Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

St.prp. nr. 43 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004 vart vedlegg XIII til EØS-avtala endra ved innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 om forsikringskrav for luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar. Forordninga innfører minstekrav for forsikring til dekking av erstatningsansvaret til luftfartsselskap og luftfartøyoperatørar med omsyn til passasjerar, bagasje, frakt og tredjemann.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala. Gjennom denne proposisjonen vert Stortinget bede om å gje samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 av 29. oktober 2004.

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 157/2004 og europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 785/2004 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til toppen
Til forsida av dokumentet