Tilleggshøyring til havressurslova - sporing av fangst og registrering av mottakarar av fisk i første hand
Høyring |
Dato: 31.10.2006
| Nærings- og fiskeridepartementet
Opphavleg utgjeve av: Fiskeri- og kystdepartementet
Høyringsfrist: 22. desember
2006
Status: Ferdigbehandlet
Høyringsfrist:
- Høyringsfrist: 22. desember 2006
|
|
|
|
-
Høyringsbrev
Vår ref.:
Høringsinstanser
Dykkar ref | Vår ref
200601483- /GFD | Dato
31. oktober 2006 |
| | |
Tilleggshøyring til havressurslova -
sporing av fangst og registrering av mottakarar av fisk i første
hand
Departementet syner til høyringa av
NOU 2005: 10 Lov om
forvaltning av viltlevande marine ressursar, jf departementet
sitt høyringsbrev datert 24. juni 2005.
Det har i høyringa kome forslag om
nye føresegner knytt til ressurskontroll. Departementet har funne
grunn til å sende desse spørsmåla på høyring til dei mest berørde
instansane, jf Utgreiingsinstruksen kapittel 5.5.
Høyringa gjeld eit forslag om å gje
ein heimel i havressurslova for å kunne innføre krav til sporing og
merking av fisk som styrking av ressurskontrollen etter landing,
samt eit forslag om heimel for å kunne innføre krav til
registrering av førstehandsmottakarar av fangst. Departementet vil
understreke at forslaget gjeld forskriftsheimlar, og ikkje
forslag om innføring av konkrete reglar om sporing eller
registrering av førstehandsmottakarar. Det vil vi greie ut og sende
på eigne høyringar seinare.
Høyringsfristen er sett til
22. desember 2006.
Med hilsen
Jan Fredrik Danielsen
avdelingsdirektør | | Gunnar Frogner Dahl
rådgjevar |
-
Høyringsnotat
-
Høyringsinstansar
Finansdepartementet
Fornyings- og
administrasjonsdepartementet
Forsvarsdepartementet
Justis- og politidepartementet
Kommunal- og
regionaldepartementet
Landbruks- og matdepartementet
Miljøverndepartementet
Nærings- og
handelsdepartementet
Fiskeridirektoratet
Sametinget
Fiskeri og havbruksnæringens
landsforening
Norske Sjømatbedrifters
Landsforening
Norges Fiskarlag
Norges Kystfiskarlag
Fiskesalgslagenes Samarbeidsråd
Norges Råfisklag
Sunnmøre og Romsdal fiskesalslag
AL
Vest-Norges fiskesalslag
Rogaland fiskesalgslag
Skagerakfisk
Norges Sildesalgslag
Eksportutvalget for fisk
Sør-Norges Trålerlag
Logistikk- og transportindustriens
landsforening
Norsk Nærings og
Nytelsesmiddelarbeiderforbund
Norsk Sjømannsforbund
Norsk Sjøoffisersforbund
WWF Verdens Naturfond
Greenpeace
Sjef Kystvakten