Regionale forskingsfond

Regionale forskingsfond skal styrkje forskingsevna til regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering til auka FoU-innsats. Fonda vart oppretta i 2009 og er mellom anna finansierte over budsjettet til Kunnskapsdepartementet. Kvar fylkeskommune har sitt eige forskingsfond. Kunnskapsdepartementet har frå 2024 avvikla tilskotsordninga si til dei regionale forskingsfonda, jf. Prop. 1 S (2023-2024) for Kunnskapsdepartementet.

Dei regionale forskingsfonda skal styrkje forsking for regional innovasjon og utvikling ved å støtte opp under dei prioriterte områda i regionen og auke FoU-innsatsen. Fonda skal medverke til langsiktig, grunnleggjande kompetansebygging i relevante forskingsmiljø og dermed auke kvaliteten i forskinga. Fonda skal møte FoU-behov i fylka ved å støtte FoU-prosjekt som er foreslåtte av offentlege eller private aktørar i fondsregionen. På denne måten blir prioriteringane til fondsstyra forankra i regionale føresetnader og behov.

Støtta kan gå til prosjekt i eller utanfor fylka i fondsregionane. Samtidig må det setjast av midlar til utvikling av gode og konkurransedyktige forskingsmiljø i alle fylke.

Dei regionale fonda skal vidare supplere dei nasjonale FoU-verkemidla og styrkje samspelet mellom næringsliv, høgskoler, universitet og regionane.

Dei regionale forskingsfonda vart varsla i St.meld. nr. 12 (2006–2007) Regionale fortrinn – regional framtid, jf. Innst. S. nr. 166 (2006–2007), og har delt ut midlar sidan 2010.