St.prp. nr. 7 (2004-2005)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 104/2004 av 9. juli 2004 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat (konglomeratdirektivet) mv.

Til innhaldsliste

1 Bakgrunn

EØS-komiteen vedtok 9. juli 2004 å endre vedlegg IX (Finansielle tenester) til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/87/EF av 16. desember 2002 om utvida tilsyn med kredittinstitusjonar, forsikringsføretak og investeringsføretak i eit finansielt konglomerat, og om endring av rådsdirektiv 73/239/EØF, 79/267/EØF, 92/49/EØF, 92/96/EØF, 93/6/EØF og 93/22/EØF samt europaparlaments- og rådsdirektiv 98/78/EF og 2000/12/EF (heretter kalla konglomeratdirektivet). Føremålet med direktivet er å sikre solide institusjonar, interessene til kundane og den finansielle stabiliteten på dei europeiske finansmarknadene.

Direktivet innfører ein minstestandard for tilsyn med grupperingar som driv med aktivitet av eit visst omfang innanfor bank- og investeringstenester og forsikringsverksemd, såkalla finansielle konglomerat. Direktivet skal sikre at kapitalkravet vert halde ved lag i grupper som driv tverrsektoriell verksemd, og tek sikte på å fjerne dobbeltregulering av kredittinstitusjonar, forsikringsselskap og verdipapirføretak. Ettersom skilja mellom bransjane i finansnæringa ikkje er like skarpe som før, vert det viktigare at soliditetsreglane m.v. vert gjorde gjeldande òg overfor grupper av selskap som driv slik tverrsektoriell verksemd.

Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald for samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova, jf. artikkel 103 i EØS-avtala.

Avgjerda i EØS-komiteen og ei uoffisiell norsk omsetjing av direktivet følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Til forsida av dokumentet