelesorg i tillegg til anna kyrkjeleg verksemd utført av prest og kateket. Peisestova i kyrkja vert driven av hushaldsstyraren og er ein samlingsstad for kyrkja sitt arbeid for busetjinga, gjester og turistar.

I Longyearbyen har kyrkja eit utstrekt samarbeid med skule, barnehagar og sjukehus. Soknepresten har sete i LRS (lokal redningssentral), og samarbeidet mellom kyrkja og Sysselmannen er godt.

5 Oversikt over forslag til løyvingar på svalbardbudsjettet for 2007

Følgjande oversikt viser rekneskapstal for 2005, vedteke budsjett for 2006 og forslag til løyving over svalbardbudsjettet for 2007. Inntektene er eksklusive tilskotet frå statsbudsjettet.

(i 1000 kr)

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Utgifter

194 764

188 330

215 683

Inntekter

92 285

91 771

91 774

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

0001

Svalbard kyrkje

3 089

3 250

3 350

3,1

0002

Tilskot til kulturelle formål m.m.

960

960

960

0,0

0003

Tilskot til Longyearbyen lokalstyre

66 810

60 923

86 954

42,7

0005

Sysselmannen (jf. kap. 3005)

26 138

26 600

25 800

-3,0

0006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 3006)

63 762

63 800

65 700

3,0

0007

Tilfeldige utgifter

4 105

4 100

4 100

0,0

0009

Kulturminnetiltak

2 037

2 050

2 100

2,4

0011

Bergmeisteren

1 252

1 290

1 310

1,6

0017

Refusjon til Norsk Polarinstitutt

2 700

2 750

2 750

0,0

0018

Fyr og radiofyr

3 350

3 400

3 400

0,0

0019

Statens bygningar på Bjørnøya og Hopen

5 302

5 353

5 600

4,6

0020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 3020)

13 079

11 454

11 159

-2,6

0022

Likningsforvaltninga for Svalbard

2 179

2 400

2 500

4,2

Sum kategori 06.80

194 764

188 330

215 683

14,5

Utgifter under programkategori 06.80 fordelt på postgrupper

 

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

01-23

Driftsutgifter

123 651

123 597

124 519

0,7

30-49

Nybygg, anlegg m.v.

643

100

500

400

50-58

Overføringar til andre statsrekne­skapar

2 700

2 750

2 750

0,0

70-89

Overføringar til private

67 700

61 883

87 914

42,1

Sum under departementet

194 764

188 330

215 683

14,5

Inntekter under programkategori 06.80 fordelte på kapittel

 

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2005

Saldert budsjett 2006

Forslag 2007

Pst. endr. 06/07

3005

Sysselmannen (jf. kap. 5)

1 699

200

300

50

3006

Sysselmannens transportteneste (jf. kap. 6)

1 875

1 100

1 100

0,0

3020

Statens bygningar i Longyearbyen (jf. kap. 20)

3 224

2 881

2 784

-3,4

3030

Skattar og avgifter

85 487

87 590

87 590

0,0

3035

Tilskot frå statsbudsjettet

102 116

96 559

123 909

28,3

Sum kategori 06.80

194 401

188 330

215 683

14,5

Til forsida