Analysar og rapportar
Dato: 28.01.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Oppdatert statistikk og gode analysar og evalueringar er viktige for faglege tilrådingar og ein opplyst samfunnsdebatt. Her finn du analysar av regional statistikk, og rapportar og evalueringar som dannar eit viktig kunnskapsgrunnlag for arbeidet med distrikts- og regionalpolitikken.
Meir om analysar og rapportar
Regionale utviklingstrekk gir ei oversikt over langsiktige utviklingstrekk i samfunnet som er relevante for distrikts- og regionalpolitiske mål og strategiar. Rapporten blir som regel gitt ut annakvart år, og er eit verktøy for å følgje utviklinga i ulike delar av landet. Den siste utgåva er frå 2025.
Distriktsindeksen er eit verktøy for å peike ut distriktskommunar som treng distriktspolitiske verkemiddel. Indeksen gjev ei rangering av kommunane etter graden av distriktsutfordringar. Distriktsindeksen består av fire indikatorar:
- Sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå (40 prosent vekting)
- Befolkningsvekst siste ti år (40 prosent vekting)
- Sysselsettigsvekst siste ti år (10 prosent vekting)
- Einsidig næringsstruktur, Herfindahlsindeksen for privat sektor (10 prosent vekting).
Distriktsindeksen blei sist oppdatert i 2025 og du finn han her
Regionalpolitisk avdeling bestiller og finansierer utgreiingar og rapportar som skal danne grunnlag for det faglege arbeidet. Nokre av dei nyaste rapportane er:
Følgeevaluering av Statens hus - sluttrapport
Konsekvenser ved omlokalisering og utflytting av statlige virksomheter
Desentralisert arbeid i staten
Kartlegging og analyse av kompetanseforum
Kartlegging av forskning knyttet til distriktsutfordringer og regional utvikling
Vurdering av styring og organisering av Merkur-programmet
Følgeevaluering av kompetansepiloter - sluttrapport
Andre relevante publikasjonar for distrikts- og regionalpolitikk kan du mellom anna finne hos: